God påskeferie folkens! Såå godt med ferie, igjen. Er jo ikkje lenge sida vinterferien, men altså, ein takkar aldri nei til ein liten ferie. Ferien min starta vertfall veldig fint, med hentemelding frå Postnord. Kun tre dagar etter min komplett-bestilling var vara mi her. Som dikka ser ovanfor har eg bestilt meg beats. For dikka som trur eg drit peng, vel eg gjer det! Neida, eg brukte resten av komfirmasjonspengane eg fekk hjå mommo og far. Synst det er tusen gongar betre å kjøpe noko ein har ei stund, enn å bruke det på kun dritt. 

SAMSUNG CSC

Eg er vertfall overnøgd! Dei har sete på meg sida eg kom heim, og vil helst ikkje ta dei av. Eg bestilte dei frå komplett, ettersom dei var billigast der. Spørte jo absolutt alle om det var verdt det, men helll yeah. Og sjølvsagt i den finaste fargen! Håpar absolutt alle får ein super påskeferie, og eg skal prøve så godt eg kan å oppdatere dikka gjennom påsken ♥

Sida det nesten er ein månad sida sist blogginnlegg tenkte eg å kunne dele mine siste augenblikk på VSCO. Her postar eg mykje bileter, som ikkje er så “fine” som instabilda mine. Så følg meg gjerne om du vil: Susannemoen.vsco.co