Tirsdag, og ein dag til jenta mi kjem til Gjøvik! For tiden driv eg og svarar på eit innlegg angåande det å gå på sjukepleien her i Gjøvik, studentmiljøet og mine tankar rundt det. Fram til eg er ferdig med det, tenkte eg å visa dikka noko spennande eg kjøpte på eBay for ei stund tilbake. Det er såå fint, og annbefalar alle som har ein ledig vegg til overs, til å kjøpe dette fine teppet å henge det opp.

Korleis gjere ein kjedeleg kvit vegg til noko som kan sjå litt sprekare, og litt finare ut? Bestill mandalateppe frå eBay!

SAMSUNG CSC

Altså folkens, let’s just take a minute for this mandala blanket. Eg har lurt skikkelig på kva eg skulle gjere med den veggen, ettersom den var så keisamn. Fyrst bestilte eg noko klistermerkegreier som eg tenkte kom til å bli kult, men det var rett og slett jalla. På teksten der det skulle stå eit typisk klisé-quote var det elendig Mehmet-engelsk.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Sida eg først viste dikka det fine rommet mitt, tenkte eg også berre å tipse om dei fine hyllene. Altså sjå på dei, så minimalistiske, reine og fine. Dei er kjøpt for 30-40 kroner på søstrene grene, og er så enkle å hengje opp. Så dei som får lønning den fyrste kan no springe ned på handlesenteret å få tak i desse fine hyllene. Linken på teppet kan du finne her. Det finst også i andre kule fargar!

 

#ebay #innkjøp #sostrenegrene #soverom

Tenk at eg er så heldig å ha min eigen personlege fotograf! Ingrid stilte opp igjen med å knipse nokre bileter av meg rett etter skulen. Eg hadde planar om å ta dei sjølv meg sjølvutløysar, men kameraet mitt er verkeleg ikkje på sitt beste. Eg sparar opp til nytt kamera som sikkert blir kjøpt etter eg har fått stor lønning. Valet står da mellom Olympus Pen E-PL7 eller Sony A500. Me får sjå kva det blir til. 

Me satt på skulen til fire tiden, før me hoppa i bilen og satte kursen ned mot kaien. Det er så mykje finare her når det ikkje er snø, men man taver det man haver. Eg har enda ikkje tatt av meg sminken, og eg gledar meg til å kunne fjerne den. Å fjerne sminka må vere noko av det beste med å komme heim. Eg tenkte meg faktisk på trening i kveld også, etter eg har svippa ein tur innom Astrid på Kremmerhuset. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Her på desse bilda ser dikka forresten buksa eg snakka om i gårsdagens innlegg. Er den ikkje kul? Den passar perfekt, sit som eit skudd men uheldigvis får eg camel-toe i den. Pytt pytt, alle har vel sett eit kvinnleg kjønnsorgan før? Det er berre sånn det er, og eg skjønnar ikkje kvifor folk heng seg så opp i akuratt det temaet. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

 

For ei fin helg eg har hatt i Gol med a mor og reservepappsen. Dei forhåndspubliserte innlegga blei det ikkje mykje til, rett og slett grunna for lita tid. På torsdag før eg reiste var eg jo på jobb, så det blei ikkje mykje tid da. På Gol var internetten værre enn eg hadde trudd, og eg brukte gjennomsnittleg ti minutt på å åpne ein snap. Kosleg. Men kva treng ein internett til når ein har så mykje å finne på og så godt selskap? 

For å oppsummere helga skal eg prøve å vere litt kort. Fredagen starta med å gå på ski (i svarte jeans, faktisk) med mamma og Karl Johan. Det var heilt nydeleg vær, som dikka ser på det fyrste bildet. På toppen blei det litt mat, sjokolade og sjølvsagt kakao. Skitur utan kakao fungerar faktisk ikkje. Etter me hadde vore på fjellet køyrte me heim, og eg ordna meg kjapt før eg reiste på russerevy sammen med min kjære. Russerevyen var bra, skituren var bra, menneska var bra og dagen var rett og slett perfekt. 

Fredag var skikkelig bra, og laurdagen var like fantastisk. Eg og mamsen tok ein tur innom senteret og litt diverse butikkar, der eg kjøpte meg ei RÅ buksa. Eg har leita så lenge etter ei boyfriend jeans som passar, men endeleg fann eg ei som satt perfekt. På cafeen satt me og oppdaterte oss om Sundby som knekte staven, og koste oss med litt mat og drikke. Vidare var det generelt avslapning, pizza og ein liten snue innom Ål på kveldinga for å ligge litt i armane til den fine dama mi. Gledar meg sjukt til ho kjem på onsdag og skal tilbringe fem heile dagar saman med meg. 

I dag har me hatt ein fin søndag med turgåing, TV-sjåing og sjølvsagt fastelavensbollar. No er eg tilbake i Gjøvik, klar for ei ny, fin veke med full skulefokus til onsdag, før madammen kjem i hus. Takk for ei fin veke, og velkommen til den nye ♥

 

Hadde eg visst det eg veit no for fem år sida hadde alt vore så mykje betre. At den usikre Susanne, som prøvde absoutt alle diettar og treningsmåtar, skulle føle seg bra var da ein absurd tanke. At den ordentlege kjensla av kjærleik eksisterar. Sommarfuglane som flyr overalt i magen kvar einaste gong eg ho stryk dei mjuke fingrane sine mot ryggen min. Den unge, usikre Susanne skulle visst at det er greit du synst jenter er vakre, og det er greit at du kan forelske seg i ei. Det er ikkje noko annarledes å vere forelske i ei jente eller ein gutt, for begge deler er lika fantastisk. Ho skulle visst at falske venner kjem og går, men dei ekte vennene er der konstant når du treng dei. 

Eg skulle visst at å vere som alle andre er ikkje det beste. Det er ikkje alltid jentene med blondt hår, flat mage og bra rompa som blir lykkeligast. Faktisk så handlar alt om meg. For at andre skal like meg, må eg faktisk like meg sjølv fyrst. Men lite visste eg da eg var femten og stod oppi det sjølv. Lite visste eg at eg ein dag skulle gi totalt faen i korleis eg såg ut, ikkje leita etter feil i spegelen, men berre vere hundre prosent lykkeleg.
 

 

KNITTED + LEATHER = TRUE

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Herrejeeesus, sjå på desse fine bilda da folkens! Kanskje dei er litt overredigerte med lysstyrke, men ærlig synest eg dei blei heilt nydelege. Skulle eigentleg ta bildene mot utiskten i Gjøvik, men ein treng ikkje utsikta når ein har ein så flink fotograf. I går hadde eg planar om å reise opp dit åleine med kamerastativ, sjølvutløysar, men ikkje pokker om eg hadde fått like fine bilder som det Ingrid klarte å ta i dag. Håpar ho takkar ja til å bli min faste fotograf frå no av. Tiden går mot lysare årstider, motivasjonen er på topp og endeleg har eg lyst til å blogge frå botnen av hjartet mitt. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Det er forresten så innmari kaldt her i Gjøvik for tiden, og eg draumer meg vekk med tanken av sommar. Og kunne gå i kjole, shorts og småsko (utan å fryse) gjer at eg verkeleg ser fram mot favorittårstida. Har tenkt ein del på utveksling også, og Australia står på fyrstevalet. Får eg C på denne kliniskeksamen kjem eg til å søkje om å studere i ein heilt anna verdsdel i eit halvt år. Kor fantastisk hadde det ikkje vore og gått i sommarkleder eit heilt halvt år? God knows. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

For at eg skal komme meg til Australia må eg lese masse. Så i kveld skal eg bli ferdig med vannlating, rydde og forhåpentlegvis trene. Håpar alle gledar seg til blogg-comeback og helg 🙂

 

 

Yay, jippi kaiai, eg er tilbake. Vertfall litt, så får me sjå kor lenge eg faktisk klarar å halde det oppe denne gongen. Har jo sagt til alle at eg har så lyst til å byrje å blogge igjen, men så er det liksom kva ein skal blogge om. Kva har dikka lyst til å lese om? Kva synest dikka er interessant? Eg prøver meg litt fram, så får dikka gi eit pip om kva dikka vil ha meir av. 


Eg var faktisk heime til mamma i helga, noko som var sinsjukt koselig. Det er alltid deilig å komme heim når ein har flytta ut, slik at ein blir dulla med igjen. Lørdagskveld blei det ei lita feiring av bursdag, og søndag av morsdag. For ei fin mamma eg har som alltid er der for meg, og i tillegg til å vere verdas beste mamma, er verdas beste vennine ♥ Medan eg var heime var det ei pakke som var komt, og det var den nye kjærleiken min: 

SAMSUNG CSC

 

Sjå på denna nydelegheita frå Morphe da! Herregud. Materialsk lykke på høgste nivå. Lenge har eg prøvd og fått tak i dette palettet, men det blir alltid utsolgt på beautybay, så eg kjøpte det faktisk på Morphe si eiga side. Dette pallettet har absolutt alle fargane eg treng i livet mitt. Med chocolate bar og detta pallettet treng eg faktisk ikkje nokon andre, og har eigentleg tenk å gi vekk resten av sminkepalletta mine. Før handla det om å ha mest sminke, men no bryr eg meg meir om kva sminke eg faktisk har. 

SAMSUNG CSC

Best av alt, du får føri FANTASTISKE skyggar for 193 kroner (utanom frakt). Kvaliteten og pigmenteringa er heilt sinsjuk, og eg gleda meg masse til å bruke denne herlegheita både til kvardag og fest. På biletet under har eg swatcha dei finaste fargane i verda for dikka. Dei er så silkemjuke, og ein treng så vidt å dyppe fingeren i fargen før ein får full effekt. LOVE IT!

SAMSUNG CSC