Herre gud som tida flyg her i Gjøvik. Synest ikkje det er lenge sida eg og Rod satt i bilen på veg til den nye studentbyen vår, men no er allereie fadderveka over. Det å ha starta på eit universitet er så verkeleg fjernt, rart, morosamt, ja eigentleg alt. Fyrste skuledag trudde eg aldri eg skulle klikka med nokon i klassen, men herregud for ein herleg gjeng eg har fått meg. Eg trivst skikkelig godt her i Gjøvik med nye venner, ny jobb og eigentleg eit heilt nytt liv. Har tatt nokre snappar eg tenkte å dele med dikka: 

 

 

Fjo, endeleg avslapping. Den som seier fadderveka berre var stas og kos, well hell no. Dagane her på Gjøvik går verkeleg i eitt, og dagen er ikkje begynt før den allereie er omme. På tirsdag var eg, Rod, Astrid og Henrik ein liten (eller liten og liten) tur til nabolandet. Ettersom me alle er studentar handla me MYKJE mat, og eg handla også MYKJE brus. No har eg fem kilo med kyllingfilet liggjande i frysen (nei, eg er ikkje veganar lenger for den som ikkje har fått det med seg), så eg trur jaggu eg skal bli lei etter eit par veker. 

I går begynte fadderveka, og gjett om eg var nervøs. Det å starta på heilt nye, blanke ark har både fordelar og ulemper, men heldigvis er me mange i samme båt. Me vart delt i totalt seksten faddergruppe, der me hadde dei kulaste fadderane ever. Dei var vekeleg smilande, og blide og tok oss godt i mot. Faddergruppa mi blei eg også meir og meir happy med, ettersom kvelden gjekk. Me hadde det såå kjekt på Erik og Kriss, og eg blei kjent med dei som skal vere klassekameratane mine dei neste tre åra ♥

 

Allerede etter to dagar her har eg lært mykje, og blitt kjent med nye mennesker. Eg har lært at helsestasjonen ikkje ligg på toppen av Gjøvik. Eg har insett kor mange bakkar det er her, sjølv om det ikkje er nokon fjell. Eg har oppdaga at eg må ha meg sykkel for å ha eit sosialt liv. Men viktigast av alt har eg insett at ein ikkje bør vere redd for å ikkje få venner. 

SAMSUNG CSC
Takket være jodel satt me ein gjeng på fem i går hos ein som skal gå sjukepleie. Litt vin på ein mandag gjorde verkeleg susen, og fekk verkeleg humøret opp. Gjøvik, og NTNU eg gledar meg til å sjå kva de har å by på. 

SAMSUNG CSC

 

Etter fleire timar med utpakking, sjølvbruning og daglegvarehandling kan eg endeleg setje meg i sofaen. For ein herleg følelse å kunne seie at eg er komt heim. Det å kalla denne fantastiske hula for mi, er så deilig at dikka anar verkeleg ikkje. I forhold til kva eg og Jonas fyrst kom til, og korleis det ser ut no, vil eg seie meg veldig nøgd. 3 år her trur eg skal gå rimleg fort. 

SAMSUNG CSC

Som tidlegare lovd skal eg lage ein hybel tour når det passar seg, men fyrst må eg få tak i ein ekstern harddisk. Er så møkka lei av å ikkje ha lagringsplass, så på mandag seier eg stopp. Har også redigert ferdig København innkjøpa som truleg kjem ut mandag eller tirsdag. Gled dikka 😉 No skal eg kose meg med beststep resten av kvelden, så me talask. Smask!