Hei igjen, og beklaga for lite blogging. Tiden strekk ikkje heile tida til, og er mykje opptatt. Men no sit eg her, venta på frukost og skal på stranda etterpå. Må nyte dei siste dagane eg har på å bli brun, og ikkje minst sveitta meg i hjel. Eg sverga på at det er SÅ varmt. Om ettermiddagen går det heldigvis an å leve her, men om dagane må ein berre bade.

I går var me på Dim River med dei to fine over her. Det var så godt og kaldt, i og med at vatnet kjem frå fjellet. Kunne levd der oppe om sommaren. Det er såå deilig, og kjempe koseleg å sitte der. Annbefalar alle å ta turen opp dit eim dag. På kvelden var me i Alanya og festa natta lang. Så var det nattmat, og me kom heim i seks tida. Kjempe kosleg dag med flott selskap.

God kveld alle sammen. Endeleg var det min tur til å sei at eg er 18!! Kor sjukt er ikkje det? Føler fortsatt eg er eit lite barn, som ikkje er klar for å ta det store skrittet ut i den skumle voksenverda. Men men, åra går og ein må vel berre finne seg i at eg ikkje lenger er eit lite barn. Natta var kjempe lang, med feiring, drikking og oppkast. Neida, det var ein utruleg roleg kveld, med to drinkar og rusling på stranda. Var kjempe koseleg 🙂

Dagen har vore fin, og eg er blitt kjent med eit nytt par fra Oslo. Skal forresten ete med dei i kveld, og feire i Alanya seinare. Vurderte ein tur til Summer Garden, men me får sjå. Er så langt vekke, også kostar det jo inn. Så er det berre to dagar til jenta mi kjem ned, og det gleda eg meg sååå masse til. I tillegg til lik humor, like hjerne og lik tankegang fann me plutseleg ut at me har samma bil og. Og detta er ein one of a kind bil altså folkens. Det ekje ein svart BMW me snakka om, men ei lita appelsin frå peugeot. Så visst ikkje stemninga mellom oss blir fantastisk her nede, veit ikkje eg.

 

Og da har me forelska oss totalt på nytt igjen. Alltid lika herleg å sjå denna snuppen på flyplassen, sjølv om han alltid skal skapa seg! Med det, meiner eg typ gjømme seg, ringe og sei han har kræsja, sei han ikkje fekk tak i bil og alt det andre spreller. I dag var det førstnemnde. Uansett så har me tilbringt dei timane me fekk sammen, med snakking, latter og mimring. 

 

I det eg steig ut av flyet tenkte eg ikkje noko meir på temperaturen, fordi den var overlevande. Men i det me kom til Oba, var det nærmare førti grader i lufta. Eg klarte ikkje å fungere som eit vanleg menneske, så eg var heilt nøyd til å reise på stranda. Så da satt eg der, heilt aleine. Planane for dagen er at eg no skal sminke meg, ordne meg, opp på metro ein liten tur (dei har salg på ekte converse) også skal me til Alanya når eg blir 18 i natt!!! WÆÆÆ. Gjett om eg skal drikka meg sørpa dritings da! Neida, eg tulla mamma. Hehe. 

Beklagar verkeleg for at bildet blei såå dårleg! Men det er tidleg, tidleg på morgoen. Og eg fann ikkje heilt dei rette kamerainstillingane. Kom på Kastrup (København) klokka elleve i går, og flyet mitt går no klokka sju. Så timane har heldigvis blitt prega av søvn, og litt snakking med typen. Gjett om han gledar seg. Han ringte faktisk og vekte meg fordi han ikkje fekk sova meir, berre fordi han gledde seg slik. Planen er å liggje på stranda mesteparten av dagen, i og med at det er mandagsmarkedet, og M må jobba heile dagen. Men da får eg solt meg litt, og slappa av litt aleina. Så snakast me når eg er i Alanya!! Wæ!!

Alle er unike! Det er ein viktig tanke, som alle sammen burde tenka gjennom fleire gongar for dagen. Derfor irriterar det meg så UFATTELEG at ein skal gå i mot personar kun på grunn av at dei har ein anna hudfarge. Det skjærer meg langt inn i hjertet at folk kan tru andre er stygge, slemme, terroristar, homsar, idiotar, innvandrarar kun på grunn av ein annarledes hudfarge. HALLO? Kvar er logikken? Kvar er den stemma i hovudet ditt som skal seie: Slutt! Den personen er U N I K! Det er eit menneske, akkurat som deg, og akkurat som meg. Du skal ikkje behandle den personen dritt, kun fordi den ser annarledes ut på utsida.

Eg er så utruleg heldig som ikkje har den instillingen. Eg synest alle er viktige, og har sin plass i denne fantastiske, men vonde verden. Mange ser ned på dei som er mørke, og kanskje frå eit afrikansk land. Men eg elskar dei. Dei er så godhjerta, snille og fantastiske mennesker. Kvifor skal dei liksom vere terroristar berre fordi dei kjem frå eit afrikansk land? Eg har til dømes to fantstiske tantebarn som er halvt gambiske, og eg elskar dei like mykje som eg elskar mine to heilnorske tantebarn. Kvifor skal eg ikkje det liksom? I mitt hovud verkar det ikkje logisk i det heile tatt. Sjølvsagt finnest det avvik, som kanskje har vokst opp i ein voldelig heim, eit voldeleg land og har hatt ein traumatisk oppvekst. Men slike finn ein også i Norge. Sjå på Breivik. Han tok livet av mange fantastiske sjeler, berre fordi dei hadde ei anna oppfatning enn han. Slik skal det absolutt ikkje vere.

 

Visst ein skal sjå det slik, så kan ein ta dømet i Årdal. Det er kanskje eit sårt tema for mange av oss årdøler, og mange har andre meiningar enn det eg har. Men når han tok livet av tre menneskeliv, gjekk Årdal i mot mange av dei flotte asylsøkarane me har. Dei vart sett ned på, som at alle var som han. Alle skulle øydeleggje heile Årdal, kvifor hadde me tatt inn asylsøkjarar i det heile tatt og korleis skulle me få dei ut? Er det noko rart dei blir lei seg, og deprimerte når alle ser på dei ute på gata? Det hadde vertfall eg blitt. Det var nok ein av grunnane til at dei holdt seg inne, og gjekk sjeldant ut. Men no, eit og eit halvt år seinare blir dei tatt meir vare på. Kvifor er det slik at visst EIN gjer noko gale, skal me plassere alle i samme bås og ta totalt avstand frå dei?

 

 

Eg er så glad dei tok turen til skulen vår, der dei fortalte vegen frå heimlandet til Norge, der me fekk sjå bileter, og der me fekk høyra deira historie. Dei har det ikkje lett. Dett du av bilen som skal føre deg til ein båt, drit sjåførane i det. Dør han, så dør han. That’s life liksom. Eg trur mange fekk eit anna syn på asylsøkarane etter det, noko eg er veldig glad for. Hadde det vore opp til meg, hadde eg blitt venn med dei alle. Alle fortjener ein trygg heim, eit trygt land og ikkje minst eit trygt liv. Ingen skal leva på flykt frå heimlandet, og krig. Ingen! Som dikka sikkert har skjønt så ville eg berre poengtera at sjølv om dei er mørke, kvite, orange eller what so ever, betyr dei like mykje som alle andre.

 

 

Ein skal lære seg og ikkje setje folk i bås, og dømme dei etter korleis dei ser ut. Ver så snill. Rasisme er det styggaste eg veit om, og eg håpar at verda ein dag skal bli likegyldig, null rasisme, null hat kun kjærleik. Og om eg har påverka nokon si instilling i laupet av dette innlegget er eg evig takknemleg. Eg bryr meg ikkje om det er ei, eller hundre sjeler. Det viktigaste er at ein sprer bodskapen, og får fleire til å forså at me alle er like på innsida. Alle har like stor rett til å eksistere, og alle har like stor rett til kjærleik og eit lykkeleg liv.

Du veit du er gal etter sminke når det fyrste du gjer, når du kjem heim er å sminke deg. Holy! Eg elskar å setje meg ned, leike med fargar, synge, banne, lage ein perfekt vinge til eyelineren og lage den styggaste vingen eg nokon gong eg har sett. Veit eg absolutt ikkje er den flinkaste til å sminke meg, men det har eg aaldri sagt heller. Sminke er for meg ein hobby, og noko som får meg til å slappe av. 

 

Ellers så var eg på formiddag i dag, og var ferdig halv fire. Rakk så viiidt bussen, og måtte springa bort til den (stakkars meg, hehe). Glømte att nøklane i det eg passerte ut på kiosken. Men uansett så overlevde eg. Dei siste dagane har vore proppfulle med planar, og “aktivitetar”. Har lærekøyrt masse, i og med at eg har fått oppkøyring. Og eg føler eigentleg det går ganske greit, sjølv  om ein ikkje skal seie det hundre prosent. 

 

Eg har ikkje ein gong begynt å pakke til Tyrkia. Vel, bortsett frå sminkemappa! Haha, av alle ting. Neida, men lagde ein liten video til dikka over kva som er med meg til Tyrkia av sminke. Den vart forresten veldig, veldig mørk, men skal prøve å redigere den lysare. I måro skal eg óg på formiddag med fine Runa. Etter det er det heim og pakke, gjere seg klar til avreise. Blir ni timar venting i København om natta, så det gledar me oss veldig til. Håpar på å få sove litt, blogga litt, redigert litt video og sett litt seriar. 

 

Denna sommaren skal bli så utruleg fantastisk! Eg blir atten, eg får vere med min nye soulmate, Maria, og eg skal tilbringe to veker med mannen eg elskar. I tillegg er det sol, høg temperatur og livet skal bli meir fantastisk enn det det er. Lenge leve sommaren 2015.

Tenk at me har bada for fyrste gong denne sommaren. Og gjett om det var iskald? Me er faen i juli, og det var ikkje varmare enn femten grader i sjøen, men me klarte uansett og komme oss uti. Alise låg faktisk ute og plaska i ein time også, så all ære til ho. Sola var framme eit par timar, som var nok til å bli solbrent litt her og litt der. Men det blir jo heldigvis berre brunfarge seinare. 

 

Når eg ser på desse bilda ser eg verkeleg kor mykje eg har lagt på meg, noko som gjer meg trist. Veit eg skal stå for det eg skreiv på bloggen for eit år tilbake, men hallo! Det skal finnast ei mellomgrense også. Eg er jo absolutt ikkje nøgd med korleis kroppen min ser ut, men det er SÅ vanskeleg å få ein sunn livsstil. Men ein må jo berre prøve, og prøve. Om du cheatar ein av dei dagane du ikkje skal, er det jo berre til å starte neste dag, som ein ny. Så eg har lovd meg sjølv å prøve alt eg kan, og eg skal klare å komme inn i nye rutiner denne sommaren. Ein mellomting mellom der eg er no, og der eg var for eit år tilbake.