Eg er i Shape Up!! Det føles så uvirkelig å sjå meg sjølv i eit magasin som eg sjølv har lest i ørten hundre år. Kort fortalt handlar artikkelen om korleis min veg ned mot vektnedgang har gått, alle oppturane og nedturane og kva det gjorde med meg som menneske å gå ned drastig i vekt. Visst du vil lesa meir annbefalar eg absolutt at du kjøper magasinet – også fordi det er (i mine auger) verdas beste treningsmagasin og har eit såå bra innhald. 

 

Tenk at eg også har fri i dag – fyrste dag på noko som føles ut som hundre år. Sida eg har fri skal eg ta meg ei deilig treningsøkt, rydde og vaske ned leiligheita og ned på CC ein tur. Eg har eit lite juleprosjekt pågåande som eg må få ferde. I tillegg tenkte eg å vaske litt kleder, lage ein deilig kyllingsalat til middag og slappe av med ei god bok, tente lys og chill musikk resten av kvelden. Etterlengta fridag ♥

 

 

Det er laurdag, YAY! Eller er det eigentleg yay når eg skal i praksis? Hm. Joda, det er fortsatt yay. Altså vekene i praksis går så sinsjukt fort, og det er utruleg å tenkje på at eg er ferdig om fire veker. 16 vakter er det som står att på sjukehuset for denne gong, før eksamen startar. Endeleg føler eg at eg har glidd litt meir inn i miljøet på praksis, at eg får unnagjort oppgåver og utført prosedyrar. I begynnelsen var eg utruleg negativ, fordi eg rett og slett ikkje følte eg gjorde noko, kunne noko eller ikkje passa inn – men no er det myykje betre. Rart med det, det tar tid før ein venner seg til nye arbeidsplassar. 

 

I går var eg på jobb jobb, for å tjene litt ekstra cash til eg og A skal til Berlin. Marte, som er ei av mine beste venninner her på Gjøvik, var også på jobb med meg i går – noko som gjorde det LITT lettare å komme seg på jobb. Tiden gikk sjukt fort ettersom det var ein del som skjedde, men også lange, fine samtalar med pasientane. Rart å høyre på korleis ting har endra seg på så kort tidsperiode, dei er ein veldig spesiell generasjon som har fått med seg ein så brå utvikling i samfunnet. Ho eine dama på sjukeheimen fortalte at ho var vandt med å vaske klær i elva, lappe sammen klær om dei vart øydelagte og bytta ulike matvarer. Lurer så på korleis det kjem til å bli enda femti år fram i tid! Kanskje me får flygande bilar og telefonar så store som datamaskiner? Hm kven veit. 

 

No er planen å rydde opp i leiligheten, samt ned å sjå på senteret litt. Gikk gjennom kjellarboden i går og innsåg at eg nesten er ferdig med julegåver for i år. Sjukt. Har berre igjen litt smått her og der, og litt håndarbeid. Tenkte å strikke nokon av julegåvene, nemleg fordi håndlaga er det finaste ein kan få. Så skal eg lage meg niste som eg kan ha både i dag og i morgon i praksis, før eg ruslar bort på sjukehuset. Håpar alle får ein nydelig laurdag, og nyter helga til det maksimale. 

 

                                 

 

B  E  R  L  I  

 

Okei, så eg og kjæresten har bestilt ny tur. Jepp, me har vore sammen i to månadar og allereie bestilt vår andre tur – that’s just insane. I sommar var jo me i Gøteborg og kosa oss såå masse. Han er verkeleg den beste reisepartnaren som er så sinsjukt tolmodig uansett kor lang tid eg brukar inne på ein butikk. Så ja why not? Eg har jo vore i Berlin to gongar før, men føler så absolutt ikkje at eg har fått opplevd Berlin for fult, den byen er jo så sinsjukt stor! Eg gledar meg vertfall som eit lite barn. Først skal me faktisk til Oslo, ettersom flyet vårt går alt for tidlig fordi eg bestilte feil tidspunkt (unnskyld elskling). Bloggen skal bli propp full med dritkule bilder. 

 

Mens eg sitt i sofaen og bloggar står faktisk baby å lagar somalisk mat til meg, og ouf det luftar så godt! Shitt som eg gledar meg. I tillegg skal han sove her i natt ettersom eg skal på seinvakt, og det blir så deilig. Hundre prosent ærleg, eg søv så mykje betre når han er by my side. Når eg sover aleine går det ofte lang tid før eg sovnar inn, men når han er her går eg fortare inn i draumeland enn Bolt spring 100 meter. 

 

                          

 

 

OUF!!!! Gjett om denna oreodraumen smakte himmelsk? Altså, eg får vatn i munnen berre av å tenke på gårsdagens dessert. Baby jobba jo til klokka var kvart over åtte, og til han kom heim hadde eg stått på kjøkkenet i to timar. Alt blei jo verdt tiden når reaksjonen hans. Den gutten der veit til å setja pris på ting altså. Han vart såå glad, noko som gjer at eg faktisk får lyst til å gjere sånne ting for han. Så da koste me oss med lasagne, dessert og Ex on the Beach. Perfekt tirsdag. 

 

I dag tenkte eg å komme meg på trening ettersom eg ikkje har vore der på noko som føles ut som hundre år (var der forrige veke). Tenkte å setje meg som mål å få til tre økter i laupet av dei siste vekene eg er i praksis. Å balansera praksis, jobb og trening er verkeleg ikkje lett når det einaste ein vil når ein kjem heim er å slenge seg på sofaen med ein iskald Pepsi Max. Trening er jo så viktig, og eg elskar å trene styrke såå masse – så det er vel berre energien som stoppar meg. Uansett, som lovd – her er oppskrifta på Oreodraumen.

 

    

🍪 Visp fyrst sammen kremosten (bruk naturell philidelphia) sammen med nutellaen. Ikkje smak på denna komboen da eg lovar at du kjem til å bli skuffa. 

 

🍪 I ein anna bolle vispar du kremfløyten til den blir som ein mjuk, deilig krem. Det er absolutt best å ha autmoatisk håndmikser eller kjøkkenmaskin når du skal vispe dette saman – eg veit faktisk ikkje om det fungerar å gjere det for hånd. 

 

🍪 Bland så saman desse to og fordel det ut i fine glass saman med knuste oreokjeks. Visst du har litt store glass kan du leggje det delvis, og ha eit lag av oreo, eitt av kremen osv. Det ser mykje finare ut visst du legg det lag for lag. 

 

🍪 Til slutt lar du dei stå i kjøleskapet minst 2-3 timar før servering, dei kan også lagast dagen før. Så enkelt var det! 

 

 

 

Femten grader i lufta, oransje blader på bakken og langbukser. Hausten har verkeleg slått inn for fult, og i den annledning ba eg Astrid ta nokon kule bileter av meg på denne kule locationen. Planen var å ta alle bilder der det andre biletet er tatt, men me fant ikkje den plassen før me gikk tjue meter lengre, så derav blir det ein god kombinasjon av to forskjellige lokalisjonar. Kule blei bildene uansett. Eigentleg har eg tenkt å kjøpe ei portrettlinse som gir meg blurry bakgrunn på bildene mine, men me får sjå. Kanskje det blir etter neste lønning. 

 

No har eg nettopp laga klar dessert og lasagne som eg tenkte å smella i ovnen i det kjæresten kjem att fra jobb. Det er tirsdag, noko som betyr datenight. Me har liksom laga oss ein tradisjon med å sjå Ex on the Beach i lag kvar tirsdag og torsdag – noko som er så koselig. Han veit jo ingenting om at eg ha laga lasagne (som er FAVORITT maten hans – som eg i tillegg har laga fra bunnen), og vertfall ikkje den deilige desserten. Tenkte faktisk å leggje den ut på bloggen, for damn den var bloggvennlig og ikkje minst himmelsk. 

 

 

 

STARTING THE WEEK ALL GREEN 🍏

 

Denna juicen folkens, er verkeleg nødt til å vere den beste eg nokon gong har smakt! Bur du på Gjøvik eller rundt om i samme område, burde du verkeleg ta turen opp på Lasse Liten på CC, og bestille friskpressa juice. Yum. Hadde eg hatt mi eiga juicemaskin hadde eg sikkert drukket juice som vatn (eller som pepsi max). Det er ein så fin måte å få i seg masse grønnsaker på, samtidig som det faktisk smakar veldig godt. 

 

Etter dagen i går var eg lite klar for ei ny veke i praksis, men det gikk faktisk fint. Når praksisdagen var ferdig hadde eg avtalt med Astrid om å reise på cafe, gå litt på senteret og ta nokon kule bileter. Å henge med Astrid er aldri ein dårlig ide, for me ha det såå gøy sammen. I tillegg til at me har det sjukt fett sammen er ho jo verdas beste lyttar og ikkje minst ein rå fotograf!! This girl got it all. Planane for kvelden er å få rydda leiligheten, betalt litt rekningar og lage ein deilig kyllingsalat. To nye episodar av “Jeg mot meg” har komt ut, og dei skal nytast med good samvittighet. Ha ein nydelig start på veka folkens. 

 

 

 

Jo me er utruleg heldige som får ta ei fin, trygg og god utdanning i Norge. Eg er så takknemlig for at eg har moglegheita til å bli akkurat kva eg vil og når eg vil. Hadde det ikkje vore for velferdsstaten hadde eg aldri kunne tenkt tanken om å bli sjukepleiar ein gong. Med det sagt vil eg få ut litt tankar om kva studie gjer med ein som person. Ikkje fordi eg vil få medlidenhet eller at andre skal synest synd i meg – for det er det ABSOLUTT ikkje! Dette er voksenlivet, ein må stå på sjølv når det er tungt, du er sliten og eigentleg ikkje orkar ein dag meir. I dag er ein sånn dag. Eg har nett vore på jobb der eg har min faste helgestilling (som eg er avhengig av for å få dekka alle rekningar og husleige) som er utruleg givande. Eg har verdas finaste pasientar som eg faktisk er glad i og bryr meg om. Når eg kjem heim er eg berre sliten, orkar ingenting og vil berre ligge i senga heile dagen.

 

Det er greit å ha ein dag i blant der ein ikkje orkar ting, men når dette skjer opptil fleire gonger i veka blir man sliten. Og eg veit at eg ikkje er den einaste som opplever det slik, for alle studentar eg har snakka med føler det akkurat likt. Utmatta, sliten, trøytt, lei og deppa. Praksis er flott, eg lærer masse nytt kvar dag og får virkelig møte mange vakre mennesker – men det er slitsomt. I ein praksisperiode må ein vere på konstant, man blir vurdert etter den minste ting man gjer og man jobbar over hundre prosent over ein tidsperiode på ni veker. Eg jobbar rundt hundre og tretti prosent i ni veker, noko som absolutt tar på. Når praksisperioden er ferdig er det jo tid for eksamen, og etter eksamen praksis igjen, og etter praksis er det bachelor. Er detta virkelig livet? Ja, eg går på skule og ting blir sikkert bedre etter eg er ferdigutdanna, men da skal eg jo jobbe heile tida. I dag er berre ein sånn dag der desse mørke tankane sluker meg og eg føler meg dritt lei alt – sjølv om den einaste følelsen eg burde ha er takknemlighet.

 

Men det er lov å ha slike dagar, dagar der alt er ugreitt og du berre vil droppe ut. Heldigvis er det ikkje mange dagar ein sitt med dette dystre, og negative tankemønsteret. Man føler ikkje at man strekk til med at det er rotete rundt ein, augenbryna skulle ha vore nappa, det er grisete i kjøleskapet og klesvasken skulle vore tatt for fleire dagar sida. Det ligg skitne truser rundt på golvet, tørre pizzarestar fra i går (som minner meg på kor usunt eg lev for tiden) og brukte glass spredt utover i den lille hybelen min. Skulle ha gjort ditt og skulle ha gjort datt – men det er ikkje nok timar i døgnet. Skal liksom vere så fantastisk bra på alle områder. Skal trene, skal lese pensum, skal jobbe, skal vere flink sjukepleiarstudent, skal vere eit omsorgsfult familiemedlem, skal vere den kulaste bestevenninna og ikkje minst den beste kjæresten til mannen som virkelig fortjener det. Men energien, følelsane og tiden strekk ikkje til for at alt skal bli fullført, så da må man vel nedprioritere. Da må man lat dei tørre brødsmulane flyte over tregolvet, hårballen ligge i sluken i dusjen og kjøleskapet fult av utgåtte varer. Sånn er min søndag.

 

 

Det er ikkje sånn kvar dag, men berre for å vise dikka at det er lov og ikkje ha det dritfett heile tida. Brødsmulane forsvinn ikkje om dei ligg der ein dag til, eller anticimex kjem ikkje for å sjekke kjøkkenbenkens bakteriehage. Men hugs; det er berre ein dårlig dag – ikkje eit dårlig liv. For masse å vere takknemlig for ♥

 

Sunt, deilig og lett frukost var det eg trengte i dag. Mandagen er her, og eg er rutta for ei ny veke i vente. Denne veka har eg ingen andre planar enn at eg skal jobbe i praksis fra mandag-torsdag, før eg skal på opplæringsvakter på den nye arbeidsplassen min i helga. Gud, så spennande. Laurdag har eg fri, og det skal eg absolutt nyte – ettersom det er den einaste fridagen min denne veka. 

 

No skal eg berre gjere meg klar for ei real rumpeøkt og gluteus maximus skal pumpast hardt. Må jo sette opp eit program som eg kan gå etter, ellers går eg berre rundt på treningssenteret som ein nisse. All respekt til dei som klarar å trene økter utan eit program å gå etter. Ellers vil eg berre ønske alle ei nydelig haustveke ♥

 

 

Altså, har eg ikkje berre verdens finaste bestevenninne? ♥

 

Detta innlegget skulle jo da komme i går, men etter fem maskiner med klesvask, middagslaging og rydding av criben vart ikkje bloggen prioritert. Rett og slett fordi eg var kjempe sliten, og ville berre slappe av i sofaen. Absolutt verdt det kjenner eg i dag. På torsdag var eg og Astrid på CC for å sjå litt, samt ta ein kaffikopp (eller i mitt tilfelle ein ismocha). Eg har i hundre år sett på ei buksa fra Puma, men diverre har eg shoppestopp. Sida kjæresten min er den beste kjæresten eg nokon gong har hatt kjøpte han den i gave til meg!! Finally blei den buksa mi. 

 

I dag skal eg ha mi fyrste vakt på sjukeheimen på noko som føles ut som hundre år. Det blir jo faktisk litt deilig å få eit lite avbrekk fra sjukehuset, men og å sjå igjen dei fine, gode menneskene som bur der. Har faktisk savna dei, tru det eller ei. Rart kor binda man blir til mennesker man har kontakt med over ei lang tid. Før jobb tenkte eg å ta meg ei god treningsøkt, slik at eg får holde kroppen ved like. Visst det ikkje er stappa fult med mennesker der kan eg kanskje få tatt nokre bileter og lagt ut økta her? Hm, we’ll see. Håpar vertfall at alle får ei kjempe fin helg og ein suuper laurdag.