Ja, eg veit den lappen bak der er så sjukt irriterande – men alle av dei resterande bildene blei berre sjukt rare. No er det så typisk at ingen hadde lagt merke til det, om ikkje eg hadde sagt det. Ja ja, alt må ut. For ein treningsdag dette har vore allerede! Klokka halv ni var eg oppe for å sole meg. Sola skinner i dag, og sjølv om det ikkje er så varmt, var det jo veldig deilig å komme seg tidleg ut. Skal eg vere ærleg fraus eg faktisk litt mens eg låg der, og gikk derfor inn. Eg synst faktisk det er sjukt kjedelig å sole seg, så eg tenkte eg heller skulle finne på noko. Joggeskoa kom på og eg la ut på den 8 kilometer lange turen min. Eg jogga mesteparten bort og gikk fort tilbake. Jogging og soling er rett og slett noko av deg kjedelegaste eg veit. 

 

Vidare tok eg med meg strikkane mine og kettlebellen min ut for å trene litt styrke. Eg tenkte på å trene ute visst det skal vere slik vær i heile sommar, ettersom det gir meg så mykje meir motivasjon. Eventuelt ta to økter i veka inne på treningssenter. Who knows. No skal eg rydde leiligheten, vaske golvet, lage noko deilig mat for så å legge meg litt nedpå. Er eg heldig klarar eg å sove til klokka slår halv ni, men reknar egentlig ikkje med det. Me kryssar fingrane. Uansett fra forrige treningspost vart det ønskelig at eg delte treningsøktene mine, så sånn skal det bli:

 

· KNEBØY MED KETTLEBELL – 15 X 4

· EINARMS ROING MED STRIKK – 12 X 4 (PER ARM)

· EITTBEINSMARKLØFT MED KETTLEBELL – 12 X 4 (PER BEIN)

· PUSH UPS – 10 X 4

· GÅANDE UTFALL – 12 X 4 (PER BEIN)

· SKULDERPRESS MED KETTLEBELL – 12 X 4 (PER ARM)

· HIP THRUST MED KETTLEBELL – 15 X 4

 

 

 

Alt du trenger for ei fantastisk treningsøkt!

 

Om det er deilig å starte dagen med ei ny, fersk ansiktsmaske? Hell yeah. Når eg var i Oslo forrige torsdag var eg og Jonas innom Lush for å sjå litt. For ei luftbombe man går i mot i det man passerar inngangsdøra der. Ettersom eg lenge har vore plaga med raudheitar i huden fekk eg annbefalt denne maska. Lush har jo ferske, håndlaga masker – noko som er eit sjukt pluss. I tillegg testar dei ikkje på dyr og driv med bærekraftig produksjon. Bra for både naturen og bra for deg. Eg skal vere heilt ærleg og seie at eg ikkje har merka noko stor forskjell etter kun ein gongs- bruk, men eg reknar med at det blir betre dess lengre ein brukar den. 

 

I dag er siste kveldsvakta mi før eg skal på mi aller fyrste nattevakt. Erfaringane mine fra tidlegare nattevakter er nettop det at eg blir sjukt skei når eg jobbar natt. Oppblåst mage, kvalm og eit enormt søtsug inntrer når klokka nærmar seg fire og fem. Derfor skal eg ha med meg ei god nistepakke, samt satse på at pasientane mine søv godt. Kjipt å vere åleine på avdelinga visst det plutselig skulle bli mykje uro, og ikkje minst fall. Fingers crossed. Apropos mat, gjett kven som nettop åt frukost? Hehe, well that’s me. Eg var faktisk oppe klokka halv ti – men ettersom eg har drivet å rydda litt og styrt litt blei det ikkje mat før no. Viktigast er vel at ein uansett får i seg noko. Håpa dikka får ein nydelig torsdag, for i morgo er det helg! ♥

 

 

Altså how cute?? Denna parfymen er jo berre så sjukt søt, så deilig og så fin innpakning. Etter to månadar utan parfyme og med Victoria’s Secret bodyspray var det på tide å kjøpe inn ei ny parfyme. Etter mykje lufting fant eg ut at det var denne som skulle bli med meg heim. Den siste parfymen eg hadde var jo Si fra Giorgio Armani, men det var godt med ei litta utbytting. For meg var det viktigast at parfymen lufta litt friskt no som det faktisk er sommar. 

 

I dag har jo eg hatt fri, og ein skulle tru at dagen har blitt bra utytta – men neida. Eg sovna eigentleg ganske seint i går, ettersom eg lenge såg på film. Samtidig låg eg og tenkte litt på dette bruddet, og kor sinsjukt mykje eg ikkje mista. M har ikkje skrivet til meg sida den dagen eg slo opp, ikkje sendt ein einaste snap eller vist noko interesse. Det som er mest vondt er jo kor mykje omsorg og kjærleik eg gav, men så får eg det her tilbake. Innser vel eigentleg kor lite eg mista, og kor mykje han mista. Alikevel synest eg han burde vise respekt og spørje korleis det går, eller i det minste svare på meldingen eg sendte til han på laurdag. Ja ja, not my loss. I morgon er det kveldsvakt igjen, før det blir to dagar med jobb og to dagar med fri. Deilig ♥ Håpar dikka har hatt ein nydelig tirsdag. 

 

 

Mooonday here we go again. Tenk at me fekk starte denne veka med nydelig vær da folkens! Så deilig å ha sola og varmegradene tilbake – samtidig som det ikkje er så sjukt varmt som det var i mai. Det er rett og slett ein deilig temperatur ute. Sola og temperaturen skal nytast med ein gåtur (sjølvsagt med treningspodden på øyra) samt litt styrketrening etter gåturen. Skulle veldig gjerne ha jogga, men synst ikkje noko om å jogge på steinhardt underlag – sjølv med tidenes beste joggesko (HOKALOVE!). Eg må opp til gamle leiligheten for å sjå om det har komt noko post. Adressa mi vart jo endra for over ein månad sida, men ingen post har komt. Værst av alt har ikkje det nye Shape Up bladet mitt komt, drittrist. Såg i tillegg at Lotte Oxholm hadde laga ei treningsøkt som ikkje krever noko utstyr, så da passar jo det perfekt i dag. 

 

Kva tenkjer dikka om trening for tiden eigentleg? Eg veit mange som les bloggen min har sommarjobb og jobbar for harde livet. Tru meg, eg kjenner på at det deiligaste hadde vore å slengt seg ned i sofaen med ein iskald pepsi og litt sjokkis – men trening i sommarferien er veldig viktig. Don’t waste what you started. Alltid når sommarferien kjem blir eg demotivert og sliten av all jobbing, men hugs at tre fantastiske treningsøkter er mykje betre enn dem elendige. Forrige veke fekk eg faktisk tre ganske bra økter, og eg er så fornøyd. Kanskje det er av interesse at eg deler nokre av øktene mine her? ♥

 

 

 

 

 

 

 

JAKKE ZARA ⎟SINGLETT CUBUS ⎟ BUKSE MONKI ⎟ SEKK CMYK ⎟ SANDALAR BIRKENSTOCK

 


 

Long time – no see. Og eg som var SÅ flink til  å blogge. Det har skjedd masse i det siste som har gjort sitt til at motivasjonen min datt langt ned. Eg og M er ikkje lengre kjærestar, noko som gjer skikkelig vondt. Det føles heilt forferdeleg når man legg hjartet sitt i å elske eit menneske så høgt, men ikkje får noko tilbake. Den siste tida me hadde sammen merka eg at noko ikkje var som det skulle, og det vart slutt for to dagar sida. At det suger, ja! Men eg har det ti gongar betre, og fortjener så mykje betre enn nokon som behandlar meg som lommerusk. Peace and love ♥

 

Ellers så er sommarjobbinga starta for fult, og eg er rutinert for å jobbe på heimen heile sommaren. Heldigvis har eg rundt ei veke fri i juni, og eg har sinsjukt lyst til å reise på ein tur, heilt åleine. Ikkje fordi eg er tapar, men fordi eg alltid har sett opp til dei som tør å reise på tur åleine, oppleve verden og kose seg i eiget selskap. For ei stund sida satt jo eg meg faktisk på Gul åleine, las ei bok og kjøpte meg ein kaffi. Det var noko av det mest befriande eg har gjort, og eg følte meg så fredleg når eg satt der heilt åleine. Om det blir noko tur åleine må eg sjå an, men eg tvilar. Har bestemt meg for å bli litt flinkare til å spare, så me får jo berre krysse fingrane for at eg klarar det. Håpar dikka har hatt ei utruleg fin veke. Love you all

 

Lat oss berre snakke om denne fantastiske serien. Faktisk så får eg litt sånn Sex & The City vibber av den, og kjenner at eg gledar meg til kvar episode eg skal sjå. Eg har sett heile sesong 1, men driver no på med sesong 2. Grunnen til at eg vil annbefale akkurat denne serien er vel fordi eg ikkje føler det er så mange som veit om den, eller har sett den? Kanskje eg tar totalt feil – men uansett så er det kanskje greit å vite at sesong 2 er på NRK!

 

Serien handlar rett og slett om tre jenter som er svært forskjellige, men samtidig like på mange område. Alle brenner for å skrive, mote og kjærlighet. Gjennom serien får vi sjå korleis desse jentene utviklar seg til å bli noko dei sjølv aldri trudde dei kom til å bli, være med på ulike kjærleiksforhold og dramatiske stunder. Serien er kanskje ikkje noko man blir heilt oppslukt av, men samtidig er det deilig å ha ein serie som ein kan sjå på mens man bloggar, strikkar eller what so ever. Serien kan du finne på NRK, eller andre plassar på nettet.  

 

 

FØR:

 

 

ETTER:

 

 

Åh, eg er såå fornøyd med den lille oppfriskningen eg fekk i dag. Kanskje dikka ikkje ser det så godt, men botnen er farga lysare, litt lyse striper i lengdane og håret er mykje kaldare. Best av alt luftar håret mitt fortsatt dritdigg, du veit – sånn håret alltid luftar etter du har vore av frisøren. Så ja, det er vel det eg har gjort i dag? Vore av frisøren i to timar, gått ei litta tur innom CC og sett litt samt trent. Det er lenge sida eg sist trente og i dag fekk eg fingeren ut, kjøpte kettlebell og trente ei herlig økt i parken. Tenkte faktisk å leggje den ut for dikka i morgon, om det er interesse for det. Ellers så ventar eg berre på at telefonen skal ringe å få vite at søstern skal føde. Som eg gleda meg til å møte lille prinse, Hakeem!

 

Just me and this girl chilling in the sofa. Igjen, tenk kor heldig eg er som har så sinsjukt mange bra venner i livet mitt. Denne frøkna vart eg jo kjent med gjennom jodel, og me har vore bestfriends sida day one. Så litt ros til denne frøkna. Denna bitchen her har vore med meg gjennom masse dritt og masse bra. Ho har vært bestevenninna mi gjennom mange forhold og har lært meg at man må elska seg sjølv før man kan elska nokon andre. Ho har lært meg at man er bra nok uansett korleis størrelse, farge eller legning man er. Ho har lært meg at det er noko vakkert med kvar einaste menneske, og at det er viktig å setje pris på at man har ein frisk og velfungerande kropp. Ho har rett og slett lært meg kva ein ekte bestevenn er, og kor heldig man er om man finn ei så bra venninne. 

 

Denna kvelden var virkelig koselig, og den burde absolutt gjentakast. Ansiktsmaske, ein bra film og jentesnakk ♥ Perfekt start på sommarferien.

 

 

 

··· STARTIN’ THE DAY WITH A NICE BREAKKIE ···

 

Endeleg helg, og endeleg jobb. Wow, tenk at eg seier at eg endeleg skal på jobb – bra arbeidsmoral eller? Eigentleg har eg alltid hatt skikkelig bra arbeidsmoral og gått på jobb sjølv med litt hodepine eller vondt i halsen. Faktisk så er det ein av dei eigenskapane som eg likar best med meg sjølv. I går hadde jo eg absolutt ingen planar og det var faktisk ganske deilig. Eg fekk sove skikkelig ut, og lada opp alle moglege batteri og ordna litt i heimen. Like før stengetid drog eg med meg Iselin ned på CC for å ta ein kaffi. Kor sinsjukt voksen har eg ikkje blitt? Bestiller svart kaffi med påfyll på cafe! Dette er noko eg aldri hadde trudd ville skje visst me tenkjer kun eitt år tilbake i tid. Uansett, det var utruleg koselig å vere litt med ei av mine gode venninner her på Gjøvik. Klokka tolv fekk eg ein ide om å leggje kontaktplast på den stygge tre-benkplata mi for å piffe opp litt her. Klokka 01.10 var benkplata ferdig og eg fekk sovne. Har dikka lyst til å sjå resultatet eller? Let me know.

 

I dag skal eg som sagt på jobb, og det blir herlig å ha litt rutiner og rammer på dagen. I tillegg er det jo Big Smile Day på Cubus, aka tretti prosent på alle kleder der, så da må jo eg ned ein tur å sjå litt. Tips: Når det er slike kampanjar, utnytt dei til å handle julegåver!! Eg lovar dikka at dikka kjem til å sitte i desember å vere så takknemlege for at dikka handla julegaver på salg. Ikkje berre får du meir for prisen, men også blir du ferdig med all julestress i desember og kan bruke denne fine månaden til å kose dikka med gløgg og pepperkaker kvar dag. Håpar dikka får ei kjempe fin helg kjære lesarar, så bloggast me ♥

 

 

♥ Åh, mine fine peoner!

 

Velkommen til solbrille-familien min, etterlengta Quay solbriller. Endeleg blei desse mine, etter å sikla på dei i over tre månadar. Det er jo ikkje det at dei er så dyre, men som student er det ikkje heile tida ein har seks hundre kroner til å punge ut på eitt par solbriller. Ettersom mine kjære H&M briller knakk i det eg fikla med dei, måtte eg jo ha eit nytt. Takket være ei veldig god lønning gikk eg på Hvit Tråd (som forresten har SINSJUKT masse fint) og la desse brillene på kassa før eg drog kortet. Eigentleg hadde eg lyst på dei største, men sida dei ikkje hadde dei vart det mini-versjonen.

 

I dag er det skikkelig drittvær her på Gjøvik, regn, surt og litt vind. Våkna faktisk til vinden som røska i persiennane mine. Derfor blir dagen i dag brukt på å vere inne, samt sjekke korleis bøker eg skal få solgt vidare. I dag har eg absolutt ingen planar, og det er så uvant. Eg plar jo alltid å jobbe, vere i praksis eller vere på skulen – men i dag har eg ingen planar. Kanskje eg skal gi klesskapet ein real detox? Me får sjå.

 

Kva synst dikka forresten om det nye designet, yay or ney?