WHAAAT?! Jepp, eg har faktisk fått meg ein liten, søt oksering i nasen. Er den ikkje søt? Den er sjølvsagt…. falsk! Hehe. Håpar verkeleg ingen gjekk på den. Kunne aldri tatt ordenteleg oksering. Synest jo det er dritkult, men kunne aldri hatt det sjølv. Heile dagen i går gjekk over på eit blunk. Eg var fyrst hjå mommo, der eg fekk ein kjempegod middag. Me snakka mykje om Mehmet, og kor mykje eg håpa at han kjem hit til vinteren. Alt står eigenteg på mamma, og ho lovde jo i fjor at ho skulle hjelpa. Derfor håpar eg eigentleg alt går i boks, og at han kjem hit til vinteren. Håpar verkeleg han kjem, det hadde vore heilt konge. 

I dag (innlegget vart aldri ferdig frå gårsdagen) skal eg jobba, der me blant anna skal ha pizzakurs! Åh, gjett om eg gledar meg. Det blir vertfall spennande. Ellers så har eg spelt inn ein liten haul for dikka, som kjem opp på søndag. 

Hei og hå som tida går. At eg lover dikka ditt og datt utan at det skjer noko skal det bli slutt på. Har bestemt meg for å blogge når eg føler for det, men at eg vertfall kjem til å halde fram med to videoar vekentleg. Eg har jo vore veldig opptatt og er på ein måte det fortsatt, når det kjem til skule og prøvar. Ettersom eg har vore vekke ei veke har eg litt å ta att på skulefronten, i tillegg kjem den fine jenta mi på besøk til helga. Så det blir jo kjempe koseleg.

Kanskje ikkje alle av dikka har fått det med seg, men eg har no vore ei veka nede og besøkt min fine elskling. Det å reisa er like tungt kvar gong, mem eg kjenner at det blir “bedre og bedre”. Er jo ikkje lenge til me forhåpentlegvis skal bu saman, og me skal jo vera sammen kjempe lenge, så me kjempar oss gjennom det på tjukt og tynt. Forhåpentlegvis kjem han hit snart og, slik at eg slepp å reise ned dit for å besøke han. Har jo så lyst at han skal komme hit, sjå korleis me har det og spesielt møte familien min.

Mamma var jo der nede også, så me fann på mykje kjekt sammen. Me var blant anna på lunch sammen, med utsikten dikka ser på fyrste bildet. Restauranten heiter Zivre Restaurant og ligg eit stykke opp i fjellsida. Men om du vil prøve noko litt annarledes, annbefalar eg absolutt å ta turen opp.

Hei og hopp alle fine! Som dikka sikkert ser så har eg fått nytt design. Wæ! Eg er suuper gira, og synest det verkeleg var nydeleg. Er flinke RRH som har lagt det, og det er kun gratis for nokre fleire timar, så spring og kjøp. Anna nyttig info er at treningsmotivasjonen, og motivasjonen til eit sunt liv har steget igjen, og eg er allereie godt i gang. Hadde bakkeintervallar med Marta i går, og no om ein liten halvtime skal me gå til Lauvnes. Dør av berre tanken, men men. 

Uansett, til poenget. Eg har lyst å dele ein liten erfaring/annbefaling her med dikka. Det er nemlig brynsfarging. Det er så genialt, og fantastisk når ein ikkje orkar å sminke bryna. Slik som dei fleste gongane eg trenar, har daffekleder eller er på reise orkar eg ikkje å sminke meg. Derfor er det eit must for meg å farge bryna mine. Eg brukar depend sin augenbrynsfarge, i og med at den er billig og bra. Eg har tatt eit før og etterbilde der dikka får sjå før og etter: 

Ein ser vel stor forskjell på det? Det som er så fantastisk er at eg slepp å bruke noko på dei når eg skal trene eller rett og slett ikkje orkar å sminke meg. Så derfor kan du nemlig gjere det heime for rundt hundrelappen, i staden for å gå til salong og gjer det for den tredobla prisen. Er dikka ikkje einige?

Hei og hopp alle som fortsatt kiker inn på denne lille bloggen min. Eg beklagar, igjen (seier eg eigentleg noko anna på denna nettside). Men you know the deal, skule, giddalaus og eignetleg berre latskap. Men eg har tenkt på dikka, det skal dikka vere klar over. Derfor har eg kommet opp med ein liten ide som eg håpar skal få meg litt inn på spor igjen. Det er nemlig ein ny blogg og youtube idé. Mangen av dikka veit nok allereie kor mykje sminke og skjønnhet interesserar meg, og vil derfor satse endo litt meir på youtube. Derfor har eg tenkt å leggje ut nye videoar kvar onsdag og kvar søndag. Dette er dagane som passar meg, og som eg har tid til å leggje ut på.


Og ja, eg veit leppestiften såg skikkelig rar ut, men den er ikkje slik.. 

Eg skal prøve å setje litt meir kvalitet i innlegga, slik at det ikkje berre blir som dette, men litt meir spennande. Nokre dagar passar det kanskje med outfitbilder, andre dagar med tips osv. Så da skal eg prøve å blogge dei dagane eg ikkje legg ut video. Håpar dette fell i smak hos dei fleste, og at dikka fortsett og ser på videoane og oppdaterar bloggen min 🙂