Vekas motivasjon: Denne vekas motivasjon har definitivt vore at lesartallet har stige igjen. Før pleidde eg å ligga på eit lesartall på under hundre, men no ligg det på over to hundre. Noko som er fantastisk. Eg er så takknemlig for kvar og ein av dikka som les bloggen min. Eg set verkeleg stor pris på det.
Vekas høgdepunkt: Vekas høgdepunkt var at eg fekk fri/skulle ikkje jobba den fyrste helga i mai. Derfor blir det ein bitte liten tur til min andre heim. Bilettane er snart bestilte, og det er berre til å starte nedtellingen igjen. Per dag i dag, er det atten korte dagar til eg får sjå min fantastiske forlovede igjen.
Vekas beste innkjøp: Blant alt eg har handla, fann eg plutseleg ut at eg trengte nye sko. Eller trengte, og trengte.. Når eg såg at dei kun hadde dei fantastiske skoa att i 39, vart eg litt usikker.. Eg brukar jo vanlegvis 40 (bigfoot, i know), men tok rett og slett sjansen på å kjøpa dei. Eg klarte berre ikkje å lat vere! Skal vise dei til dikka, med ein gong eg har henta dei på posten.
Vekas kjiping: Vekas kjiping har vore at eg har klart og forsova meg to gonger på ei veka. Den eine gongen var eg aleine heime, og mamma ringte klokka ni. Da var eg allereie ein time for sein, i tillegg til at eg måtte køyre opp i Øvre. Den andre gongen hadde ikkje mamma si ringeklokke ringt, men me kom oss uansett opp slik at eg rakk bakkeintervallar som var heilt forferdelege.
Vekas latterkrampe: HAHA! I går satt eg, mamma og stefar min og såg på tv. Plutseleg begynte me å mimre med alle morosame episodane me har hatt, medan me har vore i syden. Me er familien som ser ut som turistar, og som ler av oss sjølve. Eg ler faktisk i dette “momentet”. Den første og mest morosamme episoden var når me var i Bulgaria og mamma hadde pynta seg som om ho skulle i bryllaup. Ein voldsomt fin rosa kjola, og det heile vart toppa med svarte, spisse finsko. Dikka kan ikkje sjå det føre dikka, men dei var så spisse at du kunne seriøst drepa nokon med dei. For ein familie! Haha.
Vekas tanke: Rett og slett bilteorien. Eg lengtar skikkeleg etter å ta den, slik at eg berre kan bli ferdig med den. Eg har sikkert tatt testane på nettet rundt tjue gongar på ei veke, og føler meg mykje klokare. I tillegg skal eg byrje med køyretimar denne veka, så det kan jo bli spennande. Tenk at det berre er tre månadar til eg sit og cruisar i min vesle bil.