Mottok så mange spørsmål om UV-lampa mi, og neglekittet som gjorde at eg nesten berre måtte lage eit innlegg om det. Ovanfor ser du alt du får med i neglekittet, og inneheld ei veldig god startpakke, med UV gel, lappar som gjer at du kan legge gelnegler, falske negler og mykje tilbehør. Eg synest vertfall det er eit supert startkitt, og har allereie småhandla litt falske negle (synest det vart såå lett å leggje dei), samt nye fargar med gel neglelakk. Må nok prøve å legge gel negler ein gong også, men det gruar eg meg litt meir til, fordi eg ikkje er så erfaren på å legge dei. 

Sjølve lampa er 9 Wolt, og ein velg sjølv om ein vil ha den europeiske stikkkontakten, eller den amerikanske. Det er vel eigentleg ikkje så mykje meir å seie om den, i og med at den fungerar akkurat som den skal. Eg er jo veldig, veldig nybegynnar på alt dette. Derfor ser ikkje neglene mine ut som ein draum, men heller ikkje som ein dass. Så får me sjå kor lenge dei held, før eg får utforska med gel negler, og andre fargar og mønster. 

Settet kosta til saman 226 kroner, noko som er sinsjukt billig. Men ein må leggje til litt ting, som falske negler, teiprullar osv. Men dikka finn vertfall kittet ved å trykke her

Dette resultatet er vel greit til å vere fyrste gong? Er dikka ikkje einige? Eller, skal eg vere ærleg er det andre gong, fordi eg reiv av dei fyrste. Bestilte jo UV-lampa, samt eit neglekit frå ebay, og ja, eg veit det kan vere farleg. Men who cares? Ellers så får eg vel seie gratulerar med vel overstått, kjære Norge! Eg var på jobb i heile går, noko som eigentleg var ganske greitt. Det var masse folk, men absolutt ikkje kaos. 

I dag skulle eg eigentleg jobba, men har fått bytta slik at eg skal kunne jobbe litt med tysken, samt få ein fridag frå jobb etter jobbhelg. Skal jo ha jobbhelg kommande helg også, i tillegg til mandag, men då har me jo fri frå skulen. Så dei skal nok gå greit. Tenkte også eg skulle bake litt seinare, sida det er så lenge sida oppskrift tirsdag. Er dikka ikkje einige? Har verkeleg sakna bloggen, og no har eg endeleg fått tid til å blogga igjen. 

Tiden for eksamen er inne, og gjett kven som kom opp i tysk skriftleg? Jo, eg! Derfor har eg tenkt å fokusera tusen prosent på eksamen, og legg vekk bloggen fram til onsdag.. 

Då var eg svart i håret! Uvant? Jepp. Fornøyd? Jepp. Planen var ikkje å bli svart i det heile tatt, men heller slik som eg var før. Men litt for lenge sitting, gjorde meg svart. Ikkje at det eigentleg er så veldig nøye, for det kjem jo til å falme uansett. Eg er vertfall super glad for å vere mørk igjen, for slik oransj aktig farge var verkeleg ikkje min stil. Ikkje i det heile tatt. 

Helga har gått i eitt og er derfor eg ikkje ein gong har tenkt på å oppdatera dikka, noko som eg er veldig lei meg for. Har kjempe lyst å fokusera mykje på bloggen, og bli ein fantastisk bloggar med fleire tusen lesarar, men det går ikkje når eg oppdaterar slik som meg. Skal ta meg i nakken, lovar. Har mange fine innlegg i hovudet, som eg er klar til å publisera for dikka. Så denne veka skal eg vere kjempe flink, og neste veke, og veka etter det og fram i eit år. Haha, litt overdriving kanskje? Skal vertfall prøve å vere super flink til å blogga i framtiden. Lovar. 

Ferdig med mattetentamen! Thank God! Føltest ut som eg var ferdig med skuleåret i det eg gjekk ut skuledørene i dag. Så slo faktisk varmen i mot oss også, så mangla berre følelsen av sommarferie. Merkar at eg gledar meg til sommarferie, og eg snakkar sikkert om det kvar einaste dag. Derfor satt eg meg ned når eg kom heim i dag ved sminkebordet, musikk på full guffe og sminka i veg. Vart ganske inspirert av været, og vart fine rosatonar på augelokket. 

I tillegg fann eg fram mitt fine blomsterbånd og tvinna rundt, og fekk denne fine frisyren. Er verkeleg forelska i tvinning for tiden, det er så enkelt men ein får eit nydeleg resultat. No nyt eg virkelig tiden som leskefri med paradise på tv’en, gulrot kaka til søstern i munnen og pc’en på fanget. Håpar alle får ein super fin dag ♥