Det kjem såå mangen innlegg om dette på blogg.no kvar einaste dag. Så eg får vel berre følge straumen eg også. Det om å vera nok, du veit, det som alle jenter sliter med no til dags. Når er me gode nok? Når er eg god nok? Det er eit spørsmål eg har stilt meg sikkert fleire hundre gongar i løpet av dette året. For det er jo dette året eg har hatt spesielt fokus på kropp, helse og trening. På mitt beste, eller nokon ville vel helst sagt verste, trente eg kanskje to gonger for dagen og sjølvsagt kvar dag. Eg fokuserte kun på trening, noko som resulterte blant anna til at mista ei av mine beste venniner, eller ei som eg såg på som søstera mi. Eg ville ned i vekt, og eg gikk ned. Først fem kilo, så fem til og fem til. Det var så gøy når ein såg resultat. Men kvifor gjorde eg det? Kvifor gikk eg ned i vekt? Det var jo i grunn berre ein grunn til det, og det var på grunn av påvirkning fra alle andre, og alle gangane folk skreik etter meg i gangane. For det gjorde dei, dikka skulle berre visst kor mange ganga eg er blitt skreke “ehhh” etter, og det er heilt jævlig. Sjølv no, femten kilo lettare blir eg skreke etter. Men no bryr eg meg ikkje, for visst dikka skrik stygge kommentara etter personar er dikka så lågt nede at dikka må hakka på andre for å få dikkas eigen sjølvtillit opp. 

Tilbake til detta med vekt. Min kjære søster har for eksempel gått ned syttifem kilo, kor sjukt er ikkje det? Men kilo er jo i grunn berre eit tall. Eg vege mykje meir enn ho, eg vege faktisk mykje meir enn dei fleste jentene i klassen, kanskje tjue kilo. Kanskje er eg den tungaste jenta i klassen, eller kanskje tungaste personen i klassen. Eg gidde ikkje lenger å legga skjul på det, for eg er tung. Men eg har fått det til å synka litt inn i det siste, ein lev berre ein gang så kvifor ikkje leve godt og vere glad og smilande? Nei, eg er ikkje lika tynn som alle på skulen, eg er ikkje ein modell. Men sorry, eg er virkelig ikkje interessert i å eta maksimum fem knekkebrød om dagen. Eg vil heller satse på å vere sunn, men å vere mett. Eg snakkar heller ikkje om fem brødskiver med leverpostei, men om å begrense seg. Når helga kjem er ikkje planen å ete opp to store sjokoladeplater, men nokon bitar med kanskje frukt. For det er faktisk godt. 

Kroppsfikseringa er kommen så langt at unge jenter på ti år klagar over kor tjukke lår dei har i forhold til ho andre vennina som alle ser opp til. Og dette er faktisk ikkje kødd! Det er det som er det verste. Seinast forrige veka høyrte eg ei jente i tiårsalderen som sa til vennina si, “eg kan ikkje drikka milkshake fordi da blir eg tjukk, og eg vil vere tynn og fin”. Hæ?! Kor sjukt er ikkje det liksom? TI ÅR! Når du er ti år skal du ha det gøy, du skal gå på fotball og handball fordi det er gøy, ikkje for å tenke på kor mykje ein må springe for å få vekk feittet ein har på magen eller rumpa. Så det er me som legg opp til det, og det er me som må vere forbilda. 

Så når er det eigentleg nok? Det er sjukt at eg seier dette, men EG har fått nok av slankinga. Telling på kaloriane, alle tankane om kvifor eg ikkje gikk ned eit einaste gram forrige veka og kva eg kan og ikkje kan ete. Eg har fått nok av alle dretungane som slenger kommentarar til meg. Eg har fått nok av blikk eg får på stranda fordi eg ikkje er frøken strøken. Veit du kva? Eg er meg og du er deg. Me er alle like på innsida, uansett om du er førti eller hundre kilo. Om du har ei råten banan kan den vere like fin på innsida, om du har ein nydelig koffert kan den vere tom på innsida. Alt som glitrar er ikkje gull. Nok metaforar, dikka skjønnar det vel? Ja, for me er alle nok. Akkurat DU er nydelig, ja DU! Du har mange som er glad i deg, og set pris på deg fordi du er den du er. Fordi du er så god. Du er vertfall den finaste eg veit, og tenk kor heldige me er folkens! Me har evna til å leve livet til det fulle som friske, eller vertfall eg er frisk. Eg kan gjere nett kva eg vil. Eg kan reise til Afrika å klappe løver, eg kan reise til Italia for å ete spaghetti og eg kan hoppe i strikk. Eg har evna til å få eit menneske ut av kroppen min, og eg har evna til å kunne kommunisere og snakke med dei som eg er glad i. Eg har evna til å kunne bestille meg ein flybilett å vere i min kjæres armar. Tenk kor heldig du er kjære deg, du har to friske bein å gå på, og ei hjerne som fungerer akkurat som den skal. 

Eg synest dette kroppsfokuset har gått alt for langt, og at me ikkje lenger verdsetter kva me har evna til. Ja, eg har ein litt hengande mage og kunne gjerne hatt sixpack. Ei ganske flat rompa som ikkje er noko voldsom trent, men kunne gjerne hatt fru Kardashian si. Men det er ikkje poenget. Verden er ikkje laga for at alle skal kunne sjå ut som modellane som går for Victoria’s Secret fashion show. Den er lagt for absolutt alle, og det er plass til absolutt alle. Anten du er tjukk eller tynn, høg eller låg, brei eller smal. Eg vil gi deg ein liten utfordring. Neste gang du skal vise kroppen din, uansett om det er i badetimen eller i dusjen etter gymmen. Ikkje skjul deg. Du skal vise deg fram, og du skal tenke inni den smarte hjerna di. Eg er meg, og eg er god nok! Eg er god nok akkurat som eg er, for det er kun ein av meg. Og ingen i heile verda skal tråkke over meg, for det fortjener eg ikkje. For eg er meg, og det finst ingen andre i heile universitetet som er som meg. Eg er eineståande. Eg er meg.

Først og fremst må eg berre seie at eg trur eg har funnet ei av verdas finaste bøker. Eg leste enden av boka på veg til Flesland i juni, og braste ut i tårer sånn at alle andre passasjerane såg med stygge blikk bak på meg. Eg brukte ei god stund på å lese ho, men det var mest for å nyte boka absolutt til det fulle. For denne boka folkens, denne må dikka berre lese om dikka allereie ikkje har gjort det. 

Lou er ei ung dame som bur heime saman med mamma, pappa, søstera si og hennar son. Ho er saman med den atletiske kjæresten sin Patrick der alt dei gjer er planlagt, slik at han skal få utført absolutt alle treningsøktene sine. Han veit korleis Lou er, når ho er på jobb, korleis ho oppfører seg med andre, når dei skal ha sex og til og med kva ho tilsetter i kaffien. Lou jobbar på ein liten cafe på den bitte lille plassen dei bur på, men plutseleg gjer noko som endrar på livsstituasjonen hennar. I og med at ho bur heime og systera studerar, er det for det meste Lou som får inn pengar til familien. Cafeen blir nedlagt og Lou er heilt nødt til å finne seg ein jobb, men finn ikkje ein dritt. Ein dag ser ho i avisa at ein mann med namn Will, er pleietrengande og treng ein assistent. Ikkje ein erfaren, men ein som kan få Will i litt betre humør, og til å sjå litt meir positivt på livet. 

Will hadde det perfekte livet. Han var kjekk, var saman med verdas vakraste kvinne og såg framfor seg ei super framtid med minner som skulle fyllast, men slik vart det absolutt ikkje. Når han ein dag skulle ut å køyre kræsja han, og blei tvungen til å sitte i ein stol for resten av sitt liv. Han vart lam frå livet og ned. Men ein dag kom ei dame som skulle fylle livet hans med humor, glede og kjærlighet. Lou. Mor til Will er den perfekte som ikkje har eit hårstrå stikkande ut, ikkje ei eineste linje med ujamn leppestift eller eit einaste klesplagg liggande på golvet. Når Lou står og lagar den daglege teen til Will høyrer ho mora til Will og systera hans står og snakkar om korleis han skal dø. Akkurat den datoen, i Sveits. Han hadde allereie bestemt seg. Lou blir knust, men prøver alt for å kun få eit lite smil rundt munnen hans, eller ein liten latter. Men det blir ikkje lett.

Boka heiter derfor eit heilt halvt år, fordi ho skal prøve å overbevise han om at han kan få leve saman med ho visst han berre tek vekk dommen. Så er spørsmålet om ho klarar det, nei eg vil faktisk ikkje røpe slutten for den er nydelig. Fantastisk. Rørande. Trist. Om boka skulle fått ein karakter av meg ville eg gitt den ein klar seksar i og med at det er den finaste boka eg nokon har lest. 

Good evening alle sammen. Endelig er dagen straks ferdig, med tanke på kor tett både hals, nase og hovud er skal det bli veldig deilig å komma seg i seng straks. Når eg var på jobb føltes det ut som hovudet mitt skulle eksplodera når som helst, og takket vere dei tjukke proppane mine i øyrene stod eg og skreik til kundane. Klagebrok? Det er vel lov det når ein er såpass dårleg som eg har vore i dag. 

Eg og mamma var forresten i Sogdal i går det me reiste egentlig for å fiksa minibankkort, men når me kom var det steng. Typisk, eller kva? Vart no vertfal nok tid til shopping. Kjøpte i grunn ikkje så altfor masse, men det mest nødvendige var nok innhandla. Er nok begynnt å tenke litt på kva eg skal ha med meg, så derfor så har eg handla litt som eg tenkte ville blitt fint til Tyrkia. Som det fine skjørtet mitt, blir nok perfekt når eg skal ut å eta med ei kvit basic t-skjorte og zebra kimono’en min. Og støvlettane mine er kjempeflotte etterliknarar etter Dr. Martens, men til sytti prosent av prisen. Fantastisk!

Making: Pizzasnurrar er nettop kommet ut frå ovnen. Som smakte overraskande himmelsk <3
Cooking: Som det står over vel? 
Drinking: Går veeeldig masse i funsaften som heiter fruktfest! Minnar meg om da eg var liten og det gjekk i fruktfest dag inn og dag ut!
Reading: Fifty shades of grey serien, damn.. Kjære kino, kom no!
Wanting: No har eg veldig veldig lyst på Michael Kors si selma veske, give me money!
Looking at: Alt som har med Alanya å gjere, gledar meg som ein liten unge. 
Playing: Absolutt ingenting, men skulle ønska eg var ein av dei heldige som kunne fått testa the Sims 4
Wasting: Waaaay too much money…
Wishing for: At det skal bli slutt på all elendighet i verda, at me skal finna medisin for ebola-viruset som fleire hundre dør av og at det skal bli fred ved Gaza-stripa. 
Enjoying: Mitt eige liv, eg har jo det så fantastisk! Sunn kropp, gode mennesker rundt meg og super energi for tiden!


Waiting: Til femte oktober ♥

Liking: Weheartit, så masse fin inspirasjon både til mote og trening.
Wondering: Kva eg skal kjøpe meg i Sogndal i måro. 
Loving: Min nye mac i tillegg til alle mine kjæte.
Hoping for: Fred.
Needing: Eit lite kyss fra min kjære i Tyrkia, åh gud så godt det hadde vore no.
Smelling: Nybakte pizzasnurrar. “Går inn på kjøkkenet og finner meg ein”
Wearing: Min 2cute joggebukse fra Cubus og ei vanlig kvit t-skjorte fra H&M
Noticing that: Bollane mine va fantastisk gode!!
Thinking: At det kun e ein måned til eg reiser nedover 😮