E N D E L I G, ferdig i praksis og eg har bestått! Denne gangen trudde eg faktisk ikkje at eg skulle komme meg gjennom – men i fucking did it og er så sinsjukt stolt over meg sjølv. Allereie etter halv praksisperiode var eg så sliten og lei så eg trudde faktisk eg skulle gi opp – og nettop derfor er eg så innmari stolt over at eg klarte det. No som praksis er ferdig har eg så lyst til å fokusere meir på bloggen, produsere innhaldsrike innlegg og ta inspirerande bileter. Allereie på tirsdag tar eg og baby ein tur Berlin. Tirsdag til torsdag skal me slappe av, ete deilig mat og oppleve ein ny by. Herlig!

 

I går var eg, Marte og Ingvild ein tur til Hamar for å sjå, samt shoppe litt. På HMHome hadde dei denne sinsjukt fine vasen som eg har knipsa nokre bileter av. Den var rett og slett perfekt. Passar så fint inn i den nye-ikkje-ekstensielle-leiligheten vår. Psyko bitch som har planar om korleis den nye leiligheten sammen med typen skal sjå ut, sjølv om det er over eit halvt år til. Stakkars elskling. Kähler vasane har ingenting dei skal stille opp for visst ein samanliknar dei med denne. Jeez, kor fin. 

 

Hm, korleis skal eg da starte dette innlegget? Føler det kun blir starta av hei, hallo, sorry og ja eg lev – derav er det ikkje så mange fleire andre måtar å starte innlegget på enn hei, og unnskyld. Som dikka sikkert skjønnar så er det fult køyr her på Gjøvik med eksamen. Heimeeksamen blei utlevert sist onsdag, og eg har eigentleg berre brukt mesteparten av tiden min på den, i tillegg til litt helgejobbing. Endeleg byrjar eg å sjå enden på denne heimeeksamen, og gud så deilig det er. Heimeeksamen som me er i no handlar om ernæring, der me skal skrive ein “mini-bachelor” på temaet og ein valt problemstilling. For dei som er interessert i kva eg har valt ut som problemstilling kjem det her; kva tiltak kan du som sjukepleiar gjere for å hindre fedme hos barn? Eigentleg ganske spennande, og ikkje minst stort tema. 

På torsdag blir eksamen levert inn og det feirast med spillekveld saman med nokre gode venninner før eg får besøk på fredag. Det blir deilig med ei litta påskeferie, sjølv om eg jobbar fire dagar av påsken. Greit å tjene litt peng før ein skal ut i prakis også. Rett etter påsken blir det oppstart i psykiatripraksis på Reinsvoll, der eg skal jobbe på avdelingen for øyeblikkelig hjelp. Garantert at det vertfall blir spennande og nytt, men samtidig er eg litt engsteleg. Manglande kunnskap og erfaring er nokon av årsakane til at eg gruar meg slik, men også illusjonen av korleis det ser ut på ein øyeblikkeleg hjelp-post. Sjølv om eg veit det ikkje er slik så ser man jo føre seg psykisk sjuke mennesker som er heilt på bærtur og står og slår hovudet mot veggen – men slik er det altså ikkje. Forhåpentlegvis skal eg ut ein tur å ta nokre bileter med Astrid i måro, så da får me ordna litt på sommarheaderen. 


Herre gud for ein dag! I dag hadde me oppstart i kirurgisk praksis og det har vore så mange nye inntrykk, så mykje å lære og så mange nye mennesker ein skal lære å forhalde seg til. Klokka seks var eg oppe, klar for ein ny og lærerik dag. Personleg skjønnar eg verkeleg ikkje korleis i alle dagar eg skal klare å stå opp enda ein time før, men det får no berre gå sin gang. Bussen til Lillehammer var ferdig på null komma niks, kanskje fordi eg las sjukdomslære heile vegen. Alle eg har møtt har vært sånn: kvifor tek du buss? Eg synst buss er chill! Ein kan berre sitje der, høyre på musikk, lese eller sove. Køyrer eg bil må eg halde augo oppe og i tillegg leite etter parkering, win win. 

I dag var det for det meste berre sånn omvisning på både avdeling og litt av sjukehuset, så eg reknar eigentleg den fyrste skikkelige dagen som i måro. Å jobbe med barn blir vertfall utruleg spennande når ein jobbar på eit så flott og stort sjukehus!

Slapp heilt av folkens, eg er ikkje innlagt på sjukehus men har fått ei litta veneflon på klinikklabben på skulen. Klokka kvart over ni var eg og Tirilmor plassert på skulen for å øve oss litt på veneflon, rett og slett fordi me følgte me trengte det ift praksis. Personlig tvilar eg på at eg får brukt det mykje i praksis da eg verken får lov eller har lyst til å stikke på småbarn, som kan få mareritt i seinare alder av at eg ikkje traff. I dag var forresten fyrste gong eg ikkje har truffet på nokre andre enn meg sjølv. Tiril har jo tidenes vansklegaste årer, så det sa seg eigentleg sjølv at eg var heldig som traff på fyrste forrige gong. Sida ho var so snill lot ho meg stikke ein gong til på den andre hånda og der traff eg! Jippi. 

I dag har eg forresten vlogga, deriblant i det ho stikk veneflonen inn i hånda mi. Trur dagens vlogg blir både artig og bra. I måro skal eg ein tur på skulen og forhåpentlegvis får eg begynt litt meir på sjukdomslære. Synst det er skikkelig skikkelig vanskelig å begynne å lese i det faget da det er så voldsomt omfattande og stort. Til min stjerneeksamen las eg BERRE tidlegare eksamensoppgåver, men det trur eg ikkje kjem til å gå her fordi det er såå få spørsmål som kjem igjen og igjen. Etter skulen i måro kjem jo den fine dama mi, og me skal kose oss blant anna på kino i måro. Eg gler meg <3

Heldige meg som fekk ein så trygg og omsorgsfull “sjukepleiar”.