If heaven had a scent this would be it. Ikkje berre heite den det samme som den nydelige dattera vår, men gud kor godt den lufta. I tillegg er det jo ikkje noko å sei på kor fin den er heller? Rituals har så enkle, reine og gode produkt – og eg har lagt hjertet mitt hos produkta deira. I det siste har eg blitt meir interessert i hudpleie og meir nøye med det. Da har faktisk både skrubben og ansiktsrensen falt godt i smak. Sistnevnte etterlet huden så mjuk og deilig ettersom den inneheld honning.

Som dikka sikkert forstår er eg blitt heilt forelska, og det er ikkje i Abdi – men i Rituals. Derfor bestemte eg meg for å handla desse duftpinnane derifra i dag mens eg og Jasmine var ute og trilla. Også er jo dei sjølvsagt gull og passar perfekt inn i heimen. Men folkens, kan ikkje me snakka litt om kor sjukt fint vær det er for tiden? Sol, varme og fuglekvitring. Det betyr berre ein ting; våren er her! Mens me var ute og trilla møtte me på så vilt masse folk, og ein skulle ikkje tru det var ein pandemi som herjar verden over. På senteret var det ekstremt og det var vanskelig å gå inn på butikken uten å bryte to-meters regelen. Håpar folk forstår at sjølv om tallet på dei som ligg på respirator og inneliggende pasientar går ned, er dette langt fra over. Me må fortsatt være flinke til å isolere oss litt fra omverden, vaske henda veldig godt og følgje alle andre råd fra FHI. Saman kan me klara det ❤️

Endeleg eit bord som er større enn mitt tidlegare som hadde plass til maksimum to tallerkar og to glass. Det var høgst nødvendig, og ettersom eg fekk solgt mitt tidlegare, nydlege bord for 350 – betalte jo eg berre 540 for det her? Right? Bordet er fra jysk og takket være Astrid fekk eg skyss opp for å kjøpe det. Klarar nesten ikkje å vente med å invitere jentene til ost- og – kjeks kveld, med masse gossip og ein koselig film på TVen. Dette bordet skal også være med når eg og A flyttar til vår neste plass. 

 

Helga har bestått av jobb, kjærestetid og jobb. Faktisk har eg tatt på meg mange ekstravakter slik at eg får hustla litt peng til dei turene eg skal på i 2019. I tillegg MÅ eg bli flinkare til å spare, heilt ærlig. Eg såg på lønnsslippen og såg kva eg hadde fått i brutto, så tenkte eg berre damn – kor er alle dei kronene blitt av? Forhåpentligvis skal eg jo ein vakker dag kjøpe meg ein leilighet, kjøpe familiebil og ha peng til mitt høgt ønska A4 liv. Så eg bør jo absolutt begynne å spare. Nokon som forresten har nokon gode tips? Korleis sparar du peng?

 

 

 

 

Never have I ever owned a jeans from H&M *drinks*. Mitt aller første jeans-par fra Hennes, og eg absolutt elskar dei. Sett vekk ifrå at eg kjøpte dei ein størrelse for store passar dei perfekt i lengden, sitt fint og gir meg tidenes rumpa. Sjå berre på biletet ovanfor, boom. Jeans som gir deg sjølvtillitsboots, ja takk. I tillegg elskar eg beina på dei og korleis dei er “klypt” opp, skikkelig røffe. 

 

God onsdag, håpar alle har fått ein fabelaktig start på lillelaurdagen sin. Min starta med å spele inn ein sminkevideo for dikka faktisk. Veit ikkje om det er noko interesse av det – men lat gå. Skal få redigert den i laupet av dagen, slik at den snart kjem ut. Har ikkje laga video på lenge og følte berre for det i dag.  I tillegg skal eg jo til Gøteborg, så da tenkte eg å lage ein innkjøpsvideo når eg kjem heim. Skal ein bli toppbloggar må ein jo faktisk begynne å ta ting seriøst. Uff, eg seier det kvar einaste blogginnlegg. Sorry for at eg ein ustabil sjel når det kjem til blogging. Føler meg så ambivalent i forhold til at eg absolutt vil blogge eitt innlegg for dagen, samtidig som livet mitt er så kjedeleg at det ikkje er så mykje å blogge om. Blogginnlegg kjem vertfall når eg føler for det, noko som absolutt bør bli oftare enn ein gong i månaden. 

 

Yeah a lot can change in three weeks. Det har faktisk gått tre veker sida eg sist titta innom her, og alikevel er det folk som er innom bloggen. Unnskyld til dikka fine lesarar for at eg ikkje har oppdatert, men MASSE har skjedd. Eg har ikkje fått meg type eller blitt gravid, men eg har blitt tante. Den fina sommardagen 7. juli bestemte lille Hakeem for å komme seg ut av magen til søstern for å hilse på oss. Eg reiste til Oslo på dagen (sjølv om eg var heime fra jobb grunna DUNKANDE hovudsmerter) og fekk klemt, kyssa og hold på lillegull. Søndagen før vart mamma sendt til sjukehus, noko som gav stor redsel! Tenk hadde eg mista ho i ein alder av 21? Eller tenk hadde eg mista ho uansett alder! I love that woman with all of my ♥

 

Uansett går det bra med både mamma og Hakeem og eg kjenner meg faktisk motivert til å blogge. Ting skjer framover, blant anna at eg skal heim ein tur (ja, for det er sjukt masse å blogge om i Årdal Susanne!), mamma kjem på besøk og eg skal til London. Yay. Derfor trenger eg jo absolutt nokon London tips visst nokon har det! Berre til å kommentere. I dag gikk eg til innkjøp av to fine par med øyredobbar som er i favorittfargane mine; gull og svart. Det beste er at dei berre kosta femti kroner per par. Eg elskar billigdritt 🙂 

 

 

 

 

 

 

Om det er deilig å starte dagen med ei ny, fersk ansiktsmaske? Hell yeah. Når eg var i Oslo forrige torsdag var eg og Jonas innom Lush for å sjå litt. For ei luftbombe man går i mot i det man passerar inngangsdøra der. Ettersom eg lenge har vore plaga med raudheitar i huden fekk eg annbefalt denne maska. Lush har jo ferske, håndlaga masker – noko som er eit sjukt pluss. I tillegg testar dei ikkje på dyr og driv med bærekraftig produksjon. Bra for både naturen og bra for deg. Eg skal vere heilt ærleg og seie at eg ikkje har merka noko stor forskjell etter kun ein gongs- bruk, men eg reknar med at det blir betre dess lengre ein brukar den. 

 

I dag er siste kveldsvakta mi før eg skal på mi aller fyrste nattevakt. Erfaringane mine fra tidlegare nattevakter er nettop det at eg blir sjukt skei når eg jobbar natt. Oppblåst mage, kvalm og eit enormt søtsug inntrer når klokka nærmar seg fire og fem. Derfor skal eg ha med meg ei god nistepakke, samt satse på at pasientane mine søv godt. Kjipt å vere åleine på avdelinga visst det plutselig skulle bli mykje uro, og ikkje minst fall. Fingers crossed. Apropos mat, gjett kven som nettop åt frukost? Hehe, well that’s me. Eg var faktisk oppe klokka halv ti – men ettersom eg har drivet å rydda litt og styrt litt blei det ikkje mat før no. Viktigast er vel at ein uansett får i seg noko. Håpa dikka får ein nydelig torsdag, for i morgo er det helg! ♥

 

 

Altså how cute?? Denna parfymen er jo berre så sjukt søt, så deilig og så fin innpakning. Etter to månadar utan parfyme og med Victoria’s Secret bodyspray var det på tide å kjøpe inn ei ny parfyme. Etter mykje lufting fant eg ut at det var denne som skulle bli med meg heim. Den siste parfymen eg hadde var jo Si fra Giorgio Armani, men det var godt med ei litta utbytting. For meg var det viktigast at parfymen lufta litt friskt no som det faktisk er sommar. 

 

I dag har jo eg hatt fri, og ein skulle tru at dagen har blitt bra utytta – men neida. Eg sovna eigentleg ganske seint i går, ettersom eg lenge såg på film. Samtidig låg eg og tenkte litt på dette bruddet, og kor sinsjukt mykje eg ikkje mista. M har ikkje skrivet til meg sida den dagen eg slo opp, ikkje sendt ein einaste snap eller vist noko interesse. Det som er mest vondt er jo kor mykje omsorg og kjærleik eg gav, men så får eg det her tilbake. Innser vel eigentleg kor lite eg mista, og kor mykje han mista. Alikevel synest eg han burde vise respekt og spørje korleis det går, eller i det minste svare på meldingen eg sendte til han på laurdag. Ja ja, not my loss. I morgon er det kveldsvakt igjen, før det blir to dagar med jobb og to dagar med fri. Deilig ♥ Håpar dikka har hatt ein nydelig tirsdag. 

 

Velkommen til solbrille-familien min, etterlengta Quay solbriller. Endeleg blei desse mine, etter å sikla på dei i over tre månadar. Det er jo ikkje det at dei er så dyre, men som student er det ikkje heile tida ein har seks hundre kroner til å punge ut på eitt par solbriller. Ettersom mine kjære H&M briller knakk i det eg fikla med dei, måtte eg jo ha eit nytt. Takket være ei veldig god lønning gikk eg på Hvit Tråd (som forresten har SINSJUKT masse fint) og la desse brillene på kassa før eg drog kortet. Eigentleg hadde eg lyst på dei største, men sida dei ikkje hadde dei vart det mini-versjonen.

 

I dag er det skikkelig drittvær her på Gjøvik, regn, surt og litt vind. Våkna faktisk til vinden som røska i persiennane mine. Derfor blir dagen i dag brukt på å vere inne, samt sjekke korleis bøker eg skal få solgt vidare. I dag har eg absolutt ingen planar, og det er så uvant. Eg plar jo alltid å jobbe, vere i praksis eller vere på skulen – men i dag har eg ingen planar. Kanskje eg skal gi klesskapet ein real detox? Me får sjå.

 

Kva synst dikka forresten om det nye designet, yay or ney?

 

Kvar einaste veke framover skal eg prøve å ha eit lite prosjekt, nemleg det å gå på butikken kun ein eller to gonger i veka. Før var eg flink til dette, og eg sparte ganske mykje peng på å handle så få gonger i veka. Etter eg flytta bur eg faktisk to minutt fra Rema 1000, og derfor er det lettare å berre “nett gå innom” butikken. Då blir det ofte ein eller to ekstra ting, og eg skal love deg at det fort blir nokre hundrelappar. Eg veit ikkje heilt kva dikka synest om sånne innlegg? Er det kult eller er det dritt kjedeleg? Let me know.

Eit anna tips eg har er å bruke handlenett. Det er kanskje lett å gløyme kor mange plasposar ein brukar i laupet av eit år, men det er ikkje få. I nokre land, som blant anna Somalia er det ulovleg med plastposar. Handlenett får du kjøpt over alt, mine fancy er kjøpt på nokre butikkar i Berlin. Du sparar miljøet, samtidig som du ser ganske så miljøvennleg ut der du går, kult! 

Her ser dikka denne vekas handlepose og den er fylt med masse masse digg, som dikka ser. Når man er student orkar man ikkje alltid å lage så mange middagar, og har ofte samme middag to dagar på rad. Kvifor ikkje? Så her kjem denne vekas middagar.

MANDAG: HAVREGRAUT MED BÆR OG PEANØTTSMØR

TIRSDAG OG ONSDAG: SALAT MED MANGO OG LAKS, TOPPA MED TZATIKI

TORSDAG OG FREDAG: HEIMELAGA BLOMKÅLSUPPE MED RUNDSTYKKER

 

 

Ny leilighet betyr nye bloggbileter eller house-tour video. Ettersom den nye leiligheten kun er på eit rom, tenkte eg heller å vise den i bileter enn å filme eitt og samme rom gjennom ein video som ein berre må dra ut for å få den til å bli lang nok. Dei som har fulgt meg på bloggen eller youtube lenge har sett den tidlegare leiligheten min som eg faktisk har laga aparment-tour på. Femti minutt unna sentrum, venner og treningssenter fekk eg etter to år nok og fekk fingeren ut og tok eit tak. Allerede i juni søkte eg om ny bolig og fekk, men hadde da ikkje sagt opp den gamle og hadde verkeleg ikkje råd til å betale tolv tusen i månaden på buutgifter. Månadar og ein oppsigelse seinare fekk eg endeleg plass dit eg hadde mest lyst, nemleg til sentrum studentboligar. No har eg matbutikk to minutt unna (dette er fakta!!), bestevenninna mi bur to etasjar under meg og treningssenteret er fem minutt unna – kor fantastisk? 

Bildene viser jo litt korleis det ser ut der med tanke på interiør og møbler. Alt i alt blei eg til slutt veldig fornøyd med korleis det blei sjåande ut, og at eg fekk sovekrok, tv-krok og spisekrok. All in one. Møblene vart kjøpt inn på mandag og me ha eigentleg brukt tida sida det på å flytte, vaske og snekkere. Det blei masse unødvendig styr med den forrige hybelen så heile laurdagen gjekk jo nestne kun til å skaffe ei ny benkeplate som måtte monterast. Ein ting lærte eg vertfall av det; ALDRI skjær utan skjærebrett under. 

Er ikkje dette bordet berre definisjonen på eit perkfekt sofabord? Altså, eg er forelska. Etter å ha holdt ut med det typiske ikea-bordet til sytti kroner i eit og eit halvt år var det verkeleg på tide å få seg eit sofabord som passar mykje betre inn. Ellos har virkelig mange fine møblar som ein kan bli hovudstups forelska i, men mange av dei var dyre. Dette derimot ligg på den prisen til firehundre og tjuefem kroner, og melder du deg inn i kundeklubben til ellos får du i tillegg tretti prosent ekstra. Ettersom eg skal flytte om ti dagar tenkte eg eigentleg å vente med å bestille bordet til dess, men eg klarte verkeleg ikkje å holde meg. 

Helga har vore veldig hektisk, og derfor har det vore ganske stille herifrå. Fredag etter jobb klarte eg sjølvsagt å vrikke foten i mørket og enda opp på legevakten på laurdag. Så utruleg kjedeleg! Å vrikke foten er jo noko eg er ganske vandt med, men ikkje så ille. Så da enda eg opp på krykker og bandasje. Prøvde å gå utan krykker i går, men herregud så vondt eg fekk i det eg skulle leggje meg. Må vel berre innsjå at kroppen treng tid til å hæle. I dag har eg fri fra praksis, men skal på kurs på sjukeheimen. Skulle tru eg skulle ha våkna klokka tolv i dag, men neida. I går, som kvar dag, snakka eg jo med kjæresten på facetime. Når ein er i praksis tar det på, og eg kan med hånda på hjartet seie at det slit på deg. Etter ein time på facetime sovna eg fra lys og radio i tillegg til kjæresten. Stakkars fyr. Heldigvis tok han det med eit smil og var like søt som alltd. Måtte alle få ein super tirsdag, og ei fin veke ♥

– Du finn bordet her, eller ved å trykke på nokon av bilda –