Endeleg kan eg seie meg fornøyd med sminkebordet mitt. Herregud, sjå kor fint det blei! Synest alltid det har vore så kjedeleg med kun den kvite overflata, men i det eg tok marmor over vart det som ein heilt ny møbel. Litt weheartit inspirasjon, så har ein noko ein er meget nøgd med. Sminkekolleksjonsvideo har eg ikkje spelt inn endo, men er på veg. Eg har jobbhelg, så derfor er det litt vanskelig å få spelt inn video. Kom heim att rundt ti i går, så skal eg på jobb no klokka to. I måro begynnar eg klokka halv elleve, så det  går ganske fort. 

Ellers så begynnar eg jo på skulen att på mandag, som eigentleg skal bli litt godt. Synest det er greit å fylle dagane med noko, slik at ein ikkje blir liggjande i senga til klokka tolv for så å stå opp og ikkje gjere noko. Heldigvis har eg bloggen eg styrer litt med, i tillegg til jobben på kiosken. Har ein ganske mjuk start på veka, med kun ein skrivedag og ein RLE prøve. Temaet i prøven er jo islam, og da har eg heldigvis ein kjæreste som veit litt meir om det enn meg. I tillegg føler eg at islam er den religionen eg kan mest om. Kanskje ein skam, i og med at eg sjølv er “kristen”.