• Kven ut av korleis som helst person, skulle du ha likt å ha som middagsgjest?

Hmm, det er eigentleg sjukt vanskeleg. Men om eg skal vere ærleg vil eg nok seie Sophie Elise. Ho har så mange viktige og flotte meiningar, så eg trur praten ville gått i eitt under heile middagen. 

 

  • Skulle du ønske du var berømt? I så fall på korleis måte? 

Dette er vel litt typisk blogg Norge, men kven vil ikkje vere berømt for å ha ein fantastisk blogg? Det å leve av å blogge må jo eigentleg vere heilt fantastisk. Om eg skulle valt noko anna, ville det blitt fordi eg hadde gjort noko fantastisk for andre mennesker. 

 

  • Pleier du å øve deg på kva du skal si før du ringer noen? I så fall, kvifor det? 

Hell no! Tek det som det kjem. 

 

  • Korleis ser din ?perfekte dag? ut? 

Ein perfekt dag våknar eg då eg vil, nyt bananpannekaker toppa med vaniljekesam og bær til frokost. Vidare går eg å trena, og alt stellet som kjem etterpå. Vidare heng eg med verdens beste venner, og ler til magemusklane begynnar å skrike. 

 

  • Når sang du for nokon sist og når sang du for nokon andre? 

Eg sang vel i går i bilen til Jonas. Endar som regel alltid opp med brøling, og useriøs synging. 

  • Du er 30 år og har 60 år igjen å leve. Ville du helst beholdt ein ung kropp, eller eit ungt sinn i dine resterende år?

Ja takk, begge deler!

 

  • Har du en anelse om korleis livet ditt kjem til å ta slutt? 

Har ingen peiling. Håpar berre eg lev til eg blir hundre, og får eit fantastisk liv. 

 

  • Kva er du mest takknemlig for? 

Så utruleg vanskelig spørsmål. Det er såå mange ting eg er takknemleg for, og det er vanskeleg å peike ut ein. Men det må nok vere familie OG venner. Ein skal leite lenger etter menensker som er så gode <3

 

  • Visst du kunne endra ein ting med måten du blei oppdratt på, kva skulle det vore?

Eg har jo blitt oppratt på ein flott måte, men det er jo nokre ting å pirke på. Nemlig det at eg burde blitt meir inkludert i husoppgåvene. Eg kan telle gongene eg har vaska huset på ei hånd, noko som kan bli litt krise når eg flyttar ut i august. Ellers har eg ingenting anna eg skulle sagt. 

 

  • Fortell livshistorien din i korte trekk.

Oj. Where to start? Fødd i 97, med ei mamma og pappa som er veldig glad i meg. Seinare vart eg mammadalt, ettersom dei skilte seg. Traff “drømmeprinsen” i 2011, som visste seg og vere eit kontrollerande menneske. Etter fleire år som ei brikka i livet hans var det slutt, og no lev eg “the time of my life”. 

 

  •  Visst du kunnne ha våkna opp i morgo med ei ny evne/kvalitet, kva skulle det vore?

At eg kunne blitt gjennomsiktig/usynleg når eg knipsa! Hadde vore sååå gøy å kødda med alle vennene, samt sett og høyrt kva folk sa om meg i skjul. 

  • Visst du hadde ei krystallkule som kunne fortelle deg ein sannhet om deg, ditt liv, din fremtid eller kva som helst ? kva skulle du ha likt å vete? 

Eigentleg ingen ting. No worries! Tek livet som det kjem.

 

  • Har du ein drøm du ikkje har tørt å følgje? I så fall, kvifor ikke? 

Har endo ikkje reist til NY. Kvifor ikkje? Jo det skal eg sei dikka. Pengar veks diverre ikkje på tre. 

 

  •  Kva verdsett du mest i eit vennskap?

Ærlegheit! Er det noko du synest eg burde forandre, eller nokon som har gjort noko bak min rygg er det viktig at du er såpass ærleg og seier det til meg.

 

  • Kva er ditt beste minne? 

Det må nok vere London med Marta mi. Fantastisk tur, med fantastisk godt selskap. 

 

  •  Hva er ditt verste minne?

Måten eg blei hersa med i fleire år av M. At eg ikkje hadde større auge, og såg korleis han behandla meg. 

SAMSUNG CSC

  •  Visst du visste at livet ditt ville være over innan et år, kva ville du ha forandret ved måten du lev på? 

Det første hadde nok vore å slutta på skulen. Kva skal ein då med skule? Vidare ville eg reist til NY, og tatt med alle mine nærmaste på ein tur til Bora Bora for maks avslapning. Dei siste dagane ville eg hatt alle mine kjære rundt meg, snakka om “gamle dagar” og hatt MYKJE latter i laupet av dei dagane. 

 

  • Kva betyr vennskap for deg?

Absolutt alt. Dei var, og er, der når eg treng dei så kjært. I laupet av det siste året har eg knytta eit sterkare bånd med Jonas og Sigrid som er blitt to veldig gode venner, i tillegg til mine to andre jenter. Eg har verdens beste venner, og skjønnar verkeleg ikkje kva eg skal gjere når me flyttar frå kvarandre. Veldig, veldig glad i dikka ♥

 

  •  Sei fem positive kvaliteter ved deg sjølv. 

– Morosam (trur eg vertfall)

– Smilande (når eg er i godt humør, vel å merke)

– Omtenksom

– Utadvendt

– Ikkje dømmande

 

  •  Korleis rolle spelar familien i ditt liv? Føler du at du hadde ein lykklegare barndom enn folk flest? 

Familien min er veldig viktig. Diverre er eg veldig dårleg på å halde kontakt med søskena mine, men også alle andre som eg ikkje bur med. Men dei har verkeleg stilt opp for meg i barndommen. Alle brydde seg om meg, sjølv om eg til tider var eit lite troll. 

Hei igjen kjære lesarar! Tenk at me allereie er i februar, herrejesus så fort tida går. Liksom, kvar blir dagane av? Er eigentleg litt glad for det, i og med at det blir mindre dagar til russetid, flytting og ikkje minst tur. Januar har vertfall behandla meg veldig godt, og eg har verkeleg hatt ein fin start på året. Eg har fått henge med mine fantastiske venner, som eg verkeleg sett pris på. Håpar dikka alle veit at dikka betyr utruleg mykje for meg! Me har vore ute på fest, hatt kveldar der me berre har snakka og vore i Bergen. 

 

No er eg klar for ny månad, med nye mål og nye moglegheitar. Har som mål å blogga mykje meir.. Diverre går det dårlig med været som er mørkt, og snøen som har lagt seg på gatene. Gledar meg kjempe mykje til vår, og fint vær. Håpar dikka alle får ei super helg, og ein super månad 🙂