Tenk at me faktisk er inni den siste dagen i april. Fytti katta kor fort tiden går, føler det ikkje er lenge sida me hadde juleferie eg. Haha. I måro er det mai, som tyder siste månaden før det er sommar! Tenk på det da. Blir heilt “ifra” meg, over kor mykje eg gledar meg til sommaren, Tyrkia, attenårsdag og mykje jobbing. Synst faktisk det er kjekt å jobbe eg på sommaren, da har ein liksom noko å gjere på, og ein blir ikkje liggande heilt på latsida i to månadar. 

 Over til det som innlegget faktisk handlar om, nettopp mine aprilfavorittane mine. Eg har blant anna hatt Nars sin Orgasm blush på favorittlista mi før, men den har lenge berre lege nederst i skuffa. Det er jo vår, og denne er nydelig til å skape litt liv i ansiktet, samt litt vårlig farge. Bourjois sin Healthy Mix har også blitt brukt opp denne månaden. Denne får rett og slett huden til å sjå rein, nydelig og naturleg ut. Samtidig dekkar den utruleg godt, sjølv om den ikkje blir liggjande som eit lag på huden. For å få litt vårleg luft, har eg elska å brukt body misten fra Victoria’s Secret i duften Sheer Love, både på huden og på rommet. Eg får så mange komplimang når eg brukar denne, noko som gjer at eg føler meg fantastisk. Den er super frisk, søtt, men ikkje for søtt. Denne er, og har vore absolutt ein stor favoritt i april. På leppene har eg elska den fine liplineren eg kjøpte meg i Berlin med namn, In Antipication. Den er sjølvsagt frå merket Mac, og er ein av mine favorittar for tiden. Eg har spesielt likt å brukt den med Makeup Mekka sin leppestift i fargen Girl Next Door. Det blir ein nydeleg matt finish. 

 På neglene mine har eg hatt denne fine neglelakken frå Tyrkia. Den er nydelig på, men dett desverre veldig fort av. Den er uansett heilt stunning når den er på neglene, og det er nemleg ein neglelakk frå merker Gabrini, i fargen C02. Den er super fin no til våren, og har den finaste korall fargen eg nokon gong har sett. For å setja prikken på i’en når det kjem til sminke, pleier eg alltid å leggja litt highlight på toppen av kinnebeina, og det får huden verkeleg til å stråle. Denne har vore til stor nytte i det siste, og den er frå Mac. Fargen heiter Soft and Gentle, og er verkeleg eit produkt som det er verdt å bruke pengar på. Så finn du det, kjapp deg og kjøp det! Skal love deg at visst du får tak i dette, er du heldig. Heilt til slutt kjem det som eg har vore mest impornert, og “stolt” over. Det er sjølvsagt frå bryneksperten sjølv, nemleg Anastasia. Anastasia har nydelege, og utruleg gode produkt til bryn. Dette er den kjente DIPBROW Pomaden, som eg har i fargen Dark Brown. Verkeleg ein super invenstering. 

 

– Sex and the city, ice cream and best friends is absouFUCKINGlutly the perfect match –

 


 

Kan eg endeleg sei helg? Såå godt med fri i måro, vertfall frå skulen. Turen til Tyrkia blei desverre avbestilt av personlege årsakar. Eg orkar desverre ikkje å gå så mykje inn på det, men hadde ein ganske trist dag i går. Eg og Mehmet får ta det som det kjem, og det er jo heller ikkje alt for lenge til eksamenar, prøvar og det aller beste, sommarferie. Som eg gledar meg til tida framover. Føler meg som den skulenerden, men eg gledar meg faktisk litt til eksamen, spesielt visst eg kjem opp i tysk. Hadde rett, og slett vore amazing. Det verste eg kan komma opp i er matte skrifteleg, da kjem eg til å grine meg i søvn kvar natt fram til eksamen. 

 

Dagen i går var jo ganske dritt som eg sa. Det var mange tårer, skuffelsar for oss begge men me fiksa opp til slutt. Eit forhold er jo bygd på tillit, og det vart verkeleg testa ut i går. Det skal også bli testa ut i dei kommande vekene og månadane. Det er i slike situasjonar det er godt å ha ekte venner som stiller opp for deg. Jentene på skulen stilte opp for meg, eg fekk tebodet om å bli køyrt heim att og hadde fantastiske jenter som kom ned til meg med sex and the city. Så da satt me der, med kvar sin isboks i hånda, SATC på tv og seinare kveitebollar i ovnen. Er ikkje desse noko å samle på, så veit ikkje eg. 

 

 

 

 

 

 

Årets fyrste grill er unnagjort, samt med ein fantastisk ettermiddag med dei mest fantastiske jentene. Eg har kosa meg såå mykje med jentene i dag, og me har ledd til tårene sprutte ut, grilla pølser, marshmellow med sjokolade og ete is. Lenge leve sommarkroppen to tusen og femten, eller kva? Eg har verkeleg eit elsk/hat forhold til denne treningen og kostholdet, men eg må virkelig skjerpe meg. Søstera mi satt jo opp det programmet, men eg er verkeleg ikkje instilt på å leve slik endo. Det er kanskje viktigare berre det å holde seg i bevegelse, og ha ein okei livsstil. Vil jo sjølvsagt vere i god form, men det viktigaste for meg akkurat no er å ikkje skeie ut kvar dag, men kose meg på dagar som i dag. 

 

Planen var jo hovudsakeleg å grille i måro, men såg at det var meldt dårleg vær så da tok me det i dag. Må forresten tipse dikka om verdas beste namnam; Ta ein marshmellow, pakk inn ein liten del av ei sjokolade rute, grill den og nyt. Når både sjokoladen og marshellowen er livet herleg. Det er på dagar som dette ein merkar kor mykje ein gledar seg til lange sommardagar med bading, grilling og nyting med desse fine jentene. I tillegg til ein tur til mitt vakre paradis. Avsluttar faktisk veka med heildag på torsdag, noko eg synest er greit. Er sååå dårleg i norsk, men satsar på at det går bra. Under kan dikka sjå fleire telefonbilder frå dagen, hadde desverre ikkje med meg minnebrikka til kameraet: 

 


 

 

 

 

FOR REAL! Fjo, for ein uendeleg lang pause. Trur ikkje eg har blogga på ei veke eg no, og jaggu er det godt å komme tilbake på bloggfronten. Mandagen er kommet, og det er duka for endo ei ny veke, med blant anna ein tur til Tyrkia. Veit ikkje om de har fått det med dikka, men på fredag set eg kursen mot min elskling og varmare strøk. Ellers er det ikkje mykje som skjer, og derfor har eg på følelsen at dette blir ei bra blogg veke. Eller kva seier dikka? 

 

I dag skal eg spele inn ein liten sminkevideo der eg utforskar litt med eit nytt sminkeprodukt eg fekk i dag. Og guri malla kor eg gleda meg til å vise det til dikka. Forhåpentlegvis får eg redigert den i kveld, slik at den kjem ut til i måro. Burde opp å ta litt sol også slik at ek ikkje blir solbrent ved fyrste dagen i solsteiken. Outfit bildene vart tatt i solveggen i dag, for når sola steika og været er fantastisk stig motivasjonen til tusen. 

 

  

 

God kveld i stuggo. Har ikkje fått sete meg ned meg pc’en før no, så då får me utnytta sjansen når me fyrst kan. Eg reiste på trening etter skulen i dag, sjølv om me hadde lang dag. Applaus til meg. Merkar for kvar gong kor forferdeleg dårleg kondisjon eg har, og at det er noko eg lyt jobbe med. Ellers har dagen gått ganske greitt, med litt nerver for morgondagen. Min absolutt fyrste køyretime står og ventar, og eg er såå nervøs. Pytt, pytt, det går nok bra!

 

 

Dessutan fann eg desse når eg kom heim, som gjorde at eg hoppa av ekstase. Eg har verkeleg lengta etter brow wizen heilt sida den gjekk tom. Og Dipbrowen har jo vorte så mykje omtalt at eg berre var nøyd til å prøve den. Og til å ha hatt den EIN gong på bryna, kjente eg allereie at dette kjem til å bli ein gigafavoritt. Den satt på, gjorde bryna kjempe fine og var rett og slett perfeksjon i ei krukka. Produkta er handla på beautybay.com.