Bueno diàs amigos! Akuratt no sitt eg faktisk på bussen med jintene fra Toten, klare for ein shoppingdag i sjølvaste Malaga city. Gledar meg til å innom Zara, Bershka og ikkje minst Sephora! Det er fuckings Sephora her folkens, gjett kven som garantert kjem til å svi av nokre tusen der inne. Primark er det også her, og kven elska ikkje billige kleder (sjølv med dårlig kvalitet). Bussturen tek litt over ein time, så eg tenkte berre "kvifor ikkje skrive eit innlegg mens eg fyrst har tid?". Tid er det jo nok av, men ein prioriterar kanskje heller å liggje å sole seg, i staden for å sitte inne å blogge.

I går kveld føler eg me traff blink på restauranten me besøkte. Spanjolane som driv her nede er like elendige i engelsk som eg er i spansk (les:elendig), difor har det vært vanskelig å bestille, betale rekningen og eigentleg oppleve god service. I går fekk me god mat, engelsktalende kelner og god service! Finally. Eg fekk eigentleg heilt sjokk når eg såg at eit vinglas kosta atten kroner, hallo, da skal eg drikke vin kvar kveld her nede. Til mat bestilte eg carbonara som alltid er like mektig. Godt var det vertfall.

Fine fine Marte ❤

Når eg kjem tilbake til Norge tenkte eg å spele inn ei litta innkjøpsvideo for dikka, om eg kjøper meg noko. Prøver stadig å bli flinkare å blogge, sjølv om eg alltid misslykkast i det. Har eg ikkje vært flink til å blogge her nede? Det synst vertfall eg. Håpar dikka har fått ein fin start på veka, og til alle som har begynt på skulen, we can do this!

God morgon fra solfylte Malaga. I dag er det endeleg soldag her og me er ferdig smurt, ferdig spist og er snart klare for å leggje oss på ei solseng. Då me gjekk langs strandpromenaden i går såg me dei søte oppblåsbare dyra, og herregud eg berre MÅ kjøpa den fine svanen. Kor kule bilder blir det ikkje med den liksom? Blogqueen.

Som dikka ser tok me desse fine bildene i går i den nydelegaste spanske gata. Det var skikkelig mykje folk langs promenaden i går ettersom det er fellesferie her i Spania, og det er mange som ferierar det med ein tur til Torrox. Koselig er det uansett.

I måro skal me ein tur inn til sjølvaste Malaga og der skal me ta så mange fin bileter, i promise you guys. Enn så lenge, talast.

Føler det at den overskrifta oppsummerar kven eg er, heh. Berre for å ha meg unnskyldt (som alle andre gangar) har eg hatt MASSE å gjere. Eg har vore heime og jobba masse, konsert og siste døgnet har eg brukt på å farte til varmare strøk, betre sagt Spania. Klokka halv tre i natt reiste me til Gardemoen fra Gjøvik, endeleg etter ein sommar fylt med jobbing og for den andre reisepartnaren, eksamenar. Velfortjent ferie seier berre eg!

Da me ankom Malaga snakka me litt med besteforeldra til Iselin, aka dei me låner leiligheten av. Ettersom me kun har fått i oss lite og "Jalla"'mat måtte me skaffe oss påfyll i magen. Corona og pizza slo verkeleg ikkje feil. Hadde aldri trudd eg skulle sagt det var godt med ei øl, men fy søren so deilig. Trur det har mykje med omgivelsene å gjere, samt temperaturen.

Per no sitt eg med ei slek litta sheetmask og slappar av før me skal ut å ete igjen (matmonsters). Får skikkelig mykje motivasjon til å blogge når eg er andre plassar, så håpar verkeleg dette blir vellykka. Eg kastar bilda fra kamera inn på mobilen, også opp her. Difor håpar eg at dei ikkje blir heilt øydelagte. Gled dikka til outfitbileter seinare. Ha ein såå fin laurdagskveld ❤

Etter eg kom ut som bifil og fortalte verda at eg var sammen med ei jente har eg fått mange spørsmål. Når visste du at du likte jenter? Korleis føles det å vere sammen med ei jente? Men det mest stilte spørsmålet eg har fått har vore: Kva er det værste med å vere sammen med ei jente? Og kjære alle sammen, no skal dikka få svaret. Å halde hender, få blikk eller kommentarar slengt er ein så liten del av kvardagen som ellers inneheld så mykje kjærleik og positivitet. Noko som prega liva våre som kjærestar er at ein ikkje har moglegheit til å kunne formeire seg/ få eigne barn sammen. Eg og Malin er fortsatt så unge, og ikkje vært sammen meir enn eitt halvt år men tanken slår oss fortsatt. 

SAMSUNG CSC

Å adoptere eller å gå til spermbank er heller ikkje noko problem i seg sjølv, men det at det tar så lang tid og at ein må ha så mange forsøk er frustrerande. På storkklinikk som er den mest kjente klinikken i København står det at om ein er udner 30 trengst det gjenomsnittleg rundt 4-5 forsøk før ein blir gravid. Eit par på to med samme kjønn må altså bruke over hundre tusen kroner, og fleire år på å muligens bli gravid. At det er så lite tilgjengeleg og så dyrt frustrerar meg verkeleg. Men om ein vil det nok sparar ein peng til det, og gjennomfører det. 

SAMSUNG CSC