SAMSUNG CSC

Du veit den følelen du får når du har fått lønning og trur du er millionær? Vel, eg hadde den før eg svidde av alt for mykje på shopping i dag. Føler meg som eit skikkelig dårleg menneske som ikkje klarar å spare, noko ein verkeleg bør gjere når ein er student. Litt har ein vel lov til å unne seg? Og soom sagt så snusa eg eller røyke ikkje, så veit du kva, det er innafor. 

I dag tok eg faktisk bussen til Gjøvik frå Årdal, og det tok såå lang tid. Bilen skal reparerast, og eksamensmånadane står for tur så trur ikkje eg reiser heim før jul. Så ein og ein halv månad utan bil kan bli ei fin utfordring. Men no har eg fått busskort av mamsen, så det skal brukast godt. Trur den største utfordringa er å komme seg til skulen, ettersom eg brukar 40 min på å gå og 40 min med buss. Så what to choose, what to choose.