SAMSUNG CSC

Ja, folkens! Eg lev! Overranskande nok er eg tilbake etter ein forbanna lang pause. Russetiden er over, som betyr at eg har tid til litt andre ting, som nettop å blogga. Mange av dikka håpte sikkert eg var ferdig for godt, men neida. Her er eg. Seier nok ikkje at det blir blogging kvar einaste dag, men eg har så innmari lyst til å prøve å bli toppbloggar. Neida, eg tulla. Men har veldig, veldig lyst til å bli flinkare til å blogga. Noko som er utruleg kjekt, er å sjå tilbake på bloggen, og ha det som ei slags minnebok for kvart år. 

SAMSUNG CSC

Anyways. Eksamenstiden er inne, og det er min tur allereie på torsdag. Eg gledar meg kjempe mykje til å bli ferdig med dei tre (!!!) skriftlege eksamenane mine, i og med at det er det eg er dårlegast i. Eg kom opp i media, sosiologi og sjølvsagt norsk. Er eigentleg ganske nøgd, sett vekk i frå mediaen. Det er den eg er dårlegast i skriftleg, men ein får berre gjere så godt ein kan. Munnleg håpar eg på å komme opp i markandsføring eller historie. Hjartet mitt har verkeleg falt for historie det siste året, og eg synest nesten det er blitt spennande.

SAMSUNG CSC

Brukar som motivator at me skal til Berlin om under ein månad. Som eg gledar meg til ferie med TDQ! Blir utruleg trist og skiljast etterpå, men slik er det. Alle skal vekk frå kvarandre, men ein må berre prøve å halde kontakten via sosiale medium og skype ♥ Så ja, det var ein liten oppsummering på kva som er skjedd i mitt liv i det siste. Men vær forbredt! More to come. Speaks.