Kven elskar vel ikkje hotell frukostar? Berre det å gå å velgje mellom så mykje godt, er jo heilt fantastisk. Eg er den personen som pleier og overfylle tallerken, slik at eg må ha med ein ekstra talerk som eg må ete på. Som sikkert mange av dikka har fått med dikka skal eg på konsert i dag, så det betyr jo at me må ligga på hotell. Når ein har ei mor som er medlem litt over alt, får ein jo hotell endo litt billigare. NB: Alle foreldrer er eigentleg medlem i Coop, så spør alltid dei når du skal ligga på hotell. Hotellet me ligg på heiter Comfort hotel grand central, og er eit av dei finaste eg har lege på. Eg er forelska. 

 

No skal me ein liten tur ut å sjå litt, samtidig som eg sikkert kjem heim med nokon innkjøp. Er ikkje så mykje som står på kontoen, men litt er det no vertfall. Har fått klar beskjed av mamma, at no må eg snart stoppa. Skal ha med kameraet mitt, så Marta skal få ta nokon fine outfitbilder av meg. Ønsker alle sammen ei god helg, og ein kjempe fin fredag ♥


 

 

 

– Sjekk utsikten frå gangen! Midt ned i Østbanehallen –

 

 

 

   –  I dag har eg på meg den finaste leppestiften i kolleksjonen, nemlin honey love. I tillegg har eg på meg mine nye ray bans,             som er i modellen Erica! –

 

For ein sjuk utsikt. Er det nokon av dikka som har vore oppe i fjernsynstårnet før eller? Ein måtte sjølvsagt ta heis for å komme seg opp innan midnatt, som gjek opp til fem meter i sekundet. Ein fekk med andre ord proppar i øyrene på vegen opp. Ein såg over heile Berlin, alle bydelar og alt anna som du vil sjå. Det var også ein restaurant der oppe, men som ikkje var heilt min smak. Eg betalar ikkje fem hundre kroner for ein middag liksom. 

 

 

Her ser dikka då fjernsynstårnet nedatt ifrå. Det ligg på Alexanderplatz, så der er jo lett å finne fram til det. Som eg har sagt så er Berlin verdas nydlegaste by, som gjennskinner seg på dette biletet. Når det viste blå himmel, litt høgare temperatur og frisk luft var det ikkje nokon plass eg heller ville ha vore. Sett vekk i frå Alanya da. 

 

 

Tidlegare på dagen var me jo på besøk i Stasi-fengselet, noko som også var veldig, veldig sterkt. Her og er det jo slik at ein må forbrede seg psykisk. Dette var eit hemmeleg politi, som tok fangar fordi dei var truande mot samfunnet, eller politikken. Dei vart sett i celler, på størrelse med eit lite kott. Her var det ei breid seng, der fem personar skulle sove saman. Dei fekk kun lov til å sove i ein spesiell stilling, og når dei var våkne kunne dei kun sitte på sengekanten med armane folda. Dette gjorde dei i opptil seks år. Gjorde dei ikkje som dei sa, eller braut lovar og reglar vart dei som regel banka, eller torturert. 

 

 

Det nyaste fengeslet kom seinare, og inneholdt også ein skrivepult, stol og ein vask. Men det var ikkje vatn i vasken før mange år seinare enn då fengselet vart bygd. Her vart dei også tvungne til å sitta kvar dag, inn og ut, med å sitta på stolen med hendene på pulten. Noko anna som var normalt var å bli tatt inn til avhøyr som varte fleire timar. Dette vart jo også ei form for terror, og rett og slett berre å pine fangane. Dei vart verkeleg behandla som dyr, som vaktene og politiet berre leikte med for å ha det gøy. 

 

Dag nummer to i Berlin var prega av ein sightsing (?) tur, der me fekk sjå mykje av Berlin sin historie. Som eg tidlegare sa, er jo Berlin kjent for å ha fantastisk masse historie. Eller eigentleg Tyskland generelt. Me hadde jo med oss vår eigen buss, som gjorde at me fekk køyra akkurat dit me ville. Det gjorde at me køyrte gjennom Ckeckpoint, Postdam Platz, Berlinmuren, Alexanderplatz og mange andre kjente plassar. 

 

 

Det er jo så sjukt å tenkja på, at denne muren delte Berlin inn i to delar. Den “gode” og den “dårlege”. Aust-Berlin var jo prega av dårlege kår, samt meir undertrykking enn det dei var i Vest. Derfor prøvde mange å flykte mot Vest, men misslykkast. Slo du hol i veggen, var det satt opp elektriske spenningar i midten av muren. Kom du deg alikevel over den, var det endo ein mur som skulle vere ekstra sikrelse. Mange prøvde, men misslykkast. Her er me uansett framfor East Side Gallery sitt mest kjente bilete. 

 

 

Touren vart avslutta på “Die 12. Apostel”, der me bestilte oss pizza. Eg bestilte ein med kylling, ruccola og tomater. Så kresen som eg er, vart sjølvsagt tomatene pilla vekk, og eg dynka pizzzaen i raspa mozerella ost. Nam. Pizzaen i seg sjølv var eigentleg ikkje så veldig god, ganske smaklaus i grunn. Likte uansett restauranten veldig, veldig godt. Skikkeleg heimekosleg, og god stemning. Med andre ord, Berlin i restaurantform. 

 

For ein plass. For nokon historiar. For eit helvette! Eg har aldri vore så kvalm, som eg var då dei fortalte alle fæle historiane frå konsentrasjonsleiren. Før trudde eg alltid at konsentrasjonsleirar berre var gassing, og skyting, men jaggu var det så mykje meir. Eg får skikkeleg vondt i magen berre eg tenkjer på alt det guiden fortalte oss. At folk kan vere så stygge mot andre, og faktisk vere tilstades i hovudet. Sjukt, spør du meg! Det var ikkje så veldig mykje av bygningane som stod att, men det som stod att fekk ek knipsa. Det er veldig spesielt at eg har gått der fleire tusentals mennesker har døydd, og blitt torturerte. Ein kunne sjå eit tydeleg preg av at det ikkje var eit paradis, men eit helvette. 

 

 

Gjett ein gong kva som skjedde her. Henging? Ja! Etter halsen? Nei. Her vart dei hengt etter armane, men motsatt veg. Altså slik at du får begge skuldrene ut av ledd, scenene i armane blir revne tvert av og alt som bind arm og resten av kroppen sammen blir øydelagt. Dette var fordi dei ville torturere arbeidarane, slik at dei skulle forstå konsekvensane av det lille dei gjorde, eller kanskje berre fordi dei som jobba der kjeda seg. Sjukt, eller kva? Så fort som det var begynt å gro, vart dei sette i arbeid med ein gong. Det var jo veldig farleg å miste arbeidskrafta. 

 

 

Denne her folkens, denne var jævlig. Når eg skriv om denne vreng det seg i magen. For meg var nok denne den verste av dei alle. Som dikka ser er det jo to hol, som skal vere til føtne. Så her festa dei hovudet slik at du vart hengande, og føtne i denne greia her. Derfor var kroppen reven i to, berre på purr faen. Testa ut kor stretchy ein person er liksom. Herre min, så forbanna vondt, trist og sinsjukt. Om du tenk slek har du seriøse, alvorlege, psykiske problem. Eg klarar berre ikkje å fatte at dei faktisk klarte å sitte å sjå på at dei gjorde det. Personleg hadde eg vertfall aldri klart å leve med meg sjølv om eg hadde sett det. 

 

 

Utruleg sterkt, og utruleg vondt å høyre på det. Ufatteleg at mennesker kan vere slik mot kvarandre. Me er vel alle mennesker, uansett om ein er jøde, homse, ikkje arbeidsvillig eller kva pokker som er “uvanleg”. I mine auger er vertfall alle like mykje verdt, uansett korleis du er. Det som er ufatteleg er jo at det desverre fortsatt er slek ved mistausten. Forferdeleg med andre ord. Utruleg tung dag, med utruleg sterke minner. 

 

Første dag i Berlin er snart overstått. Dagen har blitt prega av veldig tunge historiar, spesielt på Sachsenhausen. Tenkte eg ville publisera eit lite innlegg om det seinare, men no ville eg berre gi dikka ein liten oppdatering. I går var det SINSJUKE bølger. Dei ansatte sa det var veldig lenge sidan det hadde vore så store bølgjer, og både Alise og Marta vart dårlege. Syntest litt synd i dei, men eg var ikkje dårleg i det heile tatt. Eg nytte vertfall turen, og åt veldig, veldig god mat. 

 

 

Har óg fått ordna internett, men er jo sjølvsagt ikkje så lenge me blir sittande på hotellet. Me er jo veldig mykje på turar, og allereie i måro tidleg klokka ni på guida tur, museum og seinare det eg har lengta så mykje etter, nemlig shopping. Butikkane er kjempe bra, og dei har alt ifrå Douglas (Tysk sephora), Forever 21, H&M og Primark. Sjølvsagt har dei mange, mange andre butikkar som eg også skal gjennom, så dette kan jo bli spennande. Ønsker dikka ellers ein fin tirsdagskveld ♥

 

 

 

Frukostane til Marta slår som regel aldri nokon andre sine. Kanskje alle andre også har egg, nutella, makrell i tomat med løk (så forbanna godt) og mykje anna godt tilbehør på bordet søndags morgon, men det er ingenting som slår atmosfæren her i gården. Me våkna for to timar sidan, og Marta lagde frukost mens eg satt på pc. Typisk. Eg spørte no vertfall om ho ville ha hjelp til å dekke på, men det fekk eg klar beskjed på at ho ville gjere sjølv. Så da var jo ikkje valget så vanskeleg. 

 

 

Ellers så er planen å stikka bort på jobb om ein og ein halv time, og vere der så lenge dei treng meg. Ellers så burde eg kanskje også begynne å pakke snart, ettersom kofferten er heilt tom. Marta hadde den lille kofferten (+ 2 baggar til, men dei tel me ikkje med) så kjem eg med verdas største. Sendte jo sjølvsagt snap til alle sammen, og dei hadde like små koffertar. Kleint much? YEP! Får heller berre ta min lille rosa koffert da (liten for min del). Må jo ha noko plass som eg kan bruka til alt eg handlar, haha. 

 

 

Ønsker deg ein super fin søndag ♥

//sponsa produkt//

 

Bronzerane frå makeupreveloution er så fine, og såå rimlege! Dei er verkeleg verdt kvar einaste krone, sjølv om det ikkje er så mange kroner. Desse er baked bronzerar, og passar såå fint til å varme opp ansiktet sjølv på ein kald vårdag. Makeupreveloution har også mykje anna sminke som eg er veldig, veldig glad i. Augeskyggane kan samanliknast med Urban Decay sine pallett, og dei har leppestiftar i alle moglege fargar. Det er så billig, at alle har råd til å kjøpe deira produkt. Eg annbefalar absolutt alle til å prøve ut nokon av produkta deira. 

 

 

Vil du prøve denne fantastiske bronzeren? Da har eg laga ein liten konkurranse der du kan vinne ein bronzer i fargen bronzed fame. Dei einaste du treng å gjere er å kommentere, med navn og e-post adresse på det innlegget du vil, slik at eg kan kontakte deg. Trur du må skrive det i eit anna innlegg i og med at det ikkje funka på dette. Lykke til ♥

Even&Odd Smykke gold / Vero Moda VMWONDER Slim fit jeans black / Victoria Shoes Slippers oro / Vero Moda VMCAGE Imitert skinnjakke white asparagus / Dorothy Perkins Topper rosaDenne stilen her er ein liten blanding av ein slags søt stil, samtidig som den blir litt “rocka” med dei kule gull loafersane. Spesielt synest eg at skinnjakka var dritkul, og til høsteren er jo det inn med skinjakker i alle fargar. 

 

Jeepers Peepers FLORENCE Solbriller black / SPM BEE Snøresko offwhite / Witty Knitters ROSARIA Skjorte optical white / Vila VIGEMA Jumper chambray blue / Vero Moda VMEVER BUTTER Miniskjørt blackLikar du skjørt er dette ein super outfit for deg som likar å pynte deg litt ekstra til kvardagen. Eg har fått dilla på skinn, som dikka sikkert skjønnar. Og eg trur faktisk eg er nøyd til å legge denne i handlekurva mi. Skoa gjer at antrekket blir litt søtt. Vil du heller ha det rocka, kan du jo berre køyre på med converse. 

Running Cap, unisex / Le Specs CHESHIRE Solbriller honey / Nike Sportswear AIR MAX 1 ULTRA MOIRE Joggesko black/metallic/silver white / ONLY SARI Bluser black / Vila VITRINE Jerseykjole medium grey melangeDet siste antrekket eg har satt saman, og eg vil seie at dette er litt meir sporty enn dei andre. Ville egentlig finne nike air max thea, men dei var der ikkje. Knyt skjorta rundt livet, ta solbrillene på hovudet og evt. hiv på ein caps. Sporty, komfertabelt og det ser dritkult ut! 🙂