Grill, pølser, tjueseks grader, kjærlighet og deilig musikk – kan denne onsdagen bli betre? Verkeleg ikkje. Å sjå kjæresten igjen gjorde så innmari godt for kropp og sjel at det føltes ut som eg inntok ei lykkepille. Avstand er noko eg både sett pris på, samtidig som eg synst det er så hardt. Godt på den måten at man blir heilt nyforelska kvar einaste gong ein møter blikk, lepper og kroppane til kvarandre – og vondt fordi eg helst vil kysse og være kjærestar på heiltid. Deltidskjæreste derimot, føler eg kan holde gnisten i forholdet lengre sida ein ikkje så fort blir lei kvarandre. Deilig. Kvar gong eg ser i dei brune augo hans, når han smiler sånn skikkelig av ting som normale mennesker ville tatt for gitt, gjer at eg skjønnar kor uendelig heldig eg har vore. Så tusen takk for at dikka fant denne FANTASTISKE mannen for meg Tinder. I ❤ YOU

På praksis hadde me undervisningsdag i dag, med litt forskjellige tema. Det mest spennande var nok å lære litt meir om psykose. Noko av det mest interessante eg har opplevd hittil i min praksisperiode er psykose som har skjedd grunna rusmiddel hos eit ungt menneske. Før var mitt syn på rus veldig mykje annarledes enn det er no, men etter eg fekk oppleve kva som faktisk kan skje, er eg heilt i mot det. Ein veit verkeleg aldri kva rusen kan gjere med hjerna di. At eg skulle bli så skremt av ein episode er noko eg aldri hadde trudd. Det er masse som ein lærer i psykiatripraksis, og det er ein totalt annarledes måte å jobbe på enn på ein sjukeheim. Mentalt er det mykje tøffare enn eg har vært vandt med fra før. Neste veke blir det sjuande veke der, og kun fire veker gjenstår før ein passeringstest etterfulgt av ❤ sommarferie ❤. Måtte alle dikka fine bloggleserar ha ei fin onsdagsnatt, så kjem det eit innlegg så fort som mogleg.

♥ Nyte fyrste utegrilling! Den kommande veka er det meldt strålande vær, så eg tenkte at eg faktisk skulle ut, få meg med nokre gode venninner å fyre på ein eingangsgrill. Det må verkeleg vere noko av det mest koslige med sommaren, nemleg utegrilling, musikk, seine kveldar og godt selskap. 

♥ Gå fleire turar. Det er jo ikkje akuratt så veldig mange toppar i Gjøvik, men eg er jo ein del i Oslo også, og veit det er mange fine turar å gå der. Fine toppar er det jo her heime i Årdal, men eg bur jo ikkje her lengre, så blir det blitt langt å komme hit kun for å kanskje gå ein topp. 

♥ Opprettholde/forbetre blogginga. Dei siste dagane no har jo eg vært heilt konge når det kjem til bloggen. Eg har klart å  fått ut eit innlegg for dagen, og dette er noko eg så absolutt har lyst til å opprettholde. Synest jo det er gøy å blogge, samtidig som eg kanskje blir nokre skritt nærmare draumen om å bli toppbloggar? Hehe.

♥ Kjøpe min fyrste bukett med peoner. Denne typen blomst er jo heilt nydelige og eg lovar at dei ser så fantastisk fine ut på stovebordet. Dei ser akuratt like fine ut anten dei har spruttet ut eller kun er i “skallet” sitt. I tillegg held dei jo mykje lengre enn for eksempel roser, så da har eg dei enda lengre. 

♥ Fortsette med sunne valg, men stramme litt ekstra inn. Alle som har fått seg kjæreste veit sikkert kva som skjer med sunnhet da. For oss har det ofte blitt å ete ute, gå på Mcern eller ta usunne valg til kveldskos. Denne månaden spørst det om eg skal møte M i det heile tatt, da han har ramadan, så da får jo eg ta litt sunnare valg når han ikkje er tilstades. 

♥ Nyte vannmelomtiden. Eg trur faktisk det er vannmelontid heile året, men det er jo fyrst no dei er blitt oppskåren og begynt å selgast delte på butikken. Min kjærlighet for vannmelon er så sjukt stor, og det er verkeleg noko av den beste frukta eg kan få på ein varm før-sommardag. 

♥  Starte opp den nye avtalen med jentene. Når man er student i praksis har man ofte lyst til å møte kvarandre for å dele opplevelsar, erfaringar og tankar kring praksis. Kaffeslabberas blir ofte servert saman med is eller brownies, som ikkje er så veldig sunt. Etter å ha lest i eit magasin om denne iden, spurte eg jentene og dei sa at det var ein så god ide. Ideen handlar om at me ein gong i veka lagar sunn mat som me kan sette oss sammen og ete i lag. GENIALT!

 

Da var dagens konfirmasjon unnagjort, og FOR ein fin dag. Denne gutten dikka ser ovanfor er nødt til å vere ein av dei mest fornuftige, kjekkaste og mest omsorgsfulle tenåringane eg kjenner. Føler det kun er nokre år sida han låg i armane mine som ein liten bebbis, men allerede no er han konfirmant – så sjukt. Når familien samlast er det så koselig, berre dumt det alltid må vere noko som må skje før me kan møtast. Gudstjenesta var jo så som så, ettersom eg ikkje akuratt er så kristen, men altså sjølvsagt stiller man opp. 

Maten var jo så god, samma med kaker og dessert. Nam. Føler eg er mett til og med til neste søndag, haha! Det som er litt morsomt er jo at dei som ser eg har gått ned så masse trur eg ikkje kan ete sånt. Vel, eg trur faktisk eg er ein av dei som åt mest der i dag. Derimot er jo ikkje dette noko eg gjer kvar dag, men sjølvsagt er det kjempegodt nå ein fyrst skal hive innpå med kaker. Tenkte vertfall å dele litt bileter med dikka, sida det er det eg likar best med å lese bloggar – nemleg sjå på bileter.

Drømmejobben din, sånn egentlig?

Det finst så masse spennande ein kan jobbe med. Sjukepleiar er jo det eg blir om eit år, men om det er det eg eigentleg vil jobbe med? Har ikkje peiling. I det siste har jo eg interessert meg så masse for trening og kosthold, men markedet for å drive med det er svært vanskeleg. Blogging er jo også noko som hadde vært sjukt deilig å leve av, spesielt når ein toppbloggar tjenar det dobbelte av ein lege og sjukepleiar i månaden. Reelt? Nei. Draum? Ja.

Hvilket talent ønsker du deg?

Er det eit talent å kunne lage mat? I såfall vil det vere noko av det eg absolutt kunne ønska meg. Til og med kjæresten min seier det at eg er flink til å lage taco, eg er ikkje flink til å lage mat men taco. 

Det mest avslappende stedet du har reist til?

Personleg er eg ikkje den som har vært mest på reisefot, sjølv om det er noko eg skulle ha ønska. Stedet treng jo forsåvidt ikkje å vere eit land, men kan jo også vere ein spesifikk plass. Eksen min tok meg med på spa på Vestlia noko som var det mest avslappande eg har vore med på nokon gang. Stillhet, varmt vatn og kvilepuls fordelt over tre timar var verkeleg deilig. 

Beste måten å starte dagen på?

Sammen med M ved sida av meg i senga som gir meg eit kyss og kviskra god morgon. Deretter lage ein deilig frukost til han. Funfact: I denne månaden me har vært sammen har eg laga frukost til han kvar einaste morgon eg har hatt moglegheit. Mange bestiller noko, men eg synest det er deilig med brødmat, pålegg og tente lys. Mange hadde ikkje orka å lage frukost, men eg lova at når nokon er såå takknemlig for noko blir det berre noko man gledar seg til å gjere.

Hvilken filmsjanger er din favoritt?

Oi, så vanskelig spørsmål. Eg er eigentleg ganske stor fan av å setje på ein dokumentar som har litt meir meining enn kun ein action-film. Grinefilmar som Titanic, The Notebook og den typen er også noko eg trives skikkelig godt med. Sjangeren eg hatar er action-filmar, medan M elskar den. 

Hoppe i fallskjerm eller hoppe i strikk?

Kven av dei er det tryggast å vere med på? Haha, neida. Begge to skapar jo eit sinsjukt adrenalin-kick, så det er eigentleg eit så vanskelig val. Hoppe i strikk er jo mykje fart og spenning, men i fallskjerm får ein jo ei heilt VILL utsikt, samtidig som det også varar lengre (derav lengre tid til å nyte utsikten). 

Noe andre mennesker digger,
men du bare ikke forstår?

Harry Potter, Game of Thrones og Ringenes herre. Altså, kva er greia med sånn utenomjordiske seriar og filmar? Hundre prosent ærleg, eg har aaldri skjønt greia med det. Aldri. Eg sljænnar at det er noko som skjer og at det faktisk er ei handling, men det er jo så langt ifrå sant som det går an å bli. Men altså all respekt til dei som vil sjå det.

Hvilken filmtittel beskriver deg?

What is this question? Hadde det vært ein film som hadde blitt kalla Beautiful hadde eg jo kunne sagt den, hehe neida. Men nei, eg har faktisk ikkje eit skikkeleg svar på dette spørsmålet.

Hva holder deg våken om nettene?

Det er masse tankar om alt og mogleg som varierar fra gang til gang. Når sant skal seiast er det ikkje slik at eg plagast med tap av nattesøvn, heldigvis søv eg veldig godt om nettene med god søvnkvalitet. I det siste har eg tenkt masse på elsklingen min som eg har vært så heldig å kapre. Livredd for å miste han da eg aldri har hatt det så fint med nokon før, og aldri følt at nokon kan gjere meg så lykkelig. 

Noe du gjør, men burde slutte med?

Overtenke absolutt alt og tenke alt for langt fram i tida. Er så elendig på å nyte korleis eg faktisk har det no og tenke over alt som muligens kan skje og ikkje skje. Livet er jo ganske herlig akuratt no, eg har peng som eg klarar meg, eg tar ein utdanning som eg garantert får jobb i, eg har verdens beste mennesker rundt meg og bur i eit av verdens beste land ♥

Ny leilighet betyr nye bloggbileter eller house-tour video. Ettersom den nye leiligheten kun er på eit rom, tenkte eg heller å vise den i bileter enn å filme eitt og samme rom gjennom ein video som ein berre må dra ut for å få den til å bli lang nok. Dei som har fulgt meg på bloggen eller youtube lenge har sett den tidlegare leiligheten min som eg faktisk har laga aparment-tour på. Femti minutt unna sentrum, venner og treningssenter fekk eg etter to år nok og fekk fingeren ut og tok eit tak. Allerede i juni søkte eg om ny bolig og fekk, men hadde da ikkje sagt opp den gamle og hadde verkeleg ikkje råd til å betale tolv tusen i månaden på buutgifter. Månadar og ein oppsigelse seinare fekk eg endeleg plass dit eg hadde mest lyst, nemleg til sentrum studentboligar. No har eg matbutikk to minutt unna (dette er fakta!!), bestevenninna mi bur to etasjar under meg og treningssenteret er fem minutt unna – kor fantastisk? 

Bildene viser jo litt korleis det ser ut der med tanke på interiør og møbler. Alt i alt blei eg til slutt veldig fornøyd med korleis det blei sjåande ut, og at eg fekk sovekrok, tv-krok og spisekrok. All in one. Møblene vart kjøpt inn på mandag og me ha eigentleg brukt tida sida det på å flytte, vaske og snekkere. Det blei masse unødvendig styr med den forrige hybelen så heile laurdagen gjekk jo nestne kun til å skaffe ei ny benkeplate som måtte monterast. Ein ting lærte eg vertfall av det; ALDRI skjær utan skjærebrett under. 

Oh my lord! Sjå på den deilige karen der da, og tenk at han kun er min. Fytti rakkern, snakk om bra tinder-match. Fjo, dagens utblåsning over kor heldig eg er. Og ja, eg veit det ikkje lengre er fyrste mai – men det var jo tross alt i går. Etter fleire timars lange samtalar til klokka tikka fire var det ikkje akuratt cool at toget spelte drithøg musikk klokka ni, men det var eit sikkert teikn på at fyrste mai var i gang. På Gjøvik var det generelt dårlig vær, og eg veit at oppi høgdene var det faktisk snø i går. Altså!! Snø på fyrste mai? Ja, sånt skjer vel kun her. Med besøk fra kjæresten blei dagen alikevel veldig, veldig perfekt. Alle dagar med den karen her er så bra og han får meg til å føle meg så bra. Kan med hånda på hjartet sei at eg aldri har sett makan til type. Så snill og god, samtidig så HIMLA kjekk. Korleis blei eg så heldig da folkens? Help me understand. 

Dagen starta jo med ein deilig frokost. PS: Eg laga frokost kvar einaste dag til denna kjæresten min – rett og slett fordi han sett så sjukt pris på det og dermed blir ein meir gira på å fortsette. Astrid ringte meg etter frukosten for å seie at ho og Ingrid kom oppom ein tur for å hilse på M. Etter dei reiste drog me oss ut av døra og ned på plantasjen der eg fekk kjøpt med tidenes kulaste plante – i’ll show you later. Kjæresten var svolten, så da enda me opp på Khalles Corner for å fylla på litt bensin. Resten av kvelden blei eigentleg berre brukt til avslapping og masse kos. PERFEKT fyrste mai, og eigentleg ein perfekt dag ♥ I feel so blessed. No må eg få rydda litt her, samt ta nokre bileter av korleis den nye leiligheiten ser ut. Det blir bra, eg lovar.