Tenk når alt du har bygd opp heile livet ditt rasar saman. Då snakkar eg ikkje berre om huset som du hadde designa slik som ditt drømmehus, men også din familie som betyr alt for deg, mannen du elska og karrieren, og jobben som du har sett fram mot i fleire tiår. Du høyrer berre det brakar rundt deg, og ser at naboen som du kanskje irriterte deg over, fordi han ikkje hadde fjerna ugraset i hagen, rasar saman. Du høyrer fleire barn som skrik, og spring for livet sitt. Hadde eg, personleg, vore fluga på veggen, hadde eg heilt ærleg ikkje takla det. Sjå at sandskyene, og bygningane tek att små ungar som har eit heilt liv framfor seg. Bygningane som rasar saman, og heile byen din ser ut som ei krigssona. Der alt var så fredeleg, og trygt før er forandra til ein plass der fleire tusen har mista sine kjære, og endo fleire er utan heim. Om eg hadde klart det? Mista min familie, som alltid stiller opp for meg? Mista huset mitt med alle bilda av meg som liten, min fyrste sko og alle albumma av oss på sydentur. Det verste er visst nokon hadde lege inni skraphaugen, visst eg ikkje hadde kommet meg ut, og blitt smadra i hjel.
Tallet på dei som har mista livet sitt i denne forferdelege naturkatestrofa berre stig, og stig. Per i dag er det over seks og eit halvt tusen mennesker som er vekke. Seks og eit halvt tusen mennesker som var elska, som hadde eit liv og som skulle leva endo lengre. Slik blei det ikkje for dei. Medan det stig, stig også tallet på skadde og det er derfor viktigt at me hjelper til. Me må ta eit tak, me som kan. Eg skulle gjerne reist ned, gitt dei alle ein klem, eit hus og masse kjærleik. Men slik er det ikkje. Derfor kan eg hjelpe på andre måtar, som å sende dei ein liten pengesum. No som eg har fått lønning, merkar eg det ikkje ein gong på pengesummen at dei kronene forsvinner. Dei kronene hadde eg brukt i kantina på baguettar, og drit som eg kan få heime. Det er fantastisk at det er blitt satt i gang eit så flott, og stort arbeid for dei gjenværande i Nepal. Eg unnar både dei som har styrke til å arbeide der, men også dei som sit og ser på at huset sitt, familien og livet sitt blir rast ned i tusen fillebitar.
Så tenk deg litt over neste gong du skal handle inn til helga. I staden for å kjøpe den nydelege rosebukketten som står i døråpninga på Rema, eller Kiwi gi pengane til dei som treng det. Kva gjer vel den veka med vanlege brødskiver, i staden for baguett i kantina deg? Kva gjer det deg at du heller må vente til neste helg for å kjøpe neste rosebukett deg? Kva gjer det deg at det trekkest to hundre og femti kroner frå kontoen din? Det gjer vertfall meg ingenting! Det er ei glede å få hjelpe mennesker som verkeleg treng det. Gjer som meg, og tusen andre og send NEPAL til 2272, og du hjelper nokon i nød.
Ver så snill og del dette på facebook, slik at så mange som mogleg kan hjelpe til.