SAMSUNG CSC

Åh, så deileg det er å kunne sitje for seg sjølv, åleine og berre halde seg sjølv med selskap. Som sagt er det godt å vere heime, men fordelen med å bu åleine er at ein kan gjere det ein skal (som å vaske og støvsuge) AKKURAT når ein vil. Trur eg skal prøve å få det unnagjort etter eg har lagt ut dette innlegget, men skulle eigentleg gjere det i to tiden, heh. I dag tidleg klokka halv ni var det duka for medikamenteksamen, og eg var så nervøs. Alle eg kjenner som studerar sjukepleie, eller har venner som studerar det har stroke, så eg var ganske forbredt på å gjere det sjølv. Etter førti minutt bestemte eg meg for å levere inn, og eg fekk bestått!!! Herregud så deileg, ferdig med all pensum dette året <frihet3

Forrige veka på denne tida var eg hos mi flotte stesyster, Janne Kristin saman med stefar min. Det var skikkeleg koseleg å sjå ho att, for det var verkeleg alt for lenge sida sist. Janne Kristin er min største fan, og eg er hennar! Ho er ei utruleg stesøster, som eg så og sei ser på som mi skikkelige syster. Fredagen før eg reiste heim farga ho håret mitt, som tok si tid. Eg har ho vore ganske mørkeblond og ganske varm, men det gjorde me noko med. Me bleika det, og la i ein liten sølvfarge, og resultatet er herleg. Skikkelig deilig med lysare hår no mot vår og sommar. Som dikka ser på biletet under er forskjellen heilt enorm;

                            
Så sida eg er ferdig med pensum har eg ikkje skule før på mandag, då me skal gå gjennom ulike ting i forhold til praksis. For dei som har spørt skal eg ut i praksis rett etter påske, og det blir fantastisk spennande. Heldigvis har eg jobba nokre skift på sjukeheimen her i Gjøvik, så eg ikkje står der heilt blank. Praksisen varar ti veker, og etter den er ferdig er det sommarferie. Dette skuleåret har gått så fort, og eg hugsar det som i går at eg og mor var borte og såg på hybelen. Den attande april for eit år sida overtok eg hybelen, og blei tidenes lykkelegaste jenta. Håpar alle sammen får ein fin kveld, anten om de så skal slappe av eller, som meg, støvsuge! 🙂

SAMSUNG CSC

Onsdag, og eg er tilbake i G-Town etter utruleg fine dagar heime i vakre Årdal. Borte bra, men heime best er det vel noko som heiter? Det er når ein flyttar ut at ein innser kor deilig det er å bu åleine, men kor fint det er å komme heim. Ein har liksom livet sitt der ein har flytta til, mens menneska ein er glad i bur på heimplassen. Anyways, eg veit det ikkje blei så masse blogging heime i Årdal, som har sine årsakar. Mesteparten av tiden har eg gått i joggekle, utan bh, utan sminke og ikkje gjort anna enn å rekna. Hadde vært ganske kjipt å blogga om medikament kvar dag, eller hur? 

MEN endeleg kan eg fortelja dikka om ein av mine fantastiske sommarplanar, som inneheld ein sydentur!! Wææ, kor sinsjukt er ikkje det? Eg har ikkje vore i syden sida eg var sist i Tyrkia, og det skal bli deilig å få ei veka i strekk (forhåpentlegvis) med sol og gode temperaturar. Bestemora til Iselin har leilighet nede i Malaga, eller rettare sagt Torrox, som me er så heldige å få leiga. I slutten av august reiser eg med nokon frå jentegjengen i Gjøvik, og skal kose oss der ei veke. Heldigvis jobbar eg heile sommar, så det er ein del tusen på kontoen før avreise. Gledar meg utruleg mykje!

 

 

·· A SMALL LIST ··

 

+ Eg har vore i Bergen, og blei som mamma kalla meg “gammal og grå” slæsh veldig kald blond i tuppane. 

+ Våkna med tidenes tannpine to gongar, men ikkje orkar reisa til tannlegen fordi a – eg veit eg må bora, og b – eg har tannlegeskrekk. 

+ Ete tidenes penne al pollo, som er kylling og bacon i ein slags tomatsaus. Dette var på matbørsen i Bergen, ikkje et der, bestevennina mi spydde og bæsja like om kvarandre etter me hadde vore der. 

+ Jobba eit skift på gode Veeskiosken, og blitt minna på om korleis det lufta av deg etter eit sju-timars skift, når ein står ved sida av frityrolje såpass lenge. 

+ Hatt eit totalt mental breakdown fordi eg satt og såg på gamle bilder av meg, og innsåg kor tynn eg var, sjølv om eg eigentleg er ein person som drit i sånn. 

+ Dette resulterte i at eg bestemte meg for å laga tidenes dårlegaste podkast, som aldri blir nevnt eller delt NOKON plassar bortsett fra på TDQ (The drama queens) gruppesamtalen. 

+ Dansa i trusa og bh med høg musikk i stova, der det er gigastore vindauger, og troller som bur på andre sida av fjellet kunne sjå meg. Too bad I don’t give a damn. 

+ Skjønt at det ikkje er fargel å vere ein overvektig tapar, alle mennesker er så forskjellige og tenk kor fuckings kjedeleg det hadde vore om alle skulle sett ut som meg?

Tenk at klokka kun er eitt, og eg allereie har klart å fått over hundre prosent på pulsklokka mi! Ikkje pokker om det er lett å ta følgje med mamma opp bakkane. Medan eg pusta og pesa gjekk ho å snakka i telefon, seier ikkje det sitt? Uansett fekk eg ei utruleg god økt ut av morgonsturen, og om ho spør om eg vil bli med i måro skal eg hengje meg på. 

SAMSUNG CSC

Per no sit eg godt planta i godstolen, skal snart hoppa i dusjen og rekne medikament resten av dagen. Berre for å få i meg noko hurtig og godt, lagde eg ein smoothie til meg og mamsen med frukt, kesam, havregryn og juice. Av og til pleier eg også å ha oppi eitt eller to egg, men sida sjefen ikkje likte det så blei det ikkje noko av. Eg trur faktisk søstern og mommo og dei kjem ned i kveld, så det blir koselig. Ellers har eg ikkje så mange andre planar enn kun å slappe av resten av dagen og rekne. Måtte dagen dikkas bli super duper fin, også kan me heller snakkast seinare, eller i måro.

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

Passeringstesten blei godkjent, og eg er no på plass heime i sofaen av mamsen og stefar min. Eg fekk blodtrykks- og pulsmåling på passeringstesten, og stod med glans. Å få den godkjent var virkelig smud, ettersom eg hadde pakka og var ganske klar for å komme heim til Årdal. Etter eg hadde stått gikk eg til bilen og køyrte i retning heim. I dag har eg vore av besta, ete middag og catcha opp med familien. Er alltid så deilig å komme heim, høyre nytt sladder samt berre nyte selskapet i min flotte familie. 

I dag ville eg berre dele dei tre beste sminkeprodukta eg har prøvd! Då eg var i Gol for ei stund sida klarte eg å gløyme sminkemappa mi, så eg har gått på reservesminke i to veker. Og ikkje ha desse tre produkta har vore værst, så eg tenkte difor å dele mine ABSOLUTT største favorittar her. 

SAMSUNG CSC

First up er highlighteren Mary Lou Manizer, som er the one and only. Har du denne i sminkepungen din kan eg love deg at du ikkje treng andre higlighterar i kolleksjonen din. Her kan du få ein fin og naturlig glød, om du tek på minimalt og sprayar deg med fix+ fra Mac, men også ein highlight on fleek. Eg får alltid kompliment når eg har denne på kinnbeina, eller på nasen. Sida detta er min favoritt, har eg allerede brukt opp ein, og snart min andre. At eg kjem til å kjøpe ny når denne også er tom, er ikkje ein gong eit spørsmål. 

Inglot sitt HD pudder er også det einaste eg faktisk har likt. Eg brukar det til å sette heile ansiktet med for å halde det matt heile dagen, men også ved baking. Problemet eg ofte har hatt med baking er at pudderet gir flashback (altså krittkvitt under augene), men ikkje med dette. Pudderet har perfekt konsistens, sett sminken og gjer rett og slett jobben sin. I tillegg er prisklassen ganske overkommeleg, til å innehalde så mykje produkt, så løp og kjøp.

SAMSUNG CSC

Sist ut er den beste maskaraen eg nokon gong har prøvd ut, og eg skal love deg at det er ikkje få. Perversion frå Urban Decay gjer alt ein maskara skal gjere. Den gir volum, lange vipper og er så svart som mogleg. Eigentleg har eg ganske korte og tynne vipper, men med denne maskaraen ser det alltid ut som eg har kjempe fine vipper. Eg veit du kan få tak i den på Kicks, men også på Feel Unique.

 

 

Dei fleste som kjenner meg veit at eg har ein dag der eg drit i alt, seier eg vil vere overvektig for life, og klemmer i meg to hundre gram sjokolade. Neste dag sutrar eg, lurer på kva som skjer om eg kun trena styrke, prøver å finne ut kva eit kosthaldsprogram kostar og korleis sunne måltid eg skal ha kommande veka. No, etter to veker med dritt mat, og hovudsakleg bås som inntak av vatn, har eg fått nok. Kroppen min føler seg totalt nedkøyrt og eg er så fort sliten, noko som har kommet av eit sugd kosthold. 

Så er einaste årsaken til å ete sunn for å bli fit? NEI! Ikkje i det heile tatt. Å ete sunt er viktig slik at ein kan føle seg bra! Personlegmerkar eg det når eg et feil mat. Energien blir nedsatt, eg har dårlegare konsentrasjonsevne og allmenn tilstanden min har blitt skylt ned i dass. Eksamen, dårleg tid og jobb fører til at eg ikkje orkar å lage meg sunne rettar, men no er det nok! Eg skal heim for medikamenteksamen, og eg skal klare å ete sunt. Ikkje for å gå ned i vekt, slanke meg eller bli fit, men rett og slett for å ikkje føle meg som eit båsspann på innsida av kroppen. 

 

SAMSUNG CSC

Herregud så deilig det er å endeleg kunne puste letta ut over ein vel gjennomført eksamen. Den var virkelig ikkje så ille eg trudde den kom til å vere, og skal eg vere ærleg satsar eg på C. Så no er det berre å vente fire veker på svar, så var den eksamen ute av minnet også. Er det noko som er ille med å gå på slike universitet og høgskular er det at det går fem hundre år før ein får svar på ein eksamen, men ein har jo ikkje anna val enn å berre finne seg i det. 

No står passeringstest på timeplanen på mandag, og eg får heldigvis øvd litt på søndag. Eg skal jobbe heile helga, eller altså laurdag og søndag så skal snart køye meg. Dette blir mine fyrste skift som ikkje er på opplæring, og eg er kjempenervøs. Håpar ikkje dei som jobbar med meg blir sure om eg spør for mange spørsmål, og at eg kun får dei enklaste pasientane. Vertfall i måro. 

SAMSUNG CSC

Kor deilig ser ikkje denne middagen og desserten ut? Me var ute og feira eksamen ein overstått på Salt & Pepper. Annbefalar alle som er i Gjøvik eller Hønefoss å ta turen innom, såå god mat til ein rimlig penge!

 

Dagen før eksamen, og det einaste eg skal gjere i dag er å slappe av, blogge og bake. For nokre dagar sida gikk eg gjennom kategoriane mine på bloggen, og fann ut at det er LENGE sida eg har delt ei oppskrift. Det blir jo ikkje akuratt så mykje baking ettersom det er dyrt, og eg er student, men av og til har eg nokre kroner ekstra, som i dette tilfelle. 

SAMSUNG CSC

Bananpannekaker er det enklaste å lage, billig, smakar godt og det er mettande! Altså, kor sjukt deilig ser ikkje det her ut? Og det beste av alt er at du kan toppa det med akuratt kva du vil. Mine favorittar er cottage cheese, jordbær, hakka sjokolade, rørte bær og vaniljekesam. Så da gir eg dikka oppskrifta og håpar verkeleg dikka vil prøve å lage det. Den so ikkje gjer det bør andre: 

Ingredisensar: 

Ei banan

Eitt egg

Havremjøl til du får den konsistensen du ønskjer

SAMSUNG CSC

Framgangsmåten er så enkel at det eigentleg ikkje er noko poeng i å forklare det veldig spesifikt. Du mosar banana med gaffel, eventuelt stavmiksar for å få den enda finare. Vidare blandar du inn eitt egg, og havremjøl til du får ei mellomtjukk røre og steikar dei. Tadda! Perfekt som frukost, lunsj eller kvelds. 

Tenkte berre å leggje ut litt bilder frå gårsdagen då me var og øvde på ulike prosedyrar. Då eg søkte rundt på nettet etter bloggarar som la ut noko om det, var det utruleg lite å finne. Eg tenkte difor å dele litt av kva me gjer på her på sjukepleien og kvifor eg valte å gå akuratt innan dette. Personlig føler eg at helsepersonell og sjukepleiarar blir sett ned på, i forhold til andre jobbar som økonom og advokat. Sjukepleiarar har ein utruleg givande, men krevjande kvardag der ein må gjennom mykje. Eg elskar at ting skjer, som kanskje var ein av grunnane til at eg valte akuratt dette yrket, spenningen. Sjukepleiar er også så mangt, og det er så mange linjer ein kan speialisere seg innan. Jordmor, intensivsjukepleiar, akuttsjukepleiar og sjukepleiar som jobbar på ulike psykiske institusjonar er berre nokon.

SAMSUNG CSC
 

SAMSUNG CSC

Å gå på sjukepleien er så mykje meir enn korleis eg framstiller det. Det er ikkje berre vansklige ord i anatomien og mykje pensum i klinisk. Om du går sjukepleien har du tilgang til å øve på dei praktiske prosedyrane konstant, og du skal også mykje i praksis. Gjennomsnittleg er det eit og eit halvt år med teori og det samme med praksis. Det er nettop derfor eg valte det her! Det er så deilig å kunne bruke alt ein lærer i bøkene og på skulen innan det ein faktisk skal jobbe med. Ein har ikkje lenger religion og tysk, men kun dei faga som virkelig er nødvendig for at ein skal kunne bli ein god sjukepleiar. 

Av prosedyrar har me gjennomgått sengeredning både med og utan pasient, kateterisering, injeksjonar (innsetting av flytande medisin gjennom sprøyte), sengebad, HLR, munnstell og forflytting. Å ha ein dag med praksis i veka hjelper virkelig på! Ein får litt variasjon frå og kun sitje i ein forelesningssal, samtidig som det er noko du faktisk har brukt for. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Ut i frå alt dette vil eg berre seie at dei som er i tvil om å velge dette yrket, bør gjere det. Det er interessant, lærerikt og ikkje minst spennande. Ein veit verkeleg ikkje kva ein møter frå dag til dag, noko eg ser på som utruleg spennande! 

 

Då var endå ein dag ferdig med eksamenslesing, og eg er klar for å tilbringe nokre timar på klinikklabben. I dag har eg gjort eit eksamenshefte utan fasit, og det gikk greit. Sjølvsagt får me ikkje heilt lik eksamen som dei i fjor fikk, men det kan jo vere spørsmål relatert til same eksamen. I måro og torsdag har eg tenkt å repetere, lese litt oppsumeringar og sjå på forelesningsframføringane. Det er sjukt at eg faktisk er mindre motivert til denne eksamen enn eg var til anatomien, og der var eg lite motivert! Heldigvis har eg klart å fokusere i dag, og fått noko ut av dagen. Etter å ha gått gjennom eksamensheftet følte eg at eg vertfall kunne NOKO. 

Då eg og Astrid var i Lillehammer fekk me tatt nokre kule outfitbilder, igjen med den blå jakka og sjølvsagt holzweiler skjertfet mitt. Eg har funnet ut at nokre klesplagg elskar eg, og dei brukar eg all the time. Kanskje det er difor eg ikkje har verdas største klesskap og? Ja ja, det er betre å ha nokre få plagg ein verkeleg er nøgd med og brukar, enn hundre stykk kjøpt på salg kun fordi dei var billig.