Er ikkje dette bordet berre definisjonen på eit perkfekt sofabord? Altså, eg er forelska. Etter å ha holdt ut med det typiske ikea-bordet til sytti kroner i eit og eit halvt år var det verkeleg på tide å få seg eit sofabord som passar mykje betre inn. Ellos har virkelig mange fine møblar som ein kan bli hovudstups forelska i, men mange av dei var dyre. Dette derimot ligg på den prisen til firehundre og tjuefem kroner, og melder du deg inn i kundeklubben til ellos får du i tillegg tretti prosent ekstra. Ettersom eg skal flytte om ti dagar tenkte eg eigentleg å vente med å bestille bordet til dess, men eg klarte verkeleg ikkje å holde meg. 

Helga har vore veldig hektisk, og derfor har det vore ganske stille herifrå. Fredag etter jobb klarte eg sjølvsagt å vrikke foten i mørket og enda opp på legevakten på laurdag. Så utruleg kjedeleg! Å vrikke foten er jo noko eg er ganske vandt med, men ikkje så ille. Så da enda eg opp på krykker og bandasje. Prøvde å gå utan krykker i går, men herregud så vondt eg fekk i det eg skulle leggje meg. Må vel berre innsjå at kroppen treng tid til å hæle. I dag har eg fri fra praksis, men skal på kurs på sjukeheimen. Skulle tru eg skulle ha våkna klokka tolv i dag, men neida. I går, som kvar dag, snakka eg jo med kjæresten på facetime. Når ein er i praksis tar det på, og eg kan med hånda på hjartet seie at det slit på deg. Etter ein time på facetime sovna eg fra lys og radio i tillegg til kjæresten. Stakkars fyr. Heldigvis tok han det med eit smil og var like søt som alltd. Måtte alle få ein super tirsdag, og ei fin veke ♥

– Du finn bordet her, eller ved å trykke på nokon av bilda –

Trur du det er noko mirakelkur ein kan følgje for å gå ned tjue kilo? Var det derfor du klikka deg inn på dette innlegget? Da skal du høyre her – mirakelkuren eksisterar ikkje. Pillene og diettane ein kan få kjøpt eller følgje er kortvarige tiltak som ikkje kjem til å fungere over ein lengre periode. Hardt arbeid, sunt kosthold og positiv tankegang er det som fungerar, men kanskje tek litt lengre tid. Etter min forrige vektnedgang gjekk eg opp igjen nesten det dobbelte av det eg gjekk ned, og når eg såg på vekta i sommar traff det meg. Eg har aldri vore så tung, så usunn og i så dårleg form. Å gjere ein endring falt meg ganske naturleg, og det å leggje om livsstilen var lettare enn eg trudde grunna motivasjonen. Så her er nokre av mine beste tips for å få ein vellykka vektnedgang: 

⋅ Bli meir obs på kva du et og drikk. Mange seier ofte at dei et sunt, og drikk kun rikeleg med vatn men opplever fortsatt at dei ikkje går ned i vekt. Eit tips da kan vere å loggføre kva du et i laupet av ein dag, berre for å sjå om det er noko du kan kutte ned på. Eg åt masse usunt utan at eg eigentleg tenkte over at det var usunt, men etter eg hadde skrivet ned kva eg åt såg eg jo at det ikkje var bra for meg. 

⋅ Finn noko som passar for deg! Med dette meiner eg både på matfronten men også på trening. Nokre av oss likar å kun ete salat, utan dressing, utan ost og utan pasta – medan andre elskar det. Visst du så elskar “usunne” matvarer så er det viktig å begrense seg. I staden for å ta på tre store skeier med fetaost kan du ta på ei. I tillegg til kostholdet er trening også viktig – og derfor må du finne noko som fungerar for DEG. Min redning blei gruppetimar som step, spinning og typ sirkeltrening. Andre derimot elskar å springe og klarar å gå ned i vekt med kun springing – men dette er ikkje noko for meg. 

⋅ Nye treningskle som motivasjon. Eg svergar på at treningskle i freshe fargar hjelp såå mykje på motivasjonen og ein har lyst til å gå å visa dei fram til alle på treningssenteret. Mine favorittmerker gjennom denne treningsperioden har blitt Reebok og Gymshark og eg synest absolutt dei har dei finaste treningskleda og dei mest behaglige. 

 

 

Happy friday folkens – og håpar dikka alle har fått ein super fin start på helga me går i møte. Fyrste praksisveka er unnagjort, og det er berre ni praksisveker og ein passeringstest igjen før eg har sommarferie. Tenk på det, og snøen er så vidt begynt å smelta. Spenningen er der for om snøen i det heile tatt smeltar før nasjonaldagen vår. Ein merkar at allereie etter kun nokre dagar føler ein seg tryggare og meir ivaretatt på ein ny praksisplass. Fyrste dagane var eg så låst, og synest det var veldig vanskelig å sjå mennesket bak sjukdommen. Dei ansatte på posten sa at menneskene som er innlagt der er akuratt som oss; det er ei mamma, ein pappa, ei søster, ein bror, ei datter eller ein sønn. Alle er der fordi dei treng hjelp til å behandle sjukdommen, på likt linje med ein som behandlast for diabetes. I dag var eg med på å levere ein pasient til ein anna avdeling, samt brukte nokre timar ute i miljøet med dei som var der. Eg har trua på denne praksisen eg, folkens. Kven veit – kanskje det er psykiatrien eg endar opp i om eit år. 

Etter eg var komt heim tok eg meg ein tur på CC ettersom det var noko eg skulle ha, og gjekk sjølvsagt innom H&M. Vanlegvis finn eg aldri noko der, og generelt synest eg at klesbutikkane kun har drittkleder for tiden. Den gensaren på bilda over er såå deilig at dikka anar ikkje, i tillegg til at eg fekk den for ein hundrings. Det er jo heilt sjukt! Her er det enda såpass kaldt at slike gensarar passar utmerket, og det tenker eg i grunn den gjer heile året. Tenk og kunne ta på seg denne deilige gensaren ein kald sommarkveld. Skjorta under fekk eg for syttifem, og eg synest den var så fin. Faktisk så såg eg på den i Oslo til fyrste daten min med M, men kjøpte den ikkje. Thank God, det var dei pengane spart. No skal eg starte med å rydde, støvsuge og bytte sengeklær til elsklingen min kjem på besøk. Kanskje eg knipsar nokon bilder til dikka fra kvelden? 

Er det fleire enn meg som føler det sånn som i overskrifta? Nemleg at det er tirsdag, men gud det føles ut som mandag. Påskeferien er over, det er fyrste dag i praksis også. Tenk at eg skal tilbringe dei neste ni vekene på den finaste praksisplassen med så fine ressursar for dei som verkeleg treng det. Fyrste tankane mine kring psykiatripraksis var at det kom til å bli vanskeleg å behandle, samt omringe seg denne pasientgruppa. Dette fordi sjukdommen deira ikkje er synleg på lik linje meg eit brekt bein, eller ein operert mage. Å hugse på at desse menneska som eg skal møte i laupet av dei neste vekene er sjuke, er noko som burde bli snakka meir om. Mine tankar er at det er alt for lite snakk og læring om psykiske tilstandar, men at det er så viktig. Alle har ei mental helse, og alle burde hatt rett til fast psykologtime på lik linje som ein har faste helsesjekkar. 

No sit eg i sofaen, sett to episodar av bloggerne (min framtidige serie, tulla) og heve innpå med speltlompelasagne. Eg tenkte også å trene litt, men må vente på nokon som skal hente noko eg selgjer. Viktig å selgje unna litt slik at ein kan tjene litt peng, samt bli kvitt dette til eg flyttar til sentrum. Er det ikkje betre at nokon andre får bruke det, når eg ikkje har brukt for det lengre? Lenge leve gjenbruk seier berre eg. Forhåpentlegvis rekker eg å smette inn ei litta treningsøkt på 360 før dagen er omme også. Håpar alle har hatt ein fin tirsdag (som føles ut som mandag) ♥

Yummy!!

Er eg ikkje flink til å blogge for tiden? Tredje dagen på rad, det er ikkje dårleg meiner eg. Tenk at me allerede er i april og det kun er igjen ein månad til fyrste mai. I Gjøvik har det heile vinteren vore så ekstremt med snø, og fleire av pasientane mine og dei eldre som er busatt her tvilar på at det smeltar til arbeideranes dag. Ettersom eg har sett denne typen innlegg på fleire bloggar, og sjølv synest dei er interessante – tenkte eg sjølv å byrje med dei også. Fleire av bloggane eg les har slike innlegg, men kva dei skal i laupet av ei veke. Mine veker kjem nok til å gå mykje i det samma – nemleg praksis, jobbing, venner og kjærestetid. Difor trur eg me prøver med ein slik månedsplanlegging fyrst, også tek me det deretter. 


 

     − Oppstart i ny praksis! Rett før påske leverte eg inn semesterets siste skriftlege eksamen og kan på ein måte seie at eg er ferdig med eksamenane for andreåret på sjukepleien. Men, me er jo kun i april og dermed er me ikkje heilt ferdig med andreåret. Psykiatripraksisen står så fint og bankar på døra, og eg er klar for å ta den i mot med åpna armar. Min praksisplass blei på Reinsvoll (som er ein del av Sjukehuset Innlandet), og avdelingen eg skal tilbringe dei neste ni vekene på er augenblikkeleg hjelp. Herregud så spennande. Gledar meg masse til å dele tankar og opplevelsar med dikka og ikkje minst erfare det sjølv. Det beste av alt er at eg slepp å gå med uniform, men kan gå med eigne kleder som eg sjølv velgjer.

     − Flytting. Etter å ha budd litt over eit og eit halvt år, og to vintrar her på den landlege delen av Gjøvik føler eg meg ferdig her. Vinteren her er eit skikkeleg hersk og bussrutene er elendige. I tillegg streika jo bilen min i går, og er klar for å vrakast – dermed er eg absolutt avhengig av bra bussruter som diverre ikkje strekk til. Sjølv om eg har  budd landeleg til har eg jo hatt det fint her, men gjett om det blir deilig å flytte meir sentralt og ikkje minst bli nabo til bestevenninna mi? 

     − Vende snuten heim tilbake til sunnheiten og trening. Det er ikkje noko å leggje skjul på at dei siste to månadane har vore prega av ikkje så bra næringsmessig og lite fysisk aktivitet. Som eg skreiv i eit tidlegare innlegg merkast dette på kroppen, og det skal bli deilig å få ein liten “avrusning” fra drittmaten, og prøve å leggje seg i sunne rutiner igjen. No står jo praksis for tur, og dermed er det utruleg viktig å preppe maten, slik at eg berre kan slenge den i sekken og sykle avgårde til bussstoppet. 

     − Bli ein flinkare bloggar. Det er med henda framfor andletet eg seier dette, fordi eg rett og slett føler eg repeterar meg sjølv konstant. Været er lysare, eg har betre tid og ikkje minst kan eg bruke eigne kleder meste parten av dagen. I tillegg er det jo litt interessante ting som skjer i livet mitt for tiden, som eg håpar vil vekkje interessen hos lesarane mine.