Heilt sida fødebagen blei eit dilemma leitte eg internett rundt etter kva eg skulle pakke ned. Eg fant mange forslag som var heilt forskjellige, så med det tenkte eg å dele kva eg fekk brukt for – og kva eg vil annbefale. Min fødsel skjedde på ahus, og det kan være forskjellig fra plass til plass kva dei gir ut av saker, så det kan lønne seg å finne ut på forhånd. Som dikka vil sjå under er det ikkje så masse ein eigentleg treng å ha med seg, vertfall ikkje til baby. Hugs at sjukehuset har alt av pumpeutstyr til låns, tåteflasker, morsmelkserstatning, bleier, våtservietter og alt anna du skal finne nødvendig til den lille. Uansett, her er det me brukte og var heilt avhengige av. Treng du ikkje lista no? Lagre innlegget ein lur plass slik at du kan ta denne opp igjen den dagen du har brukt for det!

Til mammaen:

2-3 ammesinglettar
Det blir fort gulp, melkespreng osv på dei, lønner seg derfor å ha fleire
2 ammebh’ar
Ein god og stor pysj som ikkje strammar nokon plass
Annbefalar pysj med knappar på overdelen slik at du kan kneppe enkelt ned for å gi pupp.
Morgenkåpe
Dette var livreddende i det et tok min første dusj, når eg måtte opp på natta å hente mme eller når ein trengte noko ammevennleg til å ha på seg.
Tøfler/sandaler
Annbefalar nokon du kan kaste etterpå – tenk berre på alle bakterier på sjukehusgolvet.
◌ 2 gravidtruser
Eg fekk nettingtruse på sjukehuset til dei første dagane med store bind, men gikk over til litt mindre bind dagen før avreise. Men det er dog veldig individuelt kor mykje ein blør.
2 mjuke bukser
Eg sverga til desse fra Cubus.
◌  Reisesett
Finn noko du kan reise heim i, som er behagelig samt som du føler deg litt ekstra fin i.

Fødselspapir
VIKTIG!
Toalettsaker
Kjøp eingongs shampoo, tannkrem, hårkur og såpe som du kan pakke ned tidlig i baggen. Ein får kjøpt masse i mini-versjon hos blant anna normalt. Sjukehusa har også såper, men guri det var deilig å faktisk kunne bruke ein god shampoo og ta ein hårkur mens pappaen passar på bebis. Pakk også med nokre ekstra hårstrikker, fliseklemmer, hårkam og litt ansiktsprodukt. Det er rart kva ein god toner og hudkrem gjer med deg etter fødsel.
◌  Purelan
Det er veldig vanlig å få såre brystvorter i starten, blant anna fordi barnet ofte vil ligge til puppen nesten alle timar i døgnet. Purelan redda meg virkelig i tillegg til å smørje på litt morsmelk.
Ammeinnlegg
◌  Gravidpute fra Bbhugme
Denne var redningen min gjennom heile graviditeten og det var intet unntak under og etter fødselen. Den kan brukast for amming, for å finne ein god liggestilling og du kan knyte endene sammen og lage ei “seng” til baby.
Elektronikk
Me pakka kun med powerbank, headset og telefonladar – men eg veit mange også har med kamera.
◌  Diverse snack
Du skal mest sannsynlig være nokre dagar på sjukehuset, og da lønner det seg å ha noko å snacke på i fødebagen. Under fødsel bør du også ha noko sjokolade, proteinbarer, nøtter, brusen du likar og energidrikke.

 

Til baby:

Klær
Sjukehuset har dei vanlige bodyane, men me likte vertfall at ho hadde på eigne klær som er mykje søtare.
◌  Bilsete
Me brukte dog vogn ettersom me bur rett ved sjukehuset – men dette blir jo opp til kvar enkelt.
◌  Smokk
Kok opp smokkane på forhånd og ha dei i ein liten bokse.

Gratulerar med dagen til vårt kjære land, og til alle dikka som leser det her. Har dikka hatt ein fin dag? Det har vertfall eg. Sjølv om den ikkje blei slik som ein helst skulle sett føre seg (bunad, barnetog og barneleikar) har min faktisk vore så bra den kunne ha vore. Eg er så takknemlig for at eg bur i eit så flott og ressurssterkt land, sjølv med snø i mai! Eg tenkte derimot å vise dikka litt av kva vi har gjort i dag gjennom bilder eg har tatt med telefonen min..

Etter å ha inntatt ein enkel 17.mai frukost, aka speilegg og steikte pølser, satt eg meg ned for å piffe meg opp. Dersom eg ønsker å pynte meg litt ekstra brukar eg Huda Beauty sitt augenskyggepalette – det er så fint! Derimot skal det seiast at eg ikkje føler meg vel med masse sminke lengre, og føler ingenting legg seg fint. Kanskje eg må få til innkjøp av ein primer?

 

Sjølv om det er nasjonaldagen og ein hovedsakelig kan eta så masse is ein vil blei det berre ein i dag. Me skulle egentlig gå ned til Sæter for å kjøpe soft-is, men grunna mi knekte tå vart det ein kortare tur. Når me kom på narvesen viste det seg at dei ikkje hadde soft-is! Altså, kven er det som ikkje har soft-is på 17.mai? Is blei det uansett, men aller helst skulle eg hatt ein soft-is med sjokoladestrøssel. Samme med jentene.

Etter å ha kjøpt is begynte det faktisk å yre litt, så me satt oss inne og spilte bean boozle. Eg har spelt dette spillet ein gang før og eg skjønnar ikkje kvifor eg valgte å gjere det igjen. Spillet er genialt og morsomt, samtidig som det er sjukt nasty. Kvar jellybean har to smakar, enten ein god smak som pære – eller ein ekkel som snørr. Du snurrer hjulet og smakar på den jellybeanen du får. Spillet falt ivertfall i smak hos jentene og me hadde det veldig gøy med det. I tillegg spilte me kahoot der eg hadde laga ein quiz på forhånd, og me laga ein sammen.

Men altså sjå på det her! Så masse digg. Tenk at søstra mi stelte i stand det her sjølv om ho fastar sammen med mannen, er ikkje me heldige? Me koste oss med masse god mat, kaker og is sammen med desse to snuppene.

Begge mine hjerter i blått.

 🇳🇴 Inviter til spillekveld
17. mai har alltid vært ein fest-dag der ungdommen (og dei unge voksne forsåvidt) reiser ut på byen for å feire. Denne dagen blir annerledes, og klubbane held ikkje åpent. Det er jo perfekt tidspunkt for å invitere til spillekveld det ein kan ta med seg brettspill! Hugs berre å ha ein meter mellom dikka, sprit hendene før alle skal begynne å ta på samme kort og hos/nys i albogen.

🇳🇴 Vennekveld på zoom med eitt (eller fleire glass) vin
Det er garantert nokon av dikka som er spredt utover og ikkje har moglegheit for å møte kvarandre, så kvifor ikkje kjøpe ei flaske vin, avtale eit tidspunkt og sitte å snakke kvelden lang på zoom?

🇳🇴 Lær deg oppskrifta på ei ny kake..
eller prøv å bake ei kake du aldri har laga før! Dersom du bur i kollektiv eller med familie/kjæreste er det den perfekte dagen for å lage ei kake du aldri har laga før. Eg personlig skal prøve meg på pavlova for første gang, og er superspent på korleis den blir. Me skal ned til søstra mi, noko som blir utruleg koselig.

🇳🇴 Lag ein quiz
Eg synst faktisk det er så sjukt gøy med quiz uavhengig om ein er på lag eller spelar kvar for seg. Skal du feire med familien/venner kan dikka i tillegg ha lag! Har dikka zoom-date kan alle logge seg på kahoot for ein virtuell quiz. Gøy er det uansett.

🇳🇴 Pakkeleik
Avtal å kjøpe gaver for ein viss sum, det treng ikkje være meir enn typ 50 kroner, og ha pakkeleken. Det er alltid gøy å sjå kven som blir sittande igjen med flest pakker, og kven som ikkje får nokon.

🇳🇴 Hage”party”
På bakgrunn av situasjonen me befinner oss i annbefalar eg ikkje å drikke seg sørpe drita, sida ein mista kontroll. Derimot kan det være kjempe koselig å arrangere hageparty (dersom fint vær) med kubb, grilling og noko godt i glasset. Det finst så mange hagespill som er kjempe gøy å spille, som kubb, bocha og badmington.

 

I helga var eg og A heime for fyrste gong i lag. Fire månadar har eg tilbragt med dette fantastiske mennesket og i den anledningen tok me oss ein tur til Årdal. Familien min måtte sjølvsagt hilse på han. Som bestevenninna mi seier “han har jo ein veldig bra energi og utstråling”, og tru meg – det har han. Derfor sjarmerte han alle i senk! Me hilste på foreldre, besteforeldre, tante og min gamle sjef. Sjølv om familien min ikkje hadde likt han hadde jo eg fortsatt vært med han, fordi han får meg til å føle meg som ei prinsesse kvar einaste dag. 

 

Eg føler meg så heldig som har kapra denne mannen her. MANNEN. Dei eg tidligare har vore i forhold med har ikkje vore mannfolk. Dei har ikkje stått for meiningane sine, optredt som voksne mennesker eller behandla meg som ein mann. Små ting han gjer i kvardagen gjer meg så lykkelig, og det har vore dei fire finaste månadane eg har hatt på lenge. A, eg elska deg ♥

 

 

Takk for at du får meg til å le kvar einaste dag ♥

 

CHRISTMAS 🦌🤶🎄

 

 

Fyrst og fremst må eg seie unnskyld til dei som ikkje pyntar, drikk julebrus eller et pepperkaker før fyrste desember – men eg har pynta til jul. Vel, eg var jo berre heilt nøyd! Som student er du ikkje i hybelen rundt juletider, og derfor tenkte eg at eg ville ha det opp no slik at eg vertfall har det ein månad. Gårsdagen blei tilbringt saman med eksamensgruppa, deretter litt kjærestetid. Før A kom pynta eg alt bortsett frå juletreet. Det kom opp i dag. 

 

I det eg stod og pynta tok eg fram nokre ting som betyr meir enn andre. Den kvite engelen som dikka ser under fekk eg av oldemor, som var verdas snillaste menneske. Ho vart gammal og døydde då eg kun var eit barn. Sjølv om eg har mista oldemor tenkte eg meir på dei som har ingen. Dei som tilbringer jul åleine, på gata, på sjukehus, på psykisk instutisjon – the list goes on. Som helsearbeider jobba eg jo på sjukeheim og i fjor var det tre av åtte som fekk reisa heim. Så trist! Hadde det vore eit fint tilbud i Årdal hadde eg garantert holdt nokon med selskap på dagen! All respekt til dei som gjer jula fin for andre. 

 

 

 

  • LAGE BUDSJETT  Som tidligare skrivet på bloggen er eg ein racer til å bruke opp pengane før eg eigentleg har sett kor masse eg har fått i lønn. No er det stopp på det. Shoppestoppen går ganske bra, sjølv om eg var alt for nær å klikke heim ei nellypakke for 1500 i går. Derimot skal eg kjøpe ei kameralinse (forhåpentligvis brukt), sida Marta fekk kjøpe seg nye støvletter. Det pengane mine går til er utruleg mange småbeløp! Ein iskaffe i kantina, pepsi max på jobb, sjokolade på laurdag blir fort over hundre kroner. Denne veka blir eg jo vekke så og sei halve veka derav blir jo sikkert også matbudsjettet mindre. EIN tur på butikken skal bli.

 

  • OSLOTUR  På torsdag reiser eg til Oslo for å besøke familie, og forhåpentligvis venner. Hakeem veks jo for kvar einaste dag som går, og eg kjenner eg savner både han og jentene mine. I tillegg er det alltid koselig å vere med søstern – ettersom me klikkar så godt sammen. Torsdag til søndag befinner eg meg i Oslo, og skal prøve å få blogga litt derifra.

 

  • BLI FERDIG MED OPPGAVE 2/4  Eksamen nærmar seg slutt med stormskritt, og eg gleder meg til eg kan krysse den av som ferdig. To av fire oppgåver er nogenlunde ferdig og i midten av desember skal alt leverast inn som ei mappeoppgåve. Det som er kjipt er at vi skriv tre store oppgåver, mens det kun er ein av dei som blir valgt ut – waste of time? Yes.

 

  • GI KLESSKAPET DETOX  At the moment er klesskapet mitt eit einaste kaos. Det er klær over alt, lite sortert og alt for rotete. Eg rydda det jo for ikkje så alt for lenge sida, og fekk solgt unna tre bæreposer med klær. Kven veit? Kanskje det blir litt klær til salgs denne gongen også?

 

  • STRIKKE, STRIKKE, STRIKKE  Tirilgensaren står på agendaen, og eg har allereie fått strikka litt – men manglar jo sjølvsagt armar og den øverste delen av genseren. Derimot må eg bli ferdig til eg og A skal til Årdal fordi mommo skal hjelpa meg litt med den øverste delen. Så derfor må eg strikke heime, på jobb og på toget.

 

  • BESTILLE FLYBILLETTAR TIL POLEN  Endeleg lønning, og eg kan endeleg bestille 1/2 flybillettar. Eg føler eg har nemnt så mykje om denne Polen turen, og kor mykje eg gleder meg. Warszawa here we come.

 

  • TREKKE PRAKSISPLASS  På torsdag skal me trekke plass til den aller siste praksisplassen og eg er livredd. Altså draumen hadde jo vore og trekt plass nummer ein og fått valgt Gjøvik legekontor, men så lenge eg får innafor desse områda så er eg nøgd. Trekker eg derimot plass nummer hundre og endar opp i Lom veit eg ikkje kva eg skal gjere. Da kjem eg til å bli heilt knust.

Tenk at oktober er ferdig og at me har forflytta oss til november og eit hakk nærmare juleferie. Julafta, julepynting, julefilmer, julebaking, juletre og julebrus nærmar seg med stormskritt og eg gler meg som ein liten unge til å komme heim til Årdal å feire jul. Eg tenkte berre å fortsette med desse innlegga fordi eg sjølv synest dei er artige å lese, interessante og ikkje tar lang tid å lese. Med det sagt hoppar me berre rett inn i det;

 

🍁 Bestille flybillettar til Polen og Ungarn. Nokon andre som fekk med seg at Karpe billettene blei utsolgt på sånn fem sekund? Gjett kven som låg i draumeland ved billettslipp? Jepp, det var meg. Heldigvis har eg ei fin venninne i Polen som inviterte meg til deira konsert i Warszawa, og samtidig få ein langweekend tur. Hotellet og konsertbillettene er booka, så da gjenstår kun flybillettene. I tillegg har eg og A bestemt oss for å reise på tur til Budapest, og flybillettene må også bookes dit. Allerede fattig før eg har fått lønn, woops. 

 

🍁 Bake noko eg ikkje kan. I september og oktober bakte eg og lagde fleire ting som eg forelska meg heilt i. Baking er jo så utruleg gøy når ein fyrst får det til og ein får ein deilig mestringsfølelse. Konfekt eller noko som kan gis i julegave står høgt på bakelista og eg har sett på heimelaga Snickers konfekt. Blir det bra deler eg det sjølvsagt med dykk. 

 

🍁 Starte shoppestoppen. Ved den siste praksisperioden i medisinsk hadde eg faktisk shoppestopp – noko som var svært vellykka. Ettersom eg skal på to reiser på to månadar, noko som garantert kjem til å sluke litt peng. Derfor skal eg og Marta faktisk ha shoppestopp til me har landa i Warszawa! Shoppestopp i fem månadar, let the game begin. Visst ein av oss tapar må ein spandera middag på den andre parten på langweekenden min. Eg vil heller bruke dei pengane på eit klesplagg, så sorry Marta men eg ha ikkje planar om å tape. 

 

 

Klokka er tolv og einaste eg har tenkt på i heile dag er at eg vil blogge. På vegen heim blei det ei litta pit-stop på Fagernes camping hos min pappa og stemor ettersom eg måtte venta heile fem timar på bussen til Årdal. Livet uten bil suger ganske masse når eg skal heimover. Det gikk veldig fint, eg fekk prinsessefrukost (som bestilt), me åt spekemat og eg var nede og kjente på det deilige vatnet der. No er eg heime i Årdal, så eg tenkte å ta med kameraet litt dit eg skal. I morgon (eller det blir vel i dag når dykk les dette innlegget) skal eg og mamma gå tur til ein plass som heiter Vetti. Forhåpentlegvis får me litt sol på kroppen og rekk og få litt farge. Eg skal ta med kameraet for å vise dykk den flotte naturen me er omringa av. 

 

Uansett! Dette innlegget er sjukt artig, nemleg fordi eg tenkte eg skulle dele nokon stygge og uredigerte bileter av meg. Så sett dykk tilbake i godstolen eller legg deg godt til rette i senga og nyt desse flotte bildene saman med ein god latter.

 

 

Detta må jo vere eit av dei styggaste bilda som nokon gong er blitt tatt av meg, hei eg heiter Hufsa.

 

 

Love my feet so much they couldn’t stay out of the pic.

 

 

Kva skjer med det blikket liksom? You on drugs gurl?

 

 

Ser berre så sjukt innbydande ut, nam.

 

 

Som dykk sikkert har skjønt, dette var ikkje dagen min berre.

 

 

 

Give me back my camera bitch, I got nudes on it (neida).

 

 

Walk those stairs like a catwalk, baby

 

 

Heheheh, so funny

 

 

FØR:

 

 

ETTER:

 

 

Åh, eg er såå fornøyd med den lille oppfriskningen eg fekk i dag. Kanskje dikka ikkje ser det så godt, men botnen er farga lysare, litt lyse striper i lengdane og håret er mykje kaldare. Best av alt luftar håret mitt fortsatt dritdigg, du veit – sånn håret alltid luftar etter du har vore av frisøren. Så ja, det er vel det eg har gjort i dag? Vore av frisøren i to timar, gått ei litta tur innom CC og sett litt samt trent. Det er lenge sida eg sist trente og i dag fekk eg fingeren ut, kjøpte kettlebell og trente ei herlig økt i parken. Tenkte faktisk å leggje den ut for dikka i morgon, om det er interesse for det. Ellers så ventar eg berre på at telefonen skal ringe å få vite at søstern skal føde. Som eg gleda meg til å møte lille prinse, Hakeem!