Korleis skal ein eigentleg byrja eit slikt innlegg? Føler alt blir kleint, klisjé og klissete på ein, og samme måte uansett korleis eg formulerar det. Men ja, sida eg ikkje har skrivet om detta før så tenkte eg å ville skrive om det. Ikkje fordi heile verden skal synast det er så sterkt og flott av meg, men fordi det er eit viktig tema å belyse. Dei fleste i Årdal, familien min og vennene mine veit det allereie, så kvifor ikkje skrive det for heile verda? Eg har fått meg kjæreste!!! MEN, det er ei jente. Å fysj, tenkjer sikkert nokon av dikka, unaturlig og ekkelt. Det eg ikkje skjønnar er kvifor kjærligheit ikkje berre kan vere kjærligheit, uansett kva kjønn kjæresten er. Kva har det å seie om det er ei jente eller gutt, så lenge ein er lykkelig? Kvifor skal ein leve på andre sine bekostningar om at ein ikkje kan leve eit verdig liv saman med den ein likar så godt?

Eg, personleg, drit i kva andre synest! Å kunne få ei sååå fantastisk jente som kjæresten min gjer meg lykkelig, og det er med varmt hjerte at eg stolt viser ho fram til alle. Lykke. Det er så deilig å finne ein person ein kan vere seg sjølv med, som aksepterar deg fult for den du er og bryr seg like mykje om deg som du om ho. Sjukt er det å tenkje på at om me hadde levd i Saudi-Arabia hadde me blitt steina. Folk blir drept fordi dei elskar nokon. Mennesker, uskyldige mennesker, blir erklært psykisk sjuke fordi dei er tiltrekt av samme kjønn. Korleis kan noko så vakkert og skjært som kjærlighet bli assosiert med noko vondt og ulovleg? Er det mulig, tenkjer eg da. Når blei det okei at ein drep vanlege mennesker, som meg, fordi dei elskar nokon? Og nei, det har INGENTING med religion og gjere. Islam, kristendom og andre verdsreligionar meiner at ein ikkje skal elske samme kjønn, men dei meiner også at alle skal respektere kvarandre. Kor fin hadde ikkje denne verda vore visst alle hadde akseptert kvarandre, og ikkje krangla over ting som overhovudet ikkje er viktig? 

Lykkelig. Det er det eg er. Eg smiler når eg står opp og smiler når eg legg meg. Eg grin. Eg smiler. Eg ler. Så grin eg litt igjen. Tenker på alle dei som ikkje har samme rettigheitar som oss. Tenker på at det ikkje blei lovleg å gifte seg før i 2016 i USA. Tenker på kor heldig eg er. Tenker kor mange firkanta mennesker det finst. Tenker på skylappar, mennesker med skylappar. Men mest av alt tenker eg på det pappa, mamma, stefar og stemor mi har sagt. Kor åpne dei er. Så tenker eg litt på kor heldig eg er igjen for å kunne ha så fantastisk fine personlegheitar i livet mitt. “Eg drit i om det er Per eller Petra du kjem heim med, eg skal holde dørene åpne uansett. Så lenge du er lykkelig”. Eg tenker på det stefar min sa. Eg smiler. Så minner eg meg sjølv på kor takknemleg eg er for å leve i 2017 og ikkje 1950.