This is heaven! Eg sverga på at denne lufta himmelen. Saman med tre andre, vart denne kjøpt inn på flyplassen i København da eg kom heim frå Tyrkia i januar. Eg har ikkje heilt tørt og bruka den, fordi eg er såå redd for at eg skal gå tom for den. Men dei har jo endeleg fått den inn på kicks, så da kan eg spraya i veg. I tillegg kjem eg heilt sikkert til å kjøpe den no når eg skal mellomlande i Istanbul igjen. 

 

 

Ellers så er eg nok på jobb når dette innlegget blir publisert, så er derfor det ikkje har vore noko tipp topp blogging i dag. 

 

Yves Rocher er eit merke som alltid har stått i baderomshylla her heime. Dei har så mange gode produkt som funkar akkurat slik som dei skal. Denne håndkremen ovanfor gir super masse fuktigheit til hendene, og held i lang tid. Det beste eg veit med dette merket, er at det er så rimeleg, så fantastisk og at du alltid får med ein ekstra pakke. Eg handla der for ikkje så lenge sida, og fekk med ein utruleg god parfyme. Du kan også velgje mellom mange andre produkt, eller til og med plante tre tre for å gjere verda grønnare. 

 

 

Som dikka ser, er baderomshylla fylt opp med concealeren til YR. Mamma er ein stor fan av dei, og handlar dei med ein gong ho får moglegheiten. Til å vere så billig så forventa heller ikkje mamma så mykje, men dette er blitt hennas faste produkt. Eg har blant anna handla ein foundation der, som eg gledar meg skikkeleg til å prøve. Og det beste av alt, er at dei ikkje berre har sminke, men alt anna. Og med alt anna så meiner eg deoar, ansiktsmasker, håndsprit, sminke, dusjsåpe og bodylotion. Eg må berre infomere om at såpene frå YR er utruleg gode, og luftar så utruleg fantastisk. 

 

 

Det beste med alt, er at eg har ein unik rabattkode til alle som vel å handle derifrå. Brukar du koden YRVIP25 når du kjem til kassen, vil det bli trukket frå tjue fem prosent frå heile kjøpet. Er ikkje det berre fantastisk? I tillegg får du med ein gave, i tillegg til eit sett med toalettmapper om du handlar for 350 kroner. Så let’s go, shop till you drop! Berre trykk her, eller på bileta over for å komme til nettsida deira. 

 

Eg blir seriøst sliten berre av å sjå på dette bildet. No som sommaren, og kanskje først våren, kjem nå ein nytte naturen til dei grader. Eg har innhandla klyppekort frå sporten, og skal fylla det opp med mest mogleg klypp. Har allereie fått tre klypp. Det første klyppet fekk eg i går, når eg, mamma, Marius og Maria gjekk til Skarpenor. Det er LENGE sida eg har hatt så dårleg kondisjon som eg har no, og merkar både på kroppen og pulsen at det må eg få gjort noko med. Eg er vertfall klar for ei ny veke, med mange nye moglegheitar. 

 

Planen for måltid, og treningsøkter for den kommande veka er nedskrivne, så da er det vel berre til å hoppe i det. Ellers skal eg på jobb i måro, så eg har eit par forhåndsskrivne innlegg som blir posta i løpet av morgondagen. Deriblant ein liten annbefaling, som også innheld ein liten rabattkode til mine kjære lesarar. Håpar alle sammen har hatt ei super fin helg, og fortsett med å ha ei super fin veke ♥ 

 


 

 

 

 

Vekas motivasjon: Denne vekas motivasjon har definitivt vore at lesartallet har stige igjen. Før pleidde eg å ligga på eit lesartall på under hundre, men no ligg det på over to hundre. Noko som er fantastisk. Eg er så takknemlig for kvar og ein av dikka som les bloggen min. Eg set verkeleg stor pris på det. 

 

Vekas høgdepunkt: Vekas høgdepunkt var at eg fekk fri/skulle ikkje jobba den fyrste helga i mai. Derfor blir det ein bitte liten tur til min andre heim. Bilettane er snart bestilte, og det er berre til å starte nedtellingen igjen. Per dag i dag, er det atten korte dagar til eg får sjå min fantastiske forlovede igjen. 

 

Vekas beste innkjøp: Blant alt eg har handla, fann eg plutseleg ut at eg trengte nye sko. Eller trengte, og trengte.. Når eg såg at dei kun hadde dei fantastiske skoa att i 39, vart eg litt usikker.. Eg brukar jo vanlegvis 40 (bigfoot, i know), men tok rett og slett sjansen på å kjøpa dei. Eg klarte berre ikkje å lat vere! Skal vise dei til dikka, med ein gong eg har henta dei på posten. 

 

Vekas kjiping: Vekas kjiping har vore at eg har klart og forsova meg to gonger på ei veka. Den eine gongen var eg aleine heime, og mamma ringte klokka ni. Da var eg allereie ein time for sein, i tillegg til at eg måtte køyre opp i Øvre. Den andre gongen hadde ikkje mamma si ringeklokke ringt, men me kom oss uansett opp slik at eg rakk bakkeintervallar som var heilt forferdelege. 

 

 

 

 

Vekas latterkrampe: HAHA! I går satt eg, mamma og stefar min og såg på tv. Plutseleg begynte me å mimre med alle morosame episodane me har hatt, medan me har vore i syden. Me er familien som ser ut som turistar, og som ler av oss sjølve. Eg ler faktisk i dette “momentet”. Den første og mest morosamme episoden var når me var i Bulgaria og mamma hadde pynta seg som om ho skulle i bryllaup. Ein voldsomt fin rosa kjola, og det heile vart toppa med svarte, spisse finsko. Dikka kan ikkje sjå det føre dikka, men dei var så spisse at du kunne seriøst drepa nokon med dei. For ein familie! Haha. 

 

Vekas tanke: Rett og slett bilteorien. Eg lengtar skikkeleg etter å ta den, slik at eg berre kan bli ferdig med den. Eg har sikkert tatt testane på nettet rundt tjue gongar på ei veke, og føler meg mykje klokare. I tillegg skal eg byrje med køyretimar denne veka, så det kan jo bli spennande. Tenk at det berre er tre månadar til eg sit og cruisar i min vesle bil. 

 

Endeleg låg denne pakka i postkassa. Eg sa eg har bestilt ein heil haug med pakker som ventar på meg. Berre for nokre dagar sidan bestilte eg meg eit par polaroid bilder, som eg tenkte å henga på veggen. Etter alt for mange weheartit, tumblr og instagrambilder var det min tur for å få prega veggen min med denne fine dekorasjonen. Kva skal ein med eit polaroidkamera når ein sjølv kan velge ut kva bilder du vil ha på film. 

 

 

Mine favorittbilder heng no på veggen, og gir meg ein så positiv energi. Det einaste du treng for å bestille desse bilda, er å laste ned ein app. Last ned printic, og vel sjølv ut kva bilder du vil skrive ut. Sida er heilt trygg, og det tek absolutt ikkje lang tid før dei ligg i postkassen. Kvart bilde kostar rundt åtte kroner, og frakta er gratis. Så folkens, her er det berre til å laste ned, og bestille. 

 

– Det gjer deg glad, sjølv når du ikkje er det –

 


 

– Det gjer dei rundt deg glade –

 


 

– Du ser endo yngre ut –

 


 

– Eit smil kostar ingenting, men skaper mykje. Det gledar den som mottek, utan å utslite den som gir. Det skjer i eit augenblikk og minnet om det varar nokon ganger evig –

 

God kveld alle kjære. Fy, kor fort dagen har gått i dag. Me vart tidlege ferdige på skulen, noko som forrutsåg at eg hadde meir tid til å rydda rommet. Med ein gong eg kom heim, henta eg fram vaskebøtta, støvsugaren og satte i gang. Rommet mitt såg verkeleg ut som ei bomba. Og da tullar eg faktisk ikkje! Det låg bos, bananskall og dretne sokkar midt på golvet. Ekkel? Hell yeah. Mehmet klikkar på meg berre eg legg frå meg ein maskara på spisestuen, så da kan de tenka dikka korleis vårt forhold er. Haha, neida. 

Uansett, så kom stefar min inn med ei pakke som var kommet i posten. Eg må fyrst og fremst berre skryta av kor fantastisk fort feelunique skippar pakkene sine til Norge. Kvar gong eg har bestilt derifrå har det gått under ei veke til dei har vore trygt hos meg. Feelunique er ikkje ei norsk side, så ver påpasseleg med toll og frakt. Eg handlar heller tre pakker under 350 kroner, enn ei stor. I tillegg har dei mange merker som ein ikkje får tak i i Norge. Denne gongen vart det mine tre favorittprodukt frå Rimmel. Så billige, men så fantastiske.