SAMSUNG CSC

(fine zalofalska mi daaa<333)

Herregud for ein fin kveld me hadde i går! Såå verdt all ryddinga i dag tidleg. I går var det halloweenkveld på Huset, og eg inviterte heile basisgruppa hit. Me drakk, twerka, lo og kosa oss. For å sei det slik folkens, når eg våknar opp med hoven fot og blåmerker på armen veit du at det har vore ein enorm kveld. Som dikka ser så kledde eg meg jo ikkje ut, når ein er ei faktisk gudinne treng ein absolutt ikkje kle seg ut;) 

SAMSUNG CSC

I dag har eg rydda, støvsugd og vaska, mine favoritthobbyar. Seinare så reiste eg ned på CC (føle eg nemne CC i kvart innlegg, fuck it, y’all know i’m spending money i don’t have) for å sjå litt. Fekk nemleg lønning i dag, og kven vil vel spara? Blei ikkje så mykje spesielt, berre ei litta Buddha-statue og eit duftlys frå Indiska. Yes, I am addicted. Så jobba eg til ni, kjøpte meg kebabtallerken (spending money I actually have) og julebrus. Resten av kvelden består av å pakke, for i måro reiser eg heim med Gråtassen til Å-town. 

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

Detta. Lyset. Luktar. FANTASTISK. Da mamma var her forrige veka var jo me sjølvsagt ein tur nede på CC berre for å sjå litt. Alle som kjenner meg veit kor svak eg er for duftlys, og eigentleg levande lys generelt. No som eg har flytta aleina har eg sikkert tent opp fem-seks duftlys allereie, og dei brenn i grunn ganske seint. Synst det berre luftar så digg, samtidig som det er så koseleg med levande lys når ein slappar av framfor tven. 

SAMSUNG CSC

I dag har vore ein skikkelig rolig søndag der eg berre har styrt litt på her heime, trent og slappa av. Har begynt på Grey’s Anatomy, og har heilt hekta. I tillegg kjenner jo eg att nokre av orda dei brukar, så litt læringsutbytte får ein også. Vertfall bittelitt. Planen for resten av kvelden er å laga ein digg smoothie, og berre slappa heilt av med Grey’s på tven. Perfekt avslutning på ei fin veke. 
 

SAMSUNG CSC

God helg alle sammen! Herregud så deilig det er å ha fri, og kunna sova skikkelig ut. Personleg har eg langhelg og hatt fri frå i går, til og med mandag. Med andre ord: skikkelig deilig! Gårsdagen vart satt av til å lese anatomi, der eg satt i fem timar med ei litta pause å las. Klapp på skuldra til meg. Mens eg satt og las tenkte eg på kor stor respekt det står av alle studentar. Det er såå hardt å studera, så mykje å læra og ikkje alt er like interessant. I staden for å berre drite i utdanning og vere på ein butikk eller fabrikk tek me utdanning. Eg synst det er utruleg, utruleg flott.

SAMSUNG CSC

Sjølv med mitt stusslege studentbudsjett har eg valt å ta vippeextentions, som er absolutt verdt det. Det er så fantastisk deilig å våkna opp med vipper, og kun trenge å ta på seg andletet om eg i det heile gidd det. Fyrste gongen var det litt dyrt og eg betalte rundt tusen kroner, men påfyll betalte eg kunn 350 for. Det er jo ingenting. Tenkjer jo litt slik at i staden for å røyke eller snuse så unnar eg meg heller vipper. Genialt. 

SAMSUNG CSC

I dag skal eg jobbe frå fem til ni, men skal ned litt før på CC og kjøpe meg ei ny vinterjakke. Det er ei bomberjakke som eg prøvde ti tusen gongar i går, så eg håpar verkeleg at den ikkje er utsolgt. Da blir eg seriøst lei meg. Det er ei militærgrønn bomberjakke på Gina som er fóra. Kanskje den ikkje held i tjue minus, som det er her på Gjøvik om vinteren, men da får eg heller ha ein tjukk overdel. Fashion before kulde.

Endå ei ny veke er ferdig, og eg er straks klar for å sei hade til mamma som har vore på besøk hjå meg i helga. Eg var jo på jobb på fredag, men da eg kom heim hadde ho vaska hybelen, badet, glasa, vaska kleder, laga pizza og stelt ting i stand for meg. Nesten som ein er på hotell i sin eigen lille leilighet. I grunn er det ganske deilig å bli dulla litt med, i og med at eg som regel er åleine her. I går var me også ein tur nedom på CC der me shoppa, tok oss ein kaffi og seinare på kvelden gjekk ut for å ete middag. 

I dag har me vore på ei litta tur, berre for å komme seg litt ut i frisk luft. Eg er verkeleg såå takknemleg for at eg har ei såå god og snill mor som gjer sitt beste for at eg skal ha det bra. Mamma, du er min favorittperson, og eg set pris på alt du gjer for meg ♥

God søndagskveld alle sammen. Håpar alle har hatt ei fin veke, og ei endo finare helg! Det har vertfall eg. På fredag reiste eg til Oslo for å besøke søstern som snart reiser til Gambia med familien sin. Heldiggris, skulle verkeleg ønske eg også kunne blitt med. I går blei det berre litt lørdagskos med ei litta tur bort på senteret, fir så å slappe av inne med deilig, gambisk rett. Trur faktisk den gryta Abdoulie lagar er noko av det beste eg kan få. NAM

Så i dag har me hatt ein tur til Østensjøvannet der me gikk og mata endene. Oslo er skikkelig, skikkelig fint og eg gleda meg til at eg om nokre år kan kalla detta byen MIN. Etterpå gikk me i badebassenget og leikte haien kommer, childhood memories. Kvelden vart avslutta på perfekt vis, nemleg med ein god kebab. Nemnte eg kor mykje eg elska Oslo?