O H, L O R D! 1 time i buss var SÅ verdt desse pannekakene i Lillehammer, for shitt dei var gode. For ein dag det har vore i dag. Klokka åtte var eg rutta som berre det, stod opp, gikk til skulen og øvde i klinikklabben til klokka var ti. Som tidlegare nemnt har me jo tross alt hatt passeringstest i dag, som eg BESTOD!! Tenk at eg er over halvvegs til å bli sjukepleiar, nærmare to tredjedelar er ferdig. Om eit år flyg eg forhåpentlegvis rundt på Ullevål sjukehus, har ein søt liten leilegheit på Løkka og tek meg ein kaffi på ein random, søt kafé. Måtte desse drøymane bli til verklegheit. 

Etter passeringstesten tok eg og Astrid oss ein tur til Lillehammer, basically kun for å reise på denne kaféen. Begge har sett masse instabilder av desse sjukt gode pannekakene, men ingen har smakt dei før no. Gjett om det skal gjentakast. I tillegg fekk jo me shoppa bittelitt. Faktisk så har dei fått Mac på Kicks i Lillehammer, så da måtte eg kjøpe refill av Velvet Teddy leppestiften. Har vore tom for den i åresvis, og takket være ei litt vel god lønning tok eg meg friheit til å kjøpe den. Solbrillene fra Quay som eg har sikla på i tre månadar blei også med heim, finally. Viser dikka i eit anna innlegg. 

Thanks for a great day, Kiki. I love you ♥

Kvar einaste veke framover skal eg prøve å ha eit lite prosjekt, nemleg det å gå på butikken kun ein eller to gonger i veka. Før var eg flink til dette, og eg sparte ganske mykje peng på å handle så få gonger i veka. Etter eg flytta bur eg faktisk to minutt fra Rema 1000, og derfor er det lettare å berre “nett gå innom” butikken. Då blir det ofte ein eller to ekstra ting, og eg skal love deg at det fort blir nokre hundrelappar. Eg veit ikkje heilt kva dikka synest om sånne innlegg? Er det kult eller er det dritt kjedeleg? Let me know.

Eit anna tips eg har er å bruke handlenett. Det er kanskje lett å gløyme kor mange plasposar ein brukar i laupet av eit år, men det er ikkje få. I nokre land, som blant anna Somalia er det ulovleg med plastposar. Handlenett får du kjøpt over alt, mine fancy er kjøpt på nokre butikkar i Berlin. Du sparar miljøet, samtidig som du ser ganske så miljøvennleg ut der du går, kult! 

Her ser dikka denne vekas handlepose og den er fylt med masse masse digg, som dikka ser. Når man er student orkar man ikkje alltid å lage så mange middagar, og har ofte samme middag to dagar på rad. Kvifor ikkje? Så her kjem denne vekas middagar.

MANDAG: HAVREGRAUT MED BÆR OG PEANØTTSMØR

TIRSDAG OG ONSDAG: SALAT MED MANGO OG LAKS, TOPPA MED TZATIKI

TORSDAG OG FREDAG: HEIMELAGA BLOMKÅLSUPPE MED RUNDSTYKKER

 

 

Etter mykje om og men har eg valt å ta opp dette temaet, nettop fordi det er så utruleg viktig. I det samfunnet me lev i er det lett å bli påverka, veldig lett. Som ung voksen og fast blogglesar har eg sjølv merka at dette er noko som berører meg. Som mange av mine blogglesarar veit har eg aldri vore hundre prosent nøgd med korleis eg ser ut. Fyrst var det vekta som eg strevde lenge etter å få ned. Men kva er vel så det tallet? Er det ikkje mykje viktigare korleis du føler deg på innsida, har ein sunn og sterk kropp? Det er vertfall det eg har erfart etter MANGE år med det tallet. Når eg begynte å trene igjen i august 2017 var vekta problemet igjen. På lik linje som sist gang var vekta eit av mine daglege gjeremål, og eg stod opp kvar morgon og gjekk på baderomsvekta. Etter å ha gått ned tjue kilo skjønnar eg at det ikkje er det som er problemet, men at man sjølv må føle seg vel og sunn. 

Kva skal me ta føre oss no da? Skal me begynna med leppene? Restylane er jo blitt så vanleg og så normalt at eg tenkte eg skulle gjere det også. Faktisk så bestilte eg time på Viva Skin Clinic i Bergen, men takk Gud den vart avlyst. Å bli så paralysert og påverka av alle rundt ein er ikkje bra, og diverre så befant eg meg i ein dum situasjon. Alle er me forskjellige, og visst nokon har eit så stort behov for å få injeksjonar i leppene fylt med restylane for å få betre sjølvtillit, pøs på. Hugs berre at alle lepper er forskjellig, det kjem dei alltid til å vere og det har dei alltid vore. At det er fint med store, fyldige lepper? Ja. Men mine er faktisk ikkje så værst dei heller. 

Til slutt kan me ta puppar og rumpa mi. Rumpeoperasjon såg eg eigentleg på etter min eks-bestevenn og eks-kjæreste sa eg hadde flat rumpe. Sjølv har rumpa alltid vore den delen av kroppen eg har vore nøgd med, heilt til da. Dei sa at dei hadde studert kor flat den faktisk var. For å seie det slik, det er vel ein grunn til at begge dei to er eks’ar? Etter denne hendelsen var eg inne på fleire sider for å sjekke pris for rumpeimplantant og tenkte eg kunne bruke feriepengane mine på det. Nettop fordi eg fekk så mykje igjen på skatten skulle det gå til plastikk i rumpa. Heldigvis fekk den noverande kjærasten min meg til å tenkje over kor vanvittig dumt dette høyrtes ut og at eg må vere nøgd med rumpa mi. Puppar kjem også i mange forskjellige fasongar. Nokre er kjempe store, runde, små, spisse, hengande, nokon har store niplar og nokon har små. Men kva har vel det å seie? Gjer dei ikkje nytten for seg? Når du ein vakker dag får barn vil dei fungere slik dei skal, og det er så mykje å vere takknemlig for. Så med gjenomsnittleg store lepper, brei og litt flat rumpe og spisse puppar vil eg seie at kroppen min fungerar til akuratt det den skal, og eg har for tiden INGEN planar om å operere meg for å fiksere på korleis eg ser ut. Det er kun ein av meg, og god damn eg er fantastisk. 

God morgon og god torsdag! Ein dag igjen til helg, så hold on people. Eg har faktisk hatt helg heilt sida eg var ferdig i praksis på tirsdag, og synst oppriktig ærleg det er vanskelig å finne ut kva eg skal fylle dagane mine med. Kontrasten fra å jobbe kvar einaste dag, til og nesten ikkje jobbe i det heile tatt blei brått veldig stor. I går var eg med Astrid ein del, fekk ENDELEG vaska kleder og gjorde litt husarbeid. Etter litt feil på vaskemaskinene her har eg ikkje fått vaska kleder på ein månad, så dikka kan jo tenkje dikka at det var godt fylt opp. Back to the topic, sjå på denna frukosten. Eg har fått heilt dilla på frosne bær både til yoghurt, å ete dei slik dei er og ikkje minst toppa på havregrauten. Peanøttsmøret i midten er jo berre godteri, samtidig som det er viktig å få i seg sunt feitt. Prima!

I dag derimot skal eg øve til passeringstest saman med jentene slik at me består på fyrste forsøk. For meg er det jo eigentleg ikkje krise om eg ikkje består på fyrste, sida eg uansett skal jobbe den fredagen og reiser ingen plass før det. Derimot kjem jo elsklingen min hit neste fredag!! Herlegheit så deilig det blir å sjå han igjen. Kjem aldri til å slippe taket når eg fyrst held rundt han. I kveld tenkte eg også å spele inn ein video visst eg får noko interessant å videoblogge om. Kven veit? 

 

🌸 Bestå passeringstest og fullføre 2/3 år på sjukepleien. Tenk at om eitt år kan eg bytte ut skiltet mitt med sjukepleiar, i staden for sjukepleiarstudent. Det er faktisk så sjukt at eg om eitt år (forhåpentlegvis) flyttar til Tigerstaden og får jobb på eit av Norges største sjukehus. Måtte det siste året gå fort, og at resultata blir minst like bra som dei har vore til no. 

🌸 Nyte norsk sommarvær med mykje bading, grilling og seine sommarkveldar. Visst været held seg slik det har vore fram til no, er det jo faktisk ingen vits i å reise til varmare strøk. Me har jo faktisk varmare strøk rett utanfor utgangsdøra. Ettersom alle vennene mine skal vere på Gjøvik i sommar håpar eg me fyller kveldane med noko godt på grillen, litt sand på føtne og blautt hår. 

🌸 Feire mine 21 år på jorda. 14 Juli fyller eg faktisk år, og eg kryssar fingrane for at dei som er på Gjøvik sett av denne kvelden for å ta seg ein real fest. Eg er ikkje vandt med å feire denne dagen, ettersom folk alltid er vekke på sommaren – men kanskje i år er året? 

🌸 Leggje på vipper. Eg føler meg såå fresh med vippeextentions, så kvifor ikkje ta det no som det er sommar? Det er så deilig å sleppe å ta på seg masse sminke når det er så varmt ute, men med eit sett vipper vil eg allerede føle meg klar for dagen. Dette er jo eigentleg noko som er dyrt å ha, men eg tenkjer faktisk det at eg skal unne meg vipper når eg jobbar hundre prosent heile sommaren.

 

🌸 Lese masse bøker. Akuratt no les eg på ei bok som heiter “Tante Ulrikkes veg”, som verkar ganske bra. Eg har jo ei lita liste med bøker eg har lyst til å komme meg gjennom, så me får sjå korleis det går. Det er jo ingenting som er så deilig som å setje seg på ein cafe, i ein park eller ved vatnet å lese ei god bok. Da blir det jo garantert bokannbefalingar til dikka også! Genialt. 

🌸 Nyte flest mogleg måltid ute. Å tilbre måltid ute kan jo fort bli vanskelig, men å forflytte seg ut for å ete er jo enkelt. Den perioden det har vore så varmt har eg jo faktisk gjort det, men no har det liksom blitt med det å ete inne. Ti tusen gonger koseligare å setje seg ned og nyte måltidet ute. Livet er best ute, er det ikkje det dei seier?

🌸 Ture heimover mot Sogn. Marta og Alise kjem jo faktisk heim i sommar, så da burde jo eg ta meg ein tur heim. Å sjå familie, venner og ikkje minst gå turar i Årdal er noko som høyrer sommaren til. Forhåpentlegvis får me fint vær slik at me kan køyre ut i Vikadalen, liggje på brygga, bade å bli solbrent. 

🌸 Oppleve litt av norsk natur. Nei, eg skal ikkje til Lofoten eller gå Trolltunga – men nesten. I Årdal er det veldig fine turar man kan gå, og eg håpar å få med meg Marta eller mamma på nokon av dei. Deriblant har eg veldig lyst til å gå til Bøttejuv og Vettisfossen, så får me sjå etter det kor mykje meirsmak det gir. 

🌸 Bli tante igjen!! Søstra mi har termin om ikkje så alt for lenge og det blir ein liten babygutt. Reknar med at mange av fridagane mine blir tibragt i Oslo for å hjelpe søstern litt, samtidig som eg får kose med lille Hakeem. Iip, som eg gledar meg!

🌸 Ta tattovering. Long time, no see tattovørar. Det er gått nærmare tre år sida eg sist tattoverte meg og det er alt for lenge. Kva eg skal tattovere har eg ikkje bestemt meg for enda, men eg skal love dikka at den skal bli nydelig. Plassering er heller ikkje bestemt, men eg har enda god tid på å tenkje det ut. 

1 juni, sommarvær og besøk av bestevenninna mi endte fort opp på café Gul med ein frappe i hånda. Gul er nok ein av dei mest koseligaste caféane her på Gjøvik, og har så masse godt. Legg dikka merke til kor mange bileter eg og Marta har tatt? I tillegg er det enda eit outfit-innlegg som ikkje er blitt lagt ut enda. Saknar fotografen min litt i grunn. Tenk dikka korleis det blir når me reiser på ferie i lag, holy macarony. 

I dag har eg faktisk den aller siste dagen min i praksis, og Gud så deilig. Denne praksisperioden har vore utruleg spennande og eg har fått sett veldig mykje forskjellig. Ein ting eg har lært er at; man køddar ikkje med psyken! Her snakkar me mennesker som ikkje tør å gå utanfor døra i form av angst, mennesker med så dårleg sjølvbilete og masse sjølvskading. Som student uten noko spesiell erfaring innan psykiatri kjenner eg det er vanskelig å leggje fra seg jobben når ein kjem heim. Ofte blir eg liggjande å tenkje på nokre av pasientane som eg berre håpar så inderlig klarar seg og blir friskare. Visst dikka ønskjer kan eg jo skrive eit litt meir detaljert innlegg om min psykiatripraksis? Kanskje det hadde vore nyttig for dei som tenkjer på å jobbe innad den bransjen. 

SISTE KRANGEL

Var faktisk på laurdag. Fylla, mykje praksis samt jobb og ein missforståelse gjorde sitt til at ein krangel oppstod. Eg var heilt ifrå meg ettersom eg var full, og det vart alt for mykje drama ut av ein liten missforståelse. Stakkars M som eg klikka på, men også Ingrid og Marte som måtte trøste ei skikkelig deppa Susanne. 

SISTE KJØP

I det siste outfit-innelgget mitt har eg så mange nye produkt frå Gina Tricot. I tillegg til desse produkta kjøpte eg også noko anna derifrå, faktisk er eg så nøgd med alt. Og best av alt; alt passa. Av mat er det siste innkjøpet mitt ein kebab som smakte heilt forferdeleg. For dei som bur på Gjøvik; ikkje kjøp kebabrull på Saray steakhouse – dei har så mykje anna mat som er tjue gonger betre. 

SISTE TELEFONSAMTALE

Sjølvsagt M. Ikkje noko meir spennande enn ein kort FaceTime samtale som varte i nokre få minutt før han skulle ete. Før M ringte eg mamma for å høyre oppskrifta på Evas sjokoladekake. Hadde store planar om å bake før i dag, men planane blei visst avlyst – wops. 

SISTE BILDE PÅ KAMERARULL

SISTE MOTTAT SMS

“Deg og vennen”

SISTE SENDTE SMS 

“Når er du ferdig?”

SISTE MÅLTID

Som sagt var eg på Saray og bestilte med meg ein kebabrull, ettersom det er veldig lenge sida siste eg åt det. Eigentleg har dei ganske god mat som heller ikkje  er alt for dyr, men i dag vart eg skikkelig skuffa. Noko smakte rart, om det var kjøttet eller dressingen har eg ikkje peiling på. Heldigvis kom den med pommes frites som eg åt. 

SISTE GANG EG GREIN

Var også i går, heh. Fyll og fanteri + drama queena sjølv = masse tårer. 

SISTE FERIE 

SAMSUNG CSC

Malaga/ Torrox med nokre av mine gode, flotte venninner i august 2017. Okei, det er faktisk alt for lenge sida eg har vore på ferie. Ny ferie er blitt litt styr med, ettersom mange av oss jobbar forskjellige turnusar, samtidig som M ikkje har så mykje tid heller. Marta ha siste eksamen sin den 2. juli, og dermed blir det lite av den London turen som var planlagt. Siste alternativet no er å få med meg mamma på ein liten tur #foreveralone.