SAMSUNG CSC

For ein vakker by! Forhåpentlegvis blir dette min heimby i løpet av eit halvt år. Me stor kosar oss vertfall her i Norges finaste by. Sida været var sinsjukt dårleg i dag tidleg blei det heimreise på mange av dei som skulle være att her. Me hadde eigentleg planar om å reise heim med bussen, men eg, Jonas og Alise trossa Tor og blei att. Noko av det smartaste eg har gjort, hehe. Tor herja litt i dag tidleg, men ellers har det vore vanleg bergensvær vil eg seie. Heime derimot har straumen gått, og vore vekke i fleire timar. Så no kan dykk angre folkens..

 

I går var me på fridays, trening og slappa egentlig veldig av på kvelden. I dag derimot reiste me til leiligheten til Sigrid, slappa av, reiste ut på shopping også lagde eg taco til J&A. Har faktisk ikkje handla for noko i dag, så blir vel litt meir i måro. Følte meg relativt stressa når Jonas stod ved sida av meg og uffa seg. Resten av kvelden blir nok nytta til avslapping og tv sjåing. Kos dikka folkens, med eller utan straum 🙂

Etter ei god veka utan blogg er det verkeleg på tide med eit nytt blogg innlegg, dessutan blir det nok fleire no i helga som eg skal til Bergen. Tenkte kanskje også å filme ein liten vlog, om det er ønske for det? Eg gledar meg vertfall super mykje, og trur nok det blir ein liten vlog uansett. Anyways tenkte eg å gjennomføre det typiske min første gang innlegget. Så om dikka ikkje tåler kleinhet annbefalar eg å bla nedover. 

 

__________

Min første bh?

Min første bh var ein supersøt mørkegrå snoopy bh. Hugsa at eg kjøpte den med mi dåverda stemor, etter veldig mykje masing. Det var såå stort å kasta den typiske bomull bh’en for ein ordenteleg bh med puter! Woop woop! Det var sjølvsagt i den minste størrelsen, som var alt for stor i “koppane”, men men, kult var det uansett!

Min første ordentlige kjæreste?

Alle som har følgt bloggen min veit nok at dette var Mehmet. Me hadde eit super langt forhold som var prega av både gode, men også utruleg vonde tider. Avstandsforhold er noko eg absolutt ikkje skal inn i igjen, om eg ikkje må sjølvsagt. Og eg skal VERTFALL ikkje bli i lag med nokon som aldri kan komma å besøke meg utan visum. Satsar på at den neste kjærasten min er i nærområdet 😉 

 

Min første ekstrajobb?

Her er eg fortsatt. Om ein ser vekk i frå dei malejobbane, og det å bære ved på hytta i Kaupanger er det nok Veekiosken. Heldigvis har eg jobba der snart i to år, og er stoortrivst der. Betre sjef, og betre kollega skal ein jaggu leite lenge etter. Kjenner det blir veldig, veldig tungt å reise i frå dei alle til sommaren. Er jo blitt så glad i heile gjengen ♥

 


Mitt første kjæledyr? 

Det var nok anten fugelen Gullgutt som eg drepte med Jif flaska, eller hunden Pelle. Trur nok det var Gullgutt, ettersom pappa kom heim med hunden ein fin juledag. 

 

Første sms-tabbe?

Uff, har sikkert hatt mange sms-tabbar, men diverre hugsar eg ikkje så veldig mange av dei. Den nylegaste var vel snappen eg sendte til ei i klassen. Eigentleg skulle eg sjekke opp ein gutt eg fann på hot or not, eller hadde match med, men sendte feil. Hadde ikkje vore noko problem om det stod “kva skjer?”, eller noko i den duren, men neida! Her køyrer me på med full guffe frå første snap og skriv “eg har så lyst på deg”. Flaut? JA!

Første gang jeg farget håret?

Det var nok da mi kjære tante farga håret mitt, og rett frå blondt til brunt blei fort litt for raudt. Hugsa eg først likte det veldig godt, men det endra seg veldig fort, hehe. 

 

Min første tabbe med bryn? 

Har vel eigentleg hatt ganske “stygge” bryn fram til no. Før var dei alt for tynne, så blei dei tjukke medan dei no er heilt okei. Det verste må vel eigentleg vere den fyrste sminkevideoen eg fortsatt har liggjande på youtube, herregud korleis teikna eg bryna mine? Kvifor sa ingen ifrå?

 

Min første ordentlig piercing? 

Eg tok jo sjølvsagt hol i øyrene, men den fyrste ordentlege piercingen er jo navlen. Diverre har den grodd, grunna betennelse, men vurderar å ta den opp igjen. Synest det er såå fint med piercing i navlen, spesielt når ein er litt fit. Så kanskje eg skal ha det som ei “belønning”? At visst eg får flat mage så får eg ta piercing? Hmm. 

 

Min første girl crush? 

Ashley Tisdale!! Sjølv om ho var den største bitcha i High School Musical, og ikkje den skarpaste kniven i skuffa i Zack og Codys søte hotell liv. Ho har alltid vore, og er fortsatt skikkelig, skikkelig babe!

 

Min første addiction?

Det var nok sminken som eg vart skikkelig addicted til i fjor. No har eg ein kommode full av sminke, som skal bli med meg til Bergen. 

 

__________

Ei veka er ferdig av tjueseksten, og me er allereie inni ei ny. Lat tida gå fort fram til Bergen, russetida og sommaren. Aller mest til rusetida! Herrejesus så gira eg er. Veit at mange synest det er oppskrytt, men det er det ikkje når eg er russ vertfall. Uansett, lat oss snakke om noko anna enn den kjære russetida. I dag hadde me besøk frå dei forskjellige høgskulane og universiteta på skulen, noko som var veldig spennande. Eg veit allereie kva og kor eg skal studere, så det var jo eigentleg ikkje så nyttig for meg som det var for andre. Bergen og sjukepleien it is! 

 

Over til noko heilt anna, nemlig treningsveka mi. Har det inntrykket at fleire samtlege likar å sjå kva mi veke består av, så eg kan eigentleg berre legge det ut. I tillegg føler eg eit press på meg sjølv, om at eg må gjennomføre dei treningsøktene eg har satt opp, i og med at eg har publisert dei. Så, kvifor ikkje? 

 

Mandag: Fri

Tirsdag: Pyramideintervallar + bein

Onsdag: 4X4 intervallar + mage

Torsdag: Jogga 5 km + overkropp

Fredag: Fri

Laurdag: Joggetur ute

Søndag: Gruppetime med tabata

 

SAMSUNG CSC

Sjå på dette fantastiske tastaturet eg bestilte frå ebay. Herreguud så nydeleg det er. Desverre er det i silikon, noko som gjer det litt ekkelt å trykke på knappane. I tillegg er det veldig lett at det dett av, men så lenge du sit i ro med pcen din heng det på. I tillegg kom det på super kort tid, og var kjempe billig. Ebay er verkeleg supert til sånn smått dill dall. 

 

SAMSUNG CSC

Du finn tastaturet her

I dag har eg vore heime frå skulen, ettersom at halsen var skikkelig vond i det eg skulle stå opp. Ettersom dette skjer kvar vinter så kjenner eg kroppen min nok til at eg veit at eg eigentleg kunne reist på skulen. Det er berre om morgoen det er skikkelig ille, men at det kjem seg etterkvart. Så skule i måro blir det nok. Har heldigvis fått rydda litt, samt spelt inn ein video med klesinnkjøp. Det er lenge sida det! Trur det er nærmare eit år sida eg visste klesinnkjøp, så det var vel eigentleg på tide. Kvelden blir nok brukt på å planlegge litt blogg, jobbe med særemnet og litt sjølvpleie. Håpar alle har fått ein super start på veka, og det nye skuleåret ♥

 

Kjenner eg fortsatt ikkje er heilt ferdig med nyttårsforesett, men heller ikkje det faktumet at me lev i 2016. Ganske sjukt liksom. Kor blei tida av? Uansett, så er eg såå glad me er inne i eit nytt år, med nye blanke ark. Det skjer så mykje dette året som eg berre fort hadde lyst å dele med dikka: 

 


 

 

 

1. Gå ned 15 kilo på 3 månadar. Dette er eit veddemål eg har med søstra mi, der eg har tre månadar på meg til å gå ned 15 kilo. Eg veit eg klarar det, men samtidig gir det meg ein så stor motivasjon når det faktisk står om to tusen kroner. Haha, eg har ikkje råd til å betale ho om eg ikkje klarar det. Samtidig vil eg byggje kroppen min til å bli sunn og sterk, samtidig som eg vil få god kondisjon. Så eg trur starten på desse tre månadane kan vere veldig fornuftige for resten av året. Trur det liksom vil setje ein standard for eit sunnare og betre år. 

 

2. Bli flinkare å spare. Dette hadde eg også i fjor, men noko som var ganske umogleg sida eg reiste til Tyrkia annakvar månad. Men no som eg skal inn i min eigen lille leilighet, må eg til å spare! Livet kostar, og ein får ikkje dekka så veldig mykje med pengane ein får hos staten. Som student vil eg kunna bu godt, og ikkje eta nudlar til middag kvar dag. Og ja, eg veit det er sinsjukt hardt, men det er difor eg startar sparekontoen min før eg kjem til Bergen. Det er små triks som kan forandra økonomien litt vertfall. Som blant anna buss framfor bil (sorry Jonas), laga niste kvar dag, ikkje handle unødvendige ting, osv. 

3. Bli flinkare å vise til folk at eg sett pris på dei. Eg føler dette er noko eg er veldig dårlig på visse dagar, og veldig god på visse dagar. Men eg vil uansett bli mykje flinkare til å vise dei rundt med at eg set pris på dei. Dette omhandlar fleire familiebesøk, uansett om det er til Oslo eller på haugen til besta. Samtidig som det også omhandlar små overraskelsar som vil få eit smil klistra på ansiktet. Det treng ikkje alltid vere ein dyr gåve, men noko lite og personleg. Grunnen til at dette punktet er så viktig for meg, er fordi eg har så fantastisk mange gode personar rundt meg, som garantert ikkje er klar over kor viktige dei er for meg. 

 

4. Bli flinkare med bloggen. Er dette eigentleg noko nytt? Føler eg skriver dette veke etter veke, år etter år, men at det aldri blir noko betre. Men denne gangen skal eg verkeleg legge sjela mi i det. I tillegg til at det er så mykje morosamt som skjer, og ikkje minst spennande blir det jo mykje kjekkare å blogge om det. Noko av det eg gledar meg mest til å blogge om er Polen turen med Marta, og flyttinga til Bergen. Kanskje 2016 blir mitt bloggår? 

 

5. Bli flinkare på skulefronten. Med dette så tenkjer eg spesielt på lekser, og skriving av samandrag. Eg er så flink på å utsette og utsette, noko eg så absolutt må slutte med. Dette er jo tross alt siste innspurt før me skal søke på høgskular, og vidareutdanning. Personleg trur ikkje eg det blir vanskelig for meg å komme inn, men ein vil alikevel ha så høgt snitt som mogleg. Noko som betyr at eg berre må prioritere skulearbeid mykje meir. 

Da er me inne i eit nytt år, med mange fleire moglegheitar. Dette året skal bli tidenes beste, og skal blant anna bli prega av russetida, flytting og Polen tur med bestevenninna mi. Men sida eg ikkje fekk summera året opp så godt på forrige blogginnlegg, tenkte eg å laga eit lite bildeinnlegg der eg viser høgdepunkta mine i året som gikk, i bilder. Så len deg tilbake og enjoy: 

 

SAMSUNG CSC

Berlin 

 

Tur til Oslo, og Katy Perry konsert med Marta

 

Årets fyrste grilling

 

Bestod teorien

London

 

Til slutt, julebord med min fine jobbgjeng