Okei, HERREGUD for ein konsert! Det er det sjukaste eg nokon gong har opplevd. Greit nok at eg er ganske Karpe-fan, men denna konserten gjorde at eg aldri ville reise derifrå. Gutta har fylt spektrum tre dagar på rad, fullført tre dagar på rad, men altså laurdagen MÅ vera den beste. Stemningen i spektrum var så vakker, rå og ubeskrivleg. Alle elementa på konserten var veldig bra gjennomført, lyset, lyden og Karpe var så fine, aka personlege. Personleg synest eg den finaste delen av konserten var da spektrum var bekmørkt, ein lyskastar på Magdi og han sang på arabisk. Gutta får fram så mykje viktig både i tekstane sine, men også på sjølve konserten. Problem som terrorisme og rasisme står sentralt, og dei er veldig flinke til å setje ord på det me andre ikkje er så flinke til.

 

Goproen blei ikkje med inn, men desse bilda var ganske greie dei også. Å ha konserten i spektrum satt verkeleg prikken over i’en. Telenor arena blir så stort og upersonleg, men i spektrum ser ein uansett og ein kjem mykje nærmare på artistane. Magdi var jo fleire gongar nede til publikum, stod med dei og sang med dei. Herlegheit for nokre gutar.

 

 

No er eg vertfall heime att i Gjøvik etter ei fantastisk fin helg med mi fine bestevennine, Astrid. Før konserten i går var me ein tur på Tjuvholmen og åt ein deilig middag. Olivia er ein av mine favorittrestaurantar, som serverar italiensk, i Oslo. Stemningen, lokalet og maten er så fin. Eg åt pasta carbonara og drakk eit lite glass med vin attåt.

 

I kveld skal eg ta meg ein deileg dusj, samt planleggje litt utover veka. Eg har nemleg funnet ut eit prosjekt eg skal ha, som heiter “Prosjekt: Tøm kjøleskap, frys og skap for mat”. Skapa mine er proppfulle av mat, og eg skal prøve å tømme det før eg kjøper ny mat. Ellers står ei ny veke i praksis, pluss jobb i helga. Merkar at det kjem til å ta på når eg skal jobbe over ti dagar i strekk, men eg er sterk og skal klare og komme meg gjennom dette her også.

 

 

Dag ein i Oslo er straks over, og eg kan ikkje vere meir nøgd med den. Halv ti satt me på toget i retning Oslo og klare for ei heilt enorm helg. Årsaka til at me reiste så tidleg var fordi me begge hadde fri og ville rekke pop-up butikken til karpe. Me kom dit i tolv tida, men fekk sikra oss det me hadde lyst på. Eg fekk tak i verdas kulaste gensar, som eg har gått i i dag, og skal ha på konserten i måro. Berre sjekk biletet under.

 

 

Me har også shoppa litt anna, deriblant ein jumpsuit som var rååååkul! Gleda meg dødsmasse til å få vist den på bloggen. Blir nok ikkje meir shopping ettersom pengane må prioriterast på mat og andre ting når eg kjem heim. Før eg reiste henta eg ei pakke fra Gina, som eg også skal vise. Er det stemning for innkjøpsvideo, kanskje?

 

I kveld skal me ligge inne, chille, ta ansiktsmaske og lade opp for den stooore morgondagen.

 

Fyrste dag i praksis er unnagjort, og eg er godt plassert under dyna. Heilt utruleg at det faktisk er april, for det er bokstavlegtalt ISkaldt her. Faktisk så vurderar eg om eg skal setje på varmeovnen min, så ille er det. Den nye prakisplassen er utruleg fin og spennande. Å få møta så mange mennesker, med så mange ulike diagnosar er verkeleg noko eg interesserar meg for. Seinare i kveld skal eg setje opp ein turnus slik at eg veit når eg jobbar. Det er hovudsakleg fire dagar i veka, ei helg og ei nattevakt.

 

Denne veka skal eg berre jobbe onsdag og torsdag, så reiser eg til Oslo på fredag. Karpe Diem blir heilt sinsjukt, og eg skal nyta kvart sekund av den konserten. Sangane deira er så rett på, og treff meg rett i hjartet. Spesielt det nye albummet med; Hvite menn som pusher 50 og Rebell i kjellerleiligheten din er såå spot on! Skal ta med goproen min og sjå om eg får nokon kule bilder, men diverre har eg berre den fyrste utgåva av Gopro så kvaliteten blir ikkje på topp.

 

SAMSUNG CSC

 

Anyways, kor kule er ikkje desse solbrillene? Eg falt heilt pladask med ein gong eg såg dei, og tenkte at du, du skal vere med meg heim. Det er noko med fargen, formen og at dei verkar så skikkelege. Vanlegvis er briller frå H&M dårleg kvalitet, men desse verkar stabile og ordentlege. Dessutan trengte eg nokre nye solbriller, ettersom eg satt meg på dei frå Pull & Bear. 

 

SAMSUNG CSC

 

Endeleg var påskeveka ferdig, og eg har nytt ein dag med fri! Med andre ord, min påske blei brukt på sjukeheimen sammen med alle fine sjelene som bur der oppe. Det gir meg verkeleg mykje å setje meg ned, snakke med dei å lytte til kva enn dei har å fortelje deg om. Gledar meg utruleg mykje til å byrje i praksis i måro, møte nye mennesker og endeleg komme meg ut i den ordentlege verda. 

 


 

Vekas grunn til å smile: At min fine, gode Tamara fekk beskjeden om at ho kom til å bli mykje betre. Forrige fredag fekk eg beskjed om at ho var alvorleg sjuk, som ho hovudsakleg har gått med i veldig lang tid (helsevesenet på sitt beste), onsdag var eg på besøk av ho og fekk veta at detta gjekk an å fiksa på. Ein operasjon, også skal ho kunne fungere som normalt igjen. Misunner ingen å ha eit så sjukt familiemedlem, som er så ung. Fine, gode og sterke Tamara ♥

 

Vekas utfordring: Å ha nok energi til å gjera kjæresten min nøgd. Eg har som sagt ovanfor jobba sju timar kvar dag, og då er ein sliten når ein kjem heim. Heldigvis er snuppa mi veldig rolig, så ofte låg me i sengi, slappa av eller såg på ein serie. I går jobba eg tidleg, så eg fekk laga biff og fløytegratinerte poteter. Så sinsjukt mange husmorpoeng!

 

Vekas opptur: Besøk av to av mine kjæraste skattar. Frå fredag til søndag var millitær-kompissen min, Jonas, her. Det var utruleg godt å sjå han att etter så mange månadar. Han er liksom den mannlege versjonen av meg, så det er ein person eg ikkje kan leve utan. Me ler, har det gøy og kødda som faen. På onsdag kom kjæresten min, som eg heller ikkje har sett på over ein månad. Å ha eit avstandsforhold er hardt, men heldigvis er eg ekspert på det ;–)

 

 

Vekas nedtur: Det må bli det eg skreiv om Tamara. Så redd eg var for at ting ikkje skulle gå bra, men heldigvis har me i Norge nokre gode legar også. 

 

Til neste veka: Skal eg steppe opp gamet mitt om å halde blogginga oppe. Eg har vore såå flink veldig lenge no, så kom påska, problem og mykje jobbing. Blogging er noko eg brenn for, eg synest det er så kjekt å ta bileter, fortelje dikka om kvardagen min samt få koslege tilbakemeldingar av mine flotte lesarar. 

 

Akuratt no: Har eg klemt i meg tre pizzabollar, to glass med iste og nyt ein episde av favorittserien, Grey’s anatomy. 

 

8488928573

 

Fredag og påske!! God påskeferie til alle som reiser heim til sine kjære, men også dei som skal jobbe. Eg har fått besøk av bestekompissen min, Jonas, i dag og han skal vere her til søndag. Kosemoseoverdose. Me har allerede tatt oss ein skulebolle og is kvar, og skal vel snart ein tur på trening. 

 

Det er ikkje berre eg som slit med å betale rekningane som kjem springjande dei siste dagane av månaden. Studentbudsjettet er stramt, sjølv om eg har ein jobb ved sida av har eg diverre eit stort pengeforbruk. Eg tenkte difor å dele mine beste fem tips for deg som er på eit utruleg sårt budsjett.

 

SAMSUNG CSC

 

KILOPRIS. Sjølv om noko er, eller ser billig ut treng det nødvendigvis ikkje vere det. Dette kan ein sjå veldig godt på typ osteprodukt, eller kjøttprodukt. Rema 1000 har hatt kjøttdeig for 15 kroner, men da er det veldig viktig å sjå på kva kiloprisen er i forhold til andre kjøttdeigar. 

 

UTGÅTTE VARER. Kjøtt, kylling, egg og ost held seg leeenge. Du kan fryse mesteparten, utanom egg, og ta det opp dagen før du skal bruke det. Kjøtt, kylling og fisk er ofte utgåtte, men det går heeeilt fint å fryse dei. Så kjøpt i veg!

 

SAMSUNG CSC

 

PLANLEGG. Planlegg alt som kan planleggast så kan du spara masse peng. Det å planleggje middag gjer at du kan sjå kva du skal ha kvar dag, og gjer at du brukar unødvendige kroner på ting du eigentleg ikkje hadde trengt å kjøpe. Planlegg også handleturane dine, slik at du unngår unødvendige småkjøp. Kjøper du ein pepsimax, ein sjokolade og ei tyggispakke ekstra har du allerede runda 50 kroner du eigentleg kunne vore forutan. 

 

TRENG DU VERKELEG DET? Abonnement som Spotify, Viaplay og Netflix blir dyrt i året. Det finst maaange måtar ein kan streame musikk på, eller som å laste ned sangane (les: ulovleg). Det finst også mange nettsider som har alt av seriar du kan draume om, og filmar som nyleg er gitt ut. Watchseries.cr er kun ei av dei, men også program som popcorntime er amazeballs. 

 

 

Ein dag til helg folkens, just hold on! Personleg har eg eigentleg tatt påskeferie no, og er klar for å tjene ein del kroner. Dei fleste eg kjenner reiser heim i ferien, men eg blir nok værande i flotte Gjøvik. Eg jobbar mandag, tirsdag og frå torsdag-søndag. Veka etter påskeferien reiser jo eg og Astrid til Oslo for å oppleve Karpe på scena, så blir ganske greitt å ha nokre ekstra tusenlappar på kontoen da.

 

I dag tenkte eg å oppdatera Susanne tipsar kategorien min med ein liten dokumentar. For tiden har eg verkeleg sansen for dokumentarar, då eg veit dei er sanne og ofte tek opp viktige og interessante tema. Ettersom eg går sjukepleien og skal ut i min fyrste praksisperiode på sjukeheim er dement noko eg synst er spennande. Er det nokon av dikka som såg på TV2 i går klokka ti over halv ti? For ein nydeleg dokumentar.

 

Dokumentaren heiter “TIl månen med bestefar”, og tek opp forholdet mellom eit barnabarn og hans bestefar som lev med demens. Bestefaren har gjennom mange år filma livet sitt, der han levde det gode liv. Han var ung, sprek og fann på masse sprell og fanteri. Eventyrlysten var eit ord dei brukte i dokumentaren som eg synest passa perfekt. Utover dokumentaren er det då barnebarnet som tek over rolla som “filmressigør”, og filmar både gode og dårlege dagar. 

 

For ein mann, for ein dokumentar og for ein sjukdom. At hjerna blir så påverka at ein gløymer kven sine nære og kjære er gjer meg heilt satt ut. Etter dokumentaren var ferdig satt eg og Astrid og grein i kvart vårt hjørna av sofaen, og tenkte over korleis me skal klare å jobbe med personar med demens. Ein ting er sikkert, og det er at eg skal gjere dagen deira så bra som mogleg. Dokumentaren ligg vertfall under programmet dokument 2 på TV2sumo.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kor kule er ikkje desse bilda? Lyset, outfiten og alt var berre on point i går. Ingrid er verkeleg flink til å ta bileter, og eg blir alltid nøgd med bilda ho tek. Er i grunn ganske greitt å ha venninner som tek bilete av deg, visst du spør. Våren ligg også i lufta, og i går kunne eg få med t-skjorte under skinnjakka utan å fryse. Herleg! Etter eg kom heim frå skulen hadde eg ein skikkelig dårleg dag, og enda opp i tårer. Å vere student slit på ein, i tillegg til at eg hadde sprengskift i helga. Sjukepleien er som sagt mykje tyngre enn eg hadde trudd, men no er eg heldigvis ferdig med pensum. 

I dag har eg faktisk kun ein time på skulen, der me skal ha om blodsukkertaking. Eg har jo gjort det før, så for meg blir det ikkje nytt. Etter eg har vore ein tur på skulen, skal eg ned å trena litt. Tenkte faktisk å sykla ned, haha! Håpar berre den ikkje punkterar på vegen, slik at eg kjem for seint. Typisk meg. Kvelden blir brukt til å vaske klær, rydde og litt ekstra husarbeid. Fekk jo ikkje gjort det i går, då eg fekk eit lite breakdown. Håpar alle får ein fin dag ♥

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

× GULT ER KULT ×

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Jakke ? Ebay, sko ? H&M, t-skjorte ? Ganni, jeans ? Gina Tricot

 

Mandag som betyr ny veke og nye moglegheitar. I dag var eg tilbake på skulebenken etter ei god stund. I grunn kan eg faktisk ikkje hugse sist eg satt i forelesninga, for det er utruleg mange veker sida. Praksisen nærmar seg med stormskritt, og denne veka har me eit “praksisopplegg”. Planen for i dag var å ha ulike scenario me skulle setja oss inn i, samt lære om livsglede til eldre. At noko så lite kan glede så mykje, er ufattelig! Små ting som å syngje litt til dei, ta ein tur ute i frisk luft eller å be dei vere med på å lage vafler. Gledar meg til å byrje i praksis så eg kan ta i bruk alt eg lærte i dag, det blir så spennande!

Fyttikatta så lenge sida det er eg har snakka til eit kamera, men endeleg har eg lasta opp ein ny video. Denne gongen er bestevenninna mi, Astrid, med på eit spel som heiter “Stor i kjeften”. Alle har nok sett facebookvideoane der ein har ei slags bøyle i munnen og skal uttale forskjellege setningar. Sida Astrid er den som har redigert videoen får dikka sjå alle mine deilige og vakre vinklar, mens ho sit der som ein uskuldig unge. Heldigvis er eg ikkje redd for å visa dikka at slevet mitt renn nedover kroppen, så enjoy.

SAMSUNG CSC

God laurdag allihopa! Håpar helga dikkas har starta supert, medan eg er snart klar for sprengskift på sjukeheimen. Det er så deilig å ha ein jobb å gå til som får tida til å gå litt. Skjønna meg ikkje på dei som klarar å sitje inne ein heil dag. DA har ein sløst med dagen da, føler vertfall eg. No har eg laga med pizza som eg skal ha med på jobb i dag og i måro. Er alltid godt med litt ekstra god mat på laurdag og søndagsskifta.

Eg har forresten ein nyheit å dele med dikka, nemleg Esteé Lauder sin Double Wear foundation. Eg har prøvd den ut i dag, og synst den var eigentleg sånn heilt gjennomsnittleg bra. Ein ting som er sikkert er at den ikkje er verdt pengane vertfall. Det er den dyraste foundation eg nokon gong har eigd, og eg synst ikkje noko sånn spesielt om den. Men me får nesten sjå korleis den held seg utover dagen, og ut på jobb. Føler meg som tidenes sminkedukka som kjem på jobb, men det er vel lov til å føla seg litt fin av og til også. 

SAMSUNG CSC

Her ser dikka korleis den sitter på huden, altså den er jo ganske naturlig. Så no gjenstår det kun å sjå korleis den blir utover dagen, og skal leggja inn ein liten edit i kveld. Håpar dikka alle får ei fortsatt fin helg 🙂

Edit: Foundation satt dritbra på, og såg like fin og naturleg ut sjølv etter ti timar! Den oksiderar litt gjennom dagen (blir meir oransje), men ikkje så mykje at du ser ut som ei vandrande appelsin. Eg kjem til å fortsette å bruke foundationen i ei tid framover no, så dikka får sikkert høyre meir om den <3