You hangin in there? Ja, eg er ikkje dø heilt enda. Praksis er ferdig, men me begynte rett på eksamen. Tenkte faktisk me skulle få ein liten haustferie ettersom praksis var så heftig, men neida – rett på eksamen. Denna eksamen er ein eksamen som varar i heile åtte veker til, men det skal eg nok klare. Siste eksamen eg skal ha i laupet av bacheloren min. SJUKT! Tenk at tre år snart er passert, og eg er sjukepleiar. Nevner dette igjen, og igjen men klarar ikkje å komme over kor sinsjukt det faktisk er. Wow. Sjukepleien har faktisk vore mykje tyngre enn eg nokon gong hadde tenkt meg, og så utruleg krevjande. Eksamenar har eigentleg berre vore lette i forhold til kor krevjande praksisperiodane har vore. Forventningane frå veiledarar har vore store, samtidig som ein også har store forventningar til seg sjølv. Pendling er også noko som tar VELDIG på! Dette hugsar eg spesielt frå då eg pendla til Lillehammer (førti minutt), og var vekke tolv timar av dagen. Men jaggu har eg komt meg gjennom enn så lenge, og eg byrjar endeleg å sjå enden. 

 

Lysa vart tente, lyslenka vart satt i stickkontakten og kveldsmaten blei satt på bordet. Andre enn meg som har heilt dilla på persimon? Persimon må vera den beste frukten saman med vannmelon, nam. I går var eg faktisk på matbutikken der eg klarte å kaste vekk nærmare fem hundre på frukt og litt ekstra, say what? Synest det er så rart at frukt, grønt og generelt matvarer som er sunne skal vere SÅ dyre – mens ein kan kjøpe ei pakke ostepopp for ti kroner. Logic – where you at? Hadde eg styrt landet for ein dag hadde eg vertfall gjort ein ting; billigare sunne matvarer, dyrare usunne matvarer. Diverre er det ikkje eg som er statsministar. 

 

Forrige veke tok Astrid desse fine bildene av meg som eg lovde ho at eg skulle leggje ut – så here you go girl ♥ Dei er jo så fine, og haustfargane er rett og slett nydelige og det gjer meg så glad! Det er masse som gjer meg glad om dagen; mamma har vore på besøk, eg er ferdig i praksis, eg reiser på tur, eg har verdas beste venner og eg er snart sjukepleiar. Synest det er viktig å sjå ting man gledar seg over, i staden for å konstant gå rundt å vere negativ. Det å ha ein dårlig dag er noko alle har, men personlig prøver eg å styre dagane mine til å gå i riktig retning. Dei dagane eg ikkje har det så kult pleier eg og A og ha ein litten “gjennomgang” på slutten av dagen; der me går gjennom ein fin ting- og ein mindre fin ting som har skjedd. Berre eit bittelite tips. 

 

I dag har eg og mamma gått tur, vore på cafe og eg har pakka inn nokre julegåver. Deilig å vere ferdig med mesteparten slik at eg berre kan segle meg gjennom desember måned. Eksamen står for tur i eksamen, så da kan eg leggje all fokus på den. I tillegg får eg det betre økonomisk da eg kun manglar to julegåver og resten er handla. Deilig.

 

 

 

 

Jakke – Gina Tricot ⎮ Skjorte – Cubus⎮Bukse – Vero Moda⎮Belte – Gucci⎮Sko – Puma⎮Øyredobbar – HM

 

 

E N D E L I G, ferdig i praksis og eg har bestått! Denne gangen trudde eg faktisk ikkje at eg skulle komme meg gjennom – men i fucking did it og er så sinsjukt stolt over meg sjølv. Allereie etter halv praksisperiode var eg så sliten og lei så eg trudde faktisk eg skulle gi opp – og nettop derfor er eg så innmari stolt over at eg klarte det. No som praksis er ferdig har eg så lyst til å fokusere meir på bloggen, produsere innhaldsrike innlegg og ta inspirerande bileter. Allereie på tirsdag tar eg og baby ein tur Berlin. Tirsdag til torsdag skal me slappe av, ete deilig mat og oppleve ein ny by. Herlig!

 

I går var eg, Marte og Ingvild ein tur til Hamar for å sjå, samt shoppe litt. På HMHome hadde dei denne sinsjukt fine vasen som eg har knipsa nokre bileter av. Den var rett og slett perfekt. Passar så fint inn i den nye-ikkje-ekstensielle-leiligheten vår. Psyko bitch som har planar om korleis den nye leiligheten sammen med typen skal sjå ut, sjølv om det er over eit halvt år til. Stakkars elskling. Kähler vasane har ingenting dei skal stille opp for visst ein samanliknar dei med denne. Jeez, kor fin. 

 

 

1. Eg er snart ferdig med praksis. Etter sju harde veker begynnar eg endeleg å sjå målstreken – og det føles så utruleg deilig. Desse vekene har vore prega av ein sinsjuk utmattelsesfølelse, mestringsfølelsar og samtidig takknemlighet. Vekene har gjort meg såå sliten, som har resultert i eit nedsatt humør og at eg har automatisk blitt ein meir negativ og sur person. Det er verkeleg ikkje slik eg er, for eg er jo som regel utruleg positiv og sprudlande. Kryssar fingrane for at det går tilbake til normalen etter endt praksis. 

 

2. Kjøleskapet og frysen er stappfull med deilig mat! I går var eg og søstra mi, sammen med tantebarnet mitt, ein tur over grensa. Det var faktisk tilbud på karbonadedeig, så eg kjøpte meg to kilo som er nedpakka i frysen, pluss kyllingbryst. My one true love, Pepsi Max, er også fylt opp og eg føler meg endeleg heil igjen. Haha! Ikkje nok med at eg har fått fylt opp Pepsi lageret mitt, men dei hadde Pepsi Lime – noko som minnar meg om min aller fyrste kjærleikstur til Gøteborg med min kjære. 

 

3. Haustfargane. Eg veit ikkje korleis det er andre plassar i Norge (har høyrt rykter om at det nokre plassar SNØDDE??), men her i Oppland er det så utruleg fine fargar ute at det er til å døy av. Tenkte eg skulle ta meg ein tur ut i morgon for å ta nokre fine bileter. 

 

4. Familietiden i helga. Søstra mi og det eine tantebarnet mitt var her fra laurdag-søndag og eg koste med så masse. Det var veldig deilig å sjå dei igjen, ettersom eg ikkje har sett dei sida sommarferien. Trist – men sånn blir det når man er i praksis og konstant opptatt. Me var ute og åt, Ikea, Sverige og kvalitetstid noko som var veldig koselig, og noko som eg satt stor pris på.

 

5. Wine and Dine med to flotte venninner på fredag. Det er hundre år sida eg har vært sammen med desse to herlige jentene samtidig, så det skal bli kjempe kos å få drukket litt vin, snakka skit og le litt. Eg hadde ein lang samtale med mi beste venninne Astrid forrige veka, og eg har bestemt meg for å sosialisere meg meir med venner. Såå viktig, men lett å gløyme når man er i ei forelskelses-boble.