B  E  R  L  I  

 

Okei, så eg og kjæresten har bestilt ny tur. Jepp, me har vore sammen i to månadar og allereie bestilt vår andre tur – that’s just insane. I sommar var jo me i Gøteborg og kosa oss såå masse. Han er verkeleg den beste reisepartnaren som er så sinsjukt tolmodig uansett kor lang tid eg brukar inne på ein butikk. Så ja why not? Eg har jo vore i Berlin to gongar før, men føler så absolutt ikkje at eg har fått opplevd Berlin for fult, den byen er jo så sinsjukt stor! Eg gledar meg vertfall som eit lite barn. Først skal me faktisk til Oslo, ettersom flyet vårt går alt for tidlig fordi eg bestilte feil tidspunkt (unnskyld elskling). Bloggen skal bli propp full med dritkule bilder. 

 

Mens eg sitt i sofaen og bloggar står faktisk baby å lagar somalisk mat til meg, og ouf det luftar så godt! Shitt som eg gledar meg. I tillegg skal han sove her i natt ettersom eg skal på seinvakt, og det blir så deilig. Hundre prosent ærleg, eg søv så mykje betre når han er by my side. Når eg sover aleine går det ofte lang tid før eg sovnar inn, men når han er her går eg fortare inn i draumeland enn Bolt spring 100 meter. 

 

                          

 

Afrikansk mat, Sephora og avslapning – kunne eg fått ein betre slutt på ferien? Absolutt ikkje. Eg har ikkje fortalt dikka at eg har fått meg kjæreste igjen, but guess what? Det har eg. Singellivet er virkelig ikkje noko for meg, og eg takla ikkje å vere singel fordi det rett og slett er kjedelig. Personleg elskar eg å ha ein eller ei som eg kan tilbringe tid med, vere skikkelig kjærast med og snakke med tjuefire sju. Min nye kjæreste er tidenes mest omsorgsfulle person som eg har kjent i eit par månadar. Me data ikkje så lenge, nærmare 4-5 veker, men ting føltes berre rett. Etter denne turen er me meir forelska enn nokon gang, og det føles veldig deilig å vere nyforelska igjen – og ikkje minst at han også er minst like nyforelska.

 

Forrige veka tok me turen til Gøteborg for å få ein miniferie til ein plass som ikkje tok femti år å feriere til. Gøteborg var faktisk overraskande fint og ikkje minst stort. Best av alt hadde dei Sephora, Zara Home og mange butikkar som me ikkje har i Oslo eller generelt i Norge. Me gikk rundt i byen, shoppa masse (innkjøpsvideo kjem) og åt god mat. Som dikka ser i biletet ovanfor var me på ein plass som hadde matrettar frå verda rundt og me kosa oss med afrikansk mat. Nam. No ventar senga, og etterkvart første dag i praksis – wish me luck.

God morgon fine blogglesarar ❤ Håpar dikka er klare for helg? Her er det vertfall jobbhelg som står på planen, og eg reiser fra Oslo i morgon tidlig. Før eg flytta var det så slitsomt å komme seg på jobb. Bussen gjekk alltid ein halvtime/ time etter eg var ferdig eller eg kunne gå i førtifem minutt. No derimot – fem minutt med sykkelen og eg er på plass, deilig eller kva? Medan eg skriver dette innser eg kor sjukt i-lands problem dette er. Altså flyktninger brukar heile dagen på å gå, BARFOT, men eg klagar på å gå førtifem minutt. Herregud, for ein verden me lev i. Tar ting verkeleg for gitt!

Eg og M har snakka ein del om sommarplanar, og me har veldig lyst til å ta oss ein liten tur før eg skal på findings. Å nyte utsikten fra Eiffeltårnet eller ligge og chille på ei strand i Barca er alternativa. Paris er ein plass eg alltid har hatt lyst til å reise sammen med ein eventuell kjæreste. Flybillettane ned dit er billige, og hotellprisen er ikkje så ille. Det einaste som skiljer dei to plassane er at eg trur prisane for å leve er mykje dyrare i Frankrike enn i Spania. På den andre sida kosta det jo meir å reise til Barcelona enn til Paris. Eg veit virkelig ikkje, treng litt tips. Har dikka vore i Paris eller Barcelona før – eventuelt kva anbefalar dikka?

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Okei folkens, eg lova at dette blir det siste innlegget med bileter fra vakre Spania. Skal prøve å få tatt nokre andre bileter i måro som ikkje omhandlar Spania, men heller min kvardag. Alright? Eg har berre så sjukt mange fine bileter fra Spania som fortjener å skinne litt i dagslys. Torrox er jo berre førti minutt unna denna fine byen som heiter Malaga. Byen hadde dei finaste smågatene, musikk som kom fra spanjolar og sinsjukt fin akritektur. Eg kunne definitivt tenkt meg å feriert i Malaga ei veke, ettersom det er bra shopping, deilig temperatur, god mat og fine strender der. 

I dag har eg basically berre ligget på sofaen etter eg kom heim. Nokre dagar må ein verkeleg berre bruke til å slappe av og samle litt krefter. Kjenner eg blei skikkelig oppgitt i dag når eg ikkje klarte å fokusere på forelesaren, eg måtte basically berre gå ut og lese sjølv. Prøver å bruke ein anna lesestrategi denne gongen der eg berre skal lese på tidlegare oppgåver og fordjupe meg om det er noko eg føler eg må gjere. 

SAMSUNG CSC

SAMSUNG CSC

Føler det at den overskrifta oppsummerar kven eg er, heh. Berre for å ha meg unnskyldt (som alle andre gangar) har eg hatt MASSE å gjere. Eg har vore heime og jobba masse, konsert og siste døgnet har eg brukt på å farte til varmare strøk, betre sagt Spania. Klokka halv tre i natt reiste me til Gardemoen fra Gjøvik, endeleg etter ein sommar fylt med jobbing og for den andre reisepartnaren, eksamenar. Velfortjent ferie seier berre eg!

Da me ankom Malaga snakka me litt med besteforeldra til Iselin, aka dei me låner leiligheten av. Ettersom me kun har fått i oss lite og "Jalla"'mat måtte me skaffe oss påfyll i magen. Corona og pizza slo verkeleg ikkje feil. Hadde aldri trudd eg skulle sagt det var godt med ei øl, men fy søren so deilig. Trur det har mykje med omgivelsene å gjere, samt temperaturen.

Per no sitt eg med ei slek litta sheetmask og slappar av før me skal ut å ete igjen (matmonsters). Får skikkelig mykje motivasjon til å blogge når eg er andre plassar, så håpar verkeleg dette blir vellykka. Eg kastar bilda fra kamera inn på mobilen, også opp her. Difor håpar eg at dei ikkje blir heilt øydelagte. Gled dikka til outfitbileter seinare. Ha ein såå fin laurdagskveld ❤

Som eg lova i går skal eg i dag leggje ut bileta eg tok frå pride. Hadde ikkje med det vanlege kameraet ettersom det diverre syng på sitt siste vers. Ville slengje inn dette innlegget før eg stikk på trening. Tenkte faktisk berre å jogge meg ein liten runde langs strandpromenaden, men må fyrst finne ei bra speleliste. But still, her er bilda. Enjoy.

1. Litt kliss klass på toget. Ja, me er det kjæresteparet som kyssar og held hender over alt. Det var så deilig på pride at ingen reagerte, men no er det vel back to black. Fuck it, eg skal fortsette å vise verden at eg er verdas heldigaste kjæreste. 2. Sida me ankom Oslo så tidleg hadde me tid til å komme oss fyrst inn på Zara og ta ein runde opp på slottet. Som dikka ser var været ubeklageleg. 3. Oslo var prega av så mykje fine fargar, mennesker og energi. 

1. Så gira for å gå i tog! For ein opplevelse, og gjett om eg skal tilbake neste år. 2. Igjen, så masse fargar, så stort mangfold. 3 .Kliss klass. 

Altså sjå på detta! Er det berre meg eller er søtpomfri ti gonger betre enn vanleg? Det er liksom så mykje meir smak, og her var det også raspa parmesan på toppen. DIGG.

1. Berre sjå på dette biletet. Alle er så glade, seg sjølv og energien rundt er så god. 2. Kødda litt inni pridepark. Det var faktisk kjempe masse kult inni parken, musikk, scene, barar og ikkje minst gratis ting. 3. Søta smiler fordi livet smiler ;))

 

 

Dag ein i Oslo er straks over, og eg kan ikkje vere meir nøgd med den. Halv ti satt me på toget i retning Oslo og klare for ei heilt enorm helg. Årsaka til at me reiste så tidleg var fordi me begge hadde fri og ville rekke pop-up butikken til karpe. Me kom dit i tolv tida, men fekk sikra oss det me hadde lyst på. Eg fekk tak i verdas kulaste gensar, som eg har gått i i dag, og skal ha på konserten i måro. Berre sjekk biletet under.

 

 

Me har også shoppa litt anna, deriblant ein jumpsuit som var rååååkul! Gleda meg dødsmasse til å få vist den på bloggen. Blir nok ikkje meir shopping ettersom pengane må prioriterast på mat og andre ting når eg kjem heim. Før eg reiste henta eg ei pakke fra Gina, som eg også skal vise. Er det stemning for innkjøpsvideo, kanskje?

 

I kveld skal me ligge inne, chille, ta ansiktsmaske og lade opp for den stooore morgondagen.

 

Jippi kaiai! Enedeleg etter mykje om og men med peng, jobb og drittvær er me komt oss til Polen og har sove fyrste natta god Marta. Herregud folkens, Polen er så billig og så fint. Når me var på matbutikken og handla i går brukte me tohundre kroner og fekk rundt fire posar med mat, det er så sjukt. Etter me komt ned har vertfall eg berre blitt sjokka over kor sinsjukt billig mat er her nede. Diverre er månadslønna til polakkane ikkje like god som vår i Norge, så det er jo sjølvsagt ikkje like billig for innbyggjarane. Men omg, ei flaske med ein liter vodka kostar liksom seksti kroner. Hadde eg budd her hadde eg kosa meg, for å sei det slik. 

I går gjorde me ikkje så mykje, eller eigentleg jo. Me var jo og åt mat som var deilig (og sjølvsagt billig). Eg åt pasta med krema spinatsaus og drakk oreomilkshake. Ikkje berre at det er billig, men som skrivet ovanfor så er det sinsjukt god mat her. Etter me åt køyrte me litt rundt og fiksa forskjellige ting, før me på kvelden reiste på kino. Kinoen var ikkje så mykje å skryte over, fordi eg som sagt, igjen, ikkje likar Science-fiction filmar. MEN popcornet var verkeleg himmel, altså caramel popcorn er det beste eg har smakt. NAM. Gledar meg litt til kino slik at eg kan eta det kinoet igjen. 

Late nights in Berlin is amazing! Fyrste dagen i Berlin er over, og det er kun nokre få dagar att av ferien vår. Ferien har starta ganske greitt, sjølv om den ikkje har vore så planlagt. Dette har også gjort til at me har hatt vore ueinighetar om kvar vi skal vere, ete og drikke. I tillegg var alle trøtte og slitne, som aldri har ein god avslutning.

No er me klare for ein fin mandag i måro, då Primark og Spreegold står på tur. SOM eg gledar meg til mat. Livet er mat, eller kva? Me hadde såå mykje trøbbel med hotellromma i dag, og enda opp med å få presidentsuita i sekstande etasje. HEFTIG! Gledar meg heftig til denne ferien, med mine aller beste vener 🙂

Late nights in Berlin is amazing! Fyrste dagen i Berlin er over, og det er kun nokre få dagar att av ferien vår. Ferien har starta ganske greitt, sjølv om den ikkje har vore så planlagt. Dette har også gjort til at me har hatt vore ueinighetar om kvar vi skal vere, ete og drikke. I tillegg var alle trøtte og slitne, som aldri har ein god avslutning.

No er me klare for ein fin mandag i måro, då Primark og Spreegold står på tur. SOM eg gledar meg til mat. Livet er mat, eller kva? Me hadde såå mykje trøbbel med hotellromma i dag, og enda opp med å få presidentsuita i sekstande etasje. HEFTIG! Gledar meg heftig til denne ferien, med mine aller beste vener 🙂