If heaven had a scent this would be it. Ikkje berre heite den det samme som den nydelige dattera vår, men gud kor godt den lufta. I tillegg er det jo ikkje noko å sei på kor fin den er heller? Rituals har så enkle, reine og gode produkt – og eg har lagt hjertet mitt hos produkta deira. I det siste har eg blitt meir interessert i hudpleie og meir nøye med det. Da har faktisk både skrubben og ansiktsrensen falt godt i smak. Sistnevnte etterlet huden så mjuk og deilig ettersom den inneheld honning.

Som dikka sikkert forstår er eg blitt heilt forelska, og det er ikkje i Abdi – men i Rituals. Derfor bestemte eg meg for å handla desse duftpinnane derifra i dag mens eg og Jasmine var ute og trilla. Også er jo dei sjølvsagt gull og passar perfekt inn i heimen. Men folkens, kan ikkje me snakka litt om kor sjukt fint vær det er for tiden? Sol, varme og fuglekvitring. Det betyr berre ein ting; våren er her! Mens me var ute og trilla møtte me på så vilt masse folk, og ein skulle ikkje tru det var ein pandemi som herjar verden over. På senteret var det ekstremt og det var vanskelig å gå inn på butikken uten å bryte to-meters regelen. Håpar folk forstår at sjølv om tallet på dei som ligg på respirator og inneliggende pasientar går ned, er dette langt fra over. Me må fortsatt være flinke til å isolere oss litt fra omverden, vaske henda veldig godt og følgje alle andre råd fra FHI. Saman kan me klara det ❤️

Endeleg har eg tenkt til å dele fødselshistorien min. Den kjem til å bli ufiltrert, ekte og rå – så visst du vil lese om ein glanshistorie ber eg deg klikka ut av bloggen. Ettersom det er så masse å fortelle deler eg den opp i tre delar; før, under og etter. Her er del ein.Tenk at eg endelig er blitt mamma, Abdi har blitt pappa og lille Jasmine er her hos oss. Skal eg være heilt ærleg føltes det ikkje ut som ho skulle komma i det heile tatt på slutten, og eg var heilt sikker på at ho aldri kom til å komme ut. Visst du har fulgt bloggen min lenge veit du at termindatoen min var den 27. februar, og eg var egentlig ganske innstilt på å gå overtid. Sjølv om ein innstiller seg på dette blir dagane utruleg lange dagen ein går over den magiske datoen. I tillegg hadde eg ein del modningsteikn i det termindatoen begynte å nærme seg som rygg- og magesmerter, kynnara og nedpress. Ikkje nok med det, men eg følte magen hadde seget ned noko eg også fekk bekrefta av familie og venner.

Savna gigamagen kvar einaste dag!

Endeleg har eg tenkt til å dele fødselshistorien min. Den kjem til å bli ufiltrert, ekte og rå – så visst du vil lese om ein glanshistorie ber eg deg klikka ut av bloggen. Ettersom det er så masse å fortelle deler eg den opp i tre delar; før, under og etter. Her er del ein.Tenk at eg endelig er blitt mamma, Abdi har blitt pappa og lille Jasmine er her hos oss. Skal eg være heilt ærleg føltes det ikkje ut som ho skulle komma i det heile tatt på slutten, og eg var heilt sikker på at ho aldri kom til å komme ut. Visst du har fulgt bloggen min lenge veit du at termindatoen min var den 27. februar, og eg var egentlig ganske innstilt på å gå overtid. Sjølv om ein innstiller seg på dette blir dagane utruleg lange dagen ein går over den magiske datoen. I tillegg hadde eg ein del modningsteikn i det termindatoen begynte å nærme seg som rygg- og magesmerter, kynnara og nedpress. Ikkje nok med det, men eg følte magen hadde seget ned noko eg også fekk bekrefta av familie og venner.

I mens eg venta på overtidskontrollen min den 6. mars prøvde eg alle moglege kjerringråd som skulle hjelpe fra A-Å. Spesielt godt hugsar eg da eg skulle ete ein heil ananas. Då eg gjekk opp på Kiwi kjente eg det stramma seg rundt magen og eg var sikker på at det var ei rie, men det kom ikkje tilbake. Kun mammaer forstår følelsen av spenning i det dei trur dei kjenner den fyrste ria – oooooog, kor skuffa ein blir når ein forstår at det ikkje var det. Uansett kor hardt me prøvde å få ut Jasmine likte ho seg FOR godt der inni og nekta å komme ut. Ho er allereie ein stabukk noko me også fekk oppleve under fødsel. Skikkelig trivselsmenneske.

Uansett kom den 6. mars og eg var sikker på at eg endelig skulle få bli satt i gang. Dog var eg veldig usikker på om eg ville det, eller om eg ville vente til siste stopp. Abdi var med opp på Ahus der me gjennomførte CTG (undersøkelse der ein ser på aktiviteten og hjerterytmen til den lille), ultralyd og vaginal undersøkelse. Ettersom eg hadde styrt på og baka, vaska, gått trapper og mykje meir tenkte eg at no, no skulle eg vertfall være 3 cm åpen. I det eg såg opp på legen og ho sa at eg var 2 cm og umoden kjente eg igjen på den store skuffelsen. Eg veit det er veldig teit å tenke sånn, men automatisk popper det opp tankar som at “kroppen min klara ikkje ein gang å sette i gang fødselen sjølv”, “eg klarar jo ingenting”. Sjølv om eg ikkje var moden valgte ho å strippe meg lett der ho kom til, og ein skulle sjå an i laupet av helga om det hadde noko effekt. I tillegg kjente eg frykten begynte å byggje seg opp over at det var ei stor jente som skulle komme til verden. På vekstestimeringen sa legen at ho mest sannsynlig skulle være 4000 gram, men at det kunne skille på 300 gram +/-.Det var aldri snakk om å bli igangsatt på fredag, noko som egentlig gjorde meg glad sida eg sjølv veit korleis det er med ressursar i helgene. Redusert. Eg fekk beskjed om å komme tilbake på mandag for igangsetting, visst noko ikkje skjedde i laupet av helga..

Oh well, hello. Det var plutselig sjukt rart å sitte inne på blogg.no igjen, men to skritt fram – og eitt tilbake. Med andre ord, eg tenker å gå tilbake til denne plattformen. I det siste har Nouw skapt på masse problemer med innlogging, innleggspublisering og litt anna diverse. I tillegg har mange av mine nærmaste ønska meg tilbake hit ettersom det er ei nettadresse som er lettare å hugse, og at ein dermed gjer det enklare å besøke denne bloggen enn Nouw.

Eg har så mykje spennande å dele med dikka, men me tar eitt skritt av gangen. Og eg kan jo berre gi ut den største nyheiten av alle, og det er at eg er blitt mamma! Dei fleste som les bloggen er nok familie og venner, men dersom du har besøkt denne bloggen og håpt på eit lite comeback så har eg og Abdi blitt foreldre!! Eg gler meg til å dele masse med dikka, blant anna fødselshistorien. Del ein av tre er snart klar for publisering, og eg synest de bør ble dikka. I den tiden me er inne i no blir det godt å kunne ha noko eiget å drive med, og få tilbake hobbyen som blogger. Det er jo noko eg elskar, nemlig å snakke med dikka, anbefale seriar og tipse om gode produkt. Me har så mykje å ta igjen, eg klarar så vidt å vente ♡