Okay peepz, eg skal no visa dikka noko av det beste eg har smakt som faktisk nesten ikkje innehelg kaloriar, yet smakar amaze. I går på morgonen lagde eg den vanlige funlight-geléen. Oppskrifta kjem sjølvsagt nedanfor, slik at dikka også kan laga denna deilige geléen. Så i dag tenkte eg at eg skulle ta nokre bileter av den og toppa den med double 0% yoghurt, skogsbærblanding og mørk sjokolade med bringebærsmak. NAM! For å seie det slik så ser det like deilig ut som det smakte. Etter eg var heime sist helg og klemte i meg ein haug med sukker opplevde eg kor dårlig kroppen min responderte på det. Eg blei skikkelig slapp, gretten og ville berre ha meir. Difor så fant eg ut: kvifor ete mykje sukker når kroppen min responderar såå dårlig på det? Så det er faktisk det eg skal prøve ut no. Visst eg vil ha ein sjokolade ? kjøper eg meg ein sjokolade, men vil prøve å begrense inntaket på sukker litt. Føler meg basically ti gonger betre når eg forar kroppen min med næring den faktisk kan ha nytte av. 

Det du treng for å få ei lita porsjon med sukkerfri og nesten kalorifri gelé er: 

     – 1,5 dL med valgfri funlight saft, mitt valg gjekk på wild berries. Du kan sjølvsagt også bruke vanleg saft visst du vil det, men da vil den ikkje bli like kaloriredusert. 

     – 3 dL med vatn. Hugs alltid på at du skal ha dobbelt “dose” (ja, lest alt for mykje sjukepleiepensum i det siste) av vatn. 

     – 5 stk gelatinplater. 

 

Det er veldig veldig enkelt å lage det også, det tar basically fem minutter visst du har allerede varm plata, men det er viktig å hugse på at det skal stå ei stund også. Eg lagde det rundt elleve tiden om morgonen og åt det når eg kom igjen i åtte tiden. Med andre ord; det passar perfekt å lage før du skal på skulen, eller dagen før du skal ha besøk. Hugs det smakar like godt aleine som det gjer å dele det med nokre andre. 

Framgangsmåte: 

     – Det fyrste du må gjere er å leggje gelatin-platene i blaut i fem minutt. Eg la dei oppi ei skål med kaldt vatn og lot dei liggje der i 5-10 minuttt. Ein kan eigentleg kjenne på når dei byrjar å bli klare da dei blir som gele og ikkje lenger er faste. 

     – Deretter tek du all saften du treng som er 1,5 dL og blandar med 1dL av vatnet. Dette tar du oppi ei kjele og lat det kokar.

     – Når det kokar dreg du kaserollen til sides og rører inn gelatinplatene til dei går i eitt med den utblanda saften. 

     – Tilsett deretter resterande 2dL av vatnet og fordel det i glas/ skåler eller kva anna du velgjer å ha det oppi. 

     – Tadda, ferdig. Enjoy. 

God torsdag alle sammen, og ein og ein halv time til helj! Herlegheit så deilig, eg har fri i måro og den dagen skal nyttast til det fulle. Denne veka har virkelig gått i eitt med trening, jobb og skule. Tirsdag tok eg på meg ei ekstravakt, onsdag hadde me ide-dag og i dag har eg hengt med den fine bestevenninna mi. Akuratt no sitt eg og høyrer på jazz (ja, trur eg er noko), drikk BCAA og slappar av etter ei innafor treningsøkt. Herlighet så deilig. Dagen i dag har vært så fin, og det var skikkelig deilig med litt kvalitetstid med Astrid mi. Fyrst tok me nokre kule outfit bileter ? som det fyrste biletet ovanfor her, lagde oss mat og såg på nokre program på nrk. Astrid er den venninna mi som alltid er der for meg, stiller opp og er skikkelig kul å henge med. Lucky lucky me. 

I måro er planen å ta seg ei litta tur til ikea med nokre av bestevenninnene mine fra skulen. Skal eigentleg ikkje ha noko spesielt, men kanskje eit nytt nattbord. Som dikka såg i vloggen min er det ein skikkelig ille situasjon her da skapet mitt ikkje fult kan åpnast fordi nattbordet mitt er for “breidt”. Nattbordet er ikkje mitt og høyrer hybeleigarane til, difor kan eg ikkje berre kaste det ut og bruke det som ved. Det blir alltid litt meir enn ein treng på ikea, så me får sjå kva eg kjem igjen med. Heldigvis får eg lønning frå Veekiosken i måro, så eg har noko ekstra å rutte med. Ellers blir det ein real vaskerunde her i måro, da eg ikkje har vaska på to veker. Det blir deilig! Supersusa har kjøpt seg sånn eingangsmopp veit du, så da er vaskinga redda!

God torsdag til dykk alle, og keep on! Det er kun ein dag igjen til helg (aka ein dag igjen til eksamen). I måro skal eg ha psykiatri eksamen, og eg føler det kjem til å gå så bra. Personlig har eg aldri hatt så kontroll på noko før, så eg håpar virkelig det kjem fram på karakteren også. Ein veit jo aldri kva som kjem på eksamen, som for eksempel da me fekk hormon og det mannlege utstyret. Gjett om eg var blank da? For å sei det slik; eg hadde lyst til å krølla den forbanna eksamen og kaste den på læraren vår som tidlegare sa dette var noko me ikkje hadde trengt å øve på. 

I dag gikk eg faktisk ned på skulen, som eg forsåvidt tok førtifem minutt. Fekk no vertfall over seksti prosent på klokka mi, så da er eg fornøyd, heh. I går fekk eg dei nye joggeskoa mine i posten, som eg eigentleg skulle tatt nokre bilder av, dei er nydelige. Anyways, Susannemor lærer aldri og tok på seg dei når ho skulle gå ti mil ? gjett kven som fekk gnagsår? Meg. Men gjett kven som skal ha dei på seg i måro? Meg. 

Eg var litt på skulen, men sida eg føler eg har kontroll så droppa eg det og reiste ned på CC. Lasse liten har bygga om og hadde åpning i dag, og herregud så fin stil det er blitt der. Kanskje eg får tatt nokon bilder der, ettersom eg vurderar å sitte å lese litt der framover. Skal vertfall ta med den absolutt beste, og finaste kjæresten min dit. Snakk om sola, så kjem ho om to veker og seks dagar, gjett om eg gledar meg? Det eg gledar meg mest til er å flytte saman med dama i mitt liv neste år. 

Som overskrifta seier fekk eg kjøpt litt nytt i dag som dikka ser på bilda ovanfor. Søstrene grene har så sinsjukt mykje fint, meir enn ikea vil eg seie. Ikea har kanskje masse sånn fine basic ting, mens søstrene grene har så sinsjukt mykje fint dekor, og eg veit kor eg og jenta mi skal gå neste år når me flyttar. Oh my lord, gledings! Som dikka ser på dei fyrste bilda kjøpte eg såå fin hylle til kun typ seksti kroner, pluss “vasen” for seksti kroner. Det er jo slikk og ingenting. Lysfatet som dikka ser ovanfor fekk eg for kun hundre og femti kroner, ettersom det eigentleg var fullprisa for fem hundre. 

No skal eg ferde meg med blogginnlegget, pakke litt til i måro også skal eg leggje med tidleg for å vere opplagd til i måro. Wish me luck peepz ♥

Good torsdag til dikka alle! Tenk at i måro er det endeleg helg, IGJEN. Synst verkeleg vekene går så sinsjukt fort, og allereie i måro er det to veker til eksamen. What? Kom eg ikkje nettop heim fra Spania, vertfall det eg føler. Så ja, eg veit no at mange har begynt på skulen og kanskje tenkjer: korleis i alle dagar skal eg komme meg gjennom skuleåret?  Vel eg vil prøve å motivere dikka litt, så her er fem tips til korleis eg synst det er lettare å komme seg gjennom skuledagen. 

SAMSUNG CSC

1. Leseintervallar. Dette gjeld dei som les heime, eller går vidareutdanning der ein må lese mykje på eiga hånd. Eg synst det er så sinsjukt distraherande at telefonen berre ligg der, og eg veit at eg får snappar. Det fyrste eg gjer når eg kjem på skulen er å skru av alle varslar, slik at eg ikkje blir distrahert av telefonen som lyser kvart minutt (poppis veit du). I tillegg pleier eg å setje nedtellingen på 40 minutt, slik at eg jobbar da. Også unnar eg meg 10 minutt wi-fi pause. Personleg funkar dette så bra for meg, og eg blir mykje meir motivert. Timane svevar avgårde. 

2. Noter for hånd. Kanskje dette er kun noko med meg som person, men eg tenkte uansett å tipse om det. Når ein skriv på pc får eg ikkje alltid med meg kva eg skriv, fordi det går så kjapt. Å skrive for hånd har hjelpt meg så sinsjukt masse. Eg føler verkeleg at det er skal lese på går mykje fortare inn når eg skriv det ned i ei arbeidsbok. 

SAMSUNG CSC

3. Jobb i grupper. Å jobbe i grupper og snakke om pensum er ein veldig fin måte å repetere på, eller berre få pensum skytt inn i hovudet på. Pensum sitt så mykje betre når ein får lære det på sine eigne måtar, og med sine eigne ord. Eg føler det eigentleg slik at det er når eg kan skrie det med eigne ord, og forklare det på min eigen måte at eg verkeleg kan pensum. 

4. God nista! O M G. God mat er såå motiverande når ein sett seg ned og skal jobbe over lenrge tid. Eg veit at visst eg har med meg god mat blir eg mykje meir motivert til å jobbe, for så å ete god mat i pausen. Det har seg jo også slik at god og sunn mat er veldig viktig for konsentrasjonsevna di, ettersom ein da vil produsere hormon som gjer at du klarar å konsentrere deg og fokusere. 

5. Jobb med oppgåver og tidlegare eksamensoppgåver. På sjukepleien er det eigentleg eit ganske stort pensum i dei fleste fag, så denne gangen har eg bestemt meg for å IKKJE lese perm til perm. Når eg les får eg med meg så lite, så eg lærer mykje betre av å kun lese på oppgåver og tidligare eksamenar. Hugs at det som regel er mange av dei samme oppgåvene som går igjen på eksamen. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Okei folkens, eg lova at dette blir det siste innlegget med bileter fra vakre Spania. Skal prøve å få tatt nokre andre bileter i måro som ikkje omhandlar Spania, men heller min kvardag. Alright? Eg har berre så sjukt mange fine bileter fra Spania som fortjener å skinne litt i dagslys. Torrox er jo berre førti minutt unna denna fine byen som heiter Malaga. Byen hadde dei finaste smågatene, musikk som kom fra spanjolar og sinsjukt fin akritektur. Eg kunne definitivt tenkt meg å feriert i Malaga ei veke, ettersom det er bra shopping, deilig temperatur, god mat og fine strender der. 

I dag har eg basically berre ligget på sofaen etter eg kom heim. Nokre dagar må ein verkeleg berre bruke til å slappe av og samle litt krefter. Kjenner eg blei skikkelig oppgitt i dag når eg ikkje klarte å fokusere på forelesaren, eg måtte basically berre gå ut og lese sjølv. Prøver å bruke ein anna lesestrategi denne gongen der eg berre skal lese på tidlegare oppgåver og fordjupe meg om det er noko eg føler eg må gjere. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC


Fjo! Det var jaggu lenge sida. Tenk at sist eg blogga satt eg i solfylte Spania og blogga fra min lille iPhone SE. Kan ikkje akuratt seie at det er deilig å komme tilbake til denne temperaturen, men er jo greit å vere på norsk jord i det minste. Me hadde jo TIDENES flytur heim med meg som kasta opp så og sei halve vegen, og Tirilmor som kom med astmaanfall. Herlegheit! Det er berre eit ord som beskriver det, og det er kaos. 

Me har fått starta skuleåret med masse spennande psykiatri, og eg kjenner eg skal vere glad når eg har komt meg gjennom pensum. I dag skal eg faktisk ha mitt fyrste dag på den nye jobben. Om eg ikkje har sagt det har eg slutta på den gamle sjukeheimen, og skal byrje der eg hadde praksis. Wi! Eg trivdes rett og slett mykje betre der i forhold til dei ansatte, men også pasientane som ikkje er så “tunge”. Bloggen er noko eg har kjempe lyst til å drive på med, men eg blir SÅ umotivert når kameraet mitt er så shitty. For tiden ser eg på olympus PEN E-PL7 eller sony a5000. Enda så berre ser eg på, men eg har jo jobba masse i sommar, så kven veit? Kanskje det blir nytt kamera. Hadde bo vært cool og hatt eit bra kamera til me skal til Namibia neste juli vertfall.