20 ANSWERES


 

Fyrst og fremst, ja eg er tilbake. Det har skjedd så utruleg mykje sida sist, eg har begynt i praksis, gjort innleveringar og øydelagt minnekortet mitt. Tru meg, eg har verkeleg lyst til å få til å blogge, men det er så vanskelig når ein ikkje har inspirasjon. Eg er kjempe lei designet mitt, platformen og alt. Prøver å få fikse på det, men det er ikkje like lett. Tenkte faktisk å flytte over til platformen nouw, men lurer på om dikka har noko erfaring med den? Lesarane mine er jo absolutt det viktigaste, og mistar eg maaasse følgjarar av det, er det kanskje ikkje verdt det. Sida eg ikkje har tatt nokre bileter til dette innlegget, tenkte eg å pøse på med tjue spørsmål, svar og masse arkivbilder. Så let’s go!

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Q: Ein plass du ikkje har reist til, men har lyst å reise til? 

Verda er så utruleg fin, og det er mange plassar eg har lyst til å besøke. Av ein eller anna grunn har Cuba alltid stått i tankane mine, men Gambia er også eit reisemål eg har veldig lyst til å besøke. To av tanteungane mine er jo faktisk gambiske, så det hadde vært utruleg flott og sett den fine kulturen dei kjem frå. 

 

Q: Kor mange hårfargar har du hatt? 

Det kan eg faktisk ikkje hugse ein gong, men eg har vore blond, brun, svart, raud og no veldig kald blond/grått. 

 

Q: Kven ser du opp til? 

Mitt største forbilde på denne jorda er mi kjære mor. For det fyrste er ho fantastisk for alle barna sine, men ho er også verdas beste venninne. Min største motivator som heiar på meg, og er stolt uansett er ho mor. Eg pleier å seie “klarar eg å bli halvparten eit godt menneske som ho, har eg oppnådd det eg vil i livet”. 

 

Q: All time favoritt serie-par? 

Hallo! Kven andre enn Meredith og Derek? 

 

Q: Du blir mest irritert når? 

Det som irriterar store delar av dagen min er mennesker som ikkje kan å køyre bil. Ærleg talt, kor forbanna vanskeleg er det å leggje seg rett i vegen og bruke det fuckings blinklyset ditt? :):):)

 

SAMSUNG CSC

 

Q: Beste avgjerdsle? 

Å flytte til Gjøvik og å gå sjukepleien. Eg har møtt så mange fine venninner, endeleg flytta ut (les: lært korleis betale ei rekning) og funnet meg verdas finaste kjæraste. 

 

Q: Dårlegaste avgjerdsle? 

Garantert at eg ikkje tok eit friår der eg jobba ræva av meg og reiste verda rundt. Å ta eit friår er IKKJE farleg, er ein motivert nok kjem ein back on (school)track. Reising er noko ein har moglegheit til no, fordi når ein går på universitet får ein studielån som ein også må betale tilbake på dei neste hundre åra. 

 

Q: Drikk helst? 

♥ PIPIMAX ♥

 

Q: Kva kunne du ete sju dagar i veka? 

Garantert kebabpizzaen til San Marino. Or not. Veddar på at eit pizzastykke inneheld eit heilt dagsbehov for kaloriar. Pytt pytt, ein lev berre ein gong. 

 

Q: Kva blir du rørt av? 

Kjærleik er det finaste på jord. Ettersom eg jobbar på ein institusjon (gonger to, faktisk) ser eg så masse fint. Her snakkar me ektefeller som kjem på besøk til sin kjære sjølv om ein for eksempel ikkje kan snakke. Herregud, det får meg til å tru på at kjærleik verkeleg eksisterar fortsatt. 

 

SAMSUNG CSC

 

Q: Kor er du om ti år? 

Om ti år er eg tretti år, og eldgammal. Herregud det er ikkje lenge til eg får tittelen “gammal”. Tilbake til spørsmålet. Om ti år er eg forhåpentlegvis gift med dama i mitt liv, kjære Malin. Me er busatt på utkanten av Oslo og har to eller tre friske, flotte barn som spring rundt i leiligheta. Viktigast av alt, om ti år er eg fullstendig lykkeleg. 

 

Q: Kva er det kulaste som har skjedd i 2017? 

Det kulaste som har skjedd har vore å fått begynne i praksis og vere med på råkule prosedyrar. For nokre veker sida satt eg min fyrste injeksjon, og dikka kan da tru eg var stolt? Ellers så er det ganske kult at eg har fått min fyrste jentekjæreste også. By the way, ho er eineståande. 

 

Q: Ultimat sommarferie for deg? 

Ein ultimat sommarferie er norsk sommar med sol kvar einaste dag, båtkøyring med pappa, grilling eller reker og champiss på kvelden. Sommarferie er når eg får sitte seint ute med mamma og stefaren min på den fine verandaen deira og snakke om alt mellom himmel og jord. Dette året har eg mange fine sommarplanar, deriblant tur med min kjære og hennar familie til Risør, men også jentetur til Spania. 

 

Q: Kva er din værste eigenskap? 

Eg SUGE til å halde ting hemmeleg, og det er ein forferdeleg eigenskap. Uansett kva eg får vite går eg rett til Jonas (min gaybff) og fortel det. Om det ikkje handlar om han da. 

 

Q: Kva står det ordrett på din siste SMS? 

“Her er dittt engangspassord (gyldig i 15 minutter):***” 

 

 

Q: Kven fekk du meldingen i punkt 15 frå? 

Gjøvik kommune. 

 

Q: Kor er du når du er 70 år gammal? 

Vel, da bur eg samman med kona mi i Hawaii og solar oss kvar einaste dag, et ute kvar einaste dag og nyt livet KVAR EINASTE DAG. 

 

Q: Du får ein flybillett og eit ubegrensa opphald, kvar reiser du? 

Så vanskelig spørsmål da. Trur nok Amerika hadde vore eit veldig fint alternativ. Flydd nedd, leigd meg ein bil og køyrt langs heile Route 66. 

 

Q: Favorittband som minnar deg om barndommen? 

Mamma høyrte kvar einaste dag på Picazzo med sangen “Hvis morgendagen aldri kommer” når me var heime og i bilen konstant. Det var faktisk til denne sangen eg fann min fyrste kjærleik Nicolai. Ferien var satt til Pers Hotel på Gol, denne sangen kom på og på dansegolvet blei eg bydd opp av ein søtnos. Eg hugsar han hadde krøllete hår, dress og eit glimt i auga. Sangen spelte, og me dansa. Haha, rart kva ein hugsar. 

 

Q: Instagram eller snapchat? 

INSTA!