Tenk at for ei veke sida hadde me nettop oppdaga flotte London, og vore der i ein dag. Tiden går såå fort, og det følest ut som det var i går. London importnerte verkeleg, og har derfor lyst til å skrive ein liten guide for dei som skal til London. Søkte over alt på nettet etter desse guidane før me reiste, sjølv om det ikkje var såå mange som poppa opp. 

Hotellet me låg på har alt, pluss mykje meir. Både eg og Marta var enige om at ein får meir enn det ein betalar for. Me betalte 2500 kroner per person, for fire netter. Noko som ikkje er dyrt i det heile tatt, igjen, spør nokon i familien om dei har Coop kort (noko me brukte), fordi det kan lønne seg. For dei 2500 kronene fekk me eit heilt ok+ rom, frukost, fri tilgang til treningssenter, gratis wifi og fri tilgang til jacuzzi og badebasseng. På dei andre hotella som var alternativa kosta hotellet rundt sju tusen, pluss frukost kvar morgon. Det einaste som er litt “negativt” med hotellet er at ein må ta tog inn til sentrum. Men det gjekk bra, og me fekk oppleva litt av det engelske kollektivsystemet. I tillegg ligg det midt i mellom Gatwick Airport og sentrum, så ein brukar kun tjue minutt med tog til flyplassen. Plassen hotellet ligg på, East Croydon, er kjend for å vere eit roleg strøk, med hovudstikkord som busniess. I tillegg ligg kontoret til AIG rett attmed, så ein føler seg ganske trygg. Eg vil gi dette hotellet terningkast 5. 

Så kjære alle sammen! Lat meg presentere dykk for nutellapannekaker toppa med herleg frukt. Denne restauranten har til og med nattopent, og hadde me funnet den før siste dagen, kunne eg faktisk ha sittet her til sola står opp. De anar ikkje kva himmelen smakar, før dikka har smakt desse. Restauranten heiter VQ, og ligg på Tottenham Court Road. Dei hadde sjølvsagt også nutella milkshake, som me sparte til ein anna dag. Skal eg nokon gong til London, skal me garantert besøke denne restauranten fleire gonger. 

Har du derimot lyst å kaste vekk litt peng på fem brokkolibukettar (MED SAUS) så går du på Aqua Shard. Ja, det er himla dyrt der, så ver forbredt på det. Min kjære queen fekk ein forrett med noko tunfiskgreie, ein liten del av ei svineribbe, vannflaske og eit glass med champagne for tusen kroner. Så ja, du reiser ikkje her om du har brukt alle dine pengar på sminke og kle. Men utsikten herifrå er jo absofu**ing amazing! Reis opp her på kveldsti (NB: Reserver bord typ tre-fire veker før) og ta ein drink. 

Dei fleste veit kva plassar ein BØR besøke. Min favoritt var garantert gulldetaljane på Buckingham Palace. Ein bør også ta seg ein tur på M&S matbutikk, før ein sett seg ned og nyt ein god lunsj i Green Park. Vanvittig koselig. Andre plassar er jo sjølvsagt Madame Tussauds, London Eye, London Bridge, Notting Hill og sjølvsagt Big Ben. 

Så var det shopping da jenter. Det viktigaste av alt! Føler eigentleg det ikkje er så mykje å sei om shoppingen. Vil du føle litt på det preget av stress går du i Oxford Street. Da tek du anten tuben til Oxford Circus Station, Tottenham Court Road eller Bond Street. Her har du så og sei alt. Primark, dior, MAC, superdrug, boots, Selfridges og alt du kan komme på. Vil du derimot slappe litt av, og ha det litt kaldt, roleg og avslappande tek du tuben til Westfield. Grunnen til at det er så avslappande der, er fordi arealet på kjøpesenteret er gigantisk! Her har du alt du treng inne på eit senter, og visst du berre skal vere i London eit par dagar, anbefalar eg absolutt å ta turen innom Westfield for å komme gjennom alle butikkane. 

Veit ikkje kva dikka synest om at publiserer lista. Kanskje det er kjedeleg eller interessant og følgje med på kva eg skal trene kommande veke. Let me know. Eg gjer det vertfall for å minne meg sjølv på at eg faktisk ikkje kan skippe ei økt, fordi eg har “lovd” dikka og følgje den. 


For ein perfekt start på veka! Alarmen ringte klokka kvart på ni, og eg var klar for å ta meg ein tur ute. Det vart litt jogging, og litt gåing. Planen var jo hovudsakleg å gå til Lauvnes, men i regn var eg for redd for å gli på dei glatte steinane. Da vart det i staden for ein tur rundt Tangen, før eg reiste inn og handla dagens middag. Livet som husmor ass. Haha, dikka skulle forresten sett meg i går når eg vaska huset. Øyreproppane var i med full guffe på tyrkisk musikk (som forresten er verdas beste vaskemusikk) og hender som gikk både hit og dit. Blir såå mykje morosamare å vaske når ein har musikk på øyrene. 

Så kanskje dette er ei ny byrjing? Veit eg har sagt det såå mange gongar, men eg må berre prøve og feile. Eg er langt i frå perfekt, men eg prøver jo mitt beste. Matplan og treningsplat er vertfall satt opp for kommande veke, og eg SKAL klare det dei fyrste vekene. Føler det eigentleg er då det er hardast. Skal prøve og vere så sunn som mogleg også i Tyrkia, og trene mest mogleg. Forhåpenglegvis får me oss ein leileheit med basseng, slik at eg kan trene litt der også. For å springe i det været der borte, kjem aldri til å skje. Kanskje eg leiger meg ein sykkel, og syklar litt rundt om. Me får sjå. Ønskjer alle sammen ei super flott veke, med eller utan trening 🙂

Då var endo ein dag over her i vakre London. Dagen har blitt brukt til å vere turistar, som har tatt bilde av ALT, samstundes farta rundt i byen for å sett dei forskjellege tinga. Me har blant anna sett Marble Arch, Buckingham Palace og ete lunsj i Green Park. Synest nesten det var koslegare å ete lunsj ute i parken, enn på ein restaurant. Me kjøpte med oss mat frå M&S, leigde to stolar og koste oss mens sola varma på den bleike huden. Åh, snuppa mi er så nydeleg. Turen gjekk vertfall vidare til Madame Tussauds, der me fekk blant anna besøkt mannen min, sjølvsagt George Clooney samt foreldrene mine. Er lenge sida eg har sett både mamma Angelina, og pappa Brad, så det gjorde godt. Ha ha. Er verkeleg i det morosame hjørnet i dag. Så fekk me oss ein tur inn på VS, der Marta klarte å bruka TO fuckings timar. Eg satt ute å venta på ho, gjekk litt i butikkane rundt, og trudde seriøst ho hadde stupt på grunn av prisane. Men neida, ho kom ut med ein bitte liten pose. Woho, bra prestert snuppa. Me reiste så litt på shopping, også heim att. Blir ein roleg kveld, med bad og avslapping før ein ny dag i måro. Då skal me blant anna på London Eye, Aqua Shard og igjen litt shopping. 

 

For ein utruleg, nydleg by me har tatt oss til i. Me har vore “heldige” med været, på den måten at me ikkje har fått alt for mykje regn på oss. Det bøtta ned i går når me kom, men seinare på kvelden titta også sola fram, noko den også har gjort i dag. Begge dagane har gått til mykje shopping, samt mykje reising. I tillegg var me på Notting Hill i går, som også var ein opplevelse. Sjølv om me ikkje fann den blå døra, fekk me sett litt av Notthing Hill og ete ein utruleg god pizza. Heldigvis har eg tatt masse filmar også. 

I dag var me på Oxford Street, der dagen vart starta med make over på Boots av ei utruleg flott dame på Benefit avdelingen. Då måtte eg også kjøpe nokon produkt. Heldigvis har eg sett på porefessional lenge, og når ho prøvde den på meg vart eg heilt frelst. Gledar meg til å prøve den i kveld. Me skal nemleg på Mamma Mia, og verdas finaste restaurant (om den ikkje er for dyr). Eg skal også leggje ut eitt innlegg til i kveld, så gled dykk. Haha. 

 

Fleire enn meg som elskar sommarmorgonar, der ein kan sitte ute med frukosten og ta opp maksimalt med d-vitaminer? Livet er fantastisk asso. Som eg sa til ein kunde i går, er det typisk at dei få dagane det faktisk er fint vær her, er eg på jobb. Hovudsakleg er det jo ikkje noko å gjere med det, enn å ta frukosten ute, med radioen surrande i bakgrunnen. Heldigvis er det meldt supert vær også i London, slik at eg får ta i bruk den nye jumpsuiten min. 

Ellers fekk eg redigert ein video som eg publiserar i dag, pakka ferdig og snakka med bebi. Er så rart at mange av dei som er i eit avstsandsforhold ikkje snakkar ein einaste gong på skype! For meg er det ein del av kvardagen, og det gir meg motivasjon til og kjempe for forholdet vårt. Er jo ikkje min buisniess, men blir så fasinert av det. Virkelig. Nok tullprat. Får vel sminke meg og ordne meg før eg tek siste skiftet på jobb, før det er ferie. Ønsker alle sammen ein nydeleg søndag, med mykje sol og mykje is (PS:Me har softis OOG Ben and Jerrys på kiosken ;););) ).