God ettermiddag fantastiske lesarar! Håpar verkeleg dagen dikkas har vore super, fylt med sol og mykje kos. Min har vore prega av jobb, med burgarsteiking og milkshake laging. Er faktisk utruleg takknemleg for at eg får jobba om sommaren. Føler den hadde vore utruleg kjedeleg utan jobb. Da har ein liksom ingenting ein skal/må gjere i laupet av dagen. Når ein har jobb, jobbar ein halve dagen, og har fri resten. Eller det gjeld vertfall meg da, sett vekk i frå dei lange søndagane. Noko som vil seie at eg skal jobbe hele morgondagen, dusje for så å setje med i bilen med Marta. Då er det ferie då! 

Kjøpte meg også moreller, som alltid smakar sommar. Einaste som irriterar meg, er at dei er så himla dyre. Eller altså, i forhold til Tyrkia. Haha! Der betalar eg tretti kroner for kiloen, mens her er det nitti. Tre gonger så dyrt. Men det er jo forståeleg, sidan me importerar dei osv. Uansett, så er det så godt at eg berre måtte kjøpa dei. Halve posen var jo rotten også, så det er jo typisk rema. Resten av kvelden skal tilbringast med kofferten som bestevenn, for eg er nøyd til å bli ferdig å pakke. 

Jippi! Eg klarte teorien på fyrste forsøk. Etter mange prøvar på teoritentamen, lesing av boka og mykje øving gjekk det endeleg. Og kun med to feil! Er eg ikkje flink? Det synest vertfall eg. Sjølv om eg måtte vente i fire timar på å komme inn på systemet deira, klarte eg den. Dikka anar seriøst ikkje kor nervør eg var i det eg skulle avslutte prøven. Sverga på at hjartet mitt var i halsen dei siste sekunda. 

Ellers var me ein liten tur inni sentrum, og på senteret der eg handla den finaste jumpsuiten ever. Det er den som eg har på på bileta ovanfor, sjølv om dikka ikkje ser det så godt. Eg gledar meg vertfall til eg får brukt den mykje i sommar. Skal ha den med til London, sjølv om det ikkje er meldt det finaste været. Men tjue grader kan ein ikkje klage på. Lurer på kor mange gonger eg har nevnt London sida me bestilte reisen, og fleire skal det bli. Har jobbhelg, og me reiser søndag klokka tolv. Fy søren som eg gledar meg 🙂

Prøva å leike litt modell da! Haha, lol xDxP. Uff, neida, skal ikkje vere den lille fjortissen eg var då eg fyrst begynte å blogge. Stakkars dikka som leste meg på den tida, eller heller dei som lo av meg! Enig? Dagen i dag har vertfall blitt brukt til teorilesing, rydding av rommet, rota det til igjen og sett litt youtubevideoar. Ellers så har det vore sol i heile dag, på utruleg lenge, noko som verkeleg gjorde godt på både kropp og sjel. 

No er eg klar for eksamensfest, og eg gledar meg som pokker. Elska jo å sitta å sminka meg, så har gjort det no i fleire timar. Ikkje at resultatet vart like bra som eg forventa, men var ikkje heilt j*vlig heller. Outfitten vart enkel i dag, med kvite jeans, rosa leppestift og ein sommarleg topp. Åh, så herleg det er med sommar, eksamensfest og snart skikkelig ferie med Marta. Håpar dikka har fått ein lika flott start på sommaren som meg. 

NB: Eg veit det er flekkar her, og der på spegelen men det får berre bli slik 🙂

Endeleg har eg sommarferie, fri frå skule og ei veka til eg er i London! Nytt land, nye moglegheitar og nye klesplagg som skal inn i garderoben. Men var vertfall ikkje det eg skulle skrive om i dag, sjølv om eg alltid endar opp med og skrive om heilt noko anna. Sida sommaren er her, tenkte eg og skrive om mine sommar must-haves. Det første, og generelt viktigaste denne sommaren er mine fake birkenstock. Desse er frå H&M, og eg betalte to hundre kroner for dei. Dei funkar, men er absolutt ikkje dei beste å gå i. Min andre favoritt, som gjer vatnet såå mykje betre er denne saften frå Fun Light. Den er med smaken mango og lime, og er den perfekte sommarsmaken. Eg veit allereie at denne kjem til å bli ein S T O R sommarfavoritt. 

For å beskytte huden på sommaren, er solkrem utruleg viktig. Min all time favoritt er denne frå Yves Rocher, som heiter Protectyl Vegtal, og den luftar himmelsk. For meg er det detta som er luften av sommar. Når eg blant anna reiser til Tyrkia er denne alltid i baggen, med tanke på at den er så god, luftar så godt og er så billig. For å bevare brunfargen, og tilføye huden fuktigheit er det viktig med aftersun. I og med at eg elskar lufta til solkremen, har eg aftersunnen i same serie. For å beskytte augene mot solstrålar har eg alltid med meg Ray Ban brillene mine, i modellen Erica. 

For å beskytte håret i “tropevarmen” er det alltid viktig med noko som gjer at håret ikkje blir tørka ut. Då brukar eg morroccian oljen min frå Define, som eg tek nede i tuppane. Denne gir håret ein sunn finish, og det strålar verkeleg. Til slutt vil eg jo ha litt sommarglød også i ansiktet, derfor finst denne flotte skapningen. Dette er Good to Glow frå Rimmel, som du kan legge på plassar du vil highlighte, eller blande den inn med foundationen. 

 

Det finst sikkert tusenvis av jenter som skal på jentetur til sommaren, ikkje har bestilt og er i tvil om kor dei skal reise. Eg har så lyst å stappe det inn i hovudet dikkas med teskjei, at Alanya er plassen. Så kvifor Alanya? Er det ikkje berre ekle tyrkarar som klår på alt som kryp og går? Vel, nei det er ikkje kun dei som er der nede. Det er så mange andre grunnar til å reise hit, og eg skal fortelje dikka nokre få av dei. 


 

Fyrst og frems været: Om sommaren er det sjeldan du får oppleve ein regndrope. Om du opplev regn i Alanya, og generelt Tyrkia varar det kanskje i ein halv time. Men då BØTTAR det ned, og det er klart igjen på himmelen etter få timar. Temperaturen er også deilig. Før har det faktisk vore for varmt, men i år er det litt “kaldare”, om ein kan seie det. Det er ikkje slik at ein sveittar i hjel, men at ein kan nyte kvar einaste solstråle som treff kroppen. 

Utelivet: Dette er jo eit pluss for ungdommen, men ikkje for dei eldre. I Alanya er det ei eiga bargata, som spelar dunk dunk musikk til langt på natt. Det blir som regel aldri kjedeleg om ein er ute. For å seie det sånn, treng ein absolutt ikkje alkohol for å ha det gøy på desse barane. Eg dunkar, ler og har det supert kvar gang eg er ute. Men det er sjeldan eg kjem heim sørpa, og i det heile tatt drikk. Min favorittbar er absolutt Queens garden, som ligg i smørauga av shoppinggatene, og bargata i Alanya. Her spelar dei “gammal” musikk, som grease, Michael Jackson, samt nyare og norsk musikk. 

Maten: Tyrkarar er jo kjende for og kunne lage god mat. Den er ikkje for sterk, samtidig som det er mykje smak av den. Eg må seie den mest fantastiske maten eg kan få er frukosten. Me har mange gonger vore på tyrkisk frukost, og mange forskjellige plassar. Det er som eit lite kåltbord, der det er litt av kvart. Ein har det tradisjonelle som syltetøy, eggerøre, men også utradisjonelle ting som tyrkiske ostar, tyrkiske rettar osv. Favorittplassen min for frukost må vere på restauranten, det er bilete av ovanfor. Her betalar ein rundt tre hundre kroner for fire personar, som er litt “pricy” til å vere i Tyrkia, men det er absolutt verdt det. Navnet på restauranten er Zirve restaurant, men eg veit at dei også har fantastisk frukost på Dim Cayi/Dim River.

Utfluktar/aktivitetar: Det er eit hav av ulike ting ein kan oppleve i Alanya. For oss ungdommar er jo jetski (vannscooter) utruleg morosamt. Eg og M har køyrt det fleire gonger, og ler like godt kvar gong. Parasailing er også utruleg poppulært, og ein får sett vakre Alanya frå høgt oppe. Det er verdt kvar einaste krone, om ein ikkje har høgdeskrekk. Vil ein oppleve litt meir spenning kan jeep safari vere eit alternativ. Her leiger ein atv/4 hjuling og køyrer rundt i fjella i Alanya. For meg som elskar fart og spenning, var dette supert (sjølv om eg ville køyre endo fortare, og endo styggare). 

Prisane: Alt er latterleg billig her nede, og det er ikkje ofte ein får ein så billig middag. Pizzane ligg for det meste på 45 kroner, og visst ein kjøper drikka på butikken betalar ein kanskje 3 kroner for ein iste. Så gjett om eg drikk meg feit der nede? I tillegg er jo heile Tyrkia generelt billig, også når det kjem til kleder. F.eks skjorta eg hadde på forrige outfit kosta meg 30 kroner. Visst ein eksempel har leilegheit der nede, og går på mandagsmarknaden (i Oba), betalar ein ca 6 kroner for ein HEIL melon. Ikkje at nokon treng det, men de skjønnar kor billig det er? 1 kg med jordbær kostar rundt 3 kroner. Så det er absolutt fantastisk. 

Menneska: Dette er sjukt inviduelt. Nokon hatar tyrkarar meir enn alt anna på jord, og meinar dei er terroristar, IS-arbeidarar og idiotar, medan andre meinar dei er fantastiske, kjære og omsorgsfulle. Eg er av den siste typen. Kanskje det har noko med å gjere at eg er blitt tatt inn i ein tyrkisk familie, ikkje veit eg. Dei er vertfall utruleg snille med meg, og gjer meg alt eg treng. Hadde mor til M hatt 3000 kroner på kontoen, og eg hadde spørt om eg kunne fått dei, hadde ho sagt ja. Kvar gong eg kjem til Tyrkia, klemmer ho meg hardt og kyssar meg på kjaken. Den dama altså!

Eg veit ikkje korleis det står til med dikka, men eg har vertfall sommarferie ♥♥♥ Synest skuleåret har gått utruleg fort, sjølv med masse prøvar, pugging og eksamen. Årets høgdepunkt var hvertfall Berlinturen med klassen. Me tilbringte ei fantastisk veke i nydlege Berlin, men mykje opplevningar og shopping. Å tenkja på det at eg kun har eitt år att med denne fantastiske klassen gjer meg trist. Det er verkeleg rart kor spleisa ein blir etter kun to år! Har fått mykje betre kontakt med mange i klassen kun etter to år, enn det eg hadde etter seks på grunnskulen. 

Uansett, det var absolutt ikkje det dette innlegget handlar om. Sida sommaren er her, kjem også sommarmusikken. Eg har funnet mine favorittar som går på repeat heile tida. Så visst du treng nokon nye musikktips er det berre til å fortsette å scrolle nedover. 

 

Show me love – Sam Feldt 

Play my drum – Sandra Lyng 

Mellom skyene – Gabrielle 

Encore – Alejandro Fuentes feat. Lene Orvik

 

I love it when you cry – Steve Aoki & Moxie Raia 

Verge – Owl City feat. Aloe Blacc 

Crave you – Flight Facilities, Adventure Club Dubstep Remix 

Springfield – Martin Tungsvaag & Italobrothers

Kor skal eg starta? Denne bloggen er absolutt fantastisk! Eg har lenge lest bloggen til Malin, og det er ein pryd å vere lesar. Ho bloggar ofte, varierte innlegg og har alltid ein positiv haldning. Det fyrste som fanga blikket mitt var, og er fortsatt dei fine bilda hennar. Dei er lyse, skarpe og on point. 

Så visst du treng ein ny blogg å følgje med på, annbefalar eg absolutt denne vakre jenta sin blogg. Kvar dag kjem ho med nytt innlegg, som alltid er like spennande kvar einaste gong. Du kan anten trykke her, eller på bileta for å komme til bloggen hennar. 

Livet er så fantastisk med denne skapningen, og eg hatar å vere vekke frå han. Men det må vel til, i og med at eg er student, og har to jobbar. Me gjorde ikkje så mykje spesielt, bortsett frå mykje kosing, tur til sentrum og mykje kjærleik. Det er jo ikkje uvanleg? Fire dagar fylt med kjærleik både frå mor og kjærast gjorde godt på kroppen. Mamma var der nede også, så me åt lunsj med ho eine dagen, også møttest me ellers også. 

Er ikkje lenge til eg er det igjen, og i mellomtida skal eg til London og jobbe mykje. Dette gjer jo at tida kjem til å fly avgårde, og før eg seier vips er eg der igjen. Tok også nokon filmar med ggoproen, men dei får eg ikkje inn på pc’en. Er det nokon som har peiling på kvifor? Kjem berre error, og at det ikkje går an å importere filene. Ver så snill og hjelp!