SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Etter eg tok dette biletet tenkte eg litt. Kvifor skal det vere slik at dei med små, fine sprettrumper skal vere meir stolt av rumpa si enn meg? Når folk spør kva eg er mest fornøyd med på kroppen min tør eg aldri å seie noko, men eg har jo eigentleg ei ganske bra rumpe. Så ja, tenkte berre å starta innlegget med å seie fuck janteloven, og vær stolt av kroppen din uansett. Unge går kvar dag gjennom så mykje drittpress om kropp, karakterar, venner, utdanning og ikkje minst utseende så det er jo pokker meg ikkje rart me blir usikre på alt mellom himmel og jord. Fuck janteloven og fuck alt presset, du er bra som du er! No er jo faktisk mange ferdige på skulen, og eg vil berre seie at dikka må vere stolte av dikka sjølv. Det er ikkje alle som kjem seg gjennom videregåande. Livet er verkeleg for kort til å gå rundt å ha negative tankar kvar einaste dag proppa i hovudet. Så lenge eg er frisk, har dei gode vennene eg har, fine familien og kan fungera vanleg i dagleglivet er eg meir enn nøgd. 

Wow, det vart visst ein litt lengre intro enn eg tenkte. Pytt pytt, av og til må ein berre få det ut. Meininga med den introen var at eg fant ei bukse som satt perfekt på både rumpe, lår og samtidig var høgtlivs. Kor fantastisk er ikkje det? I tillegg elskar eg alle detaljane som høyrer til den med hola på knea, frynsene nederst og ikkje minst at den går rett under navlen. ME + HIGHWAIST = TRUE. Buksa var på tretti prosent nede på Cubus, så eg måtte faktisk berre kjøpe den. Hadde eg ikkje kjøpt den veit eg at eg hadde angra i måro. Den var litt trang over magan, men eg skal jo få litt av den vekk (trur eg vertfall). Modellen heiter vertfall Highwaist Hannah, og eg anbefalar den for absolutt alle. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

 

SAMSUNG CSC

Er det på sin rette plass å seie god sommar endo? Eg har jo hatt sommarferie sida forrige onsdag, men eg veit mange kanskje skal gå ut denne veka også. Men ein kan vel seie god sommar fordiom. Mandag kom min fine, snille og gode mor som eg har hatt det så koselig med. I går var me i Sverige, så ein tur på ikea der me fekk svidd unna nokre kroner. Kanskje eg skal vise dykk nokre av innkjøpa mine? Planen var jo i grunn å flytte ned til ein litt meir sentral leilighet, men ettersom oppsigelsestiden var litt lengre enn eg trudde blir nok den tanken luka vekk. 

I dag har me gått oss ein liten tur ned i gågata før me gjekk bort på CC. Pengane berre flyg vekk når ein finn det ein likar altså. Gina Tricot hadde så masse fint på salget sitt, og eg fant ein kjempe lang, tjukk kjole som eg gledar meg mykje til å bruke på hausten. Blir sikkert kjempe fine outfit bileter av den kjolen. Resten av kvelden blir brukt til kos, restaurant-besøk og avslapping. Er i grunn ganske deilig med ei veke ferie før kjøret begynnar rett på. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Hei blogg.no, du har blitt sakna utruleg mykje. Eller rettare sagt, kjære lesarar, dikka har blitt sakna. Etter eg flytta over til nouw mista eg rundt hundre lesarar per dag (som for meg er utruleg mykje), og eg har fått tilbakemelding om at det har vært vanskelig å finne fram. Etter eg tenkte meg litt om valte eg å flytte tilbake til denne platformen, og begynne her igjen. Håpar dikka blir nøgde meg valet mitt. 

SAMSUNG CSC

For nokon fantastiske dagar eg har hatt med dama mi, som har vore på besøk her i Gjøvik. Torsdag då ho kom var me nede på stranda, grilla, bada og rett og slett berre nytte det fine været. Det samme har me også gjort i dag, minus grillingen. Det er så fantastisk deilig å ligge langs stranda med dama eg elskar og høyre på dei små bølgjene som treff sanden. Håpar så inderleg at det blir fint vær resten av sommaren også. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC