Hurra for fastelaven! Eg berre elskar bollane til ho mor, fylte med krem og syltetøy. Reisen mot Tyrkia er starta, sjølv om eg skal innrømme at det er seigt å måtte reise i eit heilt døgn. Om tjuefire timar sit eg på flyet, så blir vel  reising meir enn eit døgn. Men men, det er jo garantert verdt det. 

Marta og Alise sov hjå meg i natt, og me storkoste oss. Me åt den nye japp melkesjokoladen, og daaamn! Er det nokon som har smakt den eller? Det er himmel på jord det. Sex and the city stod på skjermen, og jente praten var i full rulle. Eg hadde vertfall ein heilt fantastisk kveld. Så må eg berre beklaga for at blogginga har vore såå dårleg i dag, men har jo stort sett sete på ein buss i heile dag. No skal eg slappe av i heile kveld, før bussen til Oslo går klokka åtte i måro tidleg. Ønsker alle sammen ein kjempe fin kveld ♥

Kor i all verden skal eg starta? Først og fremst gratulerar til morsdagen, til alle fantastiske mødre. Ein spesiell gratulasjon til mi kjære, vakre mor. Ein slik person skal du jaggu leite lenge etter, men eg har funnet ho, og er så heldig som får ha ho som ei mor. Ikkje berre er ho ei fantastisk mor, men ein god lyttar, min aller beste venn og ein som eg kan fortella alle mine hemmelegheitar til. Ho syng med meg i bilen på sangane ho kan, ho dansa berre for å få meg til å le og gjer alt i sin makt for å gjere meg lykkelig. Og tru meg, den oppgåva klarar du fint mamma ♥

Me har vore kranglar, missforståingar og ikkje minst ueinighetar om forskjellige ting. Men ein ting skal du vita! Sjølv om eg er skikkelig sur på deg, klarar eg ikkje tanken på at du ein gang skal bli gammal og berre ikkje vere der endo seinare. Liksom, kva skal eg gjere utan deg? Og når eg skal flytte ut, kven skal då vaske kleda mine? Kven skal då kalla meg for “solstrålen min”? 

Det er ikkje mange foreldre, eller mødre som gidd å stå opp kvar einaste dag klokka sju berre for å vekke meg. Og ikkje nok med det! Klokka ti over sju byrjar du å lage graut til frukost. Seinare så smiler du og ønskar meg ein fin dag, og eventuelt lykke til på prøven. Du stiller alltid opp du, mamma! ALLTID! Uansett om det gjeld loppemarknad, henting på treningssenter, vere med på turar og vere vakt på lokalfestar. Eg er deg evig takknemlig mamma, evig. Du gjer ikkje forskjell på nokon som helst, uansett korleis dei ser ut. Du er lika glad i Mehmet uansett om han er frå Tyrkia eller Norge, samt med dine andre to “svigersonar.” Du er rett og slett fantastisk. 

Eg respekterar deg til tusen, og håpar at eg ein gong blir ei like fantastisk mor som deg. Då veit eg at ungane mine kjem til å føla seg elska, trygge, heldige og at dei kan smila kvar einaste dag fordi dei har ei mor som strålar. Du er så vakker både på innsida og utsida. Du er så sterk, og eg er så stolt av deg. Ikkje nok med at eg kan kalle deg mi mor, men du er mitt største forbilde. Eg håpar så inderlig eg blir slik som deg når eg blir 50! Eg ELSKAR deg av heile mitt hjerte mamma! ♥

Klem og kos fra din minste!

H O L Y, M O L Y! Ser ikkje detta godt ut så veit ikkje eg. Detta var vertfall frukosten min i dag, som også gjorde meg utruleg mett. Og det er ikkje ein gong den beste delen. Men dei er ikkje usunne (les: ikkje såå usunne). Visst dikka vil kan eg dela oppskrifta med dikka! Tru meg, dikka vil eigentleg ha ho uansett. Men berre let me know. 


Har dikka forresten nokon gode forslag til kva eg kan eta i kveld? Eg er mest sansynleg heilt aleina heime i dag, så vil ha noko enkelt. Tenkte kanskje på tunfiskpizza, men har aldri prøvd det før. Me får sjå kva det blir til. Men har lyst å laga noko som er godt, men samtidig ikkje så jævlig usunt. Get it? 

ENDELEG! Gud, så deileg det er med langhelg. Dikka anar faktisk ikkje kor mykje eg har sett fram til denna helga. Gledar meg jo og til neste helg, for da er det vinterferie. Herrejesus, så fort det er gått frå vinterferien. Markedsføringsprøven gjekk kjempe bra, vel, føler eg. Hatar eigentleg å sei at det går bra, for da føler eg at eg får den att, og at den er dårleg. Men me får vel berre håpa på det beste? 

Planane for helga er store, sjølv om eg skal kose meg alt eg kan. I dag skal eg berre slappe av resten av kvelden, og kanskje dele ei oppskrift med dikka. Om den blir vellykka da! I tillegg skal eg lese Fifty Shades, og kosa meg med Christian. Før eg skal trena godt ei økt i måro, planlegga litt kva blogginnlegg som kjem til dikka den kommande veka. Håpar absolutt alle sammen får ei super helg ♥ Kos dikka!

Sjekk detta da! I mean, seriously. Detta var min kvelds for i dag, og gjett om det var godt. Dei er sjølvsagt av den sunnare varianten som du finn oppskrift på her, og ein kan eta dei med god samvittighet. Eller, eg likar vertfall å tru det. Dagen har blitt brukt til å øva til marknadsføringsprøve, som eg eigentleg føler meg ganske klar for. Or not. Den er heldigvis ikkje før i siste timen, so har heile skuledagen på å læra litt av at alle andre snakkar. Haha, men det er faktisk sant! Eg lærer utruleg mykje dei siste timane før ein prøve. 


Tenk at det er helg i måro da!!! Er ei god stund sia eg har hatt ordenteleg helg no, så skadar verkeleg ikkje. Skal sova til klokka passerar tolv, laga meg ein alt for god frukost og ta finfine antrekk bilder til dikka. Får vel øva litt på mediaen og, sånn at eg kan få ein god karakter på prøven. Eg gledar meg ♥

Fyttikatta, må eg berre sei! Eg bestlte dette på laurdag, som ikkje er ein sendadag ein gong, og fekk det i går! Kor sjukt er ikkje det? Hovudsakeleg tok det da to dagar før eg fekk denne nydelegheiten i posten, noko som er vilt. Pakkene mine kjem alltid seint, noko som irriterar meg gresenlaust. Men blivakker.no fiksar det, og fraktar på 2 DAGAR. Billig, rask levering, fri frakt, rett og slett fantastisk. 


Heilt fra eg såg vakre Celina Karine snakka om desse fargane, tenkte eg at eg måtte berre ha dei sjølv. Det er jo mykje billigare enn Anastasia sitt, samtidig som ein har alle fargane ein treng for å konturere. For dei som ikkje har høyrt om merket inglot før, er det eit veldig poppulært merke som er kjende for sine freedom system palett. Her kan du miksa alle fargar du vil ha i eitt sett. For ein genial idè. Ovanfor kan du, som sagt, sjå mitt sculpturing pallete (fornorska, kontureringspalett). Pakningen er eigntleg laga for å ha blushar i, men sida dei ikkje hadde “brettet” eg ville ha måtte eg ta dette. Inglot har si eiga nettside, men blivakker.no fører også merket.