Etter mange månadar med venting, kjem endeleg innlegget om å reise aleine. Har faktisk vore etterspørsel om det, og tenkte derfor å snakke litt om det. Først og fremst må eg berre seie at det er IKKJE normalt å reise til Tyrkia som 17-åring. Mamma har så stor tillit til meg, og eg har så stor respekt for ho. Ho veit korleis eg er når eg er med Mehmet, og derfor har ho sendt meg. Hadde eg fucka det opp i juni/juli hadde eg aldri fått reist ned att aleine når eg var under 18. Eg er jo ei jente som ho veit ho kan stole på, og eg har aldri gjort noko gale. Så det første du burde gjere er jo å byggje opp tilliten til foreldrene dine. Så kjem jo spørsmålet om kor gammel ein burde vere før du reiser aleine. Det er ingen fasitsvar på spørsmålet. Mine meininger er at ein kan reise så lenge ein er moden nok, og at ein hsr respekt til foreldrer. 

 

Var eg redd? Sjølvsagt var eg pissredd! Eg skulle reise heilt fra Bergen til Antalya, for så at Mehmet skulle hente meg med ein kompis. Det var spesielt ekkelt når det var turbolens i flyet, og eg skulle verkeleg ønska mamma var der attmed meg. Etterkvart har eg jo vant med til det, og synest det nesten er gøy med turbolens. Wee, karusell, haha. Noko som er viktigt at du gjer, er å spør! Spør uansett kva det gjeld, og uansett kor dumt det høyres ut. I tillegg er endo eit tips å følgje flokken, når dei skal gå ein plass for å sjekke inn/ut. Dette har eg gjort mange ganga når eg har mellomlanda (eller berre dei to gangane). 

Og ja, du må vere rutinert for å reise. Det er viktig å kanskje setje seg ned, planleggje korleis du skal komme deg til flyplassen, heimatt, korleis du skal komme deg til leiligheten/hotellet og kor mykje peng du skal bruke der nede. Eg har alltid vore veldig flink med å lese skilt og hovudsakleg alltid komme meg dit eg skal. Folk som ikkje er rutinerte burde ha med seg anten ei vennine, eller ein forelder.

 

Så når du kjem til flyet, og innsjekking er det alltid å ha eit system i sakene dine. Eg har som regel ei mappe som eg har visum, bilettar, pass, sas-kort og eit papir mamma har skrive. Det er også noko ein må hugse på. Få foreldrene dine til å skrive at “Susanne Moen Øy reiser til Alanya, med ….. bookingnummer, klokka …. og heimreise klokka …..”. Samt underskrift og telefonnummer. 

 

Mellomlandingar. Det verste med alle mellomlandingane er å venta! Mellomlanding er oppskrytt, fordi det er ikkje farleg og ikkje vanskeleg. Som regel blir bagasjen din sendt direkte, slik at du slepp å hente den og sjekke den inn på nytt. Fram til no har eg mellomlanda ein gong i København og to gonger i Istanbul. Einaste eg kan sei er at du må vere forsiktig med at du må hugse alt du har tatt med deg. 

 

Det siste eg vil sei i dette innlegget er litt om flyselskap, og annbefala spesielt eitt! Eg har reist med SAS, Ving (Thomas Cook) og Turkish airlines. For meg ligg sas dårlegast an. Dei er skikkeleg sure, dårleg matval, lite beinplass osv. Eg finn desverre ikkje mykje positivt med dei. Ving derimot har super koselege flyvertinner, ein får tilbud om mat, og det er film ombord, samt sal av lodd der du kan vinne premiar. Turkish airlines er på toppen av min skala. For eit flyselskap! Superkoslege flyvertinner som smiler turen rundt, samt mange andre fantastiske faktorar. Maten er jo kåra til den beste, og det kan eg skrive under på. Noko som er veldig kult er jo det at du vel sjølv kva mat du vil ha. Du kan blant anna velgje mellom Low calorie meal, er du muslim kan du velge muslimsk mat, jødisk mat eller vil du berre ha frukt kan du få det. Gratis drikke får du gjennom heile flyturen, der du kan velgje mellom all brus, samt øl, vin, vodka, whishey for dei over 18. Det er lagt veldig fint til, til barn og dei får utdelt kvar si aktivitetsbok og ei lita pakke med masse leiker. For meg får THY 10 av 10 stjerner. NB: Ein positiv faktor er at dei har the fault in our stars på flyet!

 

 

Heisann, og velkommen tilbake til meg. Trengte verkeleg ein dag av i går, og på tirsdag. Heile tirsdag gjekk jo hovudsakleg til reising, så om eg ikkje hadde forhåndsskreve eit innlegg, hadde det neppe blitt noko uansett. I går var det full øving, samt eit oppdrag på jobb. Har mange fine innlegg til dikka i tiden framover, så det er berre til å glede seg. Startar i dag med å vise dikka nokon innkjøp som eg har gjort fra MAC i Istanbul, samt VS: 


 

Først og fremst kjøpte eg denne fantastiske sminkepungen fra VS. Den kosta 23 euro, altså rundt 200-lappen. 
 

Så over til mitt absolutt favoritt sminke merke. ♥♥ MAC ♥♥ Først og fremst har me ein leppestift i fargen Angel. Den er ein nydeleg rosa/nude farge, og begge leppestiftane kosta rundt 150 kroner. 

Herre min, sjå på denne nydelegheiten. Eg er forelska. Skal legga ut litt mobilbilder fra Tyrkia snart, der dikka får sjå den på. Men ikkje bli skremt! Fargen er Lustering. 

Siste leppeproduktet er den liplineren eg snakka såå masse om før eg reiste til Tyrkia, og heldigvis hadde dei den i København. Snille Michelle kjøpte den i gåve til meg. Love you honey ♥ 

Det aller siste eg skal visa dikka er denne nyyyydelige blushen i fargen Margin. 

50 shades, plankebiff og masse kjærleik. Kan det bli betre? Gurimalla, for ein fantastisk kveld me hadde i går. Klokka fem reiste me på 50 shades, som eg så vidt kom inn på. Her nede var det tydlegvis den med attenårsgrense, og me fekk problem. Men ved litt flaks, og ein god overtalar så fekk me os jaggu inn. Vart faktisk veldig skuffa over filmen, men den var jo heller ikkje kjedeleg. Me hamstra poppcorn, kvar sin brusboks og kvar sin sjokolade. Har aldri vore på kino med kjærasten min før, så det var fantastisk og sitta å holde hender i kinosalen. 

Etter filmen tok me bussen til Ev restaurant, som er verdas koselegaste visst du er på ferie med din kjære. Me kjøpte kvar sin plankebiff, høyrte på livemusikk og koste oss alt for masse. Eg kjenner at sjølv om eg har to dagar att så vil eg verkeleg ikkje reise tilbake til Norge. Kunne godt tenkt meg og vore her i nokre månadar. Spesielt gale er det når eg ikkje veit når eg reiser hit att. Eksamenar står for tur, samt gjer mykje jobbing og mykje skulearbeid. Me får sjå, satsar på at det ikkje blir aalt for lenge til neste gong. I dag har me rett og slett ingen planar, så spørst om det blir ein liten tur bort på Alanyum, som er eit shoppingsenter. Håpar alle sammen får ein kjempe fin søndag ♥

Igjen, for ein perfekt dag! Alle dagar er jo eigentleg perfekte saman med denne skapningen her. Og forresten, beklagar for røykgreia over, men eg er begynt å røyka. Sorry mamma… Haha, neida, tulla. Er det noko eg ALDRI kjem til å gjere er det å røyka. Æsj. Som alle andre dagar her nede, starta den med tidenes kongefrukost etterfulgt av avslapping framfor tv’en. Vidare var det ut å gjere nokon ærender til mi kjære syster, som resulterte i eit besøk på denne fantastiske cafeen. Eg meiner det! Ver så snill å gi den ein sjanse. Eg veit at mange av dikka som les bloggen min er ofte i Tyria, spesielt Alanya, og da må dikka berre stikke innom denne cafeen. Starbucks ligg rett attmed, men eg lovar at denne er ti gonger så betre. Spesielt om sommaren, da du får iskald iste. DAMN!

 

No står M og lagar mat for kvelden, og på menyen står det kylling fajita. Ein av mine favorittrettar. Eg gledar meg virkelig kjempe masse til i kveld. Me har satt fram fruktfrat, sjokolade, chips, popcorn og ein tyrkisk drama film skal snurra på skjermen i dag. Først skal eg tenna lys, og eta ein romatisk middag med min fantastiske kjæreste. Eg elskar verkeleg å vere her, og føler meg så heil. Sjølv om eg merkar at eg fortsatt er ein liten mamma-dalt og saknar ho. Håpar alle har hatt ein super start på helga ♥

I går hadde me det verkeleg fint. Sola skinte og temperaturen steig. Me starta dagen ved å reisa på stranda for å ta bilder til outfiten min, som dikka kan sjå her. I tillegg tok me også nokon bilder saman, som dikka ser lenger nede i innlegget. Vidare så bestemte eg at me skulle ein liten tur inn til byen, for å ete nutellavafle. Og daamn, gjett om det var digg da? Belgisk vaffle, smørt inn i nutella og toppa med jordbær, banan og kiwi. Får vatn i munnen berre eg tenkjer på det, må vertfall inn att ein gong til. 

Vidare gjekk me litt rundt i Alanya, og bestemte oss for å sjå litt historie ved Alanya. Det var første gong Mehmet har gått ved borga. FØRSTE gong folkens, og han har budd her i tjuetre år?! Til og med eg, som har vore her 7-8 gongar har vore og sett det. Fleire gonger. Han vart vertfall overraska over kor beint alt var, og kor flott dei hadde lagd bygningane. Me avslutta vår eigne lille rundtur på ein liten restaurant nede ved havna med kvar sin cay (tyrkisk te) og ein nydelig utsikt over heile Alanya. Tusen takk for ein kjempe fin dag, forloveden min ♥ Thank you for a perfeckt day, my fiancè. 


– Kor sjukt godt ser ikkje dette ut? –


 

Dikka anar verkeleg ikkje kor godt det endeleg er å kunne ta og føle på gutten min igjen. Reisen var lang i går, men fint gjekk det. Var spesielt litt ekkelt i Istanbul fordi den var så stor. Flyet gjekk tidlegare, og eg var ute av flyet på ca 5 minutt. Mehmet ringte meg og sa at han hadde kræsja, som gjorde meg i sjokktilstand. Eg spørte om det gjekk bra, før eg vart stum. Så sprang han plutseleg bak meg, og sa han kødda. TYPISK Mehmet! Bilturen heimatt gjekk overraskande fort, og me stoppa klokka halv fire om natta for å ete suppe. Mehmet var såå svolten, same som meg, så da vart det kyllingsuppe. Kom heim til Mehmet i fem tiden, og gjekk rett og la oss. 

Dagen i dag har gått til innhandling av mat, avslapping og henta oss inn att. Me vart jo så trøtte. Spesielt han som ligg å søv i fanget mitt no, haha. Eg lagde vertfall steikte nudlar med kylling og grønnsaker til middag i dag. Noko som virkelig falt i smak. Mehmet er såå vanskelig å lesa, men når han forsyn seg to gonger veit eg at det var godt. Så han gav meg ni av ti stjerner på nudlane, husmormateriale liksom. Resten av kvelden skal me slappe av, kose oss med masse godt og sjå på tv. Håpar alle har fått ein super start på veka ♥

Engeleg Gardemoen (eller Oslo Lufhavn som det no heiter). Men mange timar med reising var eg endeleg her. Veit ikkje heilt kva det er, men når eg kjem på flyplassen, det er da eg får reisefeber. Missforstå meg ikkje, eg har reisefeber ellers og, men det er da eg verkeleg skjønnar at eg skal reise. Bussen kom til Oslo i halv tolv-tiden i dag tidleg, og gjekk Oslo rundt for å få tak i Mac sin “Sore” lipliner. Fann eg den? NEI. Den var jaggu utsolgt over alt. Vil uansett ikkje sei at det var synd i Mac, for kjøp vart det. Dama som var der fann fram verdas finaste leppestift til meg. Skal vise den til dikka seinare, i lag med den fine blushen ho og fann fram. 

For første gang reiser eg med Turkish Airlines. Er litt skeptisk, sjølv om det er det selskapet som har fått mest skryt for både mat, personale og fly. Spennande blir det vertfall! Skal også mellomlande i Istanbu, som eg heller aldri har gjort før. Blir heldigvis ikkje verande der så aaltfor lenge, forhåpentlegvis lenge nok til å gå innom VS. Må ha meg ei ny smikemappe, og noko undertøy. Mehmet kjem og hentar meg på flyplassen, så reiser me strake vegen mot Oba. Har lovd meg sjølv at eg skal vere overflink til å bloggge, mens eg er i Tyrkia denne gangen. Så Mehmet kjem til å stille opp som fotograf fleire gonger.