Sjå på denne fantastisk fine jenta! Tenk at eg er så heldig å ha ei så fantastisk bestevenninne. Etter mange månadar frå kvarandre var det så deilig å gi denne flotte jenta ein god klem igjen og bruke heile kvelden med ho. Og for ein fin dag me har hatt. Som kvar dag var eg i praksis også i dag, og hadde pedagogisk framlegg angåande etevegring. Eg synest etevegring er så utruleg aktuelt og eit så viktig tema! Kanskje eg skriv eit eige blogginnlegg om det ein anna gong, men det er for mykje å skrive om inni eit anna innlegg. 

Etter praksis gav eg dette perfekte mennsket ein gigaklem før me gikk ut å åt. Fyrst ein gang på Salt & Pepper, også ein til gang litt seinare. Me var såå stappfulle etter middagen så det var ikkje sjans i havet at me fekk ned desserten. To timar seinare tura me ned på samme restaurant for å ete brownies. O M G! Den var så himla god at det ikkje ein gang kan beskrivast med ord, virkelig heaven. Marta skal vere her til i morgon, og planen er å lage deilig frukost til oss før me reiser kvar for oss igjen. Fredag og laurdag har eg jobbing, søndag derimot har eg fyrste fridagen min på lenge. Det blir rart for eg er ikkje sikker på kva eg skal finne på, haha. 

Altså, sjå kor jævlig fin venninne eg har. Tenk så heldig eg er som har verdas nydeligaste menneske som mi bestevenninne. Alle skulle hatt ei Marta, ho lyttar alltid, støttar meg og setter virkelig pris på vennskapet vårt. I love you honey ♥

Hei og velkommen til mitt lille, søte studentkjøkken. Det er ikkje som leiligheta til Lene Orvik, men gi meg nokre år og i’ll get there. Enn så lenge får dette fine trekjøkkenet med litt kvitt innimellom duge. Denne middagen er noko av det mest bedre eg har laga, og tok meg seriøst eit kvarter. Frysen min er full av masse rart som eg berre må tømmast. Laksen var kjøpt for lenge sida, men eg lovar at den held seg så lenge den er fryst. I tillegg er eg ikkje så veldig glad i sånne “tunge” middagar no på sommaren, så difor passa denne middagen perfekt. 

Man kan jo eigentleg ha i det man ønsker i denne pastasalaten, men det er jo noko som er meir obligatorisk enn resten. Ingrediensar som eg trur hadde vore såå godt kunne vært saften av ein halv sitron, litt hakka korriander og mango. Her er vertfall kva eg tok i den; 

· 1 boks med rømme

· Så masse pasta du sjølv vil ha

· To laksefile

· Paprika

· Agurk 

· 1/2 raudlauk

· Krydder av eget val; Tzatziki krydder, timian og salt med basilikum 

 

Begynn med å koke opp ønska mengde pasta og steik laksen. Kutt så opp alle grønnsaker du måtte ønske å ha i, og tilsett tilslutt rømmen før du rører godt om. Eg kan love deg at det smakar så sinsjukt godt og er sunt visst du brukar lettræmme og fullkornspasta. Håpar dikka vil prøve å lage denne retten og smake kor god den faktisk er. 

 

 

 ⋅ ⋅ ⋅ ⋅ ⋅

 

 

 

Tirsdag og smoothie stod på frukostmenyen. Smoothie er noko eg et/drikk så alt for sjeldan sjølv om det er så godt! Og ikkje minst er det jo veldig sunt. Etter gårsdagens besøk på butikken tenkte eg litt på det med at me et så mykje kjøtt i dagens samfunn. Visst me hugsar tilbake til ca to års tid var eg jo faktisk veganar. Tenk at eg klarte å gå fra kjøtt kvar dag, til plantebasert kost i to månadar. For ein omveltning. Med det her meiner eg ikkje at eg skal bli veganar eller i det heile tatt vegetarianar, men redusere kjøttinntaket litt. Det trur eg me alle har godt av. 

Noko anna som har surra rundt i tankane mine siste tida, er det her med plast. Planet plast er eit så viktig og bra program som setter eit perspektiv på eit tema som bør settast på dagsorden. Eingangsplast er noko av det værste og visst du berre tenker over det kan du fylle bæreposar med plast etter kun ein dag heime. Nille har desse sinsjukt søte fleirgangsplast koppane som er geniale visst man skal ha med seg smoothie, heimelaga iskaffe eller berre iskaldt vatn. Best av alt kosta dei berre 39 kroner. 

Ny veke, og tre veker til dette skuleåret også er ferdig. Vent – begynte ikkje eg på sjukepleien for ein månad sidan? Antakelegvis er det litt lengre enn det sida. Om eit år skal eg jobbe som sjølvstendig sjukepleiar, ta beslutningar på eigahånd og gå ansvarsvakt heilt åleine. Ana dikka kor skremt eg blir berre av å skrive det her? 22 år og ferdigutdanna sjukepleiar. Noko av det eg angra mest på er at eg ikkje tok meg eit fri år, levde livet og reiste litt. Takket være dei som pressa meg heime så begynte eg rett på sjukepleien, nemleg fordi det ville blitt så vanskelig å begynne på skulen igjen etter eit friår. Bullshit! Men men, eg er vertfall ferdig å studere om eit år, og da har eg ein utdannelse som eg er garantert jobb i.

I dag tenkte eg uansett å blogge litt om kva som irriterar meg, fordi eg ikkje har hatt eit slikt innlegg før – men også fordi eg elska å lese slike innlegg sjølv. Med det sagt, lat oss berre hoppe i det.

🌸 Folk som kommenterar alt på alle andre. Har ikkje folk nok med seg sjølv? Kva får man som medmenneske ut av å kommentere på alle andre? Det værste eg veit er bodyshaming og slutshaming. Alle kroppar er forskjellige, og det er ingen som er bedre enn nokon andre. Sjølvsagt skal man ikkje vere helseskadelig overvektig, eller undervektig – men dette på fordi det handlar om å vere frisk. Store puppar, små puppar – stor rumpe, liten rumpe, who gives a shit? Også slutshaming burde jo vere eit punkt for seg sjølv! Det er så kult visst ein gutt har hatt femti sexpartnarar, men visst ei jente har hatt sex med tjue er ho ei bitch uten like – i korleis verden er dette okey?

🌸 Unødvendige lydar. Av og til produserar eit menneske så mange unødvendige lydar som får meg til å flippe! Spesielt når det er heilt stille og nokon lagar sånne unødvendige og irriterande lydar har eg lyst til å kutte av vedkommande hendene eller legemsdelane som lagar lydane. Dette kan vere alt fra personar som åpnar chipsposar, tygging av knekkebrød med lukka munn i stillhet (dette er den VÆRSTE) eller generelt tung pusting. 

🌸 Baksnakking. Denne går vel litt inn i den fyrste, men baksnakking er noko av det værste og mest irriterande eg veit om. Framsnakking derimot er noko som eg er skikkelig for. Eg sladrar aldri på den som baksnakkar men eg tenker alltid at; what goes around comes around. 

🌸 Størrelsane på bik bok. Haha, dette punktet er jo så latterlig morsomt! Uendelig mange gangar har eg tatt med meg toppar og bukser i størrelse large som eg ikkje har fått på armane eller over låra. Til og med bestevenninna mi som er ein mykje mindre størrelse enn meg seier størrelsane på bik bok er totalt fucka, og unngår å gå inn der i så stor grad som mogleg. 

Då var dette årets 17. mai også unnagjort! Hadde dikka ei fin feiring i går? Etter kva me såg på TV var det jo såå fint så og sei over heile Norge, og det tenkjer eg at nordmennene utnytta til det fulle. Her på Gjøvik var det blå himmel, men ganske kaldt. Gjett kven som kom til Gjøvik midt på natta til 17.mai, kun fordi han sakna meg. Det var pappa! Haha, neida eg tulla – sjølvsagt var det M. Altså kor snilt gjort er ikkje det? Eg er så takknemlig for denne gutten som har komt inn i livet mitt og berre tatt hjertet mitt med storm. Som avtalt var det champagnefrukost hos meg med rundstykker, godt pålegg og avslutta med ei deilig pavlvoa kake. Turen gjekk så vidare ned til sentrum for å sjå på dei fine bunadane, opp til Haugetun for å seie hei til gamlingane våre for så å følgje M til toget igjen. For å tjene litt cash (som eg forhåpentlegvis gjer på bloggen snart,hehe) gjekk eg på kveldsvakt – og tilbragte nokre timar saman med pasientane mine. 17. mai well spent!

I morgon skal eg på seinvakt, og resterande pinse-dagar skal eg også jobbe. Gjett kven som har lyst til Barcelona liksom, heh. Me har jo booka eit hotel, men ikkje bestilt flybillettar enda. Forhåpentlegvis får me gjort det i laupet av juni, før billettane stig opp til ti tusen per pers. Anyways, her er ein outfit snille Iselin tok da me hadde grillparty. Kor sinsjukt fine er ikkje bilda med sola i bakgrunnen. Lenge leve sommarværet.

Bluse – Cubus, skjørt – Gina Tricot, sko – Skopunkten, veske – “Gucci” (og ja, eg veit eg treng ei ny veske)

Nok ein solfylt dag har passert, og så gode minner var skapt i dag. Vennene mine er så gode å ha på dagar som dette da ein virkelig berre vil slappe av, snakke dritt og kose seg. Ei av venninne mine leiger jo leilighet med takterrase, som sjølvsagt måtte prøvast ut. Det var så deilig å berre sitte der, nyte sola som var med oss heile kvelden og ha ein fin kveld i fantastisk selskap. 

Praksisdagen var over og det er få dagar til 17.mai. Om to dagar er det nasjonaldag og tradisjon tru skal me lage oss frukost, samt ete kake og sjå russetoget. Skal prøve å få knipse nokon fine bilder til dikka, ettersom været også visstnok skal vere på topp. Ønsker dikka alle ein fin onsdag i morgon, og håpar dagen dikkas blir fylt med lykke og glede (og sol). 

Mandag betyr ny veke, nye muligheitar og ikkje minst nye planar. Tenk at denne veka er det 17. mai! Altså, var det ikkje nettop julafta? Været den siste veka har vært heilt upåklagelig, og det er så kjedelig at det er praksis når været er sånn det er. Hadde me hatt undervisning kunne eg brukt enda fleire av timane av døgnet ute i parken og fått litt farge på denne kvite kroppen. I morgon er det meldt like fint, og da skal me ut og grille og innta litt D-vitamin. 

Morgonen starta med å gjere ferdig ein innlevering som me hadde til i dag. Kvar praksisperiode skal me skrive refleksjon, der me reflekterer rundt ein opplevelse me har vært med på. Refleksjonen eg skreiv no handla om belteleggelse, noko som er så interessant og spennande. Media framstiller det jo heilt feil, fordi beltereglane er veldig strenge og det blir kun brukt der pasienten er i fare for eiget, eller andres liv. Så ja, eg tenkte berre å stikke hovudet mitt innom før eg skal preppe litt mat. Me talast <3

Sunday funday blei tilbrargt på jobb, klesvasking og bestevenninnekos. Klokka sju ringte alarmen og sola titta inn i vingauga (som eg forøvrig ikkje har skaffa gardin til enda). Å sykla tre minutt for så å vere på jobb gjer såå godt i forhold til å gå i førtifem minutt. Det merka eg verkeleg den helga her. Praksis tar skikkelig på, sammen med at eg jobbar annakvar helg og faktisk alle raude dagar i mai. 22 vakter på rad er det som står på planen no. På ein måte er det litt deilig også, ettersom M begynna med ramadan straks. Han kan ikkje klemma meg, kyssa meg eller holde hender så me møtes ikkje på ein måned. Det kjem til å bli drit tøft, ettersom me er blitt veldig vant til å sjå kvarandre nesten kvar veke. Jobb og trening får fylle kvardagen, slik at eg slipp å sitte heime å tenkje på han heile tida. 

Det har vore heilt nydelig vær også i Gjøvik dei siste dagane, og no på kvelden kom det seg faktisk litt – noko som resulterte i at eg og Astrid fekk knipsa nokon fine bilder. Moglegheitane er så mange fleire her i sentrum, enn oppe i skogen. No høyres det jo ut som eg hadde det heilt forferdelig på den forrige plassen, men believe me – eg likte meg ganske godt der også. Resten av kvelden skal eg bruke på å lakke negler, ta ansiktsmaske, tenne masse lys og lade opp litt batteri til nokon heftige veker framover. Lite tid kan også resultere i lite blogg, men eg skal forsøke alt eg kan for å holde dikka oppdatert. Bloggen er noko eg trives meir og meir med. 

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kjolen er fra Indiska og skoa er fra Skopunkten

God morgon fine blogglesarar ❤ Håpar dikka er klare for helg? Her er det vertfall jobbhelg som står på planen, og eg reiser fra Oslo i morgon tidlig. Før eg flytta var det så slitsomt å komme seg på jobb. Bussen gjekk alltid ein halvtime/ time etter eg var ferdig eller eg kunne gå i førtifem minutt. No derimot – fem minutt med sykkelen og eg er på plass, deilig eller kva? Medan eg skriver dette innser eg kor sjukt i-lands problem dette er. Altså flyktninger brukar heile dagen på å gå, BARFOT, men eg klagar på å gå førtifem minutt. Herregud, for ein verden me lev i. Tar ting verkeleg for gitt!

Eg og M har snakka ein del om sommarplanar, og me har veldig lyst til å ta oss ein liten tur før eg skal på findings. Å nyte utsikten fra Eiffeltårnet eller ligge og chille på ei strand i Barca er alternativa. Paris er ein plass eg alltid har hatt lyst til å reise sammen med ein eventuell kjæreste. Flybillettane ned dit er billige, og hotellprisen er ikkje så ille. Det einaste som skiljer dei to plassane er at eg trur prisane for å leve er mykje dyrare i Frankrike enn i Spania. På den andre sida kosta det jo meir å reise til Barcelona enn til Paris. Eg veit virkelig ikkje, treng litt tips. Har dikka vore i Paris eller Barcelona før – eventuelt kva anbefalar dikka?

Lat oss berre lukke augene våres, for så å nyte desse sinsjukt fine dagane. Etter tre-fire dagar med sol, blå himmel og fine temperaturar blir eg så lei meg når eg ser det skya over. I Oslo har det vore så sinsjukt fint vær heilt til no, høyrte det første tordenet utanfor akuratt no. Eg tenkte meg faktisk ut på ein liten joggetur, men me får heller sjå an om det sluttar å regne. Viktig å få bevegd kroppen litt sjølv når ein er på «ferie» i Oslo. Etter eg vart sammen med M har eg brukt masse tid i Oslo, og eg kjenner eg gleda meg så masse til denna plassen blir heimbyen min. 1 år igjen.

Sola strålte inn gjennom dei lystette gardinene i dag tidlig, og dagen har vært så fin! Eg og ungane gikk ein tur på leikeplassen og planen var å kjøpe is etterpå. Greia med barn er at dei dett og slår seg, og planane kan dermed bli endra. Etter eitt lite fall vart det strake vegen heim og iPad resten av dagen. M kom faktisk også oppom nokon timar. Så koselig. Eg synest det er så deilig at han kjem overens med familien og nydelig med barn – det betyr virkelig at eg har valt rett type. Korleis av desse siste innlegga er det som ikkje omhandler han? Eller vertfall ikkje der han blir nevnt? None! Nada! Vel, det er han som er livet mitt asap, så sånn er det. Håpar dikka også har hatt fine dagar i desse nydelige sommardagane 💋