God dag alle fantastiske mennesker. Endeleg var innkjøp av sminken spelt inn. Reknar med at den blir publisert ein gong dei nærmaste dagane. Den må sjølvsagt redigerast litt, slik at den ikkje varar i nitten minutt i strekk. Er det noko eg hatar, så er det å sjå folk som ikkje redigerar videoane sine. Når du høyrer bankelydane frå mora som bankar på, før ho kjem inn med ein kopp kakao. Hallo! Det er ein grunn til at det finnest redigeringsprogram, snuppa. 

 

 

Ellers har eg leitt, og leitt etter Mehmet si jakka som han gav til meg i april. Eg har verkeleg sakna den, og i dag dukka den opp igjen. Den låg heilt bakerst i skapet ,saman med den blåe jakka som eg også har sakna så kjært. Det fyrste eg gjorde når eg fann ho, var å spraya den med parfymen hans før eg tok den på meg. Dei som er/har vore i eit avstandsforhold skjønnar meg. Små gledar i kvardagen altså. No skal eg på ettermiddagsskift om ein god time, så da snakkast me seinare. 

 

Yep, du leste riktig. Eg har blitt beten av basillen som har gått rundt meg heile helga i strekk. Etter alt det positive eg har høyrt om aloe vera gelen, var det jo berre til å teste den ut. Personleg, kan eg ikkje sei noko om den, fordi det kun har gått to dagar. Min første prioritet med aloe veraen er jo å få vekk søtsuget, som kjem bankande på døra kvar einaste dag. Sjokolade er min beste venn, og eg håpar så inderleg at aloe veraen gjer noko med det. Den skal jo i tillegg rense tarmar, og forbedre alt som har med mage og gjere. 

 

 

I dag skal eg for første gong på eit år (ikkje ta det bokstaveleg) på trening. Må trena litt kondisjon i dag, sjølv om eg heller vil vere heime å late meg. Eg byrjar også på jobb klokka halv seks, til halv elleve. Me har forresten begynt med milkshake og soft is på kiosken, så synest alle burde komme å kjøpe det hjå oss i dag. Me har fått inn ein med sitronsmak, og damn! Den smakar som sitronfromasj, og eg elskar sitronfromasj. Så når den står der, så fint på hylla har eg egentlig lyst til å lage eit tonn med milkshake og slurpa det i meg. Ellers så ønskjer eg alle ei fin veka, med påskekos og mykje godteri (ikkje for min skyld). 

Hei og hopp, alle fantastiske lesarar. Som dikka sikkert har skjønt, skal eg fake Kristina Andersen sitt blogginnlegg som handlar om veka som gjekk. Her oppsummerar eg forskjellege episodar i korte trekk. Så lat oss berre begynne. 


 

Vekas motivasjon: Denne veka har det stått ganske klart i hovudet mitt, at eg skal motivere meg sjølv til å bli flinkare på skulen. Etter karakteren eg fekk i historie forrige veka, må eg berre setje med ned å ta tak i visse fag. Eg må følgje ekstra godt med i timane, og notera ned alt som skal noterast ned. i tillegg har eg blitt motivert til å byrje å lese på teorien til førarkortet. Har tatt utallige testar på nettet, boka vart bestilt for to dagar sida og eg er klar for å byrje å lese. Hadde vore såå deilig og berre blitt ferdig med teorien. 

 

Vekas høgdepunkt: Det viktigaste høgdepunktet er jo at me har påskeferie, altså ingen skule. Det er så deilig med litt ferie, der eg kan sova endo litt lenger, sjølv om eg skal på jobb. Har ein del fag som eg må henta meg litt inn att på, og må skriva stikkord til prøven me har torsdag etter påskeferien. Det andre høgdepunktet var at mine fantastiske tanteungar frå Oslo kom ein tur. Tamara skulle feire bursdagen sin her, og det betyr jo også at heile familien kom samla. Det er virkelig fantastisk når eg har alle som betyr noko for meg, nær meg. Eg er så heldig som har ein så fin familie. 

 

 

Den fine prinsesse kaka mamma lagde til Tammi. Btw, sjå på sjokkansiktet til Aisha, haha, eg dør. 

 

Vekas beste innkjøp: Det er nødt til å bli dei fire, fylte påskeegga eg kjøpte til mine fire tanteungar. Synest virkelig det var såå kosleg å gi noko til dei. Dei fortjener det alle fire, så fantastiske ungar som tante er såå glad i. 

 

Vekas kjiping: Når eg fann ut at min kjære iPhone 5s har fått vatnskadar. Utrulig trist i grunn. Det er visse tastar ein ikkje kan trykke på, som tilbaketasten. Eg kan ikkje ta video på snapchat (bu-hu), får så vidt til å sende ein snap, den skrur seg av og er bokstaveleg talt heilt hemma. Blir snart ein ny telefon, og trur eg skal for fyrste gong prøve samsung. Nokon her som har opplevelsar med samsung s5? 

 

 

Vekas latterkrampe: Haha! Når eg var på jobb på mandag, var også Sigrid der. Eg stod og ante ingen fare, før eg plutselig høyre eit dunk i døra. Eg tenkte jo ikkje noko meir på det, før ho latte att døra ein gong til og kom inn til meg. Ho hadde den donald-kulen midt i panna, og var raud som berre pokker. Eg trudde eg skulle dø! Stakkars Sigrid.. 

 

Vekas tanke: Har tenkt utrulig masse på utdanning denne veka. Altså kva eg skal gjere etter eg er ferdig med vidaregåande. Det er så sjukt at du skal bestemme resten av livet ditt, og kva du skal leve av mens du er så ung. Eg føler meg fortsatt som ein liten dretunge som ikkje gjer anna enn å klage, eller uffe meg. Skal eg bli det eg vil, det som er mest lønnsommt eller det som samfunnet treng fleire av? Kva karakterar må eg ha? Eg har for dårlege karakterar. Eg har for gode karakterar. 

 

 

Tenk at eg er så heldig at eg har funnet verdas beste maskara. Alle jenter slit med det problemet. Anten gir den ikkje nok volum, lengde eller så passar den rett og slett ikkje for vippene dine. Men denne maskaraen får du alt i ei pakke, altså både lengde, men også volum. Alle eg har sett prøvd den er fornøyde, med kun eit biite lite fåtal som ikkje er det. 

 

Dette er da vidundermaskaraen som eg vil så gjerne annbefale til dikka alle. Den kan kjøpast på alle plassar som sel Lòreal, og det er vel dei fleste plassar. 

Den fyrste bloggen eg synest fortjener litt (les:MYKJE) meir oppmerksonheit enn det ho får, er Maria Bergheim. Ho legg ned mykje arbeid i bloggen sin, noko som eg personleg meiner blir gjenspegla i bileta hennar. Dei er så strukturerte, samt så fine. Ho bloggar ikkje så ofte, men når ho gjer det er det verdt ventetiden. Trykk på namnet hennar, eller på biletet for å komme til bloggen hennar. 

 

Kristin Wallem er den andre bloggen eg gjerne vil annbefala til dikka. For det første, ho er stunning. Sjå så sinsjukt fin ho er på det midterste bilder. Ho bloggar ofte, men med kvalitet. Ho tek utruleg fine bileter, som er klare og fine. Bloggen hennar er fargerik, men samtidig så “classy”. Ho fortjener absolutt fleire klikk på bloggen sin. Trykk på namnet hennar, eller biletet for å komme inn på bloggen hennar. 

 

Tenkte berre å tipsa dikka om denne fantastiske serien i dag, like før helga. Derfor kan du sitte stand-by i sofaen, heile helga, le, grina og tenka at dette er ein fantastisk serie. Dei fleste av dykk kjenner sikkert til filmane, men serien er minst like god. Det som er så fantastisk, er at ein ikkje treng å sjå heile serien samanhengande, men at du berre kan hoppe rett inn i ein episode. Dei fleste jentegjengar kjenner seg også godt att i hovudpersonane, og det blir ekstra gøy og samanlikne. 

 

God dag alle fantastiske lesarar, 

tenkte eg skulle køyre gjennom ein liten linkerunde. Det er så mange fantastiske bloggar der ute, som ikkje får den oppmerksomheten dei burde få. Berre legg frå deg navnet ditt, og det viktigaste, nemleg bloggadressa. Eg trekk ut dei som eg meiner burde få litt ekstra ros på fredag. 

 

 

Arkivbilde frå forrige sommar. 

 

Musikk er ein såå stor del av kvardagen min, at eg ikkje ein gong kan beskriva det. Musikk kan verkeleg snakka for sjela til tider. Sjølv, elskar eg å finne nye sangar eg kan få stempla på hjernhinna til eg går drit lei av dei. Derfor tenkte eg at eg kunne dela mine favorittlåtar for tiden: 

 

 

– Riva, Klingande –


 

Stole the show, Kygo –

 


 

– Old thing back, The notorious BIG

 

 

– Talking body, Gryffin remix –


 

– Heartbeat song, Lenno remix –

 

 


 

– Are you with me, Lost Frequencies –

 

 

– Don’t look down, Martin Garrix –