Tenk at det berre er nokre få dagar til året er over. Herregud! Det har gått så utruleg fort, og føler det var i går eg var i Tyrkia for å feire nyttår. Etter litt om og men om kva eg skal gjere, tenkte eg å køyre gjennom minmote.no sin årsoppsummering, der eg går gjennom året som var i både oppturar og nedturar: 


 

Dette var mest stas i 2015: London! Garantert! Det å sjå ein heilt ny by, sammen med ei av mine beste venniner var rett og slett fantastisk. 

Råaste kulturopplevelse: Tel Katy Perry konserten som ein kutluropplevelse? For vertfall så er det den! Det var rett og slett drit bra, og ho kunne verkeleg lage show. 

Beste film eller serie eg såg: Lenge hadde eg ein Keeping Up With The Kardashians periode, og såg seks sesongar på nokre veker. Så eg vil sei det er ein god serie eg har sett på. Ellers så fekk eg i slutten av året dilla på både Tara og Vegard, men og skam som går på nrk nett tv. Skam er ein utruleg morosam serie, som eg annbefalar alle ungdommar å sjå. 

Beste bok eg har lest: Tusen strålande soler satte verkeleg spor i meg, og den var utruleg nydeleg. Sjølv om eg brukte ei stund på å lese den, var kvart minutt verdt det. 

Trenden eg blei lei av: Kan eg seie kontureringa? Det tok jo totalt over nettet! Sjølv om eg brukar mykje kontur sjølv, tok det veldig, veldig av!! 

Favorittplagg: Den gule kåpa eg kjøpte i London! Oh lord, seie eg berre. 

Her hang eg mest: Om eg ikkje var på skulen eller på jobb, hang eg nok mest nede i kjellarstova med vennene mine. Er så godt å bu i eit hus der eg har ein plass eg kan sitte med vennene mine. 

Det beste eg åt: Nutellapannekakene i London, holy! Får vatn i munnen berre eg tenker på dei. 

Favorittkontoane å følgje på insta: Malin Dahl! Ingen over, ingen ved sida av. 

Beste låt: Føler året har blitt prega av så mykje bra musikk, og at det er så vanskelig å skilje ut den beste. Men eg synest James Bay sin let it go er den nydelegaste sangen eg har høyrt på lenge. 

Eit favoritt mobilbilde: Nutellapannekakene over, altså ser det ikkje sinsjukt godt ut?

Dette gledar eg meg mest til i 2016: Polen med Marta, og det å flytte til Bergen sammen med min bestiss. 

SAMSUNG CSC

Etter mykje utforsking og innspeling av sminkevideo i går, fann eg sminke looken min. Kjøpte jo eit nydelig kopparpigment frå inglot, som eg la midt på lokket, og omg. Så nydelig. Tenkte å leggja ut sminkevideoen i løpet av veka, sida juleball sesongen startar rundt neste veke, trur eg? Me har vertfall juleball på torsdag, og gud som eg gledar meg. Holy macarony! Det blir dritbra. Vil berre dele ein S T O R forandring med dikka, før eg rundar av. Altså sjå på detta, meg første år på juleball, aka to år sida, og no. 

 

Som eg gledar meg til i måro. Sett vekk i frå at eg ikkje får sova så lenge som eg vil da, men kva gjer ein vel ikkje for skjønnheten? Har lenge hatt lyst til å farga håret ombre, men spesielt fint var det når eg såg Khloe Kardashian med sitt fine ombre hår. Synst det er litt finare med litt leik i håret, enn slik eg har det no. Er jo sjølvsagt nøgd, men det er så mørkt og kjedelig. Gledar meg super mykje til å dele resultatet med dikka ♥ God helg folkens!

 

Ja, eg er vertfall overbevist! Denne er noko som berre må stå i baderomshylla i leiligheten vår. For eit multiprodukt. I og med at eg skal bu med Jonas, reknar eg med det blir ein kamp om denne, eller kanskje den berre blir min? Ikkje veit eg. Vertfall så er det nivea men sin after shave balm, som eg ikkje brukar som after shave. I og med at den inneheld mykje glyserin, funkar den faktastisk som ein primer. Det var berre eit lite torsdagstips frå meg, før eg sett kursen mot marknadsføringsboka og merkevarebygging og prissetjing. 

 

Herregud som tida flyr. Igjen. Den flyr seriøst vekk frå meg, både på bloggfronten, youtube men og i skulesamanheng. Det var jo fyrste desember i går, men hadde eg handla pakkekalendar til skulen da? Nei. Sida eg først fekk handla, og skjønte at det kun er tjue to dagar til julafta (femten til craycray juleball), så tok eg like godt ned julepyntkassen min, og pynta. Er det eigentleg greit å pynte den andre desember? Unnskyld for dei som ikkje synest det, men eg var faktisk nødt. Jula varar jo ikkje så lenge, så kvifor ikkje nyte den mens den fyrst er her? Eg veit heilt ærleg ikkje korleis det blir med blogginga framover, i og med at eg blant anna har fleire prøvar (eigentleg berre to til), jobbhelg og slikt. Men skal prøve å få til litt meir blogging no framover mot jul, sida det også er MASSE som skjer, men også har skjedd. Legg berre med nokre bilder av mitt fine, “julete” rom: