Yep, du leste rett. I dag vil eg prøve å lære dikka å lage pariser, sideflette. Denne er suuuperenkel å lage, og ser så fin ut. Det er vel ei av dei enklaste frisyrane som inneheld ordet flette, eg kan. Passar perfekt visst du berre har ein dag der håret ikkje vil samarbeide med deg, eller der du våknar alt for seint og ikkje rekk å rette det. 

Det første du må gjere er jo å starte med eit børsta hår. Kost lett gjennom det, slik at du får vekk alle floker. Deretter legg du alt håret på den sida du vil ha fletta. 

Så deler du håret opp i tre like deler, og fletter først ein vanlig gang. Etter det tek du med hår fra både den opperste, og nederste delen. Prøv å ta med like store deler kvar gong. 

Så forsetter du berre å flette bakover. Når du ikkje “har att meir hår” flettar du berre ei vanleg sideflette nedover. 

Fest så med strikk. Eit lite tips er å bruke dei små gummistrikkane som er gjennomsiktige. Dei ser du ikkje, men det beste av alt er at dei ikkje skadar på håret. 

For å skapa illusjonen over at håret ditt er tjukkare og meir fyldig kan du dra i fletta på den måten eg gjer her. Det gjer og automatisk at fletta di blir litt meir laidback, men visst du vil ha ho meir til fint kan du jo berre fletta hardare, og vere meir nøyen. 

Spray i litt hårspray, og tadda. Super fin frisyre, på kort tid. Tek ikkje lang tid, og er ikkje krevande å lage i det heile tatt 🙂

 

Hei og god kveld i stuggo. Bilda frå blogginnlegget er faktisk fra i dag tideleg, men fekk aldri tid til å posta dei. Har endeleg tatt skappel-gensaren min litt meir i bruk, og fy så deileg det er. Starta dagen med ein super frukost som påfyll. Frukost er vertfall for meg det viktigaste måltidet for dagen, og der eg bokstaveleg henta all energien min. Vidre gjekk eg og mamma ein liten runde, slik at det smakte endo betre med middag. Eg har lege i senga heile tida, men faktisk vore opptatt av ein eller anna grunn. 

Klokka sju reiste eg på trening, og tenkte eg skulle prøva ut noko nytt, nemlig tabata. Eg er fortsatt død, og det seier vel sitt? Trudde seriøst eg skulle spy fleire gonger. Men jaggu var det godt etterpå. Eg sitter fortsatt rett ut i stolen, og har ikkje planar om å bevege meg ein meter dei neste tretti minuttane. Har faktisk ikkje vore så gal denne veka angåande kosthold og trening, men har alikevel gått ned litt over 1 kg. Skeia til og med ut på mandag, u know, these grandmothers. Alikevel så har det gått kjempebra, og gledar meg allereie til den kommande veka. 

 

Laurdagen er snart ferdig, og eg sit stappmett i sofaen med idrettsgallaen på tv. Hadde mareritt om at eg skulle heim fra Tyrkia i natt, og fy flate så forferdeleg. Dikka anar verkeleg ikkje kor forferdeleg det er å reise heim kvar gong. Eg våkna vertfall klokka åtte og grein som berre det, men fekk etterkvart sova igjen. Våkna att i elleve tiden og låg minst ein time og berre såg på insta, weheartit og alt som høyrer med på ein laurdags morgon. 

Ettekvart bestemte eg meg for å laga ein ny sminkevideo, ta bilder, skifta design og slappa litt av. Eg var vertfall nøgd med designet, og likte det kjempe godt. Bildet derimot, er eg ikkje heilt for. Gledar meg til været blir fint og eg kan endeleg ta bilder igjen. Ellers så har jo mamma kommet heim, og det betyr jo FANTASTISK pizza. Damn, seier eg berre. I måro skal eg ein tur bort til pappa, trena og ellers skal eg gjera litt matte og slappa av. No startar mestrenes mester, så da får eg legga frå meg pc’en. Ha ein fortsatt fin kveld folkens. Nyt den! 🙂

Heisann og hoppsan alle flotte lesarar. Dagen i dag starta med at eg kom på ein ide om at eg skulle ta bilde av min kvardag, liksom slik at dikka fekk følgje meg gjennom dagen. Det gikk fint dei to første timane, men so skjønte eg eigentleg ikkje kva som var meining med det. Hallo. Dagen min er så kjedeleg at eg trur ikkje dikka ein gong ville sett på innlegget. 

Uansett, så nærmar fredagen seg og det er tid for helgekos. Eg har funnet eit par produkt som hjelp deg med å spare unødvendige kaloriarl, slik at du kan ete endo meir godteri. Mange har kanskje godtestopp, men ikkje eg. Det må da vere lov til å kose seg ein gang i veka? Eller to. Her er vertfall det du kan spare kaloriar på: 

1. Eg er sjølv den som et potetgull på fredag og laurdag, og det er såå godt. Men poppcorn er jo nesten like godt, og et du poppcorn i staden for potetgull sparar du 71 kaloriar på 50 gram. 2. Er du som meg og eelskar melkesjokolade, er det faktisk noko me kan gjere for å ikkje få i oss alle kaloriane. Vel du heller ein skumbasert sjokolade som hobby, evt. juleskum og lignande sparar du deg for 87 kaloriar. 3. Pepsi max er den beste brusen eg får drikke, noko som eg håpar er ein fordel. Eg veit at mange foretrekker Cola på ein laurdagskveld, men ikkje berre det at det er så mykje sukker i det, men også kaloriar. Visst du heller drikk lettbrus eller varn sparar du heile 192 kaloriar. SJUKT! 4. Taco er jo ein veldig tradisjonell rett på laurdagar her i Norge, og mange av oss et lefser. Et du heller spelt lomper enn vanlege tortillalefser sparar du 127 kaloriar per 100 gram. 5. Same som popcorn, så er saltstenger også ein mykje betre alternativ. 81 kaloriar sparar du visst du heller et saltstenger enn chips, per 50 gram. 6. Mange kosar seg gjerne litt ekstra i helgene, og lagar kanskje til og med milkshake. Det minner meg om kor mange eg lagde i sommar, oh jeez! Men for all det, skjønnar dikka veldig godt. NAM! Uansett så kjenner eg nesten ikkje forskjell på milkshake og sjokolademelk, og visst du heller drikk sjokolademelk sparar du deg for 189 kaloriar per 3. desiliter. 7. Sist men ikkje menst høyrer også rømme ofte til tacoen, eller gjerne dippen som kjem etterpå. Rømme har eit stort innhold med feitt, og kaloriar. Et du heller 3 ss magerkesam, enn rømme sparar du deg for 51 kaloriar. 


Da var eg tilbake på bloggen for fult (håpar eg). Etter litt masse styr, grining, savning og meir grining er eg klar for eit nytt år. Nytt år nye moglegheitar, eller kva folkens? Sida det er eit nytt år tenkte eg at eg kunne dele nyttårsforesetta mine med dikka. Veit eigentleg ikkje om det er så interessant for dikka, men alikavel: 

Bli flinkare til å spare pengar. Herre min.. Når eg ser tilbake på kor mykje eg har fått utbetalt det siste året blir eg rett og slett i sjokktilstand. Eg meinar, hallo! WHERE DID YOU GO MY DEARS? Eg kjøper så masse dritt som aldri blir brukt, og berre blir liggjande i klesskapet. Noko som inngår i neste punkt. 

 Kjøpa kvalitatet framfor kvantitet. Som sagt kjøper eg SÅÅ masse på salg som eg aldri, aldri brukar. Kvar einaste gang eg ryddar klesskapet mitt kastar eg så ufatteleg masse som eg aldri har brukt, nokre plagg heng til og med prislappen på. Derfor skal eg heller slappe litt av når det er salg, og heller kjøpe noko eg verkeleg har brukt for, og kanskje er ekstra dyrt. 

 Bli flinkare på skulen. Detta er eit veldig viktig punkt for meg, i og med at fleire av karakterane mine er avsluttande, og me skal opp i eksamen. Eg må rett og slett berre bli flinkare til å øva på prøvar, gjere lekser, følgje med i timane og vere muntleg aktiv. Det er ikkje noko eg har vore spesielt flink med det noverande semesteret, men no people, no skal eg ta eit skikkelig tak og bli skikkeleg geek!

 Bli flinkare til å blogga. Detta foresettet har eg vel hatt kvart år sidan eg starta opp bloggen min, men i år er det alvor. Har jo kjempe lyst til å bli kjent og kunne jobbe av bloggen. Men slik som det er no, er det noko som fort blir utelukka. Men skal vertfall prøve så godt eg kan å ta masse fine bilder til dikka, og komme med oppdateringar regelmessig. 

 Trena regelmessig. Alle har vel dette nyttårsforesettet? Eg skal prøve så godt eg kan å få til MINST tre økter i veka. Vil ikkje sette meg såå skyhøge mål at eg ikkje klarar å holde dei. I fjor var nyttårsforesettet mitt å trene minst seks gonger i veka, haha seier eg berre. Så tre gonger i veka er “last price” som M seier. 

 Eta sunt, utenom i helgene. Skal eta så sunt som mogleg i kvardagane, men skal prøve å ikkje go crazy. Eg et det som blir laga heime, men set veldig pris på om me brukar grove, magre og sunne produkt (kremt, kremt mamma). I helgene drite eg nesten litt i kva eg et, for ein skal kose seg. Eg, personleg må vertfall ha ein dag der eg ikkje tenke på noko anna enn sjokoladen eg skal stappe i meg.