Rabattkode: 714CS

Happy monday sunshines! Ny veke med nye moglegheitar er i gang, og mi veke er allerde godt i gang. I dag har eg eigentleg berre slappa av, trent og gått meg ein god tur. Når eg kom heim fra trening følte eg berre så for å gå meg ein liten tur, slappe av litt med ein god podkast på øyra. Min favoritt for tiden er treningspodden, og i dag stod det treningspod med flotte Katarina Sollid. Treningsglede var eit av tema som vart diskutert, og eg synest den dama verkeleg frontar så mykje positiv energi, og er skikkelig inspirerande. Annbefalar alle å følgje ho.

For over ei veke sida fekk eg denne fantastiske pakka i posten med SÅ masse digg. No som eg har lagt om kostholdet og eigentleg livsstilen min ganske mykje velgjer eg ofte å gå etter sunnare alternativ som har eit betre næringsinnhald enn til dømes vanleg sørlandschips. Tights er ei nettside som har eit så breidt utval på både kleder, treningsutstyr og ikkje minst matvarer. I tillegg fekk eg med ei litta kode eg kunne gi ut til vennene mine som gjer at de får 50 kroner avslag når de handlar der, i tillegg til å gi meg 50 kroner. Så kjøp i haug og dungar. 


Herre gud for ein dag! I dag hadde me oppstart i kirurgisk praksis og det har vore så mange nye inntrykk, så mykje å lære og så mange nye mennesker ein skal lære å forhalde seg til. Klokka seks var eg oppe, klar for ein ny og lærerik dag. Personleg skjønnar eg verkeleg ikkje korleis i alle dagar eg skal klare å stå opp enda ein time før, men det får no berre gå sin gang. Bussen til Lillehammer var ferdig på null komma niks, kanskje fordi eg las sjukdomslære heile vegen. Alle eg har møtt har vært sånn: kvifor tek du buss? Eg synst buss er chill! Ein kan berre sitje der, høyre på musikk, lese eller sove. Køyrer eg bil må eg halde augo oppe og i tillegg leite etter parkering, win win. 

I dag var det for det meste berre sånn omvisning på både avdeling og litt av sjukehuset, så eg reknar eigentleg den fyrste skikkelige dagen som i måro. Å jobbe med barn blir vertfall utruleg spennande når ein jobbar på eit så flott og stort sjukehus!

Slapp heilt av folkens, eg er ikkje innlagt på sjukehus men har fått ei litta veneflon på klinikklabben på skulen. Klokka kvart over ni var eg og Tirilmor plassert på skulen for å øve oss litt på veneflon, rett og slett fordi me følgte me trengte det ift praksis. Personlig tvilar eg på at eg får brukt det mykje i praksis da eg verken får lov eller har lyst til å stikke på småbarn, som kan få mareritt i seinare alder av at eg ikkje traff. I dag var forresten fyrste gong eg ikkje har truffet på nokre andre enn meg sjølv. Tiril har jo tidenes vansklegaste årer, så det sa seg eigentleg sjølv at eg var heldig som traff på fyrste forrige gong. Sida ho var so snill lot ho meg stikke ein gong til på den andre hånda og der traff eg! Jippi. 

I dag har eg forresten vlogga, deriblant i det ho stikk veneflonen inn i hånda mi. Trur dagens vlogg blir både artig og bra. I måro skal eg ein tur på skulen og forhåpentlegvis får eg begynt litt meir på sjukdomslære. Synst det er skikkelig skikkelig vanskelig å begynne å lese i det faget da det er så voldsomt omfattande og stort. Til min stjerneeksamen las eg BERRE tidlegare eksamensoppgåver, men det trur eg ikkje kjem til å gå her fordi det er såå få spørsmål som kjem igjen og igjen. Etter skulen i måro kjem jo den fine dama mi, og me skal kose oss blant anna på kino i måro. Eg gler meg <3

Heldige meg som fekk ein så trygg og omsorgsfull “sjukepleiar”.

Tenk at eg på måndag startar i praksis på sjukehuset i Lillehammer! Herregud så sjukt. Dette er noko av det alle har gleda seg utruleg mykje til, og eg håpar og trur det blir utruleg bra. Som kanskje nokre har fått med seg skal eg på barneavdelingen, noko som blir stikk motsatt i forhold til kva eg jobbar med no. Eg har utruleg mange forventningar til praksis, både til meg sjølv og til arbeidsplassen. Her er nokre av dei: 

⋅ Eg vil lære meg å connecte med barn. Personleg synest eg dette er svært vanskelig da eg rett og slett ikkje er vandt med å samarbeide eller i det heile prate med mennesker som er så mykje yngre enn meg. Avdelingen min har jo eit aldersspenn frå 0-18 år, så eg må lære å samarbeide med små barn som mest sansynleg nektar å ta vaksine eller i det heile tatt lyttast på. 

⋅ Forståelse av sjukdomslære blanda med praksis. Sjukdomslære er eit utruleg vanskeleg fag, og eg føler det kan bli mykje lettare når eg får mange forskjellige diagnosar som eg kan lese om, og kople saman med pasientane eg har. På sjukeheimen der eg jobbar no går det mykje i dei same diagnosane som høyrer til alderen. Sjukehus har såå varierte sjukdommar då ein kan få inn pasientar med alt frå brannskadar til astma til barn med vokseproblem i ryggmargen. 

⋅ Operasjonen eg skal vere med på BØR vere ein kul operasjon. Eigentleg blir jo alt kult ettersom eg ikkje har vært med og sett på ein operasjon før. Noko av det mest spennande eg veit er jo greys anatomy, så no får me sjå om det er sånn som på serien. Anstesisjukepleiarar og operasjonssjukepleiarar er noko eg også får vore med og sett på, som eg tenkjer kan vere relevant for eventuelt seinare utdanning. 

⋅ Varetaking som student. Opplevelsane til dei eg har høyrt om har vore at Lillehammer er betre enn Gjøvik i kirurgisk praksis. Forhåpentlegvis får eg lære utruleg mykje, og sjukepleiaren eg har som veiledar er flink til å lære vekk og kirurgen eg har under operasjonsdagen er flink og inkluderande. 

Ser dikka den fantastiske forskjellen? Herregud så nøgd eg blei. HAIR på Gjøvik har i tillegg studentrabatt, så for denne fine behandlingen betalte eg rett over 900 kroner. Verdt det! Det er vel eigentleg det har eg har drivet med i heile dag. Sida timen min var klokka tolv droppa eg å reise på skulen kun for ein time. Då timen var ferdig gikk eg og såg litt på CC, ettersom eg har veldig lyst på iPhone 7 pluss. Etterkvart kom eg fram til at det er alt for masse peng, og det er så mykje anna fint eg kan bruke pengane mine på. 

I måro begynnar me seint, aka klokka eitt så det blir ei treningsøkt fyrst. Kaaaanskje eg får tatt nokre fine bileter til dykk? Berre kanskje da, synest det er så kleint å stå å ta bileter av seg sjølv medan ein trenar. Etter treningsøkta skal eg på skulen å lære om kateterisering av menn. Personleg har eg vore med på det eit par gongar da me hadde pasient som måtte eingangskateriserast, og det ser forferdeleg ut. Etter skulen skal eg ein tur på jobb å jobbe eftan. Gledar meg til å sjå igjen mange av dei gode pasientane, sjølv om eg såg dei i går ♥

Tenk at eg, vetle Susanne frå Aordal fekk A på ein eksamen på eit universitet. Hadde nokon sagt det til med hadde eg aldri trudd det. Personleg har eg aldri vore skikkelig skuleflink, heller typ middelmådig. Det lønner seg vertfall å øve på dei riktige tinga, fordi eg fekk faktisk den beste karakteren på ein psykiatri eksamen. We-ho! Når eg fekk vete dette satt eg på bussstasjonen på Gjøvik ved min fine mamma by my side. At alle i familien er så stolte over meg betyr så mykje og eg blir skikkelig glad. 

Lengje har eg sikla på dette bordet her frå jysk, men aldri gadd å kjøpe det. Mitt lille hundrekroners-ikea-bord blei dermed oppgradert med kun litt kontaktplast. Kontaktplasten blei kjøpt på panduro til under hundrelappen og det er fortsatt ein del igjen som ein kan bruke på andre møbler osv. Faktisk så har panduro kampansje ved at du får tre for to, så folkens; no er det berre til å hamstre. 

Er det fredag den trettende i dag? Dette måtte eg nesten dobbeltsjekke. Mamsen er endeleg på besøk i Gjøvik og i dag skulle me ein liten tur til Hamar for å shoppe. Lite visste me om kva som skulle komme oss i møte. Me hadde køyrt drøye førti minutt før me plutselig høyrte ein utruleg rar lyd frå bilen. Heldigvis var det ein nødstopp på sida, så me fekk køyrt inn til sida. Dekket var punktert eller skal eg seie sprengt? Det fyrste eg tenkte var at eg heldigvis klarar å leggje om dekk, ettersom min far lærte meg det. Ånei da! Mutteren på dekket satt bom fast, og me måtte ringe NAF. Når me fyrst fekk bytta om dekk og NAF bilen reiste var batteriet flatt. Derav tenkte me at å komme seg til Gjøvik var den rette destinasjonen. Hehe. 

Ut fra starten på dagen vart jo humøret så som så. Me kom heim, og eg satt sjølvsagt å furta over situasjonen. Heldigvis gjekk den steninga fort over og me tok oss ein tur ned i sentrum. Bilen fekk stå godt i ro, og me hoppa rett og slett på bussen. Gåtur i Gjøvik gård, shoppa og ute å eta på restaurant. Me kosa oss såå masse. I måro skal me ein tur til Oslo, og eg skal på trening med søstern. Me snakkast ♥

Fine fine mammaen min <3

Haustfargar, kirurgisk undervisning og ein herlig dag. Herlighet for ein fin start eg har hatt på denne dagen. Gjett kven som eigentleg skulle opp klokka seks for å trene i dag? Meg. Gjett om det skjedde? Nei. Eg sett meg så flotte og urealistiske mål, som blant anna dette, og eg veit innerst inne at det aldri kjem til å skje. Når valget er der tidleg på morgonen fell nok dommen heller på å dra meg langt under dyna og leggje hovudet på puta ein time til, enn å opp å fullføre 500 barbell challange. Pytt pytt, tek det seinare. 

På skulen i dag hadde me kirurgisk dag med pre, per og post-pasientar. Å bli sjukepleiar er så sinsjukt artig, men det som er ti gongar artigare er å finne ut kva ein skal vidareutdanne seg som. Mine alternativ enn så lenge har jo kun vore jordmor, operasjonssjukepleiar og akuttsjukepleiar, men etter denne dagen har eg fått ein ny kategori. Anestesisjukepleiar. Så spennande, og ein har såå god kontakt med teamet ein jobbar rundt på ein operasjon. Kven veit kor eg endar? Ikkje eg vertfall. Tenkjer at det blir så bra å prøve ut mykje forskjellig og sjå mykje forskjellig no når eg skal ut i fire praksisar til. Fyrst står kirurgisk praksis på barneavdeling, psykiatrisk praksis og til slutt medisinsk praksis forhåpentlegvis i eit heilt anna land. Utveksling er noko eg har kjempe lyst til å få til, så me får berre kryssa fingrar, tær og bein. 

Kor kul er ikkje denne buksa? Eg berre måtte ha den da eg prøvde den. Synest slike kamuflasjbukser er dritkult, sjølv om andre meinar det totalt motsatte. Militærgrønt er jo også så kult til hausten, og eg likar å blande militærgrønn og sennepsgult, ohlala. Buksa og jakka er fra cubus – gensaren frå gina tricot og skjerfet frå holzweiler. 

Håpar absolutt alle har fått ein kjempe fin start på veka, det har vertfall eg. I helga har eg vore på besøk hos “svigerforeldra”, vært i bursdag og feira ni månadar med mi flotte dame. Tok ikkje akuratt med pc på turen, så difor vart det ingen blogging. Som eg har sagt før så har jo eg veldig lyst til å blogge ein del, men er usikker på kva dikka eigentleg vil lese om. KVA SYNEST DU ER INTERERESSANT Å LESE OM? Det er jo så mykje å blogge om, outfit, kvardag (som sjukepleiarstudent), min lille trenings- og kostholdsreise og mykje anna. Så plis kommenter kva dykk helst vil lese om. 

Vidare til dette innlegget. På torsdag prøvde eg og fruen oss på å bake heimelaga polarbrød. For det fyrste var det såå koseleg å bake med kjæresten min, for det andre vart desse polarbrøda så digge!! Dei kan brukast til så masse forskjellig blant anna polarbrød, pitabrød og ikkje minst hamburgerbrød. Det er utruleg enkle å lage så eg tenkte berre å dele den oppskrifta med dikka. 

Det du treng for oppskrifta er: 

♥ 170 g havregryn
♥ 500 g sammalt hvete (finmalt)
♥ 300 g siktet hvetemel
♥ 20 g fersk gjær (blå)
♥ 1/2 ts sukker
♥ 1 ts salt
♥ 4 1/2 dl melk (romtemperert)
♥ 2 dl vann (romtemperert)
♥ 1 dl solsikkeolje

Det fyrste ein kan byrje med er å blande sammen alt det tørre (om du brukar tørgjer, slik eg gjorde). Mange foretrekk også havremjøl i staden for havregryn, og eg har den oppfatning at polarbrøda blir mykje jevnare enn om ein brukar heile havregryn. Har ein ferskgjer må ein sjølvsagt blande ut dette fyrst. Deretter legg du til det blaute og blandar det godt sammen. Det er sjølvsagt ein fordel om ein har kjøkkenmaskin men det går heilt fint å gjere det for hånd også. Hev deigen vidare i 1 time. Når du så tar dei ut kan du anten rulle ut heile deigen og bruke skåler for å få dei runde, eller rulle dei som bollar og slå dei flate. Hev dei så i ca 15 minutt, og steik dei i 7-8 min. For å få dei ekstra luftige anbefalar eg å stikke nokre hol på dei slik eg har gjort på bilda ovanfor.

Happy tuesday, and happy fallday. Som dikka ser skinte sola endeleg igjennom i denna fine byen ved Mjøsa. Det har regna her mange dagar no, så det var utruleg deilig å endeleg få litt D-vitaminer. Søndag kom endeleg dama til meg, og det var såå godt å få ho hit att. Når ho ikkje er med meg føler eg verkeleg at det er noko som manglar i kvardagen min. Ho gjer meg så lykkeleg at eg kan ikkje sjå føre meg eit liv utan ho. Ser verkeleg fram mot å flytta saman med ho neste år, det blir så bra det. 

I dag har me slappa skikkelig av, vært ein liten tur på CC og no ventar me på besøk fra bestevenninne mine. I kveld står spillekveld på tur med masse digg attåt. Fekk snuppa sjølv til å ta nokre bileter av meg, ettersom ho nekta å sjølv bli tatt bilete av. Me skal jo ha ein liten fotoshoot ein dag. Har så lyst på nokre fine bileter av oss hengjande på veggen, og no har eg berre gamle. Føler at ein er veldig flink til å ta bileter ofte når ein har ikkje vært sammen så lengje, men dess lengre ein har vært sammen dess mindre bileter tek ein sammen. Så me har store planar om å ta fine bileter saman. Skal sjølvsagt dele dei her.