Yay, happy lillelaurdag. Onsdagar må sjølvsagt feirast – ettersom me faktisk er halvvegs i denne veka også. Vekene her går så fort, og det samme gjer eigentleg åra. Tenk at eldstemann av tanteungane mine er konfirmant i år, det er jo heilt sjukt.I tillegg er det kun litt over eit år til eg forhåpentlegvis flyttar til Oslo og begynnar på eit av dei store sjukehusa som sjukepleiar. Altså, say what? Flytta eg ikkje til Gjøvik og begynte på NTNU i går? Eg fattar verkeleg ikkje kor tida blir av. 

Etter eg kom heim av tannlegen (som forresten vart ferdig med rotfylling i dag. Hundre gangar hurra) hadde eg lyst på ein real frukost – og bestemte meg derfor for å lage nokre vafler. Per no har eg ikkje noko spesifikk oppskrift eg følgjer, men visst det er eit stort behov fra dikka kan eg ordne ei. Gårsdagens episode av Berit Nordstrand sitt nye program på TV2 bestemte eg meg for å lage sunne vafler. Kvart år for ein gjenomsnittleg nordmann i seg 24 kilo med sukker, kor sjukt er ikkje det? Alt for sjukt, spør du meg. Det er noko kroppen slit med å bryte ned og forbrenne, så alt for masse sukker er ikkje bra for deg i det heile tatt. Sukrin har fungert veldig bra for meg i alle bakeverk, som topping på havregraut og i andre settingar. Eg er no tom for alle typane utan sukrinmelis, så eg må nok leggje inn ei litta bestilling. Håpar alle får ein fin lillelaurdag!

God tirsdag allihopa. Håpar dikka alle har fått ein fin start på denne veka, og at dikka nyter den til det fulle. Personlig har eg hatt ei heilt j***** helg med eit reint smertehelvette utan like. Tanna mi begynte jo å verke for no over ei veke sidan og har vore smertefull heilt sida det. Fredag var eg hos tannlegen i håp om at ho skulle leggje inn ein fylling som kunne redusere smertene litt over helga, men det vart totalt motsatt. Den fyrste kvelden med midlertidig fylling var absolutt værst sammen med gårsdagens natt. Å skylle munnen med kaldt vatn var det einaste som hjalp – så da låg eg her klokka fire på morgonen og skylte munnen med isande vatn, gjennom så og seie heile natta. 

Nok no om den tanna – life goes on. I dag hadde me framføring om den langvarig, kronisk sjuke pasienten. Høyres interessant ut, men eigentleg ikkje så veldig spennande. Godkjent gruppearbeid måtte sjølvsagt feirast på best mogleg måte, nemleg med sushi. Visst du er busatt i Gjøvik, eller ikkje bur så veldig langt unna annbefalar eg Jako på høgaste nivå. Personleg, synest eg at dei har den beste sushien i Gjøvik. Fekk tatt nokre bileter der, som eg prøver å bli flinkare til. Bloggen er virkelig noko som eg synest er gøy å drive med, noko som eg absolutt vil fortsette med så langt det lat seg gjere. Planane for i dag er jo at eg må ha meg ein tur ned på treningssenteret også slappe av resten av kvelden. 

Sjå så fine bestevenninner eg har her på Gjøvik da, folkens ♥

Nei, eg har ikkje gitt opp draumen om å bli toppbloggar enda. Personleg, elskar eg å dele kvardagen med dikka og vise dikka kva eg gjer her i Gjøvik. I dag har eg vore med mine gode venner og hatt litt kaffeslabberas. Kaffeslabberas er eit ord eg aldri har høyrt, men som eg lærte av Iselin. Me følte oss basically som nokre seksti-år-gamle kjerringer der me satt og snakka, drakk kaffi og åt brownies med tressis. Det er faktisk eit tips eg har til studentar som ikkje er Olav Thon – eller med andre ord rike – nemleg kaffeslabberas heime hos kvarandre. Ti gonger billigare og like koseleg. 

I måro er nok ein spennande dag på skulen, da me skal ha trekking av praksisplassar. Herregud som eg gruar meg. For dei som ikkje veit det går eg sjukepleien på Gjøvik, og når me skal ha praksis kan me få plass på institusjonar i heile Oppland OG Hedemark! Altså, i værste fall kan eg ende opp i Otta eller på Jevnaker. Sist gong var eg ein av dei siste som fekk velgja, så lat oss krysse fingrane for at eg trekk eit litt lågare tall denne gongen og slepp å velgje Otta. I’ll sure update you guys. Me bloggast i måro.

Okey, eg trur eg har funnet den nye favorittbuksa mi! På mandag var eg og mamma på CC ein liten tur, og eg prøvde denne buksa på Cubus. Fyrst prøvde eg den i ein litt lysare farge og ein størrelse større, men det var jo denne eg eigentleg ville ha. Ettersom eg har gått ned eit par kilo og nokre centimeter rundtom på kroppen, fekk eg på meg denne i ein mindre størrelse. Eg har hatt ei Gigi Girlfriend jeans før – men den er jo blitt alt for stor! 

I dag er det eigentleg ingen andre planar enn trening og litt jobbing.Ettersom eg skal flytte er det viktig at eg har litt ekstra peng på kontoen, då eg må kjøpe inn litt diverse saker. I tillegg har eg jo lyst til å ta ein tur til Polen og besøke Marta i laupet av hausten, og findings står på planen for sommaren – og da må eg få penger inn på kontoen (sjølv om dei går like fort ut). Gledar meg til å sjå alle artistane som kjem på programmet etterkvart. 

Etter fire månadar prøver eg meg på eit nytt innlegg. Hei igjen! Unnskyld at eg vart vekke så åleine, utan å gi nokon som helst beskjed eller forvarsel på det. Ikkje at eg er Sophie Elise, Caroline Berg Eriksen eller Isabell Raad – men eg har faktisk fått ein del meldingar om kor eg befinn meg i verden, og når eg i det heile tatt skal begynne å blogge igjen. Ettersom eg faktisk elskar å blogge, og det å dele tankar og kvardagen min prøver eg gjerne igjen. 

Det har skjedd så sinsjukt mykje sida sist eg snakka med dikka. Fyrst og framst er eg jo ferdig med praksisperioden (som eg fekk vel bestått) og sjukdomslæreeksamen (som eg ikkje veit om er bestått). Akuratt no er det ikkje så veldig mykje eg skal på skulen, bortsett fra eit par innleveringar og framlegg – så difor synes eg det er perfect timing å starte opp att no. Eg har gått ned eit par kilo, men kanskje den mest sjokkerande nyeheita; det er slutt med meg og Malin. Når kjenslene ikkje er der lengre så kan man ikkje utsette den andre parten for kjærleiken ho legg i forholdet. 


With that said; lat oss gå til dagens innlegg. Ettersom det er morsdag på søndag i tillegg til at mamma snart har bursdag tok eg ho med på spa i dag. På Gjøvik har me eit spa kalla Otium, og det var verkeleg deilig å restituere kroppen der i dag saman med mamma. Tre timar vart tilbragt i bpblebad, med sømjing og ikkje minst berre avslapping. HERLIG! Etter dette gjekk me på CC ein tur der eg fekk kjøpt meg ei ny bukse. Tenkte å visa den til dikka i måro visst eg får tid og ein plass til å knipse bilder på. Deler enda litt fleire bileter fra denna fine dagen.