Mandagen er på plass igjenn og eg har eit slags elsk-hat forhold til denna dagen. Kvifor elska den? Jo fordi du har moglegheiten til ein heilt ny start, anten det gjeld trening eller noko heilt anna. Kvifor hata den? Fordi det er aalt for lenge til fredag igjenn. I dag har eg tenkt litt på skulen, og har kommet fram til at eg skal fokusera kjempemasse på bloggen og legga ut youtube videoar av og til når det passar. Tenkte å ta outfitbilder ute i dag, men neida, det er jo haust Susanne! Så ute er det grått, og regnvær. 

Planane for i dag er ikkje store. Tenkte eg skulle baka litt no straks, der det skal bli heimelaga granola. Er så fantastisk godt på gresk yoghurt. Mm, gledar med allereie til kvelds i dag. Klokka halv seks reiser eg til Øvre og skal på trening. Tenkte eg skulle få springa ti kilometer i dag. Håpa so inderlig eg klarar det, og skal henta så masse motivasjon før eg spring den. Åh, kor eg hatar å springe. Men er vel det som er den beste treningen? Vertfall, så må dikka ha ei strålande veka folkens 🙂

Soli kom snikande i vindauga i dag i det eg våkna i armkroken til verdas beste kjæreste. Gud så deilig det var å komma hit, trur me trengte det begge to. Dagen i går vart sjølvsagt nytt til det ytterste sjølv om eg seriøst var dautrøtt. Etter å ha sove kun nokon tima vart det ein høneblund på meg klokka sju. Haha, uff må berre fortella dikka ein liten episode eg hadde i går. Me leige leilighet på mitos og eg skulle heimatt etter å ha sagt hade til min kjære Michelle. Eg stod med døra sikkert i fem minutt men fekk den ikkje opp! Det enda opp med at Mehmet måtte ta fri fra jobb for å hjelpa meg med døra! Snakk om kleint.

I dag skal me feira bayram og skal derfor ein tur til familien hans så eg får møte dei også. Blir kjempekoselig! I kveldinga trur eg at eg skal møta Lisa, som bur her nede. Så det blir jo også koselig. Håpar alle får ein super mandag! 🙂

Eit passande uttrykk for korleis eg føler meg atm. Sliten, dautrøtt og vil eigentleg berre sova. Hadde gitt myykje for å fått ei seng no. Tenk hadde dei hatt senge her på flyplassen, herrejesus kor fantastisk deilig det hadde vore. Ankom vel Gardemoen (veit at det eigentleg ikkje heiter Gardemoen, men eg er vel berre vant med det) i elleve tiden, og rakk akkurat starbucks før dei stengte. Gash så deilig det var med ein Chocolate Cream Chip, aka min favorittstarbucks. Reise til Gol i ellevetiden i dagtideleg og med tog fra Gol klokka åtte. Gjett om dette blir lange tjuefire timar. 

Men for all del. Når eg kjem fram til Tyrkia er det så verdt det! Han er sjølv så oppspelt at han ikkje har lyst å sove, men når eg no kike bort på skype samtalen vår ser eg at han endeleg har sovna. Stakkars gode gutten min. Planane for dagen er først og fremst å berre vere skikkeleg forelska i kvarandre, og nyta kvart einaste sekund. Han skal ikkje begynna på jobb før klokka fem heller, så det blir jo ufatteleg deilig. Han er min så og sei heile dagen ♥

Håpar alle får ein kjempe fin søndag, og at dikka også får ein kjempefin haustferie! Det skal vertfall eg ha 🙂

Hausten er verkeleg fin med alle dei nydelege fargane som ligg strødd utover asfalten. Noko eg elskar med hausten er at det er så nydelig å ta bileter, for det er så mykje flott å ta bilete av. Sjølv om hausten virkelig eg fin så blir eg no ikkje lei meg av å tenka på at eg straks reiser til mitt nydelege ferieparadis og ned til min fantastiske kjæreste! Åh som eg gledar meg ♥ Og eg skal ta så utrulig mange fine bileter.