Første månaden av 2015 er ferdig, og eg har finplukka mine favorittar for månaden. Har allereie funnet mange fantastiske, med stor f, produkt som eg gleda meg til å vere bestevenn med resten av året. Det som tek mest oppmerksomhet frå dette bildet er jo den fine, fine blushen som ligger i midten. Den er frå nars, og er den allerkjente “Orgasm“. Denne gir ein utruleg fin glød til ansiktet, og er langt i frå så barbierosa som den ser ut som. For å få ein kjempe fin sommargød, og bonzy look har eg brukt denne nydelege (og ikkje minst billige) bronzeren, frå merket makeupreveloution (?). Den er i fargen Golden Days, og er ein nydeleg glødande farge. For at sminken skal holde på heile dagen, kvar dag er det godt med ein god foundation. Denne frå Lòreal, Infallible, sit heile dagen, og har ein fantastisk dekkevne. Verkeleg eit godt produkt som eg ikkje angrar eit sekund på at eg kjøpte!

Den aller, aller største favoritten har vore denne maskaraen frå Chanel. Leitar du etter GIGANTISKE vipper passar denne perfekt. Den er jo ganske dyr, og eg fekk jo den, men gjett om eg kjem til å kjøpe meg endo ein når den går tomt? Jepp. Innpakningen er så simpel, så stilrein og så perfekt. Maskaraen heiter Le volume de chanel, og er den beste maskaraen eg nokon gong har prøvd. Kjøper dikka denne, veit eg at dikka ikkje kjem til å angra. På venstre side av maskaraen har me den beste kontur/bronzeren eg nokon gong har prøvd. Den er vel meint til å vere ein bronzer, men i og med at den er så kald og så gråtona passa den kjempe bra til å gi kontur til kinnbeina. Bahama mama er eit must i sminkepungen. TIl høgre ser dikka dior BBcreamen min som eg også har fått. Den er kjempe god, og eg føler ikkje at eg har på meg noko som helst. Denne er ein ganske ny favoritt, i og med at eg fekk den tidlegare i veka. Gir overraskande god dekkevne, og tørkar ikkje huda inn. 

Ved sida av chanel maskaraen min ligg verdas beste hurtigprodukt. Har du dårleg tid, samtidig som du berre må fiksa bryna er dette redningen. Denne har eg snakka om i ein video, og er Gimme brow fra Benefit. Den sett bryna på plass der dei skal vere, og held utover heile dagen. Siste produktet er eit settingpudder som eg brukar for å setje concealeren under augene. Den er lysreflekterande, så du får eit ekstra piff under augene. Denne får du kjøpt på lush og blir kalla for Emontional Brilliance

Mange har sikkert nyttårsforesett om å få seg ein jobb innan året er passert. Noko som eg også hadde i fjor. Heldigvis var eg så heldig at eg fekk jobb på kongen av alle kongeplassar, nemlig Veekiosken. For dei som aldri har høyrt om det, så synest eg verkeleg synd på dikka. Seriøst! Det er den beste fast-fooden i heile, heile verda. Me har alt fra burgarar (topp det med cheddar ost, og det smeltar i munnen) til saltar, og baguettar. Eg var jo som alle andre, og trudde eg aldri i verdas historie kom til å få meg ein jobb, men etter masse spørring og prøving fann eg verkeleg draumeplassen. Eg har så fantastisk snille, og gode kollegar og eg trivst veldig godt der. Så her kjem dei tipsa eg kan gi dikka utifrå kva eg sjølv har opplevd: 


 ∞ Møt opp personleg! For mange er ikkje dette ei sjølfølge, og mange tek desverre med seg foreldrer når dei skal spørre om jobb. Det er dumt for da viser du at du ikkje er nok sjølvstendig til å jobbe, og at du er avhengig av mamma og pappa. Møter du opp personleg viser du ei interesse for kva du skal spørje om, og at du faktisk bryr deg om jobben og vil ha den! Det er så mykje betre på alle måtar. Om du skal søkje på større kjeder så veit eg at du helst skal sende mail med cv, men om du skal på små matbutikkar, cafear eller restaurantar vil eg annbefale å møte opp personleg. Du kan seie kva du meiner gjennom kroppsspråk og stemme. 

∞ Alltid smil og ver positiv! Det hjelp verkeleg ikkje å komme inn med munnen hengande, sur som ei sitron og irritert fordi du ikkje har fått nokon andre plassar. Sjølv om du berre vil grava deg ned, og det kanskje er ditt siste alternativ må du hugse å halde motet oppe. Eg veit sjølv at ein kan bli oppgitt når ein får nei frå alle andre plassar, men det hjelp vertfall ikkje å komma inn der, vera sur å lei og framstilla deg på ein dårleg måte. Ver positiv, ver deg sjølv og ver smilande! Det er noko alle arbeidsgivarar vil ha. 

∞ Vis interesse over kva du skal jobbe for. Skal du søke på ein klesbutikk var det ikkje eg som ville kommet der, om eg ikkje hadde visst ein dritt om kva kle, og mote er. Eg likar jo å lage mat, og elskar å ete mat. Derfor søkte eg blant anna på Veekiosken. Hugs at du mest sannsynleg skal drive med det i vertfall eit par år, så derfor er det viktig å søkje ein plass der du verkeleg likar deg. 

Eg meiner, ser ikkje dette godt ut? Foodporn deluxe! Vil du ha detta kjem du til kassen, og seier du vil ha den beste beef-sandwichen EVER!

∞ Kle deg litt OKEI! Eg seier for all del ikkje at du skal komme i ballkjole, høghælar og falske augevipper. Men ver så snill, ikkje kom i joggebuksa, usminka og håret ubørsta. Eg hadde ikkje orna meg så masse sjølv, men eg hugsar at eg vertfall ikkje kom i joggebuksa. Du speglar deg sjølv litt, visst du kjem i ført treningskleder og ein vil kanskje tenka “Okei, kvifor har ikkje han/ho orna seg? Orkar han/ho det ikkje, sjølv om dei ber om ein jobb?”. 

∞ Snakk! Snakk masse om deg sjølv, kva du driv med på fritida, kva som gjorde at du søkte der eventuelt andre ting du vil snakka om. Gjer du det, framstår du som ein godt utadvendt person, og ein veit at du kan snakke med kundane utan problem. Det å vere utadvent når du søkjer ein jobb, er utruleg viktig. Er du sjenert, lat vertfall som du er utadvent. Visst du ikkje seier noko, og arbeidsgivaren sjølv må stille spørsmål kan praten gå veldig, veldig sakte.. 

Good dag alle sammen! Endeleg er dagens treningsøkt og skuleøkt ferdig. Fjo! Resten av dagen skal bli brukt på å lese til prøven me har på fredag. Er begynt så vidt på å skrive stikkord, eller har gjort det gjennom heile kapittelet. Tenkte eg kunne lage eit innlegg om tips til studieteknikkar om det er ønskeleg? Uansett, over til dagens tema: 


Intervallar, er sååå godt! NOT! Tru meg, eg hatar verkeleg intervallar, men det gjer så ufatteleg godt for kroppen. Programmet eg skal presentera for dikka er det mi kjære syster som har introdusert meg til, og det tek kun ein halvtime. Har du ein travel kvardag er dette det perfekte programmet, og du kan køyra det berre på ein morgon før du skal på skulen eller jobb. Tenkte først berre å seie litt om kva som er så godt med intervallar: 

> Det er super effektivt! Du køyrer det lett på 30 minutt, også er du ferdig. Det viser seg blant anna ved studie at du får større progress ved å trene intervallar i 15 minutt, enn å jogge i ein heil time. 

 > Ikkje berre brenn du meir kaloriar, men også meir feitt. 

> Sida du pressar deg meir enn det du er vand med, pumpar hjertet ditt ekstra hardt og får pulsen opp. Dette fører igjen til eit betre, og sunnare hjerte. Som igjen fører til lengre levekår. 

> Du treng ikkje noko anna utstyr enn eit par med gode joggesko. 

> Du går ned i vekt, samtidig som du slepp å miste musklane dine.

> Heile 24 timar etter du har gjennomført økta di fortsett kroppen din å produsere HGH (ein type hormon) som gjer at du blir yngre både på innsida og utsida. 

> Er du på ferie? Finn ein bakke å køyr dei! Du kan gjere det når som helst, men viktigast KOR som helst. Eit lite tips er å gjere dei i sanden sida den gjer det endo tyngre å springe. 

> Det er skikkelig utfordrande. Du kan ikkje slappe av, ha med deg eit magasin, sjå på tv eller konsentrere deg om pusten. Her må du pushe deg sjølv, noko som gjer at du får ein genial utfordring. 

Så heilt til slutt kjem mitt program, eller med andre ord mitt syster sitt program: 

> Start med litt oppvarming slik at du kjenner du blir litt varm i kroppen. Litt rolig jogging passar alltid perfekt, og da pleier eg å ha mølla på 8-8,5. 

> No begynnar “første sesjon”, som startar med løping. Sett incline på minimum 0,5, men visst du vil ha ein litt større utfordring set du den endo høgare. Hugs at du skal jobbe med denne i ein del minutt. Set mølla på 10,5. Dette skal du springa på i 4 minutt. 

> Set ned mølla slik at du får att pulsen din, men rundt 6,0-5,0. Gå i 2 minutt, før du så set farten opp att. 

> Me aukar på med farten, og det er no tid for å setje den på 12,5. Hugs at du skal pressa deg maksimalt, sjølv om det er hardt så prøv å ikkje gi opp. Du skal no springa på 12,5 i 2 minutt. 

> Igjen, set ned til same farten og få ned pulsen. 

> Dette er siste runde i “første sesjon”, og dette er vel den hardaste. 13,5 skal det stå og dette skal du springa på i 1 minutt. Dette er vel den hardaste intervallen, men den beste. 

> No pausar du så lenge du føler for det, men ikkje lenger enn 5 minutt. Du skal på ned pulsen før me startar på skikkelege intervallar. Dette er 20/10 intervallar, som vil seie at du skal jobbe i 20 sekund, og hoppe av mølla i 10 sekund. 

> Set inclinen på 3, og begynn med å springa 20 sekund på 13,5. Hopp av i 10 sekund og øk med 0,5 for kvar intervall. Dette skal du gjere heilt til du står på 16,0 og avsluttar den siste intervallen. Du skal altså ha 6 slike intervallar, og du er ferdig med det harde. 

> Det er forskjelleg korleis alle avsluttar ei slik økt, men du kan jo avslutte med tøying, nedjogging eller drite i alt (som eg gjer). 

Heisann fine lesarar, og velkommen til ei ny fantastisk veke! Starta ho med skule, trening og no sit eg her og bloggar til mine fantastiske lesarar. Sida mørket har senka seg, er det vanskeleg å få til nokon fine bileter. Eigentleg så sit eg innkrypt i eit teppe i sveitte treningsklede og er alt for lat til å dusja, tørka håret og sminka meg igjen før det er blitt beksvart ute. Derfor har jo Anette laga 50 spørsmål som eg tenkte eg kunne svara på i dag, kanskje dikka blir litt betre kjend med meg: 

1. Kor gammal er du om fem år? Da fyller eg 23 om nokon månadar. Såå sjukt!! Føler fortsatt at eg går i tiende klasse liksom. 

2. Kven har du vore sammen med i minst to timar i dag? Hmm, den flotte klassen min og Mehmet (ikkje fysisk). 

3. Kor høg er du? I passet mitt står det vel 168 eller noko sånt. Eg er vel ikkje heilt sikker.. 

4. Korleis film såg du sist? Siste filmen eg såg var The fault in our start, med min kjære på fireårsdagen vår. 

5. Kven ringte du sist? Da ringte eg ho Lene. 

6. Kven ringte deg sist? Det var også ho Lene. 

7. Kva stod det på den siste smsen du fekk? “Ovnsbakt aure m purre, paprika, gullrøtter og ris.. Saus om du vil ha. Fristar det?”

8. Foretrekk du å ringe eller sende sms? Eg har litt sånn telefon-angst, så eigentleg så hatar eg jo å ringe. Sms derimot, er ein fantastisk oppfinnelse!!

9. Kor er din favorittstad? I armkroken til den aller beste i heile heile verda!

10. Korleis plass foretrekk du minst? Rett og slett i tannlegestolen. 

11. Når såg du mora di sist? For om lag to minutt sida. 

12. Korleis augefarge har du? Eg har krystallblåe auger. 

13. Korleis julesang likar du best? Den finaste sangen eg nokon gang i historien har høyrt er Kurt Nielsen med “Himmel på jord”. 

14. Er foreldrene dine gifte eller skilte? Dei har vore skilte leenge. 

15. Når våkna du i dag? Eg våkna først klokka kvart på sju, før eg igjen legg meg ned att, våknar klokka sju, legg meg ned igjenn, våknar klokka ti over sju, legg meg, blir tvungen opp klokka tolv minutt over sju, står opp. 

16. Kor befinn du deg om ti år? Forhåpentlegvis har eg klart å fått M hit, gift, har ein spennandes jobb, to ungar og ein fantastisk flott leilighet. 

17. Kva skremte deg om natta som barn? Nei, det var vel slike mareritt som alle har. Eg hugsar spesielt når me var i Bulgaria og eg hadde verdas værste mareritt om ein dverg som skulle drepe meg. Eg klarte ikkje å få tankane vekk på noko anna den siste veka, og det gjorde ikkje noko betre at Mia (stesyster mi) skreiv ein anonym lapp som sa “I will kill you”. Værste eg har opplevd nokon gong. 

18. Kva youtube-klipp var det som sist fekk deg til å le? Hahahaha, denna! Alle som går i klassen skjønnar kvifor. 

19. Kva er din beste eigenskap? Min beste eigenskap er vel at eg er ein veldig god lyttar og er flink til å snakka med personar. Altså, eg er ein veldig god venn å ha i eit brudd. 

20. Kva er din verste eigenskap? At når eg begynnar på noko er eg all in, men etter eit par veker er det ferdig, eller som M seier, bitti. 

21. Søv du med eller uten kleder om natta? Kjem an på, men sovnar som regel i ei stor boyfriend t-skjorte. 

22. Kor mange puter har du i senga? 4+ pynteputer. 

23. Kva er det raraste du har ete? WAIT FOR IT, WAIT FOR IT! Trommevirvel…………..

KANIN!!! Hell yeah, sjukaste! Til mitt forsvar så sa pappa at det var kylling. Føler meg som verdas værste dyremisshandlar. 

24. Har du stasjonær eller bærbar data? Eg har ein fantastisk mac, pluss ein rosa kasse samsung. 

25. Foretrekk du sko, sokkar eller bærføtt? Eg ELSKAR sokkar! Eg meiner det! Kunne gått med sokkar sjølv når eg dusjar. Og det er så deileg at det finst så mange forskjellige sokkar. Fuzzy sokkar og strikkasokkar er fantastiske skapningar!

26. Kva høyrer du på akkurat no? Høyrer på ein oppegåande samtale mellom mamma og min stefar. 

27. Korleis is er din favoritt? TRESS IS! Klassikar. Less is much ♥

28. Korleis dessert er din favoritt? Hmmm.. Eg veit faktisk ikkje, er jo såå masse godt. Men kanskje Creme Brule? 

29. Kva er den største premien du har vunnet? 1000 kroner på bingo. Det var stas det. Pappa sa eg fekk velga mellom barbiebladet eg ville ha, eller ei bingoblokk. Og eg valgte bingoblokk. Me spelte og eg fekk jackpotten på 1000 kroner, som var ein del på denne tida. Hugsar det som om det var i går. 

30. Likar du kaffi? NEI, ÆSJ!

Dagens treningsøkt er ferdig, og blogginnlegget er også snart publisert. Sov til klokka var åtte i dag, og tok bussen opp for å trena på treningssenteret. Der var det ganske så fult allereie klokka halv ti om morgonen. Det er vel slik det er kvart einaste år? Ein pressar seg fult ut heilt fram til midten av februar, før motivasjonen dett på botnen igjen. Er jo mange så køyrer hundredagarsprosjektet, noko som eg synest verkar litt motiverande. Tenkte kaanskje eg skulle prøve det ut, men er litt skeptisk endo. Føler at eg får dårleg samvittigheit om eg ikkje klarar det, men alikevel er det jo ein stor motivasjon i seg sjølv. Det går jo hovudsakeleg ut på at ein skal ha hundre økter på hundre dagar, der ei økt skal vare i minst tretti minutt. Dette gjer det blant anna lett å få fullført to økter på ein dag. Er litt kjedeleg å vere aleine om det, så spørst om eg kanskje får med meg nokon på det. 

Dagen i dag må bli brukt til å prioritera litt skulearbeid. Må rett og slett setta meg ned og berre jobba fult med litt matte og litt sosiologi. Er utrulig lenge sida eg har jobba skikkeleg med lekser, eller fag som eg heng litt etter i. Men satsar på at i dag blir ein slik dag. Ellers så er eg blitt heilt forelska i klokka som dikka ser over. Så enkel, simpel og perfekt. Nydelig. Ellers har eg også på meg ein av dei beste kvardagskjolane ever, som eg kjøpte på sisters point for kun ein tohundre-lapp. Smykket som eg har på meg piffar lett opp eit simpelt antrekk, og det har eg kjøpt på ebay 🙂

Håpar alle får ein kjempe fin mangdag, og ein super start på veka ♥

Hei og god morgon godtfolk! Gjett når eg våkna i dag?! Klokka tolv! Herre min, så lenge det er sida eg har sove såå lenge. Pleier alltid å bli liggjande i sengi ein time etter eg har våkna for å gå gjennom sosiale media, spela på telefonen og ligga å dra meg alt for lenge. Noko som også skjedde i dag, men jaggu er det godt me har slike dagar også. Etterkvart som eg stod opp var det på tide å rydde bomberommet, noko som faktisk vart gjort på ti minutt. 

Søndagar er for meg planleggingsdagar, der eg set meg ned og planlegg kva eg skal gjere utover veka. Eg kjøpte min personlige almanakk rett før jul, og den er brukt ufattelig mykje. Det at ein kan designa den sjølv gjer det jo såå mykje betre, og at du sjølv vel korleis den skal sjå ut. Du kan til og med velga korleis ruter du vil ha med under, anten om det er trening, prøvar osv. Eg var ganske kjedeleg så eg valgte ikkje å ha noko. No kan du bestilla din eigen på personligalmanakk.com, og få 10 % rabatt visst du brukar rabattkoden D-DFBC-YRIY.  

FOR ein frukost, seier eg berre! Skikkelig laurdagsfrukost, spør du meg. Stod opp på vanleg måte, gjekk og såg i kjøleskapet i ca ti minutt før eg fann ut at eg skulle laga meg banan-sjokoladepannekaker. Koste meg kjempe lenge med dei, og sjølvsagt eit glass med god, nypressa appelsinjuice. Når eg gjekk inn att på rommet stod eg seriøst i døropningen i ti minutt (les ti sekund), og gapte over kor rotete rommet mitt er. Trur det aldri har vore såå rotete som det er no. Så planen for i dag er vel for det meste å rydda rommet, vaska det samt rydda klesskapet. Kjem sikkert til å kasta over halve, med klesplagg med prislappen hengande på. 

Må også få ut å trena, eller komma meg opp på golds. Har trent kjempe lite denne veka, men alikevel gått ned ein kilo. Kor sjukt er ikkje det? Det er vel da du eigentleg berre vil skippe alle treningsøktene, og berre leve på sjokolade heile veka. Har også skjønt at ein ikkje treng å hive i seg fem kilo med sjokolade kvar einaste helg, men at ein heller kan kose seg litt og litt og nyte kvar bit. Nok om sjokolade, trening og eting no. Nyt laurdagen alle sammen, og et nett kva dikka vil! Alle treng minst ein dag der dei berre kosar seg, og et nett kva dei vil ♥

Å herre min! Sjå på dessa nydlegheitane, berre sjå! Bestilte nye joggesko forrige veka ein gong, og dei kom i går. Eg bestilte dei sjå Zalando, ettersom eg fekk gavekort der til jul. Dessa har lenge stått på ønskelista mi, eigentleg heilt sidan Eirin Kristiansen snakka om dei. Brukte dei inne i går når eg trente her heime, og det kjennest ut som ein drøm på foten. Eg betalte vel rundt 600 kroner for dei (litt gåvekort, litt rabattar), noko som var eit “kupp” ettersom dei er så gode som dei er. Gledar meg kjempe masse til å prøve dei ut på mølla i morgo. 

Ellers så går dagane i eitt. Synest ikkje det er lenge sidan det var mandag, og no er det snart torsdag. Uff. Fekk ikkje blogga i går fordi eg var i bursdag, hadde lang dag på skulen og at eg berre måtte trena. Men sjølvsagt er ikkje det nokon god unnskyldning, så eg beklagar. Er sååå irritert over mørket, snø og kulden. Vil berre at det skal bli sommar på sekundet, og at det skal kunne gå an å ta nogelunde gode bilder. I morgo har eg ikkje andre planar enn å ta meg ei treningsøkt, så da må me prøva å få til noko bra på bloggfronten. Håpar alle sammen får ein super kveld ♥