♥ Nyte fyrste utegrilling! Den kommande veka er det meldt strålande vær, så eg tenkte at eg faktisk skulle ut, få meg med nokre gode venninner å fyre på ein eingangsgrill. Det må verkeleg vere noko av det mest koslige med sommaren, nemleg utegrilling, musikk, seine kveldar og godt selskap.
♥ Gå fleire turar. Det er jo ikkje akuratt så veldig mange toppar i Gjøvik, men eg er jo ein del i Oslo også, og veit det er mange fine turar å gå der. Fine toppar er det jo her heime i Årdal, men eg bur jo ikkje her lengre, så blir det blitt langt å komme hit kun for å kanskje gå ein topp.
♥ Opprettholde/forbetre blogginga. Dei siste dagane no har jo eg vært heilt konge når det kjem til bloggen. Eg har klart å fått ut eit innlegg for dagen, og dette er noko eg så absolutt har lyst til å opprettholde. Synest jo det er gøy å blogge, samtidig som eg kanskje blir nokre skritt nærmare draumen om å bli toppbloggar? Hehe.
♥ Fortsette med sunne valg, men stramme litt ekstra inn. Alle som har fått seg kjæreste veit sikkert kva som skjer med sunnhet da. For oss har det ofte blitt å ete ute, gå på Mcern eller ta usunne valg til kveldskos. Denne månaden spørst det om eg skal møte M i det heile tatt, da han har ramadan, så da får jo eg ta litt sunnare valg når han ikkje er tilstades.
♥ Nyte vannmelomtiden. Eg trur faktisk det er vannmelontid heile året, men det er jo fyrst no dei er blitt oppskåren og begynt å selgast delte på butikken. Min kjærlighet for vannmelon er så sjukt stor, og det er verkeleg noko av den beste frukta eg kan få på ein varm før-sommardag.
♥ Starte opp den nye avtalen med jentene. Når man er student i praksis har man ofte lyst til å møte kvarandre for å dele opplevelsar, erfaringar og tankar kring praksis. Kaffeslabberas blir ofte servert saman med is eller brownies, som ikkje er så veldig sunt. Etter å ha lest i eit magasin om denne iden, spurte eg jentene og dei sa at det var ein så god ide. Ideen handlar om at me ein gong i veka lagar sunn mat som me kan sette oss sammen og ete i lag. GENIALT!