Happy friday folkens – og håpar dikka alle har fått ein super fin start på helga me går i møte. Fyrste praksisveka er unnagjort, og det er berre ni praksisveker og ein passeringstest igjen før eg har sommarferie. Tenk på det, og snøen er så vidt begynt å smelta. Spenningen er der for om snøen i det heile tatt smeltar før nasjonaldagen vår. Ein merkar at allereie etter kun nokre dagar føler ein seg tryggare og meir ivaretatt på ein ny praksisplass. Fyrste dagane var eg så låst, og synest det var veldig vanskelig å sjå mennesket bak sjukdommen. Dei ansatte på posten sa at menneskene som er innlagt der er akuratt som oss; det er ei mamma, ein pappa, ei søster, ein bror, ei datter eller ein sønn. Alle er der fordi dei treng hjelp til å behandle sjukdommen, på likt linje med ein som behandlast for diabetes. I dag var eg med på å levere ein pasient til ein anna avdeling, samt brukte nokre timar ute i miljøet med dei som var der. Eg har trua på denne praksisen eg, folkens. Kven veit – kanskje det er psykiatrien eg endar opp i om eit år. 

Etter eg var komt heim tok eg meg ein tur på CC ettersom det var noko eg skulle ha, og gjekk sjølvsagt innom H&M. Vanlegvis finn eg aldri noko der, og generelt synest eg at klesbutikkane kun har drittkleder for tiden. Den gensaren på bilda over er såå deilig at dikka anar ikkje, i tillegg til at eg fekk den for ein hundrings. Det er jo heilt sjukt! Her er det enda såpass kaldt at slike gensarar passar utmerket, og det tenker eg i grunn den gjer heile året. Tenk og kunne ta på seg denne deilige gensaren ein kald sommarkveld. Skjorta under fekk eg for syttifem, og eg synest den var så fin. Faktisk så såg eg på den i Oslo til fyrste daten min med M, men kjøpte den ikkje. Thank God, det var dei pengane spart. No skal eg starte med å rydde, støvsuge og bytte sengeklær til elsklingen min kjem på besøk. Kanskje eg knipsar nokon bilder til dikka fra kvelden? 

Okey, eg trur eg har funnet den nye favorittbuksa mi! På mandag var eg og mamma på CC ein liten tur, og eg prøvde denne buksa på Cubus. Fyrst prøvde eg den i ein litt lysare farge og ein størrelse større, men det var jo denne eg eigentleg ville ha. Ettersom eg har gått ned eit par kilo og nokre centimeter rundtom på kroppen, fekk eg på meg denne i ein mindre størrelse. Eg har hatt ei Gigi Girlfriend jeans før – men den er jo blitt alt for stor! 

I dag er det eigentleg ingen andre planar enn trening og litt jobbing.Ettersom eg skal flytte er det viktig at eg har litt ekstra peng på kontoen, då eg må kjøpe inn litt diverse saker. I tillegg har eg jo lyst til å ta ein tur til Polen og besøke Marta i laupet av hausten, og findings står på planen for sommaren – og da må eg få penger inn på kontoen (sjølv om dei går like fort ut). Gledar meg til å sjå alle artistane som kjem på programmet etterkvart. 

God torsdag til dykk alle, og keep on! Det er kun ein dag igjen til helg (aka ein dag igjen til eksamen). I måro skal eg ha psykiatri eksamen, og eg føler det kjem til å gå så bra. Personlig har eg aldri hatt så kontroll på noko før, så eg håpar virkelig det kjem fram på karakteren også. Ein veit jo aldri kva som kjem på eksamen, som for eksempel da me fekk hormon og det mannlege utstyret. Gjett om eg var blank da? For å sei det slik; eg hadde lyst til å krølla den forbanna eksamen og kaste den på læraren vår som tidlegare sa dette var noko me ikkje hadde trengt å øve på. 

I dag gikk eg faktisk ned på skulen, som eg forsåvidt tok førtifem minutt. Fekk no vertfall over seksti prosent på klokka mi, så da er eg fornøyd, heh. I går fekk eg dei nye joggeskoa mine i posten, som eg eigentleg skulle tatt nokre bilder av, dei er nydelige. Anyways, Susannemor lærer aldri og tok på seg dei når ho skulle gå ti mil ? gjett kven som fekk gnagsår? Meg. Men gjett kven som skal ha dei på seg i måro? Meg. 

Eg var litt på skulen, men sida eg føler eg har kontroll så droppa eg det og reiste ned på CC. Lasse liten har bygga om og hadde åpning i dag, og herregud så fin stil det er blitt der. Kanskje eg får tatt nokon bilder der, ettersom eg vurderar å sitte å lese litt der framover. Skal vertfall ta med den absolutt beste, og finaste kjæresten min dit. Snakk om sola, så kjem ho om to veker og seks dagar, gjett om eg gledar meg? Det eg gledar meg mest til er å flytte saman med dama i mitt liv neste år. 

Som overskrifta seier fekk eg kjøpt litt nytt i dag som dikka ser på bilda ovanfor. Søstrene grene har så sinsjukt mykje fint, meir enn ikea vil eg seie. Ikea har kanskje masse sånn fine basic ting, mens søstrene grene har så sinsjukt mykje fint dekor, og eg veit kor eg og jenta mi skal gå neste år når me flyttar. Oh my lord, gledings! Som dikka ser på dei fyrste bilda kjøpte eg såå fin hylle til kun typ seksti kroner, pluss “vasen” for seksti kroner. Det er jo slikk og ingenting. Lysfatet som dikka ser ovanfor fekk eg for kun hundre og femti kroner, ettersom det eigentleg var fullprisa for fem hundre. 

No skal eg ferde meg med blogginnlegget, pakke litt til i måro også skal eg leggje med tidleg for å vere opplagd til i måro. Wish me luck peepz ♥

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Etter eg tok dette biletet tenkte eg litt. Kvifor skal det vere slik at dei med små, fine sprettrumper skal vere meir stolt av rumpa si enn meg? Når folk spør kva eg er mest fornøyd med på kroppen min tør eg aldri å seie noko, men eg har jo eigentleg ei ganske bra rumpe. Så ja, tenkte berre å starta innlegget med å seie fuck janteloven, og vær stolt av kroppen din uansett. Unge går kvar dag gjennom så mykje drittpress om kropp, karakterar, venner, utdanning og ikkje minst utseende så det er jo pokker meg ikkje rart me blir usikre på alt mellom himmel og jord. Fuck janteloven og fuck alt presset, du er bra som du er! No er jo faktisk mange ferdige på skulen, og eg vil berre seie at dikka må vere stolte av dikka sjølv. Det er ikkje alle som kjem seg gjennom videregåande. Livet er verkeleg for kort til å gå rundt å ha negative tankar kvar einaste dag proppa i hovudet. Så lenge eg er frisk, har dei gode vennene eg har, fine familien og kan fungera vanleg i dagleglivet er eg meir enn nøgd. 

Wow, det vart visst ein litt lengre intro enn eg tenkte. Pytt pytt, av og til må ein berre få det ut. Meininga med den introen var at eg fant ei bukse som satt perfekt på både rumpe, lår og samtidig var høgtlivs. Kor fantastisk er ikkje det? I tillegg elskar eg alle detaljane som høyrer til den med hola på knea, frynsene nederst og ikkje minst at den går rett under navlen. ME + HIGHWAIST = TRUE. Buksa var på tretti prosent nede på Cubus, så eg måtte faktisk berre kjøpe den. Hadde eg ikkje kjøpt den veit eg at eg hadde angra i måro. Den var litt trang over magan, men eg skal jo få litt av den vekk (trur eg vertfall). Modellen heiter vertfall Highwaist Hannah, og eg anbefalar den for absolutt alle. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

 

Fyrste dag i praksis er unnagjort, og eg er godt plassert under dyna. Heilt utruleg at det faktisk er april, for det er bokstavlegtalt ISkaldt her. Faktisk så vurderar eg om eg skal setje på varmeovnen min, så ille er det. Den nye prakisplassen er utruleg fin og spennande. Å få møta så mange mennesker, med så mange ulike diagnosar er verkeleg noko eg interesserar meg for. Seinare i kveld skal eg setje opp ein turnus slik at eg veit når eg jobbar. Det er hovudsakleg fire dagar i veka, ei helg og ei nattevakt.

 

Denne veka skal eg berre jobbe onsdag og torsdag, så reiser eg til Oslo på fredag. Karpe Diem blir heilt sinsjukt, og eg skal nyta kvart sekund av den konserten. Sangane deira er så rett på, og treff meg rett i hjartet. Spesielt det nye albummet med; Hvite menn som pusher 50 og Rebell i kjellerleiligheten din er såå spot on! Skal ta med goproen min og sjå om eg får nokon kule bilder, men diverre har eg berre den fyrste utgåva av Gopro så kvaliteten blir ikkje på topp.

 

SAMSUNG CSC

 

Anyways, kor kule er ikkje desse solbrillene? Eg falt heilt pladask med ein gong eg såg dei, og tenkte at du, du skal vere med meg heim. Det er noko med fargen, formen og at dei verkar så skikkelege. Vanlegvis er briller frå H&M dårleg kvalitet, men desse verkar stabile og ordentlege. Dessutan trengte eg nokre nye solbriller, ettersom eg satt meg på dei frå Pull & Bear. 

 

SAMSUNG CSC

 

 

YOUR SOUL.. YOUR RITUALS

SAMSUNG CSC

Endeleg har denna fine butikken åpna på CC Gjøvik, og forrige veke hadde eg min første (men ikkje siste) tur innom. Servicen der var virkelig fantastisk, butikken var fin og ryddig og dei ansatte var skikkelig hjelpsomme. Guro fekk ei fin bursdagsgåve derifrå, og eg måtte ha den dusj-gelén sjølv også. Den var faktisk på åpningstilbud, så da var eg heilt nøyd. Denne kan også brukast som barberskum til blant anna leggar, så det er jo eit heilt fantastisk produkt. 

SAMSUNG CSC

Sida eg handla så masse der fekk eg også med prøvar på ein håndkrem og bodylotion. Er det noko eg vil bli skikkelig flink til er det å gjennomføre litt fleire kveldar der eg virkelig tek vare på meg sjølv, skrubbar og smører meg inn med bodylotion. Når ein gjer sånt i kvardagen føler eg ein unnar seg litt luksus, samtidig som ein føler seg så innmari bra og vel. Neste gong eg skal kjøpe meg noko der blir det vertfall ein skrubb og den fantastiske håndkremen. Eg har så mange bodylotionar som eg berre måå prøve å bruke opp før eg kan kjøpe meg nye. 

SAMSUNG CSC
 

Så no skal eg snart henge opp ei maskin, rydde litt før det blir ein tur nedom treningssenteret. Og når eg kjem heim da skal eg tenna lys, skrubba, barbera meg og smørja meg inn i ein skikkelig god bodylotion. Kanskje eg også skal prøve meg på litt sjølvbruning? Har nemlig ingen foundation som passar, ettersom eg la att sminkeveska mi i Gol, og den einaste kvite foundation eg har er der.  Der har me planen klar for resten av dagen! Måtte dikka alle få ein super fin mandag, og ei herleg veke ♥

Tirsdag, og ein dag til jenta mi kjem til Gjøvik! For tiden driv eg og svarar på eit innlegg angåande det å gå på sjukepleien her i Gjøvik, studentmiljøet og mine tankar rundt det. Fram til eg er ferdig med det, tenkte eg å visa dikka noko spennande eg kjøpte på eBay for ei stund tilbake. Det er såå fint, og annbefalar alle som har ein ledig vegg til overs, til å kjøpe dette fine teppet å henge det opp.

Korleis gjere ein kjedeleg kvit vegg til noko som kan sjå litt sprekare, og litt finare ut? Bestill mandalateppe frå eBay!

SAMSUNG CSC

Altså folkens, let’s just take a minute for this mandala blanket. Eg har lurt skikkelig på kva eg skulle gjere med den veggen, ettersom den var så keisamn. Fyrst bestilte eg noko klistermerkegreier som eg tenkte kom til å bli kult, men det var rett og slett jalla. På teksten der det skulle stå eit typisk klisé-quote var det elendig Mehmet-engelsk.

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Sida eg først viste dikka det fine rommet mitt, tenkte eg også berre å tipse om dei fine hyllene. Altså sjå på dei, så minimalistiske, reine og fine. Dei er kjøpt for 30-40 kroner på søstrene grene, og er så enkle å hengje opp. Så dei som får lønning den fyrste kan no springe ned på handlesenteret å få tak i desse fine hyllene. Linken på teppet kan du finne her. Det finst også i andre kule fargar!

 

#ebay #innkjøp #sostrenegrene #soverom

SAMSUNG CSC

Du veit den følelen du får når du har fått lønning og trur du er millionær? Vel, eg hadde den før eg svidde av alt for mykje på shopping i dag. Føler meg som eit skikkelig dårleg menneske som ikkje klarar å spare, noko ein verkeleg bør gjere når ein er student. Litt har ein vel lov til å unne seg? Og soom sagt så snusa eg eller røyke ikkje, så veit du kva, det er innafor. 

I dag tok eg faktisk bussen til Gjøvik frå Årdal, og det tok såå lang tid. Bilen skal reparerast, og eksamensmånadane står for tur så trur ikkje eg reiser heim før jul. Så ein og ein halv månad utan bil kan bli ei fin utfordring. Men no har eg fått busskort av mamsen, så det skal brukast godt. Trur den største utfordringa er å komme seg til skulen, ettersom eg brukar 40 min på å gå og 40 min med buss. Så what to choose, what to choose.

SAMSUNG CSC

····

Heisann og hoppsan, og ja eg er fortsatt i live. Tenkte faktisk å spele inn ein liten videoblogg, der eg snakkar litt om kva som skjer for tida. For det er MASSE! Me er jo faktisk blitt døypte russar, eg har søkt på skule, og eg har fått meg hybel. Kor fantastisk er ikkje det? Men som sagt, tenkte eg å ha ein liten video der eg snakkar om kva som skjer i livet mitt. Får sjå når den kjem ut, ettersom eg har prøve i måro og høyring på fredag. Men eg skal prøve å bli litt flinkare å oppdatere, for eg er faktisk skikkelig motivert for tida. Det blir berre så mykje betre no som været er finare, og det er lysare lenger. 

SAMSUNG CSC

Når eg og mamma var og såg på leiligheita i Gjøvik var me sjølvsagt inne på CC. I og med at eg har både den store, og middelse Kähler vasen i grå, har eg lenge hatt lyst på den minste. Synest det er så fint med heile familien. Kor teit høyrest ikkje det ut, i tillegg til å vere mainstream-kähler-lover? Blir så bra å få hybelen, slik at eg kan byrje å pynte og styre på med mitt. Så i midten av juli, er eg forhåpentlegvis lykkeleg leigar av framtidas finaste hybel ♥

 

 

God påskeferie folkens! Såå godt med ferie, igjen. Er jo ikkje lenge sida vinterferien, men altså, ein takkar aldri nei til ein liten ferie. Ferien min starta vertfall veldig fint, med hentemelding frå Postnord. Kun tre dagar etter min komplett-bestilling var vara mi her. Som dikka ser ovanfor har eg bestilt meg beats. For dikka som trur eg drit peng, vel eg gjer det! Neida, eg brukte resten av komfirmasjonspengane eg fekk hjå mommo og far. Synst det er tusen gongar betre å kjøpe noko ein har ei stund, enn å bruke det på kun dritt. 

SAMSUNG CSC

Eg er vertfall overnøgd! Dei har sete på meg sida eg kom heim, og vil helst ikkje ta dei av. Eg bestilte dei frå komplett, ettersom dei var billigast der. Spørte jo absolutt alle om det var verdt det, men helll yeah. Og sjølvsagt i den finaste fargen! Håpar absolutt alle får ein super påskeferie, og eg skal prøve så godt eg kan å oppdatere dikka gjennom påsken ♥